mandag, september 14, 2009

To elefanter kom marsjerende

Eg hugsar godt første gong eg såg desse designlampane til barnerom. Dei er designa av Ramin Razani frå Italia, og merket heiter ZooLight. Eg var på mi første utanlands- jobb-reise etter at eg vart mamma for første gong, og turen gjekk til Venezia. I 10 hektiske dagar var eg vekke frå gullungen min, hjarta blødde og eg følte det som eg mangla ein kroppsdel. Samson var berre 10 månadar gammal, og dette var første gong eg måtte reise frå han.

I dag må eg nesten le av at eg var så utruleg hønemor, nå som eg har meir trening i å vere litt vekke frå ungane. Eg syns aldri det er kjekt å reise frå dei, men eit par timar på dagtid der alle er opptekne med sitt er berre sunt.

Men tilbake til lampane. I Venezia bugna det (faktisk) ikkje berre av butikkar som selg karnevalsmasker og glasskunst, men også av butikkar fulle av kjekke barneklær og leiker. Det var der eg såg desse lampane første gong, og eg vurderte sterkt å kjøpe ein. Men i staden enda eg opp med å kjøpe denne lampen.

I ettertid har lampane dukka opp på handlerundane mine både i København og i Norge. Og sist i dåpen til Simon. Hipp hipp hurra, nå har me endeleg fått ein slik lampe i hus. Nå står den kule elefanten i stova, og ventar på å marsjere opp på barnerommet. Er den ikkje fin?

Det ekstra gøye er at Simon også har fått ein tøff uro med elefantar frå Illums, samt at det er elefantar på Sebra sengetøyet til Almamor. Mikrofeen skal få sitt eige Sebrasengetøy så er det full match. Det vert rett og slett elefant-tema på barnerommet deira (dei må dele rom når mikrofeen er klar for å forlate foreldresoverommet om ein del månadar).

Sol frå skyfri himmel og eg og babyen har lunsjdate med Herr Fe i sentrum. Ha ein flott mandag du også,

klem frå

7 kommentarer:

Jannicke sa...

For en artig lampe ;o)
Høres kjekt ut med elefant tema på barnerommet ;o).. Elefanter er jo sjarmerende da!!
Så gøy du ble inspirert av eple-muffinsene "mine" ;o)..
Kose deg på lunsj-date!
Klem J.

jordbærpiken sa...

For en skjønn lampe! Og så fin signatur og header du har fått deg på bloggen. :)

I kveld blir det å benke seg foran tven. Ha en god kveld du også!

Jorid sa...

Hei, har nå fulgt med på bloggen din ei stund. Jeg synes det er en koselig blogg og du skriver godt. Kommer nok til å titte inn til deg flere ganger.

Bellamamma sa...

Hei Linda,
Sa flott den nye "headeren" din var!!! Flott blogg ogsa - den er sa lys og trivelig :)
Hilsen Belinda

Brit sa...

Utrolig kul lampe. Alt artig som finnes sier nå jeg da!!:)
Ønsker deg ei god uke:)

Sine sa...

Så stilig lampe, da! Du vet å finne fram til de rette tingene!

Camilla sa...

Raude støvlar :) Eg har i allefall dei, og synest dei er kjempe fine og kvikke i regnvêr. Pass berre på å kjøpe rett storleik, gjerne ein mindre enn du brukar til vanleg. Mine er dessverre for store...og nærast ikkje brukt :( Lite vits i å ha flotte støvlar som berre står til pynt i heimen...

Related Posts with Thumbnails