Vår nye kjøkkenkunst er kjøpt på Etsy. Hjå Littlest Flower. Fin, ikkje sant?
Trur dette vert tidenes kortaste søndagsblogginnlegg, men tida spring frå meg. Nå er det kveldslaging og kveldsstell for tur.
Ha ein fin kveld, og ei god veke :)












Ting tar som kjendt tid, og i dag, tre månadar etter jul, vart kruna endeleg hengt opp over småfeane sin krok på kjøkkenet.
Kruna er for tida dekorert med malte påskeegg med pålimte babuska og sopp klistermerker. Vart ikkje det koseleg?
Egga malte eg og 6-åringen for fleire år sidan, men nå er dei altså piffa opp med særdeles utypiske påskeklistermerker :)
Upsy Daisy er på teselskap saman med minifeen. Dei matchar visst både i fargar og til dels i hårfrisyre ;)
Tusen tusen takk for alle dei kjekke, og for meg, rørandes kommentarane på forrige innlegg. Eg set kjempestor pris på at de gidd legge igjen kommentarar, sjølv om eg er treig med å skrive tilbake (til dei av dåko som har blogg). Eg veit kor lett det er å sveipe innom ein blogg, og før ein veit ordet av det har ein surfa til neste. Så at nokon stoppar opp for å legge igjen ei helsing er kjempekjekt.