
Inspirert av ei julestrømpe avbilda i mi favoritt inspirasjons-julebok Levende Lys ( av Nina Dreyer Hensley, Jim Hensley og Paul Løwe) har eg sydd to julestrømper dekorert med snøkrystall i perler. Dumt eg ikkje har bilder frå boka, men det er bilde av ei kvit julestrømpe med liknande snøkrystall på. Paul Løwe har ein superfin blogg som de kan finne
her.
Eg har sydd slike julestrømper for salg for fleire år sidan også, men då brukte eg kvitt fleece stoff. Helst kunne eg tenke meg ein kvit pelskant øverst på strømpa, men har ingen pels i utstyrslageret. Får sjå om eg ikkje får tak i det etterkvart.
Det er ganske så tidkrevande og putlete arbeid å sy fast ei og ei perle, men når resultatet vert bra går det jo greit :)
Det er fleire som spør om tinga er for salg, og det er dei. Men eg må spare litt på dei føreløpig, slik at eg har noko å ha med meg til Jul i skulehuset. Så eg håpar de har bittelitt tolmodighet. Produksjonen av sydde ting er i full gong, som de sikkert har sett ;) Og i kjelleren står mannen og sager ut JUL-bokstavar for harde livet. Flinke mannen min :)
Eg sydde faktisk ei pute i helga, og gledar meg til å vise den fram (kanskje i morgon). Ha det godt så lenge!