søndag, mai 02, 2010

Fargerikt


Rommet til Alma byrjar etterkvart bli skikkeleg fargerikt. Her er det gult, lilla, grønt, oransje, rosa og rødt i eit einaste sammensurium. Det lilla dynetrekket frå Vesla og Broremann elskar heldigvis både meg og ho. På dagtid ligg dyna i øvre køy, men på nattestid er det nedre køy som blir brukt.

Eg har sydd gardiner til køysenga av eit stoff frå Stoff og Stil. Det er lenge sidan eg sydde dette, men har ikkje vist bilder før nå. Skulle liksom vente til eg hadde sydd gardin på kortsidene også. Men sidan dette drøyar å få gjort, knipsa eg like godt bilder i dag.


Det gule stoffet på overmadrassa kjøpte eg hjå ei koseleg dame hin dagen. Den tidlegare nevnte annonsa mi  i Lokalavisen har stått på trykk i minst fem utgåver, og innimellom ringer det damer som vil gi bort eller selgje ting dei har i skuffer og skap. Knallkjekt :)



Ikkje sant det er herleg med helg? Eg diggar det. Me har gått lang tur, ja rett og slett milesvis, for å mate nokre nyfødde lam i dag. Sola skein, men nordavinden var ISKALD. I kveld har eg derfor lege under dyna på sofaen for å få varmen i meg igjen. Herleg og avslappandes :) Håpar du også har ei fin helg!

Ynskjer deg ein flott søndag :)

PS! Kryssar fingrane for at minstemann søv litt lengre enn til kl 0515 i morgon ;)

torsdag, april 29, 2010

Kan eg få smake?

Nam nam, dadda sin is ser veeeeeldig god ut. Eg prøver å kjefte litt, så kanskje ho skjønnar at eg vil smaka.
Da da da dadd.
Da da da dadd seier eg enno høgare medan eg nistirrar på isen.
Dadda byrjar å le. Mon tru om ho tok hintet?


Å, ja jippi, eg får smake.


Like greit å verkeleg ta eit stort jafs når eg først får sjansen ;)


Den vesle matapen vår elskar is. Han er generelt veldig matglad, og skal smake på alt. Her er det ikkje ein ting innan rekkevidde som ikkje vert smatta på. Ja, til og med veggene og oppvaskmaskinen går han laus på innimellom ;) Godguten vår :)

Den knallfine gensaren han har på seg kjøpte eg på Vesla og Broremann. Det er ikkje like lett å finne fine gutteklær, men Cupcake sine er iallefall råfine :)

Ha ein flott kveld og ei god natt :)

onsdag, april 28, 2010

Jeg kan synge i dur og moll


Hugsar de bjørnen Colargol som gjekk på barneTV på 70-tallet? Eg har berre vage minner om han, men minnene har på ein måte etsa seg inn, og eg syns rett og slett at Colargol er ein av verdas skjønnaste små bamsar :)


Innimellom søker eg på mine store barndomsheltar på QXL. Barndomsheltar som Jon Blund, Teodor og sjølvsagt Colargol. For nokre veker sidan hadde eg flaks, og sikra meg denne boka for ein 20-kroning. Colargol frå Eventyrskogen, som reiser til kongen for å spørre etter fin sangstemme.


Bror min hadde verdas skjønnaste Colargol-tapet på barnerommet sitt  då me var små, og eg skulle ha gitt mykje for ei aldri så lita tidsmaskinreise tilbake til det rommet.


Det er mange andre som også diggar Colargol der ute, og takka vera desse finst det mange klipp på Youtube. Her kan du høyre sangen, og her kan du sjå litt av ein episode.

Kos deg med mimring du også,
klem frå Linda

tirsdag, april 27, 2010

Lucky me


Beklagar at det er litt tid mellom kvart innlegg om dagen, men tida strekk ikkje til rett og slett.


Til gjengjeld har eg masse å vise bilder av når eg først har ånda over meg. Over her ser de lekkerbiskane eg har bytta til meg frå Siris Design. Trykk på linken og stikk innom hennar blogg. Ho syr heilt FANTASTISKE kreasjonar og eg rådiggar det heile. Stoffa eg bytta til meg er knallfine, og eg gledar meg til å lage noko av dette. Siri: pakken din er ikkje sendt enno, men den er på veg veldig veldig snart :)


Me var jo heime på Halsnøy i helga, og der har fleire og fleire fått høyre om min fascinasjon for retro sengklede. Lørdag ettermiddag tok eg turen ut til ho Helga, og sjekk lekkerbiskane ho hadde til meg. Det øverste dynetrekket er meir lyseblå enn det virker på bildene, og eg fekk omtrent hjerteinfarkt då eg såg det. Eg fekk to dynetrekk av dette stoffet, og det eine har fått fast plass på stovedyna eg omtalt tidlegare.



 I'm so lucky :) Ei supersnill venninne hadde fått tak i denne postsekken til meg:


Og like før helga fekk eg pakke frå supersnille Siv frå bloggen Snerte sneller og små nøster. Ho hadde hamstra med seg fantastiske dynetrekk frå hytta. Åh, eg blir så glad så glad. Tusen takk - det var heilt perfekt.



Med så masse fint i hus blir det nesten frustrerandes at eg ikkje har tid til å sy om dagen. Me jobbar med hagen i ledige stunder, og ellers går det i det vanlege. Kos, rydding, husarbeide, lekser, trening her & der og leik.

Håpar at alle som er innom har det bra :)
Ha ein fin tirsdagskveld.
Go'klem frå Linda

lørdag, april 24, 2010

Slitt 80-tals villa med fordums prakt


Nå skal de få vere med på ein interiørrunde i det huset eg har elska mest her på jord. Mitt gamle dukkehus frå 1980. Det gule Lundby dukkehuset eg fekk til 7-årsdagen min.


Huset, interiøret og møblane er SKIKKELEG slitt og ei oppussing, ja rett og slett ei totalrenovering, har stått på trappene i lange tider.


Papir til å tapetsere veggene på ny vart innkjøpt for fleire år sidan, men så har eg aldri kome lengre. Og i dag er eg berre glad for at  det har drøya med oppstart av oppussinga. Eg har nemleg bestemt meg for at huset skal forbli slik det er. Slitt, men originalt.


Pianoet er eit bruktfunn for eit par år tilbake sidan, elles er alle møblar og alt inventar ting som alltid har vore  i huset.


Litteraturen i bokhyllene er tallrik, og i magasinhylla fins både Burda, Life og Twen :)


The master bedroom har utgang til ein solrik takterasse.


På badet står vaskebøtta klar:


Bildene av husets datter er sterk kost.

Sjeldan har eg sett dukker med meir fryktinngytande blikk som dei som tilhøyrer Lundbys dukkehus (dagens dukker har faktisk like skumle blikk). Kjolen er sønderriven. Og beina til vesle Gullhår (som Alma raskt døypte henne), ser grusomme ut etter at musene på mammas loft har jafsa i seg den stakkars dukka sine tær.


Vesle Gullhår endar nok opp på søppelfyllinga om ikkje lenge. I dag investerte eg i ein ny Lundbyfamilie på fire som har flytta inn i den slitte 80-tals villaen med fordums prakt. Eg veit ikkje heilt om det var eg eller Alma som hadde det kjekkast då me fann fram huset, støvsuga, vaska og møblerte det i dag. Me skamkoste oss begge to. Nå skal eg jammen sjekke om fleire gamle møblar er på oppdrive på Finn og Qxl.



Me kosar oss på helgetur hos mamma i nydeleg ver. Håpar du også har ei flott helg :)

Kjempeklem frå Linda

ps! Eg har fått masse fint stoff herifrå og derifrå i det siste, og stoffinnlegg er på trappene :)

torsdag, april 22, 2010

Frøken Utakknemlig

Her følger eit lite utdrag mellom ein mor-datter-samtale her i huset:


Mor med entusiastisk stemme: "Sjå her Alma. Mamma har sydd ein ny kjole til deg".
Datter kjem springande, kastar eit blikk på kjolen og seier "Hvorfor det?"
Ein kort pause. 
Mor: "Eh. Jo. For at du skal ha masse fine gode klær i sommar."
Datter svarar med halvveis trassig stemme: "jeg vil ikke ha den der"
Mor prøver med litt meir entusiasme i stemma: "Jammen, Alma då, den er jo kjempefin. Den er rosa."
Alma svarar kontant på sitt fine Rogalandsmål: "nesj. Jeg vil ikke ha den."
Mor litt meir stille: "Ok, det er heilt greit Alma, men du kan iallefall prøve den på sånn at eg får tatt bilder av deg i den..."


Sånn cirka i 15 sekund tok den fotoseansen, før....

..mi vesle Frøken Utakknemlig drar den av igjen ;)
Eg gjer meg ikkje med dette.
Eg kjem til å prøve den på ho igjen.
På ein god dag ;)
Men når det er sagt, så hugsar eg med gru korleis det var å ha på klær ein overhodet ikkje likte å gå med. For eksempel hadde eg ei stiv, blank, grønn regnkåpe som knitra når eg bevegde meg. Åh, kor eg hata den kåpa. Skrekk og gru.

Så om det viser seg at Alma ikkje vil gå med heimesydde kreasjonar, så går alle mine sy-sommarklærne-sjølv-i-år-planar i vasken :)

Sola skin, og ein kan ikkje sitte inne og sture.
Ha ein flott torsdag du også!

onsdag, april 21, 2010

Onsdag i farta


På kjøkkenbenken blomstrar det så fint i vasen. Ei koseleg venninne kom innom hin kvelden, og ho hadde med seg desse nydelege peonane. Blir glad kvar gong eg kjem ut på kjøkkenet og ser dei :)

Det er mange som har vist fram sine beste bruktfunn i bloggane rundt om, og Bumlingen over bordet må ha vore mitt beste bruktfunn nokon gong. Er sååå fornøyd med den altså, sjølv om ledningen er litt gul og plasten under er litt øydelagt her og der.

Simon har hatt feber nå i starten av veka, og mykje tid har derfor blitt tilbrakt innandørs. I går sydde eg dette forkleet. Babuskastoffet er frå TAMO og det blomstrete brune og kvite er frå Stoff og Stil.


Nå er middagen straks klar og ettermiddagen skal nytast i hagen.

Ha ein flott onsdag du også :)

tirsdag, april 20, 2010

Dyneløfting hjå feen

Eg diggar fine dynetrekk. Eg diggar fine barneklær. Og eg diggar Smallstuff. Eg rett og slett elskar dette dynetrekket frå danske Smallstuff. Eg hugsar eg såg det første gong i ein interiørreportasje i magasinet Mamma, og har ikkje fått det ut or hovudet i ettertid. Eg har leita rundt på nettet etter dynetrekket, og gleda var formidabel då eg til slutt fann ut at det førast av den knallfine barneklebutikken Vesla og Broremann her i Stavanger.


At eg presterte å få parkeringsbot på forbaskade sjuhundreogtikroner, medan eg var inne i Stadionparken handlesenter og kosa meg med dynetrekkhandel, overskuggar ikkje gleda over å ha fått dynetrekket i hus. Eg syns det passa kjempegodt inn på storebror sitt rom, og i morgon får de kanskje sjå korleis Alma sitt passa inn på hennar rom.

Vesla og Broremann er forøvrig også ein knallfin nettbutikk, og eg trur jammen at eg har fått meg ein ny favorittbarneklebutikk i byen gitt. Bloggen til butikken finn du her.


Eg tok meg plutseleg eit par dagar uplanlagt bloggferie, eg.
Blogglysta forsvann brått og brutalt, og eg har berre pleia hus og heim og hage og oss som bur her. Deilig.

Lukka var kjempestor i dag då eg logga meg på PC'en og fann ut at eg vann 3. premie i NIB si påskepyntutfordring. Så gøy :) Å, så glad eg vart, eg som aldri vågar slenge meg med på slikt. Tusen takk til alle som stemte på meg og babuskaegga våre :)

Eg lovar litt hyppigare oppdateringar framover. Sylysta forsvann ikkje i takt med bloggelysta, så om du stikk innom i morgon får du sjå kva eg har putla på med dei siste dagane :)

Ha ei riktig god natt, kjempeklem frå Linda

fredag, april 16, 2010

Eg er klar


I vinduskarmen spirer det så smått i heimelaga potter. Pottene laga eg ved i surre innpakningspapir tett rundt eit tomt barnematglass. Eg bretta inn papiret rundt bunnen av glasset. Fylte med jord, og sådde i frø. Enkelt og greit. Og ikkje minst dekorativt.

  Favoritthagebøkene mine ligg lett tilgjengeleg.


Hageutklippsboka mi er framme. Det enkle er ofte det beste.


Draumen er å ha eit slikt uthus i hagen.


Og lassevis av gamle terrakottapotter og vannkanner i sink.

Enn så lenge har me iallefall nymalt huskestativ.

Me er klare for ei helg i hagen. Mykje som skal gjerast gitt. Men før eg går i gong skal eg kose meg med ein kopp te og litt meir planlegging.

Ha ei flott helg, klem frå Linda

torsdag, april 15, 2010

Elefantdekor


Som nevnt i går så har Herr Fe saga ut eit sett med veggelefantar på bestilling frå meg. Og eg har dekorert dei med tapet. Eg er kjempefornøyd med resultatet, for dei vart akkurat slik eg hadde sett for meg.

Det lilla nattbordet på barnerommet er knallfint og kjem frå eit møbelsett farmor og farfar fekk til brullaupet sitt. Det var seng, nattbord og sjenk med spegel over opprinneleg. Nå trur eg dette nattbordet er det einaste som er igjen av settet. Leikekoffertane er kjøpt hjå Søstrene Grene.


Elefantane skulle egentleg gå etter kvarandre, men på grunn av plassmangel på veggen, vart dei hengjande over kvarandre. Eit sett med elefantar finn nok vegen inn til Epla også i løpet av kvelden. Soppane eg la ut i går, for veldig fort ut att. Men fleire soppar er i produksjon, så det er berre å vente for dei som er intressert :)



I kveld skal eg på besøk til ei venninne, og typisk nok er minstemann skikkeleg uroleg. Skulle tru ungane lukta at mora skal ut. Slik at den eine gongen i skuddåret ho bevegar seg utanfor husets fire vegger føregår i skikkeleg stressa form. Er det ikkje typisk?

Ha ein fin torsdagskveld du også ;)
Related Posts with Thumbnails