lørdag, april 30, 2011

Sol ute. Sol inne.


...sol i hjarta. Sol i sinnet. 
I dag byr eg på litt gule drypp frå morgontimane.
Sitrongult og solgult.
Herleg.



 Skitne gule crocs i str 26.
Eller det er vel kanskje strengt tatt Heelys.
Nye skapningar er om ikkje lenge på veg inn på Epla:


Solgul gammal Rostibolle passa perfekt til dagens potetsalat.
Og for så vidt til den gule barneteikninga som heng på veggen i bakgrunnen ;)


Salatbestikket frå Spiegelburger er like fint nå, som det var for 3 år sidan då eg fekk det i hus (kjøpte det på ein bokhandel nedi her (av alle stader)). Først i dag oppdaga eg soppelogoen som er stempla inn i stålet. Kjekt å oppdage nye detaljar på gamle ting, he he. 
De veit: små barn, store gleder ;)


 I morgon skal denne gjengen og fleire andre skapningar fotograferast på skikkeleg vis.
Ungane skal leike butikk i hagen, og sola skal nytast!


Ha ein fin laurdagskveld

Hei og hå herifrå :)

PS! Så kjekt at fleire tar turen til Oslo. Me får det nok kanongøy - det er eg sikker på !

torsdag, april 28, 2011

Blir du med, eller?


Dei flinke NIB-jentene arrangerer tidenes interiørbloggetreff 25. juni i år. Eg skal ta turen til Oslo, og rett og slett skamgledar meg til å ha ein minimini husmorferie. Og så håpar eg at det er andre enn eg som skal bortover då sjølvsagt.

Eg kjenner ingen, bortsett frå at eg har møtt skjønne Emmeline og Prinsesse Elin.  Det er litt skummelt å ta steget ut frå den trygge plassen bak dataskjermen og ut i offentlegheita, skulle jo ha tatt både feittsuging og skjønnheitsoperasjonar på førehand. Men pytt pytt, skal me ikkje berre komme akkurat slik som me er og ha det knallgøy saman? Er vel sjeldan me har sjansen til å møte andre med sååååå like interesser som oss sjølv.

Programmet ser jo aldeles smashing ut, og eg kjenner eg gledar meg sååååå :) Hjå NIB går det faktisk an å vinne både hotellopphald og SPAdag, så eg trur eg må levere inn ein søknad. SPA-dagssøknaden min vil lyde noko slikt som dette: Sliten men glad trebarnsmamma som sjeldan tar seg tid til å tenke på seg sjølv er desperat etter litt eigenpleie og stell. Venleg helsing gusten og gråhuda blid jente frå Stavanger


Med desse gamle bileta frå hine hårde dagar ynskjer eg deg ei god natt. Draum fine draumar om kor kjekt me skal få det på bloggetreff ;) Håpar eg ser deg der!

Klem klem

tirsdag, april 26, 2011

Funn på funn


Av og til kjenner eg det liksom på kroppen. Eg veit at det ventar ein skatt på meg der inne. Bilen svingar omtrent inn og parkerer seg av seg sjølv. Eg entrar lokalet, spaserer taktfast og konsentrert rundt. Lommeboka er trygt plassert under jakkeermet, og bilnøkkelen heng som ein ring på fingeren. Bekymringsrynka er garantert djup, slik den ofte er når eg myser med falkeblikket. Fem minutt etterpå går eg blid ut igjen frå lokalet. I posen klirrar dagens funn så muntert. Bekymringsrynka er historie. Iallefall for ei kort stund. Rein og skjær materiell glede. Bruktbutikkglede er ekstra god for meg.



Dagens funn var ei skål og eit fat frå britiske Myott. Passar herleg saman med anna blå og kvit porselen frå kjøkkenhyllene.  Og så våre nye familiemedlemmer då. Har de sett noko så bedårandes skjønt? Det gjer absolutt ingenting at han eine har mista litt av foten, men det forklarar kanskje kvifor han ser vetskremd ut ;)

Ha ein flott onsdag i morgon!

Eggejakta 2011


Tradisjon tru syner eg bilete frå årets påskejakt. Altså jakta etter gøymde påskeegg anno 2011. Opp gjennom tidene har samlinga med påskeegg blitt stor, og heilt sidan Samson var svært liten har me gøymt egg uti skogen påskeafta. Jo fleire egg, dess betre. Egga er ikkje fulle, men inneheld litegrann i kvart. Årets hit var ballongar (prøve å hugse til neste år).  Ungane elskar dette, og har nedteljing i vekesvis før jaktstart. Utfordringa er å merke egga slik at alle får sine egg, samt å variere vanskelegheitsgrada. Simon sine egg vart minst gøymde, medan dei eldste sine kanskje hang høgt oppe, eller vart betre gøymde.









 Eg kan ikkje hugse ei tidlegare påske med liknande fantastisk vêr. Me har plukka blomstrar, gått lange turar, fanga sommarfuglar og kosa me naboens kaniner. Skikkeleg forsmak på den gode sommarkjensla.


Nå er me vel heime i Stavanger igjen, og ser fram til ein siste fridag i morgon før kvardagens tjas og mas atter ein gong er i sving. Eg håpar på å sjå botnen på skittentøyskorga, fylle opp kjøleskapet og få huset på stell. Så då gjenstår det berre å sjå kor langt eg kjem :)

Håpar du hadde ei finfin påske også :) klem frå Linda

mandag, april 18, 2011

Fantatisk herleg


Eg kan ikkje beskrive kor godt eg syns det er. Godt å ha fri. Godt å pusle heime. Godt å ha lange telefonsamtalar med vener ein ikkje har snakka med på ei stund. Fantastisk godt å kjenne sola varme i fjeset. Godt å kunne tørke klede utandørs. Godt å ha friske ungar.  Ja, det er rett og slett godt å vere til.


Alma beundrar stolt kvitveisbuketten ho plukka på søndag. Me pakka sekken full av eplejuice, pølser og eingongsgrill og la i veg på jakt etter ein froskedam me hadde fått høyre om. Me fann dessverre verken froskar, froskeegg eller salamandarar i dammen. Lurer på om det er me som er blinde, for alle desse organismane vart observert i samme dam nokre dagar før me tok turen.. Jaja, blinde eller ei, me fann iallefall ein fantastisk kjekk skog til å leike i, og massevis av kvitveis. Her skal me tilbake, me gjer oss ikkje før froskane er observert!


Dei flinke NIB-jentene har fått seg ei eiga spalte i herlege ROM123, og under Tre eggende tips fann eg påskeegga våre så fint plassert :) Tusen takk! Egga vart måla av meg og eldstemann når han var 2.5 år (for seks år sidan). Egga overlevde utruleg nok flytteprosessen frå Bergen til Stavanger, og året etter vart dei same egga dekorert med klistermerker i eit spontant påskeverkstad me hadde.


Klistermerkene kjøpte eg hjå From Japan with love, men som det står i ROM123, har sikkert finfine Tamo.no liknande inne. Her er egga i all si prakt (reprisebilete):



Heimepåske er verkeleg å anbefale. Me har vore i ishallen, i skogen, på turar i nærleiken, og ikkje minste heime i hus og hage. Fått gjort ting me vanlegvis ikkje rekk over. Nå pakkar me derimot snart bilen full og reiser til Halsnøy for å besøke besto (mammo mi). I år vert det altså heimepåske kombinert med bortepåske. Heilt perfekt! Gledar oss til det :)

Ynskjer deg og dine ei riktig finfin påske!

søndag, april 17, 2011

Korg til ditt og korg til datt


Eg elskar korger.
Eg har gjort det heile livet.
Då eg var lita beundra eg damer som gjekk på handlerunde med korg på armen - dei såg liksom så koselege og snille ut.
Eg beundra damer som gjekk med høghæla sko også. Dei såg liksom så elegante og viktige ut.
Der og då bestemte eg med for at når eg vart stor, skulle eg gå med høghæla sko kvar einaste dag. Eg skulle trippe av gårde mot butikken med korg på armen og lebestift på truten. Skorne skulle lage høg klikkelyd og eg skulle sjå både elegant og koseleg ut på same tid.

Huttemegtu. Ikkje visste eg kor vondt ein får i beina av høghæla sko. Auuu. Trøste og bære og takke meg til skikkelege fotformsko. Ei heller visste eg kor utruleg lite ein får plass til i ei lita bastkorg. Nei, takke meg til praktiske plastposar.



Kjærleiken til korger lever i beste velgåande, trass i at dei ikkje vert brukt i samband med handel. Her i huset er det korger til ditt og korger til datt. Eg er i den heldige situasjon at det berre er ein parkeringsplass som skil arbeidsplassen min og IKEA, og på fredag tok eg meg ein rask tur over P-plassen i lunsjen. Skulle berre kjøpe kjøttboller og stearinlys. Men så var det denne kjærleiken då. IKEA reklamerte med at dette var skittentøyskorg. Eg ser meir for meg badestrandkorg, eller korg til å pakke i når me skal på bilferie. 89 kr var ikkje ein dum pris heller for litt Plastic Fantastic.

Nokre minutt etterpå spankulerte eg ut av IKEA, med lebestift på truten og med korg på armen. Eg såg nok verken elegant eller koseleg ut, men nærare planen min for vaksenlivet kjem eg kanskje aldri. Eg hatar nemleg sko som klikkar når eg går.

Ha ein flott palmesøndagskveld med eller utan høghæla sko på føttene og korg på armen :)

lørdag, april 16, 2011

Lappar på trammen


Etter ein haust og vinter sterkt prega av at den eine sjukdomen omtrent avløyste den neste hjå dei søte små, må eg sei at eg prisar våren og varmare tider hjartleg velkomen.
Det er heilt fantastisk for tida. 
Ingen har feber *bank i bordet*, det er varmt og godt. Ja, rett og slett heilt herleg. Dei to minste elskar å leike i hagen, og vil helst vere ute frå morgon til kveld. Der er det full aktivitet både i leikehus og sandkasse og sutling med vatn i bøtter og spann (jada, masse søskenkrangling og sutring også). Eldstemann og kompisane leikar med ball, syklar eller leitar etter insekt og småkryp (og masar om å få lov å gå inn og spele PS3).


Noko av det kjekkaste eg visste i barndomen var når mamma overraska oss med nysteikte lappar i hagen, og denne gleda vil eg at mine også skal få oppleve. I dag fann eg derfor fram oppskriftsboka mi frå ungdomsskulen. Som de kan sjå av oppskriftsboka så er den velbrukt og full av flekker og basert på slitasjen av boka er det tilsynelatande sånn cirka tohundre år sidan eg gjekk på ungdomsskulen... Denne oppskrifta gjev altså verdas desidert beste lappekaker (sveler). Trust me :)


Aller helst skal lappar steikast på steiketakke, men steikepanne dug det også. Middels varme og steiking til kakene er nøttebrune på begge sider.


Eit brett fullt av lappekaker og syltetøy, plastkoppar og eplejuice vart servert i hagen til vill jubel. Jippi :)


I rein optimisme fann eg fram både strikketøy, lesebriller og lesestoff, men det fekk eg visst aldri tid til. Pytt pytt, det kjem ein dag i morgon også :)


God natt klem frå feens residens :)

fredag, april 15, 2011

Enkelt og greit

Så har eg omsider fått tutla meg til å legge ut framgongsmetoden for sying av særdeles enkel pysjamasbukse på oppskriftsbloggen. Eg håpar eg har klart å formidle framgongsmetoden sånn nokolunde forståeleg. Du finn den i oppskriftsbloggen ved å trykke på Sprelske Høner bilete i venstre marg her :)


Ah, så herleg det er med helgefri og påskeferie. Me skal vere heime nå i første del av ferien. Støv skal børstast vekk frå metalldetektoren og den fjernstyrte båten til eldstemann, det skal ryddast opp meir i hagen, og eg håpar å komme lengre med oppussingsprosjektet i gangen i 2.etasje. Mest av alt gledar eg meg til å vere heime på dagtid, og kosemose gjengen min :)

Men nå: strikking i sofakroken.

Ha ei finfin helg du også:)

torsdag, april 14, 2011

Eit aldri så lite misvisande namn


I mangel på eigne krumspring å syne fram (det begrensar seg kor mange realitetsbloggeinnlegg de toler - iallefall på rad), har eg lyst til å sende dåko vidare til ei anna bloggdame som i mine auger har eit litt misvisande namn. Nemleg Fru Fjeldhammers kaos. Her er det ikkje mykje kaos for å seie det slik. Ikkje i mine auger iallfall. Eg fryktar at det er ein del av dåko som ikkje har oppdaga henne og den fantastiske stilen hennar, og har derfor spurt om å få lage eit innlegg med lånebilete frå hennar blogg. Og eg fekk lov - Hurra :)

Bileta talar for seg sjølv i grunn og bunn, sjå og nyt:




Foto: alle bilete er frå Fru Fjeldhammers blogg :)

Ajajaj, eg får lyst på både pallebord, diger stålampe og det eine og det andre av denne finfine bloggen. Ta turen inn og kos deg. Nå er det straks påskeferie gitt! Ha ein fin fredag og ei superduper helg, og ein überfantastische påskeferie.

Eg er snart tilbake med eigenprodusert rot/skrot alt etter som ;)
Tudelu så lenge.

Guruar og andre spennande ting


Tusen takk for kanonrespons på forrige innlegg. Det er berre så utruleg kjekt å høyre at andre har det som meg, eg er eit normalt menneske med andre ord, og det er alltid kjekt å få bekrefta ;)

Eg har tidlegare skrive om mi kjekke knallflinke interiørbevisste venninne Trude. I desse dagar planlegg ho ei interiør og boligmesse som skal arrangerast for første gong i Bergen i september.

Til messa kjem det ei rekkje FANTASTISKE guruar både frå interiørverda og kunstnarverda og designverda, så eg skamgledar meg til å delta på messa.  Akkurat kva guruar som kjem vert publisert for offentlegheiten etterkvart, som små drypp, men eg skal ringe Trude og be henne fortelje minst ein føreløpig hemmeleg guru. Kom igjen, Trude, fortel - fortel - fortel. Me vil vite nå - nå - nå:)

Følg derfor med på den nyoppretta messebloggen, så får du også vite kven som deltar, kva som skjer og ikkje minst: kven som kjem til Bergen i september i tillegg til meg ;)


Ha ein flott dag der ute!
Klem frå Linda
PS! Klikk på det nederste bildet, så er teksten lettare å lese ;)

tirsdag, april 12, 2011

Kan eg få by på ei kukake?


Advarsel:
Har du støv på hjernen, eller får du hjarteinfarkt av rot og rask? Då må du fort fort fort klikke deg vekk frå denne bloggen. Dagens innlegg er ikkje for sarte sjeler.
Heiter du tilfeldigvis Grete Roede, eller er fanatisk oppteken av Grete Roede og det ho står for bør du også fort fort fort klikke deg bort og vekk. Snarast mogeleg. Dagens innlegg er ikkje innanfor knaske-salatblad-kategorien.

Ok, er det nokon som framleis heng med? Hugs på at eg advarte deg :)

Her kjem det nemleg litt realitetsblogging frå ein vanleg ettermiddag i feens heim. På det første bilete, ser ting ganske ok ut. Sofaputene hadde heilt klart hatt godt av ei oppretting, og pysjen til Almamor kunne godt ha vore fjerna, men dette trass alt realitetsblogging ... 
Me er nett komne heim frå jobb, barnehage og skule. Alle småfeane er ute i hagen og leikar, Herr Fe er ikkje heimkomen enno og eg kokar middag.

Middagen lagar seg omtrent sjølv der ute på komfyren medan eg spring til og frå, her og der. Her leggast det saman tørre klede. Vinterklede sorterast vekk og våryttertøy hentast fram. Ullklede heng til tørk og korgene frå gongen står stabla i stova.


Med middagen godt plassert i magen og med reine klede fint plassert i riktige klesskap, er det tid for bollebakst.  Ungane har mast om boller med sukker på i vekesvis, og i dag fekk eg lyst å gjere litt ekstra ut av ettermiddagen. Me feirar at det er vår, det er snart påske og tanta til småfeane har bursdag i dag. Hipp Hurra!


Dei siste strofene av Påskemorgen slukker sorgen øvast inn saman med han som skal opptre saman med klassen sin i påskegudsteneste på fredag. Samstundes lagast det boller over ein låg sko. Ein klump med deig til kvar ein liten fe, og mammo gledar seg til å sjå korleis dette går. Boller skal det bli.


Boller med sukker og kanel på. 
Haugevis av sukker.


Haugevis av kanel....


Den samanrulla leiva delast opp med skarp kniv under djup konsentrasjon.


Dette vart verdas skjønnaste boller.  Ja, kanskje til og med verdas minste boller...


...og ikkje minst: verdas beste boller. 

Nam, kan eg få by på ei kukake? Ja, for me kalla skillingsboller for kukaker då eg var liten. Og det er eit mykje koselegare namn enn skillingsboller ;)


Nå søv tre små fear, og har gjort det lenge allereie. Eg må ta opp tråden i ryddeprosessen igjen, slik at eg vert ferdig før natta senkar seg for fullt.

Ha ein fin kveld du også.
Tudelu...
Related Posts with Thumbnails