Det har nesten blitt tradisjon at eg tar opp eksempel på artiklar som går igjen i fleire interiørblad, så eg må berre vise eit eksempel denne månaden også.Denne dukkestove-artikkelen stod å lese om i forrige BoligLIV:
Ho som har styla interiøret har denne herlege heimesida: Retrovilla.dk. Vel verdt eit besøk!
Nettopp på grunn av bruk av gamle tidlegare publiserte artiklar, så pleier eg ikkje kjøpe Rom 123. Denne gong hadde dei ekstra bilag om uterom, og eg klarte ikkje motstå freistinga. Kva artikkel møtte meg der? Jo, nettopp den same som i BoligLIV, og det i same månadsutgåve. Men ein fin ting kan kanskje ikkje visast for ofte ;)









Blant mykje anna samlar eg på utklipp av leikehus frå ulike interiørblad. Min desiderte favoritt er dette ferdighuset frå 

Eg har utklipp av mange andre koselege leikehus også, dei fleste frå gamle danske magasin. Her er nokre andre favorittar:
Me har overhodet ikkje verdas største hage, men eit lite leikehus har me plass til.
Samtidig klarar eg ikkje sjå slike bilete utan å tenke på alle slags ekle kryp. Eit bunndekke av trestokkar må jo vere draumen for både maur og skrukketroll/panserbiller/tussalus :) Og kor idyllisk er denne hagen når dei hersens brunsneglane kjem snikande. Æsj. Skulle ønske det fantes ein vidunderkur som holdt slike kryp langt borte frå min hage. 













Sjå den fine duken som eldstemann har laga på skulen :) Eg syns den er heilt herleg, og skal sy på kantar slik at den ikkje raknar.
Det er herleg med heimepåske. Me får gjort mykje dilldall som burde vore gjort for lenge sidan. I dag har eg f eks malt plantebordet eg viste for lenge sidan. Nå skal me straks ut og sjå etter kvitveis.

Nå skal denne velbrukte sjenken ut på Finn eller på Fretex. Har hatt den i 15 år, og nå var det på tide å byte den ut...
Alma kosar seg med Drømmehagen på DVD, og melk i tåteflaske (minst mulig søl) og Gjende-kjeks på det nye bordbrettet til stolen. Herleg med påskeferie :)


Foto: 

