torsdag, mars 11, 2010

Snart helg igjen gitt


Symaskina durar og går støtt og stadig. I går vart dette teppet ferdig, og i morgon (eller kaaaaanskje i kveld) vert eit litt større ferdigstilt.


Husets modellar var ikkje heime under fotoseansen, så Maileg'ane steppa inn på kort varsel. Dei er greie slik :)


Av favorittstoffa mine tar eg vare på det meste. Kvar minste bit blir spinka og spara på, for plutseleg kjem dei til nyttes. Eit tips eg plukka opp då eg fekk nokre stoff eg bestilte på Etsy, er å bruke stoffremser som band rundt pakkar. Dekorativt, ikkje sant?


Før eg fortset kveldsstunda med Elna, skal eg berre tipse dåko om at eg vart intervjua av Foreldremanualen for ei tid sidan, og i går vart intervjuet publisert.  Du kan lese det her.

Moro at sååå mange meldte seg inn som Buzzador etter gårsdagens innlegg. Eg trur ikkje de kjem til å angre på det. Men hugs at det som sagt kan ta litt tid før de får tilbod om å delta på kampanjar.

Og medan eg hugsar det:  det var ei som spurte etter galleriet der eg solgte puter og der det framleis er ugler og masse anna fint  for salg. Her finn du info og litt meir her. Galleriet er åpent fra 18–20 på tirsdager og torsdager. Eg skal sy fleire puter til Galleri HIJ også. Hadde berre døgeret hatt fleire timar...

Ha ein fortsatt  fin kveld :)

PS Eplabutikken er oppdatert (lenke i høgre marg)

tirsdag, mars 09, 2010

Buzz, Buzz og dagens høgdepunkt



For litt over eit år sidan meldte eg meg inn som Buzzador.Ved å gjere det får eg teste ut mange slags produkt og tenester gratis, mot at eg fyller ut ein rapport (ikkje tidkrevande) når kampanjen er over (rapporterer kva eg likar, mislikar etc ved eit produkt). Det tok ei tid etter at eg registrerte meg før eg fekk delta på kampanjar, men nå i det siste har det tatt seg opp.

Nett nå er det Bonytt i fornya utgåve eg skal evaluere. Bonytt lurer på kva eg (og 5 veninner) syns om bladet, kva interiørstil me likar best osv osv.

Rabatt på abonnement til meg og til alle dåko.  7 utgåver til 200 kr er ikkje verst.


Eg veit ikkje kva du syns om Bonytt, men eg har alltid likt det sånn passe. Kanskje ikkje det bladet eg vert mest inspirert av, men det er veldig kvalitet over det som vert presentert. Eg diggar "Klarer du se forskjell i prisen"-reportasjane deira. Kjekt å sjå at ein kan ha det knallfint til ein brøkdel av prisen.


Og bladet har verkeleg fornya seg og blitt ganske så kjekt syns eg. Kanskje litt likt stilen til Elle Interiør om eg skal vere kritisk.


Men så var det det eg skulle spørre deg om. Har du også lyst til å bli Buzzador og teste ut produkt gratis (eg har tidlegare testa ut Uncle Bens produkt, DVD-leie i posten, barnemat, Dr Greve etc etc). I så fall har eg ein invitasjon til deg her:

Innbydelse fra Linda Sæbø
Jeg har registrert meg som Buzzador på Buzzador.com og foreslår att du også gjør det!
Som Buzzador får du teste nye produkter og tjenester gratis.

Klikk på denne linken, så vises det at det er jeg som har invitert deg (mitt brukernavn som Buzzador er Lindipindi):

https://www.buzzador.com/buzzador/index.php?file=u-regstep1&lang=NO&refstr=Lindipindi

Hvis du vil vite mer før du bestemmer deg kan du klikke på denne linken:

http://www.buzzador.com?refstr=Lindipindi&lang=NO



Når eg registrerte meg frykta eg litt at eg kom til å få eit lass av e-postar og styr rundt dette, men det er faktisk ikkje noko negativt med å vere Buzzador så vidt eg har opplevd iallefall. Kanskje du også allereie er ein Buzzador?


Nå står symaskina klar. I kveld jobbar eg med lyseblått og lysegrønt :)

Ha ein fortsatt fin kveld, og ei god natt!

mandag, mars 08, 2010

Sy deg ei ugle du også

Eg får nesten dagleg spørsmål om mønster på uglene eg sydde med tanke på bokprosjektet til Bodil-Bo og meg. Ideelt sett kunne eg tenke meg å sy opp fleire for salg, og eg pleier ikkje dele oppskrifta på ting eg selg (som f eks heklahuene mine). Eg delar det meste, men produkta mine skal jo vere mine, så derfor har eg den filosofien. Ikkje for å vere kjip, men for å ha noko som er eit eige Den Gode Feen  produkt i Epla-butikken.
 

Men så har det seg slik at eg får jo aldri tid til å sy ugler. Eller tid har eg vel innimellom, men då vert dei ikkje prioriterte. Eg har derfor leika med tanken på å lage ein "tutorial" på uglene, men også det har tatt tid. Derfor vart eg glad i dag då eg fann ut at Lises allereie har gjort dette. Veiledningen finn du her. Og hennar ugler finn du her. Er så glad for at eg oppdaga Lises veiledning, for tenk kor bortkasta om eg hadde gjort det samme. Tid eg heller kan bruke på å sy fleire lappetepper og elefantar (coming up).


Finn fram symaskina di og kos deg. Skal sjå du vert bitt av uglebasillen du også :) Og til dåko som ikkje likar sy sjølv: eg kjem til å klare sy fleire ugler ein vakker dag.

Klem frå Linda

Fiskesuppe alla Plastic Fantastic

Ein liten kjøkkenkrok er på plass på det "nye"  barnerommet. Ikkje noko avanserte greier. Berre eit hjørne med komfyr, ei hylle over, ein gammal hengjar til å henge opp utstyr, og ei gammal baderomshylle til gryteskrammelet.  Hadde me hatt plass til det, syns eg det er ideelt å ha leikekjøkkenet på vårt eige kjøkken. Men er det trangt, så er det trangt. Alma storkosar seg iallefall i kroken sin, og lagar den eine retten etter den andre.

I går fekk me servert fiskesuppe. Kokken piska suppa grundig før den vart servert ;)





Til dessert serverte ho nysteikte pepperkaker. Kokken diskuterte høglydt med seg sjølv om kakene skulle steikast på tretten, fjorten, sytten eller niåeinhalv. Usikkert kva ho bestemte seg for, men resultatet vart uansett bra.


Leikene på kjøkkenet er ei lett bandling av brukt og nytt. Her er ei aldri så lita oversikt:
Komfyr frå Brio. 
Kakefat, miksar, kaker og fat i tre frå Le toy Van.
Fiskar frå eit fiskedamspel.
Pepperkaker sydd etter mønster frå Tildas Jul, kjøpt i Skulehuset.
Pastellfarga service frå Ikea.
Emaljegryter og kjele frå Fretex og Qxl.
Rødprikkete service har ho fått i gåve frå Bodil Bo og co (aner ikkje merket).
Gryteklutar og vispar frå Clas Ohlsson.
Bakeformer og kar frå Lisbeth Dahl (ikkje sikkert dei er synlege på bileta).
Forkleet er frå Bruka (julegave frå snille tante Kjersti)


I dag har eg funne fram restar av bomullsgarn, og planlegg å hekle nokre grønsaker til kjøkkenkroken. Gulrøtter, speilegg og tomater først ut, trur eg.

Ha ein flott mandag!

PS! Gratulerer med dagen til alle flotte fine kvinner der ute :)


Epla-sjappo er oppdatert :)

søndag, mars 07, 2010

Nytt barnerom på gong


Når eg egentleg burde kome meg i seng i går kveld, kjende eg inspirasjonen og kreativiteten kome snikande for fullt. Årsaken var verdas kulaste retro-tapet som kom i posten tidlegare på dagen.


 

Lillianne var så supersnill å tilby meg tapeten, og eg takka og bukka eit høgt og rungande JA! 
Med det same tapeten kom i hus sprang eg frå rom til rom og lurte på kor eg skulle henge den opp. På ferda vart eg observert av Herr Fe som utbraut heller vantro "du skal ikke henge opp den der, vell?" Neida, neida svarte eg heseblesande, men inni meg visste eg at, får eg ikkje opp tapeten ein plass, så får eg ikkje sove. Det var like før sengetid i går at eg kom på det. Eg skal jo jammen santen dekorere Ikeaskapet på det nye barnerommet. Herr Fe har berre rista lett og overbærande på hovudet over resultatet, medan eg sjølv er strålandes nøgd ;)

 

Nytt barnerom, tenker du kanskje. Men det har seg slik at minipinifeen Simon straks fyller 9 månadar, men vaknar likefullt kvar 3. time og skal ha mat natta rundt. Ikkje løye at den vesle skjønnasen er 10 kg allereie ;) 

Ni månadar utan samanhengande søvn verken for meg eller han er rimeleg slitsomt. På helsestasjonen har dei derfor anbefalt at han skal plasserast på eige rom. Alma må derfor inn på det som skal bli dei minste sitt fellesrom, og Simon inn på hennar vesle krypinn (vårt framtidige soverom). Køyseng og kjøkkenkrok er på plass, og de får sjå fleire bilete ein anna dag. Må stæsje litt meir først...


Alma testar ut det nyaste teppet eg har sydd. På bilete over ser de baksida av teppet, sydd av det mest fabelaktige sengetøyet eg har sett i mitt liv (takk snille Venke).



Det rykande ferske teppet til venstre og det to-veker-gamle til høgre. Syns dei passar så fint saman. Epla-sjappa vert oppdatert så snart eg får tid.

Nå står middagslaging for tur her. Stikk innom i morgon for å sjå når minifeen kokar suppe i kjøkkenkroken sin ;)

Stor klem frå Linda

fredag, mars 05, 2010

Ei hyggeleg reprise?

Av og til er det er artig sjå seg tilbake. Akkurat i dag syns eg det er synd at eg har sletta dei gamle bloggane mine. For i over seks år har eg nesten dagleg sendt små smakebitar frå livet mitt, idèane mine og tankane mine ut i cyberspace, og delt med dåko som les bloggen.  Sletting har eg gjort innimellom med viten og vilje, for å oppnå ei slags ro. Ei ro fordi ingen lengre kunne leite seg bakover i arkivet og lese om kva som stod meg på hjarta til ei kvar tid. Det er jo rart med blogging, for de kjenner meg på ein måte, men eg kjenner ikkje fleirtallet av dåko som er innom. Eg er jo etterkvart ein erfaren bloggar, og syns ikkje lengre at ting er så skumle (å ikkje vere anonym, å bli gjenkjendt og ha eit milesvis langt arkiv utan å få panikk).

I dagens tilbakeblikk har eg funne fram to innlegg. Eit frå mars i totusenogåtte og eit frå mars totusenogni. Håpar dåko kosar dåko med innlegga ;)


Mars 2008:
Eg har lenge likt kombinasjonen av å bruke svarte ting til alt det kvite. Her kjem ein liten reprisekavalkade av litt av mine svarte ting...





 




















Kjenner at eg saknar leiligheten i Bergen når eg ser bileta. Det er noko med det å bu i ein leilighet kontra eit hus. Ein har meir kontroll. Nå bekymrar eg meg for om blyet rundt pipa ligg tett, om ventilasjonen er god nok i kjellaren, at me bør drenere utvendig og alt mulig i tillegg til oppussing inne. He he. Det er moro, men det er litt ansvar også. Mykje å planlegge, draume om og ønske seg. Tankane jobbar i høgtempo. Eg vil også vinne i Lotto, Emmeline! 


Mars 09:

Til jul/bursdagen min fekk eg ei kjempefin lysekrune av Bodil. Lysekruna er frå House Doctor og kjempedekorativ og skjønn.

Ting tar som kjendt tid, og i dag, tre månadar etter jul, vart kruna endeleg hengt opp over småfeane sin krok på kjøkkenet.

Kruna er for tida dekorert med malte påskeegg med pålimte babuska og sopp klistermerker. Vart ikkje det koseleg? Egga malte eg og 6-åringen for fleire år sidan, men nå er dei altså piffa opp med særdeles utypiske påskeklistermerker :)

Upsy Daisy er på teselskap saman med minifeen. Dei matchar visst både i fargar og til dels i hårfrisyre ;)
Tusen tusen takk for alle dei kjekke, og for meg, rørandes kommentarane på forrige innlegg. Eg set kjempestor pris på at de gidd legge igjen kommentarar, sjølv om eg er treig med å skrive tilbake (til dei av dåko som har blogg). Eg veit kor lett det er å sveipe innom ein blogg, og før ein veit ordet av det har ein surfa til neste. Så at nokon stoppar opp for å legge igjen ei helsing er kjempekjekt.


Ha ein fin lørdagskveld!!


Jepp, då var det tilbake til nåtida og det herlege faktum at det er helg igjen. Me hadde min herlege, livsglade og gode nevø på 5 år med oss heim igjen frå vinterferien. I morgon skal han reise heim til mammo og pappaen sin. Det har vore ei hektisk veke med fire ungar i hus, iallefall då den yngste og eldste av dei har vore sjuke. Men hektisk betyr ikkje at det ikkje har vore kjekt. Nevøen min er så god at han kunne ha flytta inn her på dagen hadde det vore opp til meg ;) Og det vert trist å levere han tilbake i morgon. Heldigvis er det ikkje lenge til påske.

Ha ei riktig riktig god helg der ute!
Klem frå Linda

PS! Nokre småtips frå meg:

Denne bloggen er verdt eit besøk. Ikkje berre eit, men mange faktisk  (Anna Malins Helt Enkelt).
Desse plastteppene er geniale. Søl? Berre tørk over teppet med ein fuktig mopp, eller rett og slett spyl teppet med hageslangen :)
Dette må då vere verdas søtaste koppar til sommarens piknikkar (har nokon sett desse i norske nettbutikkar?)
Verdas finaste vimpelrekkje til hagefesten.



torsdag, mars 04, 2010

Som mor, så datter


Desse skorne gifta mormora mi seg i. Omtrent 65 år etter er det Alma som labbar rundt i dei kvite skattane. I oldemora sine brudesko.


Reknar med at mormor hadde meir hotte strømper enn rosa ullsokkar frå Janus, men tvilar på at ho var like søt som dagens skobrukar.


Eg elska å kle meg ut i mamma sine høghælte sko som liten, og flirer litt av at Alma er så lik meg. Desverre må eg skuffe henne med at utvalet høghælte sko i mitt skoskap er heller labert ;) Inntil ho har funne bestemor sine høghælte sko frå dei glade 70-åra, er det godt at ho kan øve seg på oldemors brudesko.


Ha ein superduper torsdagskveld :)

PS! Kjolen med prinsessekrone på magen er frå Lindex, strikkejakke frå Benetton (kjøpt i 2008). Foto tatt på mitt gamle barnerom.

onsdag, mars 03, 2010

Nyhende i hus

 Når eg er heime på Halsnøy må eg alltid snope meg nokre godbitar til store og små. Alma har fått seg verdas finaste regnkåpe og støvlar (Noa Noa miniature) frå den kjempefine barneklebutikken Litle Blå. Ingenting spritar ein regntung dag meir opp enn fine regnklær, syns eg. Eg forelska meg fullstendig i støvlane, med stjerne bakpå og nydeleg fòr.

Dørmatta frå House Doctor kjøpte eg hjå Sæbøvik Gaver og Leiker. Flaks for meg at eg fekk tak i den siste dei hadde inne. Den passar jo som hand i hanske til destinasjonsskiltet eg malte før jul, og til ytterdøra vår. At Herr Fe overraska med nymalte og nylakka (!) gulv, då me vendte nasa heim frå ferie, var heilt herleg.



Eg håpar ingen oppfattar mine frustrasjonsinnlegg over mangel på tilgang til stoff som tigging. Eg blir jo heilt flau når de tilbyr meg stoff frå loft og kjeller, men må innrømme at eg syns det er knakande kjekt på samme tid. Alt høyres jo så spennande ut at eg nesten kjenner blodtrykket stige allereie. E-postadressa mi er Linda.Saebo@lyse.net, og de må berre maile meg der. Sei også frå om de ynskjer noko i gjengjeld. Eg skal i så fall gjere mitt beste for å oppfylle ynskjene. Det som er vanskeleg med anonyme kommentatorar, er at eg anar jo ikkje kva stil de har og kva de likar. Men med kommunikasjon finn me nok ut av det ;)


 Heime på vinterferie fekk eg mange knallfine dynetrekk og barneklær frå 70-tallet. Somme av dei ser du på bildet over. Oh'lukke.  I morgon skal eg ut på befaring igjen. LokalAvisen har visst trykt annonsa mi for andre gong, så i dag har ikkje telefonen stått stille igjen. Spennande ;) I tillegg ankom ein pakke med vintage stoff kjøpt via Etsy feens heim i dag. Sjå ikkje vekk frå at de får sjå dei stoffa også, he he.
Ha ei riktig god natt der ute.
 



tirsdag, mars 02, 2010

I ♥ Oddvar

 

Eg har alltid hatt sansen for multikunstnaren Oddvar Torsheim. Streken hans er genial, og lukka var fullkomen då eg oppdaga at plakatar med somme av bileta hans er til salgs.


 Torsheim med det karakteristiske raude skjerfet er original som få. Eg diggar han.



The Kopisters er opprinneleg eit oljemaleri frå 1967. Nå er den å få kjøpt som praktplakat på 70x100 cm. Det er ikkje alle som har like tøff signatur som Oddvar:


Som de sikkert har merka, bytast det stadig ut på bileta og veggpryden over sofaen. Nett nå er det The Kopisters som gledar oss. Bilete heng i lågaste laget, men det er ein smal sak å fikse heldigvis. Sofatrekket er nyvaska og skikkeleg krøllete, men berre lat som om de ikkje ser rukkene.

 

I tillegg til Oddvar, så elskar eg også Bruka. Lysestaken over og bakken/brettet under er frå Bruka og kjøpt hjå fantastiske Sæbøvik gaver og leiker.  Damene som jobbar i butikken er verdas blidaste og kjekkaste, og eg er sikker på at dei hjelper deg om du kontaktar dei :)
 

Eg tok visst ein vinterferie frå bloggen. Og det er rart med det. Er ein borte nokre dagar, så kjem ein heilt ut av det liksom. Men nå er eg back on track igjen :)

Ha ein finfin tirsdagskveld :)
Related Posts with Thumbnails