Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blogg. Vis alle innlegg

søndag, april 29, 2012

G Ø Y

 


I går - på lørdag altså - så var eg på knallkoseleg bloggetreff i Ølen og Etne.
Me var rundt 30 bloggejenter frå Rogaland og Hordaland som møttes til deilig lunsj på Fugl Fønix i Etne, medan dessert og kaffislaberas gjekk føre seg i verdas kjekkaste butikk - nemleg Ølen Møbel. Anita som er innehavar der hadde stelt i stand eit kjempekjekt treff for oss i samarbeid med skjønne Silje. Tusen takk!!!

Eg storkosa meg, det var mykje lått og løye og smilandes fjes. Herligheten altså, bloggejenter må vere dei kjekkaste på jord :) Her er nokre glimt frå dagen, glimt av herlege jenter (pluss verdas skjønnaste baby) og litt av tinga eg hamstra med meg heim.




  Jada, det vart aldeles Black & White tema på varene, men det er vel inga bombe ;) 


Har du fri i morgon du kanskje? Akk og ve, det har ikkje me, så det er best eg finn fram sekkar, klede og reine matboksar før eg stuper i seng. Finaste maiveka til deg!!

mandag, april 09, 2012

60-talls

Diggar alle dei nye funksjonane som fylgjer med oppgradering av Picasa (versjon 3.9.0).
I kveld har eg leika meg med å gjere nokre bilder frå ferjekøen (1.påskedag 2012) om til 60-tallsaktige bilete med avrunda kantar.
Me like :)


søndag, februar 26, 2012

Er du eit sjalmenneske?


Ja, er du eit sjalmenneske?
Eg er definitivt ikkje det.
Det er sjeldan eg føler meg meir kjerring enn når eg brukar sjal og skjerf.
Eg veit ikkje kva det er, men det er enkelte ting eg ikkje klarar gå med.
Det eine er sko med høge hælar som lagar klikkelyd.
Då føler eg meg som "Ein elefant kom marsjerande", eller rettare sagt: "Ein elefant kom marsjerande, og alle andre kan høyre det"
Det andre er sjal som pynt til eit antrekk.
Det er råfint på andre, men på meg er det malplassert.
Eg får det ikkje til.
Eg ser på andre jenter som ser kjempefine ut med skjerf og sjal.
Dei ser jo ikkje ut som kjerringar i det heile.
Kanskje eg har for kort hals?
Sjal og skjerf som vern mot kulda går imidlertid greit.
Og nå som eg har lært meg andre knutar enn Mette-Marit-knuten er det jo rett og slett litt kjekt å eksperimentere litt med knytinga.
Kanskje eg rett og slett endar opp som eit sjalmenneske, he he.
N O P E.
Dette sjalet frå Badaboom er mjukt og godt, glansfullt og fint.
Det er ikkje sjala det er noko gale med.
Det er meg :)

Vil du også lære deg nye måtar å knyte sjal på? Kikk då på denne herlege videoen her.

Fin søndagskveld til deg, anten du er sjalmenneske eller ei.



tirsdag, februar 21, 2012

Verdas aller vakraste


For nokre veker sidan kom eg over den fantastiske svenske smykkedesigneren Anette S sin nettbutikk.
Ho lagar dei nydelegaste smykker, armband og øyredobber til både born, damer og menn. Eg fall pladask, og nå smykker eg meg med verdas aller vakraste armband. Ungane sine namn er gravert inn i mitt, men du kan sjølv bestemme kva som skal stå på det.

Sånn eigentleg burde eg ta bilder av handa mi med armbandet på, men den er så bleik og tørr og eignar seg ikkje i fotolyset. Men tru meg, armbandet er om mogleg enno vakrare på armen.

De veit jo at eg elskar smykker med namn på, og eg veit at det gjer de også. Så i staden for å halde denne smykkeoppdaginga hemmeleg, deler eg den med deg: Her finn du butikken Anettes Namnsmycker


Finfin tirsdagskveld til deg :)

lørdag, februar 11, 2012

The winner takes it all




Omsider har eg hatt tid til å trekke ein vinnar av Personlig almanakk.

Då trekninga vart gjennomført (via Random.org) var det 209 kommentarar til innlegget. Random trakk nummer 194 som er ingen ringare enn....


... StrikkePia som sa:
StrikkePia - Kristine said...
Denne almanakken, eller kalenderen, ser utrolig fin ut. Liker det med at man kan bestemme så mye over utseendet selv. Og jeg elsker slike kalendere, veldig praktiske og greie. Da er man trygg for at det man skal står der, og man kan slå det opp når det trengs. :-)

Gratulerer supermasse!. Send meg e-postadressa di, slik at eg kan formidle kontakt med Personleg almanakk folket.

Apropos vinnar, forresten. I morgon trur eg at eg må komme med ein apell angåande MGP og stemming og slikt. Det blir spennande, he he. Kven trur de at eg heiar på, mon tru? Facebook-venner må ikkje røpe noko, ok?  ;)

Tudelu, så lenge.

lørdag, februar 04, 2012

Klar for 2012 + konkurranse


Første månaden av året er over, men det er aldri for seint å få orden i sysakene.
Eg fekk tilbod frå Personlig almanakk om å køyre ei konkurranse på bloggen der premien er ein personleg almanakk til ein heldig vinnar. Var ikkje det kjekt?

Som takk fekk eg også ein kalender. Eg valgte den aller enklaste. Valmuligheitene er uendelege slik at du kan gjere den nettopp P E R S O N L E G. Du kan ha bilete på framsida (og baksida? - blei brått litt usikker). Du kan legge inn plass til å føre opp arbeidsoppgåver, treningstider, legge inn fødselsdagar. Du vel om du vil ha liggjande eller ståande kolonner, du vel fargane på sidene og strikken sjølv og så vidare. Veldig bra rett og slett.

Nå gjenstår det berre å sjå kor lenge eg er flink og fyller ut min personlege almanakk. Alle jobbmøter og slikt går nemleg i ein elektronisk kalender. Denne personlege tenkte eg å bruke til å skrive ned gullkorn frå ungane, nye idèar. Ja, meir som ei dagbok retten og sletten.

 

Bakerst i kalenderen valgte eg å ha blanke skisseark.  Litt kjekt å skrable ned krussedullar og slikt veit de :)

Dersom D U har lyst til å vinne deg ein Personleg kalender må du:
-legge igjen ein kommentar i dette innlegget.
-gå inn på Facebooksida deira og trykke LIKER.

Når du har gjort dette er du med. Trekninga vert gjennomført på onsdag førstkommande.

Tvi tvi :)

mandag, januar 30, 2012

I've got the Moods of Norway


Aj aj aj, kva gjer ein ikkje for Moods of Norway, norsk design og fine vestlandskarar? Publiserer bilete av seg sjølv der ein ser pottesur ut? Fine vestlandskarar frekventerer neppe interiør/hobby/familielivbloggar og kjem aldri til å få vite om mi begeistring for dei, norsk design og merket deira.



Men pytt kva gjer vel det? Nå veit i det minste du det. At i valet mellom Versace, Dolce & Gabbana, YSL, Calvin Klein og så bortetter, så går ein traktor frå Stryn rett heim hjå meg. Finaste, kulaste lesebrillene. Store, synlege briller er min trendspot på brillefronten. Moods of Norway hadde dei største brillene i butikken. Lett val. Stort smil. Skulle nesten tru at eg er sponsa for å skrive dette innlegget, men dessverre nei.  

He he he, etter å ha tatt sånn cirka ein trillion bilete av meg sjølv i spegelen, medan søndagsmiddagen putra under grytelokket, var dette det beste eg klarte komme opp med. Tok ikkje ein gong av meg forkledet, skulle jo straks vende attende til komfyren. Men forklede og slikt er jo litt i god Moods-ånd. Pussekluten er for eksempel forma som eit vaffelhjarte, med Grandma's recipe for waffles trykka på eine sida.

Ha ei brillefin natt der ute :)

torsdag, januar 26, 2012

Keisarar

Washi-taperullar, kjøpt i den fantastiske butikken Ølen Møbel, heng på eit skap og skrik etter å verte brukt i kreative krumspring...Kanskje i helga?


God aften der ute :)
Eg er på plass framfor skjermen igjen etter ein hektisk ettermiddag som taxisjåfør til og frå fritidsaktivitetar og klassekontaktmøte. Nå gjenstår berre å tømme/vaske nokre matboksar, lage ein sti gjennom rotet og så trur eg ikkje eg gidd gjere meir i kveld. I tillegg til generell giddalause, har eg planar om å vise dåko dei dødskule nye brillene mine i morgon, og treng litt skjønnhetssømn dersom dette skal lete seg gjere.

Før eg kastar inn handkledet for kvelden, så må eg berre tipse dåko om ein blogg eg elskar. For ja, de veit jo at eg er glad å dra fram kjekke bloggar som du kanskje har gått glipp av at er vel verdt å lese. Sidan keisarane i tillegg har ein konkurranse med herlege premiar, får eg det sparket bak som eg treng for å få det gjort.


I Trondheim bur det to keisarar som verkar som verdas aller kjekkaste keisarar. Dei to bileta over og under denne teksten er tjuvlånt frå bloggen deira. Stikk innom, bli inspirert, imponert og glad i dei du også! Keiserens nye trær finn du her. Og sjokoladerullekake med smørkrem er noko av dei aller beste kakene som finst.


Finfin kveld til deg, for nååååå kastar eg inn handkleet :)

mandag, mars 21, 2011

Litt mimring?


 I desse dagar er det over åtte år sidan eg oppretta min første blogg på Sprayblogg.no og starta dele små drypp av livet mitt. I denne samanheng har eg leita i bilet-arkivet i kveld. 
Eg har skamkosa meg med å sjå på gamle bilete. 
Fryda meg over kor skjønn Samson var som liten.
Gremmast over kvaliteten på bileta (brukte eit web-kamera tilknytta PC'en).
Ledd av interiøret.
Lengta tilbake til leiligheten i Sigurdsgate i Bergen.
Lengta etter å bu på Landås i Bergen.
Eg har hatt ein finfin kveld med andre ord. 

Her er eit utval bilete frå 2002/2003/2004:

 














Nå er eg kjempespent på om nokon har fulgt bloggen så lenge at dei kjenner igjen nokon av bileta (alle har vore publisert før).

Ha ei god natt!
Related Posts with Thumbnails