onsdag, april 14, 2010
Postkassefesten fortset og fortset
Til mi store store glede forset postkassefesten for fulle. Fleire gonger i veka vert eg meir og meir bortskjemt med fantastiske pakkar som er adressert til meg. Den eine etter den andre. Eg blir så lukkeleg over dette, at eg har problem med å beskrive det.
Først ut i dag får de sjå nokre überkule, fantastiske, herlege stoff eg har bytta til meg med Borghild. Det heile var nydeleg pakka inn, men eg flerra av papiret og tok meg ikkje tid til å ta bilder. Det ante meg nemleg at pakken var like fantastisk som den var.
Eg inviterte til stoffbytte for nokre veker sidan og har inngått bytteavtale med eit par stykker til nå. Eg vert rent ned av e-postar om dagen, så de som ikkje har høyrt frå meg angåande stoffbytte treng ikkje fortvile. Om eg ikkje har svart så er det ikkje fordi eg ikkje vil bytte, eg har berre ikkje hatt tid å dykke djupt nok ned i e-postbunken enno.
Søte Borghild sendte med massa anna snacks i tillegg til stoffet. Dødsfine postkort frå Tiger (ein av mine favorittbutikkar i Danmark), herlege treperler og fantastisk søtt matpakkebestikk. Og som om ikkje det var nok kom det også ein fiiiin bokstav. Den får de sjå seinare.
Tusen tusen takk, Borghild, eg vart som du sikkert forstår hoppandes glad for stoffbyttepakken min. Nå håpar eg du vert like glad for den pakken eg skal sende sørover til deg før helga :)
Eg har mange skjønne blogglesarar som skriv til meg og tilbyr med retro stoff og utstyr. Lesarar som har kome over ting som er på veg i ein eller anna container, og har tenkt "nei, uff, kva ville den gode feen ha sagt om ho visste dette". He he he, eg kan fortelje dåko at eg hadde besvimt ;) Heldigvis for meg så er det fleire som sender meg det dei har redda frå containerdøden. Juhu. Deriblant er dette fantastiske putevaret frå Lisa. Ho sendte med litt anna stoff også, og gleda meg veldig. Tusen takk!
Dette fantatiske stoffet her sendte ei anna skjønn dame. Ho hadde kjøpt det inn for eit par år sidan, men nå ville ho glede meg med det i staden. Noko så fint. Tuuuuusen takk til deg også :)
Og så har eg gløymt å vise dåko dei knallskjønne gamle puslespillbrikkene som kom i ein pakke tidlegare. Er dei ikkje fine? Og med den raude knappen på, så kan dei nesten brukast som hengjarar om ein limer brikkene opp med dobbeltsidig tape. Sååå skjønne.
På første bildet i denne lange postkassefesthyllesten ser de ein bit av siste prosjekt me har halde på med i ledige stunder her. Veggelefantar i tre. Så snart eg har tatt fine bilder av elefantane skal de få sjå meir av dei ;)
Eit sett med veggsoppar er ferdigtapetserte og har funne vegen inn i Epla-butikken. Eg sjølv syns dei vart kjempefine i desse lyseblå tonane.
Dagane fyk så vanvittig fort for tida. Været er jo himmelsk fantastisk så tida vart nytta utandørs stort sett heile tida, og blogging vert litt nedprioritert. Heldigvis er det ikkje berre eg som har det slik. For me må kose oss og nyte det nå medan me kan - ikkje sant ?
Ha ein fortsatt fin kveld, og ei riktig god natt.
Klem frå Linda
tirsdag, april 13, 2010
Jøss.... eg er i finalen.
Påskeinnlegget mitt med dei babuskadekorerte egga våre har havna som finalist i NIB si påskefavorittkåring. Du og du kor kjekt :)
Desse egga har historie gitt. Dei vart malt av meg og eldstemann då han var 3 år og einaste kylling i kurven. Kvar påske i ettertid har me tatt dei fram. Då me flytta frå Bergen til Stavanger vart egga (og alle dei gamle julekulene) transportert egenhendig i bilen vår . Eg ville jo ikkje at skattane skulle bli knuste av uvørne flyttefolk.
Til påske i fjor var Alma 1, 5 år og hadde også lyst til å setje sitt preg på egga. Ho fekk derfor lov til å klistre på nokre filtklistermerke eg kjøpte via Etsy. Slik vart egga til :)
Dersom du syns dei er fine og har lyst til å stemme på påskepynten, kan du stemme HER ;)
Ha ein super tirsdag i sola :) Klem frå Linda
søndag, april 11, 2010
Se min kjole...
Morgontimane i dag morges vart brukt til å sy ein kjole til Alma. Eg har jo sydd litt til henne før, men absolutt ikkje så mykje som eg burde, føler eg. Men nå har eg i det minste planar om eit par sommarplagg, og denne kjolen er altså først ut.
Alma er, som de kanskje ser, klissblaut på knærne etter å ha hjulpe til med å vaske hagemøblane. Flinka jento :)
Men tilbake til kjolen. Eg er jo litt stolt over denne, for eg trur dette er det første plagget eg har sydd som faktisk kjem til å bli brukt masse. Kjolen er sydd i eit nydeleg stoff frå Stoff og Stil og lommene har eg sydd av eit fantastisk fint soppestoff frå TAMO.
Boka eg fann mønsteret i kjøpte eg i 2005, men eg hugsar ikkje kor frå. Den har ISBN nummer ISBN4-579-11054-4 for dei som måtte vere intressert. Den er som "alle andre" fine bøker frå Japan, og bugnar av yndige fine mønster. Flaks for meg som ikkje kan ein bokstav japansk, så står enkelte få strofer på engelsk.
I utgangspunktet var mønsteret ein genser som eg forlenga sidda på. Å sy klær gav meirsmak, og neste ut nå trur eg vert ein buksedress.
Du og du for eit nydeleg vêr me har hatt denne helga. Me har knapt vore inne, og kosa oss ute både her og der ;) Me har planta, vaska og dilla. Vore på bondegård, på turar og i hagen. Herleg :) Håpar du også har hatt ei flott helg,
Klem frå Linda
fredag, april 09, 2010
Eg lovar temaskifte
Ok, de er nok garantert lei av alle stoffinnlegga mine. Men eg måååå berre vise dåko litt til. Hin dagen henta eg to banankassar hjå ei sydame som skulle pensjonere seg. Ho hadde sett annonsa mi i Lokalavisen (dei har faktisk trykka den 4 gonger nå...), og lurte på om eg var intressert i å overta. Om eg var. Jippi! Det lilla putevaret de ser over var verdt heile turen åleine.
For ikkje å snakke om dette eplehjertestoffet over.
I tillegg var det mange andre godbitar. Eg vart så glad så glad. Og det kjekkaste var at sydama var like glad ho også. Lukkeleg over at nokon kunne ta over tinga som var alt for gale å kaste. Eg kunne ikkje vore meir enig.
Men nå lovar eg dåko. Det neste innlegget her på bloggen skal vere interiørrelatert, hagerelatert eller ferdigsydde ting. Eller noko i den duren.
Ha ei strålandes kjekk helg. Klem frå Linda
onsdag, april 07, 2010
I'm in stoff heaven
Ja, altså i dag er eg ekstatisk. For ein stoffavhengig stoff
Som alltid når varer kjem frå Tamo, så er det så yndig pakka inn. Dette må då vere verdas skjønnaste tape, ikkje sant? Ein slik rull skal garantert vere med i mi neste bestilling iallefall.
Mjuk-mjuk flanell med nydeleg motiv.
Herleg bomullskvalitet med supersøtt motiv.
Akk o ve, det rykker i syfoten når eg har slike herlegheitar i hus.
Eg har skrive mykje om Tamo, men ein god ting kan ikkje nevnast for ofte. Eg blir heilt overvelda kvar gong eg går innom nettbutikken, for eg kunne ha kjøpt alt som er der inne. Den er jo berre såååå meg den butikken der ;)
Sjekk desse klypene:
Sjekk dette treskrinet:
Sjekk desse små kanapèspyda som er berre heilt perfekt oppi matboksane til småfeane.
Sukk sukk sukk, det skal ikkje bli lenge til mi neste bestilling iallefall. Enn så lenge skal eg ruse meg på stoffet mitt, og planlegge kva plagg eg skal feste verdas finaste knapp på:
Ja, for plagg er det neste eg vil sy, trur eg :)
Ha ein herleg flott onsdagskveld, klem herifrå
mandag, april 05, 2010
Ei koseleg utflukt
For at ungane skal få inntrykk frå litt andre dyr enn ugler og elefantar, som det kryr av på heimebane, tok eg dei med på ei dagsutflukt til Dyreparken i Kristiansand i påsken. Sjølv om avstanden var litt lengre enn eg hadde sett for meg på førehand, så hadde me ein heilt fantastisk dag.
Ungane var frå seg av glede og begeistring, og Alma grein sårt då me måtte forlate nydelege, koselege Kardemomme By. Her skal me tilbake, og her skal me både på Kaptein Sabeltann Show og kanskje til og med overnatte i eit av desse fantastisk skjønne husa.
Det som gjorde størst inntrykk av dyra var nok løvene. Me har tidlegare vore i ZOO i København, og då Samson fekk høyre at dei to mannlege løvene kom frå ZOO, så utbraut han så søtt "Det var det jeg syns, at det var noe kjendt med de løvene". Hi hi, skjønnasen vår.
På heimebane har det vore litt stopp i elefantproduksjonen. Eg har berre flikka litt på Elida og Elbert.
Eg har jo liksom annonsert at desse er dei to siste i produksjonen. Men i stad kom eg på at eg i morgon skal hente ein pakke med stoff frå Stoff og Stil - og at eg der kjøpte inn ein del stoff med tanke på elefantar. Så me får sjå, kanskje kjem det eit par til. Tusen takk for overveldande respons på elefantane forresten. Dei hadde ikkje før marsjert inn på Epla før dei fleste var klare til å marsjere ut i verda :) Kjempekjekt :)
Den deilige påskeferien går ubunnhørlig mot slutten. Heldigvis er det planleggingsdag både her og der i morgon, så me skal kose oss maks i morgon også :)
Herr Fe har kvessa sagbladet og eg er nå klar til å ta imot fleire soppbestillingar igjen. Same procedure as last time. Send meg mail med antal, papirtype og adresse til linda.saebo@lyse.net. Meir info finn du her.
Eg diggar Vesle Anna, og har funne fram ei gammal tapetbord med skjønningen på for anledningen. Ho kan jo bli knallskjønn som dekor på dei minste soppane.
Ha ei fortreffeleg god natt, og ein flott tirsdag i morgon. Eg håpar på å få tid til å svare på alle e-postar om det eine og det andre i løpet av morgondagen.
Klem frå Linda
søndag, april 04, 2010
Verdas godaste
Blir visst to innlegg på rappen i dag. Slik er det når mora er sprekkferdig etter å vise dåko den knallgode Simon vår som tok plass i eine korga då dei eldste hadde tømt den for egg i går.
Han har arva det litt sørgmodige uttrykket som storebroren hadde som liten.
Han har også arva det som kallast pseudoskjeling på fagspråket. På grunn av at partiet mellom augene er breidt, ser det ut som om han skjeglar. Men det visst berre eit synsbedrag, og berre sjarmerande i våre auge :)
Han er så full av liv, så tøff og så glad at eg berre smiler når eg tenker på han (han ligg og søv formiddagslur nå).
Eg har vore samanhengande forelska i snart åtte år nå. Heilt sidan eldstemann kom til verda. Ikkje går det over heller. Det er så godt og samtidig litt vondt også (når eg er bekymra). Nå skal eg gå å sjå om ikkje godguten vår vaknar snart :)
Ha ein fortsatt fin dag, tudelu
PS! Eg har redigert bildene i Photoscape etter tips frå den fantastisk fine bloggen Fru Fly. Ta turen inn til henne om du vil sjå fantastisk fine bilder.
Han har arva det litt sørgmodige uttrykket som storebroren hadde som liten.
Han har også arva det som kallast pseudoskjeling på fagspråket. På grunn av at partiet mellom augene er breidt, ser det ut som om han skjeglar. Men det visst berre eit synsbedrag, og berre sjarmerande i våre auge :)
Han er så full av liv, så tøff og så glad at eg berre smiler når eg tenker på han (han ligg og søv formiddagslur nå).
Eg har vore samanhengande forelska i snart åtte år nå. Heilt sidan eldstemann kom til verda. Ikkje går det over heller. Det er så godt og samtidig litt vondt også (når eg er bekymra). Nå skal eg gå å sjå om ikkje godguten vår vaknar snart :)
Ha ein fortsatt fin dag, tudelu
PS! Eg har redigert bildene i Photoscape etter tips frå den fantastisk fine bloggen Fru Fly. Ta turen inn til henne om du vil sjå fantastisk fine bilder.
Klar. Ferdig. Gå!!
Den o'store påskeeggjakta vart gjennomført i går. Først hadde me ein særdeles roleg og avslappa formiddag, der eg lot humla suse så til de grader. Deilig. Deretter fiksa me både hus og hud og hår og gjorde oss klar for jakt.
Heilt sidan Samson var den einaste kyllingen i kurven har eg blogga bilder frå den årlege jakta. Og tradisjonen fortset i år også.
Herr Fe lurte seg av gårde på sykkel med ein diger sekk med egg. Me andre tutla etter, og ungane var heilt overgidde når dei møtte pappa ved Vannassen :) Ja, eldstemann gjennomskua sjølvsagt kva som føregjekk, men klarte å late veslesøster leve i trua på påskeharen.
I år gjorde eg litt som med adventskalenderen. Eg fyllte egga med ein miks av ting ungane hadde bruk for, litt småpussel, eit spel til heile familien og sjølvsagt litt godteri.
Ein pitteliten ting i kvart egg.
Ikkje alle egga var like godt gøymt, men stor stas for småfeane uansett. Dei var heilt ekstatiske, og sprang, hylte og lo :) Alma hadde på seg strikkakjolen ho fekk til jul hjå Hobbyhus-Merete.
Korgene vart fulle, og me konstaterte at jakta var ein suksess i år også.
Hadde du også ei fin påskeafta i går? Nå gledar eg meg til ein surferunde for å sjå korleis de andre hadde det.
Riktig God Påske!!
lørdag, april 03, 2010
Elefantar på ferde
Her ser de dei siste elefantane som har blitt produsert i heimen. Det er Elvis, Elvira, Elle, Elida og Elliot som er på veg inn på Epla.
Det er utruleg kjekt å sy desse elefantane, sjølv om det innebærer mykje tidkrevande handsaum og dilling.
Nå er eg straks tom for svarte knappar og litt tom for stoff til nye fargekombinasjonar.
Desse er derfor dei siste elefantane eg kjem til å sy på ei stund. Nå er det nye ting på skisseboka eg vil setje ut i livet ;)
Tusen takk for alle e-postar med forslag til stoffbytte. De får svar i løpet av helga. Eg heng litt etter på grunn av ein kjempekjekk impulstur til Dyreparken i går :)
Nå må huset ryddast, ungane stellast og gjerast klar for den årlege påskeeggjakta.
Ha ei super påskeafta der ute :)
Klem frå Linda Pinda Påskehare
torsdag, april 01, 2010
Bytte av stoff?
Det er mange som spør meg på e-post og i kommentarar, om eg er intressert i å bytte stoff med dei. Og det er klart eg er. Nå har eg knipsa bilder av dei retro stoffa eg har så store mengder av at eg kan bytte bort litt utan å sjølv gå tom.
Ikkje alt er gammalt. Sengetøyet over er eit nydeleg sengetøy frå SEBRA, som Alma har vakse frå. Nå skal det få nytt liv i mine syprosjekt, og kanskje til og med dine ? :)
Bildene og litt meir info finn dei i butikkbloggen min :)
Skjærtorsdag er straks overstått, og eg er straks ferdig med ei ny ladning elefantar som skal inn i Eplabutikken. Eg har tutla med desse elefantane i fleire dagar innimellom alt det andre. Brodert litt her og klipt litt der. Gledar meg til å vise dåko gjengen i morgon.
Eg kan ikkje uttrykke sterkt nok kor DEILIG det er med heimepåskeferie i år. Sjølv om eg har permisjon, så må eg opp kvar dag kl 0630 uansett kor lite eg har sove om natta. Nå derimot slumrar og sløvar me kanskje heilt til klokka 9 før me står opp. Me er jo vakne lenge før dette, men med litt melk i magen og ei tørr bleie, kan Simon aktivisere seg sjølv med leiker i sprinkelsenga, og me andre kan ta oss ein sårt etterlengta blund. Lovely :)
Då gjenstår det berre å ynskje dåko alle ei god natt. Klem frå Linda :)
Ikkje alt er gammalt. Sengetøyet over er eit nydeleg sengetøy frå SEBRA, som Alma har vakse frå. Nå skal det få nytt liv i mine syprosjekt, og kanskje til og med dine ? :)
Bildene og litt meir info finn dei i butikkbloggen min :)
Skjærtorsdag er straks overstått, og eg er straks ferdig med ei ny ladning elefantar som skal inn i Eplabutikken. Eg har tutla med desse elefantane i fleire dagar innimellom alt det andre. Brodert litt her og klipt litt der. Gledar meg til å vise dåko gjengen i morgon.
Eg kan ikkje uttrykke sterkt nok kor DEILIG det er med heimepåskeferie i år. Sjølv om eg har permisjon, så må eg opp kvar dag kl 0630 uansett kor lite eg har sove om natta. Nå derimot slumrar og sløvar me kanskje heilt til klokka 9 før me står opp. Me er jo vakne lenge før dette, men med litt melk i magen og ei tørr bleie, kan Simon aktivisere seg sjølv med leiker i sprinkelsenga, og me andre kan ta oss ein sårt etterlengta blund. Lovely :)
Då gjenstår det berre å ynskje dåko alle ei god natt. Klem frå Linda :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















































