tirsdag, april 13, 2010

Jøss.... eg er i finalen.


Påskeinnlegget mitt med dei babuskadekorerte egga våre har havna som finalist i NIB si påskefavorittkåring. Du og du kor kjekt :)

Desse egga har historie gitt. Dei vart malt av meg og eldstemann då han var 3 år og einaste kylling i kurven. Kvar påske i ettertid har me tatt dei fram. Då me flytta frå Bergen til Stavanger vart egga (og alle dei gamle julekulene) transportert egenhendig i  bilen vår . Eg ville jo ikkje at skattane skulle bli knuste av uvørne flyttefolk.

Til påske i fjor var Alma 1, 5 år og hadde også lyst til å setje sitt preg på egga. Ho fekk derfor lov til å klistre på nokre filtklistermerke eg kjøpte via Etsy. Slik vart egga til :)

Dersom du syns dei er fine og har lyst til å stemme på påskepynten, kan du stemme HER ;)


Ha ein super tirsdag i sola :) Klem frå Linda

søndag, april 11, 2010

Se min kjole...


Morgontimane i dag morges vart brukt til å sy ein kjole til Alma. Eg har jo sydd litt til henne før, men absolutt ikkje så mykje som eg burde, føler eg. Men nå har eg i det minste planar om eit par  sommarplagg, og denne kjolen er altså først ut.

Alma er, som de kanskje ser, klissblaut på knærne etter å ha hjulpe til med å vaske hagemøblane. Flinka jento :)

Men tilbake til kjolen. Eg er jo litt stolt over denne, for eg trur dette er det første plagget eg har sydd som faktisk kjem til å bli brukt masse. Kjolen er sydd i eit nydeleg stoff frå Stoff og Stil og lommene har eg sydd av eit fantastisk fint soppestoff frå TAMO.



Boka eg fann mønsteret i kjøpte eg i 2005, men eg hugsar ikkje kor frå. Den har ISBN nummer ISBN4-579-11054-4 for dei som måtte vere intressert. Den er som "alle andre" fine bøker frå Japan, og bugnar av yndige fine mønster. Flaks for meg som ikkje kan ein bokstav japansk, så står enkelte få strofer på engelsk.




I utgangspunktet var mønsteret ein genser som eg forlenga sidda på. Å sy klær gav meirsmak, og neste ut nå trur eg vert ein buksedress.

 
Du og du for eit nydeleg vêr me har hatt denne helga. Me har knapt vore inne, og kosa oss ute både her og der ;) Me har planta, vaska og dilla. Vore på bondegård, på turar og i hagen.  Herleg :) Håpar du også har hatt ei flott helg,

Klem frå Linda

fredag, april 09, 2010

Eg lovar temaskifte


Ok, de er nok garantert lei av alle stoffinnlegga mine. Men eg måååå berre vise dåko litt til. Hin dagen henta eg to banankassar hjå ei sydame som skulle pensjonere seg. Ho hadde sett annonsa mi i Lokalavisen (dei har faktisk trykka den 4 gonger nå...), og lurte på om eg var intressert i å overta. Om eg var. Jippi! Det lilla putevaret de ser over var verdt heile turen åleine.

For ikkje å snakke om dette eplehjertestoffet over.

I tillegg var det mange andre godbitar. Eg vart så glad så glad. Og det kjekkaste var at sydama var like glad ho også. Lukkeleg over at nokon kunne ta over tinga som var alt for gale å kaste. Eg kunne ikkje vore meir enig.


Men nå lovar eg dåko. Det neste innlegget her på bloggen skal vere interiørrelatert, hagerelatert eller ferdigsydde ting. Eller noko i den duren.

Ha ei strålandes kjekk helg. Klem frå Linda

onsdag, april 07, 2010

I'm in stoff heaven


Ja, altså i dag er eg ekstatisk. For ein stoffavhengig stoffmisbrukar kan ein pakke som inneheld ei diger dose stoff nesten vere for mykje. Overdose rett og slett. Ei positiv overdose. Ei overdose som gjer at kreativiteten boblar over. Ja, eg skal gje meg med utgreiingane her, men sjekk alle desse nydelege stoffa som dumpa ned i postkassa frå TAMO i dag.


Som alltid når varer kjem frå Tamo, så er det så yndig pakka inn. Dette må då vere verdas skjønnaste tape, ikkje sant? Ein slik rull skal garantert vere med i mi neste bestilling iallefall.


Mjuk-mjuk flanell med nydeleg motiv.


Herleg bomullskvalitet med supersøtt motiv.

Akk o ve, det rykker i syfoten når eg har slike herlegheitar i hus.


Eg har skrive mykje om Tamo, men ein god ting kan ikkje nevnast for ofte. Eg blir heilt overvelda kvar gong eg går innom nettbutikken, for eg kunne ha kjøpt alt som er der inne. Den er jo berre såååå meg den butikken der ;)

Sjekk desse klypene:

Sjekk dette treskrinet:
Sjekk desse små kanapèspyda som er berre heilt perfekt oppi matboksane til småfeane.

Sukk sukk sukk, det skal ikkje bli lenge til mi neste bestilling iallefall. Enn så lenge skal eg ruse meg på stoffet mitt, og planlegge kva plagg eg skal feste verdas finaste knapp på:


Ja, for plagg er det neste eg vil sy, trur eg :)

Ha ein herleg flott onsdagskveld, klem herifrå

mandag, april 05, 2010

Ei koseleg utflukt


For at ungane skal få inntrykk frå litt andre dyr enn ugler og elefantar, som det kryr av på heimebane, tok eg dei med på ei dagsutflukt til Dyreparken i Kristiansand i påsken. Sjølv om avstanden var litt lengre enn eg hadde sett for meg på førehand, så hadde me ein heilt fantastisk dag.


Ungane var frå seg av glede og begeistring, og Alma grein sårt då me måtte forlate nydelege, koselege Kardemomme By. Her skal me tilbake, og her skal me både på Kaptein Sabeltann Show og kanskje til og med overnatte i eit av desse fantastisk skjønne husa.


Det som gjorde størst inntrykk av dyra var nok løvene. Me har tidlegare vore i ZOO i København, og då Samson fekk høyre at dei to mannlege løvene kom frå ZOO, så utbraut han så søtt "Det var det jeg syns, at det var noe kjendt med de løvene". Hi hi, skjønnasen vår.


På heimebane har det vore litt stopp i elefantproduksjonen. Eg har berre flikka litt på Elida og Elbert.



Eg har jo liksom annonsert at desse er dei to siste i produksjonen. Men i stad kom eg på at eg i morgon skal hente ein pakke med stoff frå Stoff og Stil - og at eg der kjøpte inn ein del stoff med tanke på elefantar. Så me får sjå, kanskje kjem det eit par til. Tusen takk for overveldande respons på elefantane forresten. Dei hadde ikkje før marsjert inn på Epla før dei fleste var klare til å marsjere ut i verda :) Kjempekjekt :)


Den deilige påskeferien går ubunnhørlig mot slutten. Heldigvis er det planleggingsdag både her og der i morgon, så me skal kose oss maks i morgon også :)


Herr Fe har kvessa sagbladet og eg er nå klar til å ta imot fleire soppbestillingar igjen. Same procedure as last time. Send meg mail med antal, papirtype og adresse til linda.saebo@lyse.net. Meir info finn du her.

Eg diggar Vesle Anna, og har funne fram ei gammal tapetbord med skjønningen på for anledningen. Ho kan jo bli knallskjønn som dekor på dei minste soppane.

Ha ei fortreffeleg god natt, og ein flott tirsdag i morgon. Eg håpar på å få tid til å svare på alle e-postar om det eine og det andre i løpet av morgondagen.

Klem frå Linda

søndag, april 04, 2010

Verdas godaste

Blir visst to innlegg på rappen i dag. Slik er det når mora er sprekkferdig etter å vise dåko den knallgode Simon vår som tok plass i eine korga då dei eldste hadde tømt den for egg i går. 


Han har arva det litt sørgmodige uttrykket som storebroren hadde som liten.

Han har også arva det som kallast pseudoskjeling på fagspråket. På grunn av at partiet mellom augene er breidt, ser det ut som om han skjeglar. Men det visst berre eit synsbedrag, og berre sjarmerande i våre auge :)


Han er så full av liv, så tøff og så glad at eg berre smiler når eg tenker på han (han ligg og søv formiddagslur nå).


Eg har vore samanhengande forelska i snart åtte år nå. Heilt sidan eldstemann kom til verda. Ikkje går det over heller. Det er så godt og samtidig litt vondt også (når eg er bekymra). Nå skal eg gå å sjå om ikkje godguten vår vaknar snart :)

Ha ein fortsatt fin dag, tudelu

PS! Eg har redigert bildene i Photoscape etter tips frå den fantastisk fine bloggen Fru Fly. Ta turen inn til henne om du vil sjå fantastisk fine bilder.

Klar. Ferdig. Gå!!


Den o'store påskeeggjakta vart gjennomført i går. Først hadde me ein særdeles roleg og avslappa formiddag, der eg lot humla suse så til de grader. Deilig. Deretter fiksa me både hus og hud og hår og gjorde oss klar for jakt.


Heilt sidan Samson var den einaste kyllingen i kurven har eg blogga bilder frå den årlege jakta. Og tradisjonen fortset i år også.


Herr Fe lurte seg av gårde på sykkel med ein diger sekk med egg. Me andre tutla etter, og ungane var heilt overgidde når dei møtte pappa ved Vannassen :) Ja, eldstemann gjennomskua sjølvsagt kva som føregjekk, men klarte å late veslesøster leve i trua på påskeharen.

I år gjorde eg litt som med adventskalenderen. Eg fyllte egga med ein miks av ting ungane hadde bruk for, litt småpussel, eit spel til heile familien og sjølvsagt litt godteri.


Ein pitteliten ting  i kvart egg.


Ikkje alle egga var like godt gøymt, men stor stas for småfeane uansett. Dei var heilt ekstatiske, og sprang, hylte og lo :) Alma hadde på seg strikkakjolen ho fekk til jul hjå Hobbyhus-Merete.


Korgene vart fulle, og me konstaterte at jakta var ein suksess i år også.

Hadde du også ei fin påskeafta i går? Nå gledar eg meg til ein surferunde for å sjå korleis de andre hadde det.

Riktig God Påske!!

lørdag, april 03, 2010

Elefantar på ferde


Her ser de dei siste elefantane som har blitt produsert i heimen. Det er Elvis, Elvira, Elle, Elida og Elliot som er på veg inn på Epla.


Det er utruleg kjekt å sy desse elefantane, sjølv om det innebærer mykje tidkrevande handsaum og dilling.


Nå er eg straks tom for svarte knappar og litt tom for stoff til nye fargekombinasjonar.


Desse er derfor dei siste elefantane eg kjem til å sy på ei stund. Nå er det nye ting på skisseboka eg vil setje ut i livet ;)

Tusen takk for alle e-postar med forslag til stoffbytte. De får svar i løpet av helga. Eg heng litt etter på grunn av ein kjempekjekk impulstur til Dyreparken i går :)
Nå må huset ryddast, ungane stellast og gjerast klar for den årlege påskeeggjakta.


Ha ei super påskeafta der ute :)

Klem frå Linda Pinda Påskehare

torsdag, april 01, 2010

Bytte av stoff?

Det er mange som spør meg på e-post og i kommentarar, om eg er intressert i å bytte stoff med dei. Og det er klart eg er. Nå har eg knipsa bilder av dei retro stoffa eg har så store mengder av at eg kan bytte bort litt utan å sjølv gå tom.

Ikkje alt er gammalt. Sengetøyet over er eit nydeleg sengetøy frå SEBRA, som Alma har vakse frå. Nå skal det få nytt liv i mine syprosjekt, og kanskje til og med dine ? :)

Bildene og litt meir info finn dei i butikkbloggen min :)

Skjærtorsdag er straks overstått, og eg er straks ferdig med ei ny ladning  elefantar som skal inn i Eplabutikken. Eg har tutla med desse elefantane i fleire dagar innimellom alt det andre. Brodert litt her og klipt litt der. Gledar meg til å vise dåko gjengen i morgon.

Eg kan ikkje uttrykke sterkt nok kor DEILIG det er med heimepåskeferie i år. Sjølv om eg har permisjon, så må eg opp kvar dag kl 0630 uansett kor lite eg har sove om natta. Nå derimot slumrar og sløvar me kanskje heilt til klokka 9 før me står opp. Me er jo vakne lenge før dette, men med litt melk i magen og ei tørr bleie, kan Simon aktivisere seg sjølv med leiker i sprinkelsenga, og me andre kan ta oss ein sårt etterlengta blund. Lovely :)

Då gjenstår det berre å ynskje dåko alle ei god natt. Klem frå Linda :)

tirsdag, mars 30, 2010

Sopp til middag


Her ser de dagens verk. Sånn cirka 40 soppar har fått tapetdekor og så snart dei har tørka skal dei sendast ut i verda ;) Litt deprimerandes at eg klarte å øydelegge den eine soppen i sluttfasen. Papiret vert alltid litt blørete og ujevn før det tørkar. Eg var for ivrig etter å gni bort blørene på den eine, og papiret rivna...På bildene ser de at papiret er litt ujevnt på soppane som ligg til tørk. Nå er papiret heilt slett og fint igjen, nå som dei er tørre.

Er du ein av dei som har bestilt soppar, så kan du forvente deg ein e-post frå meg i umiddelbar framtid :)


For eit par veker sidan fekk eg ei bytte-stoff-førespørsel på e-post.  Eg fekk denne halvparten av eit ultrafint dynetrekk, og i gjengjeld sendte eg tilsvarande mengder av ei knippe frå mi samling.

 

Den snille byttedama sendte i tillegg med bonusstoff som ho kalla det, og sjekk herlighetane her:


Trur de ikkje samme dame sendte meg ein stoffpakke i påskegåve i tillegg (har ikkje hatt tid til å knipse bilder av det enno)?  Det er så kjekt at det finst så mange snille jenter der ute.

Eg har planlagt å ta bilder av stoff eg har til bytte, så kanskje fleire har lyst å bytte litt med meg? Eg har veldig masse i oransje og gult, men kunne veldig gjerne tenke meg å auke samlinga av blått og grønt og brunt og lilla ;)

Nå må eg vie dei søte små litt oppmerksomhet. Det er grenser for kor lenge eg klarar aktivisere dei med chips og brus ;)

Ha ein flott kveld, klem frå Linda

PS! Det med chips og brus var tull altså (betre å skrive det her enn å få fullt av e-postar over dårleg barneoppdragelse ;)).

mandag, mars 29, 2010

Påskelukke er...


...å tilbringe ein ettermiddag på stranda.

...å spidde pølser til middag.
























....å sjøsetje ein liten båt produsert av strandsøppel.



...å fylgje båten ut til havet.



...å ta seg ein middagslur attåt lyden av bølgjeskulp og skrålandes måker.



...å ha ei hand å halde i når bølgjene verkar skumle.

Dette var litt frå vår søndag.
Tusen takk for alle ros over dei fire elefantane. Fleire elefantar er på veg. Kanskje dukkar dei opp her i bloggen i morgon eller i overimorgon.

God natt :)
Related Posts with Thumbnails