tirsdag, mars 31, 2009

Sonderingstur til Ikea


I går kveld hadde eg meg ein sonderingsrunde på Ikea. Me er på jakt etter nytt spisebord. Me vil ha eit som er stort og godt, og som kan brukast til alt frå tegning, til arbeidsbord til middagsbesøk.

Eg har sett meg ut bordet Norden som eg syns er råfint. Men det finst desverre berre i kvitt i str minimum 150 eller 220 cm. 150 cm er for kort og 220 cm for langt. Så langt bord har me ikkje plass til. Eller me har plass til det, men det vert fort litt upraktisk om ein omtrent må klatre for å komme på andre sida av bordet liksom ;)

Jakta på det perfekte spisebord fortset dermed. Denne lampen hadde eg bestemt meg for å kjøpe, og var lukkeleg for at den ikkje var utsolgt. Syns den er knallfin, og adskilleleg mykje billigare enn dei franske Jielde-lampane eg likar så godt.
Eg er blitt skikkeleg disiplinert, og kjøpte KUN det eg hadde bestemt meg for. Det er slutt på å kjøpe alt slags dill dall, eg sparer heller pengar til litt ordentlege ting (som Vipp og Caravaggio er eit eksempel på). Kjøpte ikkje telys ein gong, hehe :)Tynne rullegardiner til somme av stovevindauga stod oppført på handlelappen, og i dag vart dei hengt på plass. Herleg med rullegardiner som filterer ute sollyset, men likevel slepp inn masse lys. Me like :)


Den oppmerksomme vil legge merke til at gamlelampen framleis heng på plass over bordet. For å være heilt ærleg vågar me ikkje heilt gå i gong med å montere Caravaggioen (kappe ledningen og koble til). Er livredd for å ødelegge ledningen og dermed heile lampen :)

Vel vel, det var alt for i kveld. Ha det godt så lenge :)

Shabby i bloggverda


Jippi jippi, i går kveld kom det ein mail til meg. Den var sendt av sjølvaste heltinna mi, Alexandra Villefrance. Ho tipsa meg om at butikken hennar - Shabby - har sin eigen blogg.
Det ser ut til at den har eksistert lenge. Er det berre eg som har gått glipp av den?

Eg har vore heime 1,5 dag med sjuke ungar, men skal straks på jobb nå. Måtte berre skunde meg å dele dette med dåko andre. Nå får de gå inn og kose dåko i bloggen, eg må fyke på jobb :) Tudeluuu :)

torsdag, mars 26, 2009

Caravaggio P3 is in da house

Jepp, då var det gjort. Det eg har draumt og fabla om i 1, 5 år. Kva lampe eg skulle kjøpe. Skulle me investere i BTC eller Caravaggio? Det enda, som de kan sjå, opp med sistnevnte. Eg er lukkeleg glad for det. Enno lukkelegare vert eg nok den dagen den vert hengt opp også :) Då syns sikkert Herr Fe at den er fin også, hehe.

Sjekk den fine stoffledningen i grått:
Då eg fann lampen rimeleg - eller rimeleg er strengt tatt feil - men 500 kr billigare i ein nettbutikk enn på Møbelgalleriet, ja, då slo eg til. Juhu. Dagen etter at eg la inn bestilling, kom lampen i posten. Kjempeservice. Lampen er kjøpt i denne nettbutikken: Dkno.as. Kan gje mine beste anbefalingar til denne :)
Tusen, tusen hjarteleg takk for alle gratulasjonar angåande babymagen. De seier så mykje kjekt og fint, at det er ei fryd å dele slike ting med dåko.
-
Angåande kjønn og fargen på teppet, så kan eg informere om at Alma hadde både lyseblå tepper og lyseblå strikkaklede då ho var baby. Dette trass i at me visste det var jente :) Ho hadde til og med lyseblå smukk ;) Lyseblå er og blir favorittfargen min.
-
Bilete over er knipsa frå siste BoligMagasinet. Sjekk kor tøft skapet vart etter at dei pussa det opp. Skikkeleg inspirerandes!!
-
Nå ynskjer eg dåko rett og slett god natt og god helg i samme slengen! Tudeluuuuu :)

onsdag, mars 25, 2009

4 blir 5


Foto: Anne Geddes

Nå er det på tide å gjere det offisielt for heile verda. Om eit par månadar ++ kjem ein liten mini-mini-fe til. Me gledar oss veldig, og kryssar alt me har for at ting går fint på alle måtar.

Formen er og har vore fin (ja, dersom ein ser vekk frå dei fjorten første vekene eg følte meg konstant fyllesjuk). Skilnaden mellom dette svangerskapet og dei to føregåande, er at eg ikkje har like god tid til å dille, strikke og sy til den me ventar på. Men heldigvis har snille tanter teke ansvar for at også miniminien skal vere god og varm. Sjå berre dette nydelege teppet tante Kjersti held på med *imponert*:


Eg bør byrje lage noko eg også etterkvart, men i det minste har eg iallefall rydda plass i klesskapet til ny ladning babyklede. Veldig veldig kjekt.

Nå er de med andre ord advart. Her i bloggen blir atter ein gong masse babyprat framover :)

lørdag, mars 21, 2009

Babuska egg


Til jul/bursdagen min fekk eg ei kjempefin lysekrune av Bodil. Lysekruna er frå House Doctor og kjempedekorativ og skjønn.



Ting tar som kjendt tid, og i dag, tre månadar etter jul, vart kruna endeleg hengt opp over småfeane sin krok på kjøkkenet.



Kruna er for tida dekorert med malte påskeegg med pålimte babuska og sopp klistermerker. Vart ikkje det koseleg?


Egga malte eg og 6-åringen for fleire år sidan, men nå er dei altså piffa opp med særdeles utypiske påskeklistermerker :)


Upsy Daisy er på teselskap saman med minifeen. Dei matchar visst både i fargar og til dels i hårfrisyre ;)



Ha ein fin lørdagskveld!!

fredag, mars 20, 2009

Småfeane: Jippi, mamma har kjøpt nye sko til oss. Dei må me prøva :)

På med litt musikk, og stemningen står i taket.
Boogie, boogie, boogie :)


Tusen takk for dansen, bror.


Sko til småfeane kjøpt på salg hos Lucky Little Me.
Ynskjer alle som er innom ei fin helg :)

onsdag, mars 18, 2009

Nammenam

Mmmmm, små sjokoladeegg er snadder. Det er ikkje negativt at dei er fine å sjå på også :)

For dei som ikkje fekk Vakre Hjem og Interiør i posten i dag vil eg på det sterkaste anbefale å skaffe siste utgåve snarast. Kjempefine kjøkkenreportasjar frå både heimane til Anettes Hus og Bodil-BO i denne utgåva. Gratulerer med kjempefine reportasjar til begge to :)

tirsdag, mars 17, 2009

Dobbelt opp


Når det er snakk om reportasjar som går igjen i fleire magasin, så tar eg like godt med denne. Denne månadens reportasje inkludert framsidefoto i Interiørmagasinet, er denne nydelege reportasjen frå Sköna Hem i november 08. Reportasjen og bileta ser du her. Eg skulle ønske det ikkje var slik, men magasina kjøper vel bilete og reportasjar for å ha nok stoff til å fylla bladene kanskje?
Forøvrig tykkjer eg denne kalenderen er fabelaktig fin, som mange andre har skrive før meg.

Ha ein flott tirsdagskveld!
PS! Begge bilete lånt frå Sköna Hem

mandag, mars 16, 2009

Taklampar


Med utovervendt ytterdør fekk eg plass til ein til taklampe, lik den me har lengre inne i gangen. Før hang den ein stygg plafond her... Lampane er frå Ikea, og eg hadde samme type i leiligheten i Bergen. Blir veldig lik stil i denne gangen som den forrige, men eg skal ikkje ha svart-kvitt rutete gulv her.

Nå håpar eg veldig sterkt at det ikkje går an å forstørre bildet over. Me må nemleg montere ny sånn dings som skjuler hullet i taket og som lampen skal festast i. Ringen av skitt som sit igjen etter forrige lampe må også skrubbast bort.


Eg har fått studert magasina frå Tyskland litt nærare nå, og ser at mange reportasjar går igjen i norske og tyske magasin. Som bildet over. Det såg eg i eit av dei nyaste norske bladene - var det Boligpluss mon tru?
Det er veldig tydeleg at dette bildet er styla, for stablane av bøker i skapet er mange eksemplar av nett dei samme bøkene. Fleire som la merke til det?
Ha ein fin mandagskveld!

søndag, mars 15, 2009

Vipp 16

Der var det gjort... det eg trudde eg aldri skulle gjere :) Eg kjøpte meg rett og slett eit Vipp 16 spann i går.
Sjølv om "alle" andre har det, og sjølv om det er rådyrt, så er eg lukkeleg glad for det. Spannet passa kjempegodt inn på kjøkkenet, og ser ut som om det har stått der alltid ;) Ikkje verst at det å kaste søppel vert ei god oppleving.

Så må eg spørre de andre som har slikt. Oppi låg det ein gummiring som eg reknar med at er reserve for den nærast lokket. Men det var også ein liten svart gummirunding med ein sølvkrok på. Kva er dette? Noko eg skal skru fast ein eller annan stad?
Ha ei super kommande veke!

lørdag, mars 14, 2009

Før og undervegs bilder

Medan eg draumar om atter ein gong sitte ute i sommarnatta med tente lys over hovudet, tenkte eg å vise dåko nokre før og undervegs bilete av huset. Aller helst ville eg ha venta til huset er ferdigmala med å vise det fram, men det blir jo så lenge å vente :)

I grunnen likte eg dørane i huset veldig godt, bortsett frå den gule fargen på dei innfelte glasa... Dørane kom seg iallefall betrakteleg då eg malte dei svarte. Men dørane var særdeles upraktiske då dei vendte innover. I sterk vind blas dørene rett opp om dei ikkje var låste - ikkje særleg praktisk å få nordavinden heilt inn på kjøkkenet :)

Her er før-bilete frå desember:

Undervegsbilete (det var ny kledning på denne delen av huset frå før) av ny og solid dør frå Gilje:
På terassen var det snekra eit rekkverk av liggjande kledning. Veldig tett og veldig dominerande.

Eg fann ikkje betre før-bilete enn dette, men her ser de iallefall litt av rekkverket:

Nå er rekkverket lågare, og akkurat slik eg ville ha det - lettare og luftigare. Trur de ikkje det vert fint når det vert kvitmalt?
Utover å male huset, vert neste prosjekt utandørs å flislegge trappetrinna av sement.
Og ikkje minst prosjekt hage. Hagen er særdeles lite spennande, med eit bed langs husveggen, og eit bed langs oppgangen til huset. Desse skal bort, og i staden skal det lagast eit bed midt på plenen.
Det er godt å ha planane på plass iallefall.
Ynskjer alle som er innom ein fin søndag :)

fredag, mars 13, 2009

Postkasse-draumar

Eg tykkjer postkassane frå finske BOBI er dei tøffaste postkassane som finst. Ein tøff og eksklusiv postkasse er prikken over i'en på eit hus spør du meg.Nå undersøker eg muligheten for at me kan ha ein slik postkasse. Det vert kanskje vanskeleg sidan me har høg ligusterhekk rundt hagen, og berre inngang til hagen via ein relativt smal port. Men det er lov å draume og planlegge ;) Kanskje eg kan klippe plass i hekken til postkasse :)

Tvilar på at eg får heile nabolaget med på ei slik løysing, sjølv om dette hadde vore toppen:

Det er mange som forhandlar Bobi postkassar, og ein av dei rimeligaste forhandlarane eg har funne er sommerbutikken.no

Med dette ynskjer eg ei flott helg!!

onsdag, mars 11, 2009

Salg er gøy

I det siste har eg handla ein del barneklær til småfeane på nett. Når det er opp til 70% rabatt er det ekstra kjekt å handle, og framleis fins det ein del godbitar igjen "der ute".

På jakt etter klær i dei ulike merkene eg diggar, fann eg fleire kjekke nettbutikkar. Servicen var super frå desse to, og varene låg faktisk i postkassen dagen etter bestillinga tikka inn:

Minifin
og
Rakkaren

Og dei andre favorittane mine er sjølvsagt:
Min engel og Rosa og ridderen

Ha ein flott kveld!

tirsdag, mars 10, 2009

Nynorsk sensasjon

I siste utgåve av Elle Interiør er det ein aldri så liten nynorsk sensasjon i samband med interiørreportasjar. Eg har iallefall aldri tidlegare lese interiørreportasjar skrivne på nynorsk. Nå skal eg riktignok påpeike at eg ikkje har lese alle dei siste utgåvene av Elle Interiør, så det kan hende at nynorskbruken berre er ein sensasjon for meg :)



Heile reportasjen frå Paris-heimen til den svenske designeren Filippa K er skriven på flott nynorsk. Såå kjekt, iallefall i mine auger :) Nå trur de sikkert at eg er ein veldig forkjempar for bruk av nynorsk. Det er eg i grunnen ikkje. Eg tykkjer berre dette var ein frisk pust inni all bokmålen i bladet.



Elle Interiør er forøvrig eit blad eg tidlegare abonnerte på. Nå testar eg ut eit prøveabonnement for å sjå om dei klarar fange interessa mi igjen. Siste utgåve var veldig bra tykkjer eg, så dette lovar godt :)

Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg!


Ha ein fin tirsdag :)

mandag, mars 09, 2009

9. mars 2009

To Mailegkaniner kosar seg i ein ny glaskarm på jenterommet.
Tenkte eg skulle vise litt bilete med resultat frå oppussinga som har føregått på og i huset vårt etter jul.. Me har skifta lekter, isolasjon, plater og bordkledning på heile huset. Me har bytta ut alle vindu med nye, og me har skifta ut dei to ytterdørene våre. Det er blitt så lunt og godt i huset etter at alle trekkfulle vindu er skifta ut med nye med betre isolasjonsegenskapar. Heilt herleg.

I og med at me har eit hus frå 50-tallet så prøver me gjennomføre ein stil på huset som passar til byggeår, stilepoke og ikkje minst vår eigen smak. Me er kjempenøgde med arbeidet som er utført, med resultatet og ikkje minst med at snekkarane i dag pakka sakene sine. FERDIG!

I og med at det regna sånn i ettermiddag, tok eg bilete av ytterdørane innanfrå :) Me har to like ytterdørar som er plassert med eit par meters mellomrom. Ei hoveddør, og ei dør inn til bakgangen. Diverre gjekk det ikkje an å skaffe til veie like dørar som dei originale (tre breide parallelle ståande glasfelt), men det vart fint med desse også. Bilete teke i bakgangen i ettermiddag:


Eg manglar bilete av nye vindu, og nytt rekkverk på terassen, men det får eg vise ein anna dag.

Innandørs har det ikkje skjedd dei heilt store endringane, sett vekk frå at me har fått større opning mellom kjøkken og stove.

Bilete frå undervegs i prosessen, der bærebjelkar framleis står på plass:
Og bilete frå resultatet (listverk i opning skal malast minst eit strøk til altså ):
Snekkarane har lagt ned eit bredt eikebord på gulvet i opninga, og eg er usikker på kva me skal gjere med den. Er for gale å male over - vil bli veldig slitasje her. Samstundes så er det litt for mørkt slik det er nå. Vurderer difor å beise den lysare. Nokon som har erfaring med slikt?

Det einaste me ikkje har skifta ut utvendig er altandøra frå kjøkkenet og ut i bakhagen. Gjett om eg angrar på det nå, nå som alt anna er nytt. Denne vil eg difor ein vakker dag erstatte med ei dobbel skyvedør. Det vil bli bra :)

Ja, dette vart ei lita oppdatering på ting som har føregått i huset i det siste. Beklagar så masse at eg er supertreig med å svare på kommentarar og slikt for tida. Tida strekk ikkje heilt til, men satsar på at det tar seg opp igjen etterkvart.
Ha ei flott veke!
PS! Eg skal oppdatere bloggen oftare framover :)

Related Posts with Thumbnails