fredag, april 17, 2009

God helg

Det har nesten blitt tradisjon at eg tar opp eksempel på artiklar som går igjen i fleire interiørblad, så eg må berre vise eit eksempel denne månaden også.



Denne dukkestove-artikkelen stod å lese om i forrige BoligLIV:

Ho som har styla interiøret har denne herlege heimesida: Retrovilla.dk. Vel verdt eit besøk!


Nettopp på grunn av bruk av gamle tidlegare publiserte artiklar, så pleier eg ikkje kjøpe Rom 123. Denne gong hadde dei ekstra bilag om uterom, og eg klarte ikkje motstå freistinga. Kva artikkel møtte meg der? Jo, nettopp den same som i BoligLIV, og det i same månadsutgåve. Men ein fin ting kan kanskje ikkje visast for ofte ;)

Med dette ynskjer eg alle ei fortreffeleg fin helg! Tudelu :)

torsdag, april 16, 2009

Vaskedag

For kort tid sidan var eg så skamheldig å vinne boka Bordgleder i Emmeline sin "give-away". Eg hadde faktisk aldri sett boka før Emmeline gav denne i bursdagsgåve til Prinsesse Elin, og hadde plassert den på ønskelista. Kjempeflaks at eg vann den. Tusen takk kjære, snille, Emmeline :)

Før boka kom fram til meg i posten svippa den innom Oslo til forfattaren for signering. Kjempestas å få personleg signatur frå Alexandra Villefrance, som eg har beundra arbeidet til i mange år. Tusen takk til Alexandra også :)

Boka er nydeleg, med originale og koselege borddekningar.

Eg diggar bruken av Scrabblebrikkar til bordkort - knalltøft:

Boka svarte verkeleg til forventningane, og eg gledar meg til å få tid til å lese den meir i detalj. Alexandra var så snill at ho la ved enno ei av bøkene sine. Nemleg Personliga paket. Tusen hjerteleg takk begge to, dette var heilt topp.

Nå er det berre å nyte resten av kvelden i sofakroken. Huset er blåst så lenge det varer.
Ha ein flott kveld du som måtte stikke innom her også :)

tirsdag, april 14, 2009

Ein litt uvanlig dag

Etter feriar gruar eg meg alltid til kvardagen byrjar, fordi eg syns det er trist å ikkje kunne vere med ungane døgnet rundt. Samtidig, og heldigvis, veit eg at så snart rutinane er på plass igjen, så trivst me alle saman i jobb, på skule og barnehage. Då har me det ekstra kjekt når me er saman. Kunne ha kosa meg ihjel med dei to småtrolla, som eg er så vanvittig glad i.
I dag var det mistenkeleg mørkt då me ankom barnehagen litt over kl 0730, og kvifor stod porten åpen? Joda, det var sjølvsagt planleggingsdag, og det hadde ikkje Herr og Fru Fe fått med seg :) Var ikkje akkurat lei meg over at eg måtte vere heime med veslesnuppa fram til lunsj, då Herr Fe kom og tok over fortet.
Ho er blitt så stor, og skal klare det meste sjølv. Eg måtte berre knipse desse bileta då ho la seg tilrette på sofaen med siste rest av påskegodtet og favoritt boka si :)

Håpar de andre også har hatt ein flott flott dag!
Stor klem frå Linda
PS! Dagen vart berre ekstra toppers over ein pakke som kom i posten. Meir om det i morgon ;)

mandag, april 13, 2009

Leikehus i hagen

Blant mykje anna samlar eg på utklipp av leikehus frå ulike interiørblad. Min desiderte favoritt er dette ferdighuset frå Legehytten.dk. Det har vore avbilda i mange blad, i mange år. Her er ein variant med påbygd rutsjebane:
Og her er eit som er malt lys turkis. Sååå fint :)

Leikehuset kan kjøpast her, men eg har aldri undersøkt om dei sender til Norge, og kva det eventuelt vil koste. Draumen er jo at Herr Fe plutseleg skal bli så inspirert at han får lyst til å lage ein kopi i vår hage :) Sjekk kor koseleg dette er då (frå produsentens heimeside):

Eg har utklipp av mange andre koselege leikehus også, dei fleste frå gamle danske magasin. Her er nokre andre favorittar:


Me har overhodet ikkje verdas største hage, men eit lite leikehus har me plass til.
-
Saman med våren kjem mine hagedraumar og planar for fullt. Sjå kor vanvittig koseleg inngangspartiet til dette svenske huset er: Bunndekke av trestokkar og grus, gjerde av fletta pil, klatreroser, koseleg hus.
Mmmm. Her kunne eg budd :)
Samtidig klarar eg ikkje sjå slike bilete utan å tenke på alle slags ekle kryp. Eit bunndekke av trestokkar må jo vere draumen for både maur og skrukketroll/panserbiller/tussalus :) Og kor idyllisk er denne hagen når dei hersens brunsneglane kjem snikande. Æsj. Skulle ønske det fantes ein vidunderkur som holdt slike kryp langt borte frå min hage.
-
Nå er siste fridag i påsken desverre godt i gong. Dagen i dag går til å gjere oss klar for kvardagen igjen. Klesstativet er fullt av reine klede, huset skal vaskast og det burde bilen ha blitt også. Det er berre å hive seg i sving
....svosj.

søndag, april 12, 2009

1. påskedag

Dei brune egga med fransk tekst eg malte for nokre år sidan, rakk så vidt å komme fram i tide før påsken var over :) Dei skjønne fine vakleegga eg kjøpte for fleire år sidan ligg framleis inni eit skap heime hos mamma. Av og til er eg verdas treigaste til å pynte til høgtider...

Men ikkje alt går like tregt, lampen er nå hengt opp og kopla til. Juhu, den er råfin. Bordet og glaskarmane er overfulle av dronninger som ventar på varmare tider utandørs.
I dag er planen å kle oss i regnklede og dra ut til ei av dei fine strendene for å gå tur. Så får me sjå om me kjem så langt, eller berre strandar i sofaen i staden ;)

Ha ein flott 1.påskedag!

lørdag, april 11, 2009

Eggejakt 2009







Bileta talar for seg sjølv i dag. Heldigvis vart det tilstrekkeleg opplett innimellom regnbygene til at påskeeggejakttradisjonen vår kunne oppretthaldast. Småfeane var heilt ville, og dei vaksne feane holdt på å le seg ihjel.
.
Kjempekjekt i år også - ekstra stas at minifeen var stor nok til å vere med. I fjor låg ho i babyvogna. Ein liten ting i kvart egg. Ein seigmann, ei dropseske eller eit blad.
.
Nå er det berre eit bad og ein runde med støvsugaren som må til, før alle spor etter påskefesten er borte frå ansikt, hender og heim.
.
Ha ei flott påskeafta-kveld til dåko som er innom her :)
.
Klem frå Lindapindapåskehare

torsdag, april 09, 2009

Meir hylleplass

Mine første Billy'ar vart innkjøpt i 2000 eller 2001. Den gong kjøpte eg 60 cm breide hyller, og var storfornøyd. Etter eit par år såg eg ein reportasje i Bonytt frå ein bustad der dei hadde vitrinedører på Billyane. Det var sååå fint, og det gjekk ikkje lange stunda før eg bytta ut min 60 cm breide med 80 cm og kjøpte vitrinedører eg også.

Boksamlinga utvidast stadig, og nå var Billyane overfulle. Me kjøpte derfor eit par nye, samt fire nye vitrinedører. Nå er det så god plass at fleire av hyllene er tomme. Knottane kjøpte eg på Fretex for 10 kr ein gong i tida. Herleg!
-
Desse låge, skaplause, midlertidige Billy'ane står nå i uteboden. Der kan dei gjer nytta si som oppbevaring av potter og kar i vintersesongen, tenkte eg.
Sjå den fine duken som eldstemann har laga på skulen :) Eg syns den er heilt herleg, og skal sy på kantar slik at den ikkje raknar.
Det er herleg med heimepåske. Me får gjort mykje dilldall som burde vore gjort for lenge sidan. I dag har eg f eks malt plantebordet eg viste for lenge sidan. Nå skal me straks ut og sjå etter kvitveis.
Life is good.
-
Håpar de andre også nyt påsken og fridagar :)
-
Klem frå Linda

onsdag, april 08, 2009

Ut med sjenken

Nå er varene me kjøpte på Ikea hin dagen komt heim, og skrudd saman. Puh. Ikkje alltid like greit å ha stor mage, men samstundes ha lyst til å få alt ferdig i ei fei :)

Den nye Bestå TV-oppbevaringsserien til Ikea fall i god smak hjå oss, så nå er alle filmar, spel og spelarar gøymt bak desse skapdørene.


Eg liker spesielt godt understellet av metall, som gjer at skapa kjem litt opp frå gulvet:
Nå skal denne velbrukte sjenken ut på Finn eller på Fretex. Har hatt den i 15 år, og nå var det på tide å byte den ut...
Alma kosar seg med Drømmehagen på DVD, og melk i tåteflaske (minst mulig søl) og Gjende-kjeks på det nye bordbrettet til stolen. Herleg med påskeferie :)

Ut på Finn skal denne House Doctor lampen også. Eg likte den knallgodt den gongen eg kjøpte den, men lampen har knapt vore i bruk. Slik er det av og til. Eg finn ikkje den rette plassen til ting, og då kvittar eg meg heller med dei.

PS! Gammalt bilde frå den gamle bloggen.
Me har skrudd saman litt fleire møblar, og bilete kjem sikkert i morgon.
Nå skal me ut i sola og kose oss. Ha ein flott onsdag!!

søndag, april 05, 2009

Litt designbabbel i påsken :)

Nokre som hugsar Navy Chairs som eg skreiv om i august 08 ? Dei er dødstøffe, og nå ser eg dei dukkar opp i det eine interiørbladet etter det andre. Prisen er desverre heilt rå, mellom 4 og 5 tusen må ein ut med for ein slik stol. Då er trøsta kanskje at Ikea har ein ganske så lik "kopi", nemlig denne:



Ein kalender eg ikkje får ut av hovudet er dei gigantiske Stendig-kalenderane designa av Massimo Vignelli i 1965. Kalenderen er diger (122 x 91 cm), og annakvart ark har vekselsvis svart og kvit bakgrunn.


Som med all anna design er også kalenderen kjempedyr.

Foto: ssri
Ettersom eg har lese på nettet er det ikkje så veldig vanskeleg å lage sin eigen kopi av kalenderen - sjølv om eg personleg ikkje syns det gjer same susen. Eg trøstar meg med at eg truleg ikkje hadde hatt ledig veggplass til kalenderen uansett :)


Nå skin sola i Stavanger, og me skal ut å jobbe litt i hagen i dag også. Kos dåko alle saman som er innom her :)

lørdag, april 04, 2009

God lørdag

Beklagar at det vart så stille i bloggen i veka som gjekk. Eg har hatt det supertravelt på jobb, samtidig som begge småfeane har hosta om kapp på nattestid, hatt øyreverk og vore i generelt dårleg form.

Me har desverre også måtta avlyse å vere med nokre superkjekke venner på fjellet i påsken - buhu. Ikkje kjekt om vennene sine skjønne småjenter vert smitta, og heller ikkje kjekt for unagane å reise bort når dei ikkje er i form.

Me skal derfor kose oss maksimalt heime, og har allereie vore i hagen i dag. Me har satt poteter, planta blomstrar i krukker og kar, og me har laga sandslott i sandkassen.

Nå står Ikea for tur. Rett inn å bestille varer, og rett heim igjen. Lørdag er vel den desidert mest usmarte dag å gå på Ikea, men pytt pytt - me står i det. Tusen takk for alle tips om Norden-bordet på forrige innlegg. Eg kjøper nok Norden og maler det kvitt eg også :)

Ha ein fin lørdag til alle som er innom, og god påske til dei som tar ferie frå blogging også :) Klem klem
Related Posts with Thumbnails