Eg har fortalt dåko at me skulle få storfint besøk i går. Og eg sa at eg skulle komme tilbake til det. Det eg planla var eit koseleg innlegg i dag med fine bilder frå gårskvelden. Med levande lys, god mat på bordet og eg skulle til og med få Herr Fe til å ta bilde av oss. Slik at de fekk sjå oss saman. Slik vart det ikkje.♥
Ja, me fekk storfint besøk. Nemleg herlege Emmeline og gode Prinsesse Elin. Men eg rakk ikkje ta bilder. Ei heller rakk eg sminke meg eller gjere ting ferdige som eg ville. Ha ha, eg må rett og slett le av det heile.
Bodil ringte meg på førehand og lurte på om eg ikkje var nervøs for å få interiørbloggedamer på besøk og middag. "Nei, herlighet - det er eg heeeeeilt avslappa til", svarte eg. Eg var rett og slett for avslappa. ♥
På formiddagen rydda eg og støvsugde innimellom pausar med rykande fersk Se og Hør på sofaen. Eg elskar jo sladder og lettliva underhaldning ;) Eg burde ikkje brukt tid på søppelpresse. Eg burde ikkje brukt tid på å tyte i telefonen med Bodil. Eg burde ikkje ha rydda INNI bokhyllene. Og eg burde ikkje ha utsatt sminkinga til kvelden.

Dagen fauk fortare enn svint. Ungane krevde litt meir oppmerksomhet og pleie enn vanleg. Er ikkje akkurat det typisk? Herr Fe skulle plutseleg på trening. Ikkje plutseleg, men eg visste ikkje om det - så for meg var det plutseleg. Timane gjekk utruleg fort.
♥
Når det var 45 minutt igjen til gjestene skulle komme, hadde eg framleis ikkje sminka meg, heller ikkje fått ferdig maten, ikkje fått ungane i seng, og kjøkkenet og badet såg heilt bomba ut. Samtidig byrja Simon bli alvorleg urolig og eg visste at innan kort tid MÅTTE eg berre amme han. I det stille takka eg meg sjølv fordi eg ikkje eg med i ein eller anna klubb slik at dette er ein situasjon eg befinn meg i i tide og utide.
♥
Eg jogga omtrent inn i stova til Herr Fe og sa at eg treng 30 minutt på å få ferdig maten, dekke bordet og rydde kjøkkenet. Så vasker over badet, steller meg samtidig som eg legg dei to eldste rett før dei kjem. Nytrente Herr Fe nikka heilt enig, og tok seg av ungane på beste måte. I forbifarten tilbake til kjøkkenet kasta eg eit blikk på meg sjølv i spegelen. T-skjorta mi var møkkskitten, under augene sota gårsdagens sminke gråsvarte ringar og eg tenkte "eg håpar dei vert pittelitt forsinka".
Eg hadde ikkje før tenkt tanken før eg høyrer frå stova: "Nå kommer de". "Du køddar, det er ikkje sant" svarte eg og begynte å le. ♥
Stakkars dei skjønne snille gjestene våre. Dei vart ikkje møtt av ein flott fe som ønska dei velkomne. Dei vart møtt av den usminka sanninga. I ordets rette forstand. Ein baby som hylskreik, ein 7-åring som spelte Wii til alt for høgt volum, og ei sliten trebarnsmor som utbraut "dåko kjeme aaaaalt for tidlig".
♥
Ha ha ha, tenk at eg sa det. Men eg trur og håpar for guds skuld at eg var smilandes og blid og la til " kom inn, kom inn".
♥
Emmeline vart satt i sving til å dele opp baguettar, Prinsessa aktiviserte 7-åringen, Herr Fe prøvde roe ned den lettare hysteriske babyen, medan eg omtrent endevendte klesskapet mitt etter ein passandes ammetopp.
Puh.
Eg treng ikkje gå meir i detaljar, for alt enda godt. Emmeline og Prinsessa har fantastiske personlegheitar. Slike persomar som eg slappar fullstendig av saman med. Simon fekk mat, bordet vart dekka, ungane trygt plassert i seng, maten vart ferdig, alle var blide og glade og me skamkoste oss. Men de kan gløyme å sjå bilder frå seansen. Ikkje snakk om at eg skal bloggifiserast i den tilstanden. Kamera var ei heller i mine tankar. Beklagar :) Det gjekk faktisk så fint at i dag er det nesten så eg kunne tenke meg å vere med i klubb likevel.
Me fekk knallfine gåver frå dei to bloggdronningene. Småfeane fekk kvar sin Blafreboks med ting inni. Me fekk masse godteri. Eg fekk mi første Bruka-skål (bilder kjem garantert seinare) (JUHU). Og me fekk eit knallfint kort (ramma inn og hengt opp i dag (første bilde i innlegget)). Simon fekk den finaste lyseblå duffelcoat'en eg har sett. Eg gledar meg til den skal takast i bruk, og kryssar samstundes fingrane for at den passar heilt til 17.mai.
♥
Tusen takk for gåvene. Tusen takk for besøket. Eg gledar meg masse til neste gong me møtast, når nå enn det måtte bli :)
♥
Dagen i dag har me tilbrakt heime. Eg har teke Minimega-papiret i bruk til å tapetsere House Doctor eskene mine. Bildene vart teke før limet tørka, og papiret er derfor noko ruglete.
♥
Nå er det straks nattinatt. Tudelu så lenge :)





Kan også fortelje for dei som er intressert, at det også kjem to seglbåtar for salg. Dei definitivt siste eg har på lager.
Berre så det er sagt, så er eg usikker på om eg byrja blogge i slutten av 2003, eller i starten av 2004. Uansett er det lenge sidan, og uansett så har eg sletta den første bloggen eg hadde på Sprayblogg (Den gode feens hobbyside).
Eg hugsar me var ein gjeng frå forumet 
For deg som les dette og ikkje skjønar kor eg vil hen i dag, så kan eg trøste med at eg kjem snart til poenget ;) Som de alle veit har antall norske bloggar eksplodert. Det er så mange kjekke bloggar, at eg rekk ikkje over dei i det heile. Eg rekk desverre heller ikkje alltid besøke dei som legg igjen kommentar hjå meg ein gong... Og aller minst - eg rekk aldri besøke utanlandske bloggar lengre.
Før i dag.
Lørdagshandelen fall til Stavanger sentrum denne gong. Eg overtalte feens familie om å bli med på Fretex i Østervåg. Eg er jo som vanleg på jakt etter retro stoff.
Ingen fangst på Fretex. Som vanleg. Eg undrar meg nemleg på om dei har avtale med Harry Camping rett over vegen. Harry Camping er ein superherleg butikk som selg heimedesigna og sydde barneklede av blant anna gamle dynetrekk. Verdas kulaste dynetrekk. Om ikkje dei har avtale, så kan innehavaren uansett dagleg stikke over vegen på jakt etter nye skattar på Fretex. Eg kasta lange blikk bak i stofflageret der inne gitt *dødsmisunneleg*.



Bokstavane brukt i headeren kjøpte eg for åresvis sidan på Fretex i Bergen. Tanken var å bruke bokstavane til illustrasjonar i den planlagte boka, og er derfor ikkje vist fram før .






Ein gong drøymde eg om å gje ut bok. Ei bok full av inspirasjon, rare idèar og koselege figurar. 




Dei fleste putene går i oransje og rosa fargeskala. På strykebrettet nå ligg stoff i meir rosa, brun og blå tonar. Håpar putene passar inn på 



Eg kjem neppe til å finne 10 ting, men ein gjengangar i bloggen min er at eg viser fram leiker og ting & tang frå barndommen min. Det har eg gjort alle dei fem åra eg har blogga - uavhengig av stilretning.


Foto: Flickr
