Viser innlegg med etiketten Handel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handel. Vis alle innlegg

søndag, april 29, 2012

G Ø Y

 


I går - på lørdag altså - så var eg på knallkoseleg bloggetreff i Ølen og Etne.
Me var rundt 30 bloggejenter frå Rogaland og Hordaland som møttes til deilig lunsj på Fugl Fønix i Etne, medan dessert og kaffislaberas gjekk føre seg i verdas kjekkaste butikk - nemleg Ølen Møbel. Anita som er innehavar der hadde stelt i stand eit kjempekjekt treff for oss i samarbeid med skjønne Silje. Tusen takk!!!

Eg storkosa meg, det var mykje lått og løye og smilandes fjes. Herligheten altså, bloggejenter må vere dei kjekkaste på jord :) Her er nokre glimt frå dagen, glimt av herlege jenter (pluss verdas skjønnaste baby) og litt av tinga eg hamstra med meg heim.




  Jada, det vart aldeles Black & White tema på varene, men det er vel inga bombe ;) 


Har du fri i morgon du kanskje? Akk og ve, det har ikkje me, så det er best eg finn fram sekkar, klede og reine matboksar før eg stuper i seng. Finaste maiveka til deg!!

lørdag, juli 30, 2011

Det brenn i lomma










Ajajaj, det er laurdag formiddag og eg har hatt meg ein liten surferunde. Etter ein runde innom nettaviser, favorittbloggane, Flickr og Etsy havna eg til slutt innom Hviit. Akk og ve. Det er farleg å stikke innom slike fantastiske nettbutikkar når Visa-kortet brenn, samtidig som behaldninga må sparast til kjedelege saker som restskatt og andre viktige ting. Nå satsar eg på at ved å publisere bilder av nokre av favorittane i butikken, så får eg tinga litt ut av systemet mitt og at Visa-kortet sluttar skrike etter å verte brukt.

I love Oslo-handleposen er ikkje berre supersøt, men inntektene for salg av posen går uavkorta til Røde Kors. Løp og kjøp!

Går alt etter planen har eg litt små og store prosjekt som snart er ferdigstilte i huset, og dermed straks klare for å bloggast. Følg med, følg med, he he. Ha ein superduper laurdag og prøv å få tid til å gjere det DU likar best :)

PS! Alle bilete er tjuvlånt frå Hviiit.

fredag, juli 29, 2011

Peace & Love



Med dette ultrafine smykket eg kjøpte hjå Alexandra er eg klar for helg.
Ei helg med mykje Peace & Love.
Både på armen, i heimen og i samfunnet.

Ynskjer deg ei finfin helg. På mandag er det allereie august...

Tudeluuuu!

PS! Bloggen til Alexandra finn du her.

lørdag, mars 26, 2011

Finfine notatbøker


Me måtte ein tur på Clas Ohlsson i går - for å fornye teiknesakerutstyret vårt. Med febervarme skjønnasar i hus, må me jo finne på kjekke aktivitetar innandørs. Vel. På Clas Ohlsson finn eg alltid masse fint, og i går havna desse geniale notatbøkene i handlekorga på veg mot kassen.

Geniale er dei fordi:
* dei har plastlomme i fronten der eg kan legge inn eit bilete, ein teikning, eit dikt, ein pressa blomst og så vidare.
*dei har skiljeark, slik at eg kan fordele notatane over fleire tema.
*dei har strikk som held notatboka samla sjølv om den skulle ligge å dingle oppi ei diger veske.
* dei kosta berre rundt 35 kr.

Hm, hadde dei berre vore ulinjerte og med litt betre kvalitet på papiret så hadde dette vore den superduperperfekte skissebok.

Avslutningsvis får eg skrive som så mange andre medbloggarar gjer for tida:
Nei, eg er ikkje sponsa av Clas Ohlsson. Ei heller nokon andre for den slags skuld.

Laurdagsluksus er å kose seg inne med varm relax Pukka-te (gåve frå ei superskjønn venninne) i koppen. Så får eg prøve fortrenge at denne nydelege solfylte dagen må nytast innandørs.
Tudelu
Related Posts with Thumbnails