Symaskina durar og går støtt og stadig. I går vart dette teppet ferdig, og i morgon (eller kaaaaanskje i kveld) vert eit litt større ferdigstilt.
Husets modellar var ikkje heime under fotoseansen, så Maileg'ane steppa inn på kort varsel. Dei er greie slik :)
Av favorittstoffa mine tar eg vare på det meste. Kvar minste bit blir spinka og spara på, for plutseleg kjem dei til nyttes. Eit tips eg plukka opp då eg fekk nokre stoff eg bestilte på Etsy, er å bruke stoffremser som band rundt pakkar. Dekorativt, ikkje sant?
Før eg fortset kveldsstunda med Elna, skal eg berre tipse dåko om at eg vart intervjua av Foreldremanualen for ei tid sidan, og i går vart intervjuet publisert. Du kan lese det her.
Moro at sååå mange meldte seg inn som Buzzador etter gårsdagens innlegg. Eg trur ikkje de kjem til å angre på det. Men hugs at det som sagt kan ta litt tid før de får tilbod om å delta på kampanjar.
Og medan eg hugsar det: det var ei som spurte etter galleriet der eg solgte puter og der det framleis er ugler og masse anna fint for salg. Her finn du info og litt meir her. Galleriet er åpent fra 18–20 på tirsdager og torsdager. Eg skal sy fleire puter til Galleri HIJ også. Hadde berre døgeret hatt fleire timar...
Ha ein fortsatt fin kveld :)
PS Eplabutikken er oppdatert (lenke i høgre marg)




































Egga malte eg og 6-åringen for fleire år sidan, men nå er dei altså piffa opp med særdeles utypiske påskeklistermerker :)














