Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

torsdag, mai 10, 2012

Graut & vinnar

Havregraut
Havregraut er best når den er kokt på mjølk.
Eit lite dryss salt i grauten er eit must. 
 Serverast med sukker, kanelstrø og smørauga.
Dette er mat for Mons. Næringsrikt og godt.


Som annonsert har eg kåra ein vinnar av epleskrinet-gje-vekk'en i dag. 197 kommentarar låg i kommentarfeltet før eg stengte det. Vinnaren vart kåra ved hjelp av Random.org (tok ikkje skjermdump dessverre).

Den heldige som vann Dundelinakjole frå Epleskrinet er forfattaren av kommentar nr 44. Her er ordlyden i den kommentaren:
Hei.
Her var det mye fint! Jeg tror eldste jenta mi ville blitt utrolig glad for den nydelige bumble bee kjolen.

Hilsen Tina

Kjære heldiggrisen Tina. Ta kontakt med meg på linda.saebo@lyse.net, så skal eg setje deg og Epleskrinet i kontakt med kvarandre :) Gratulerer så mykje. Er sikker på at de vert like glade for Bumle Bee kjolen som me er for Butterflykjolen.

Finfin torsdagsnatt, og flott fredag i morgon!
Tudeluuuu

tirsdag, mai 08, 2012

S N O P

S N O P 
for magen = bringebærsmoothie

SNOP
for auga = tusenfryd i mini-Tine K-skål


Siste frist for å vere med på Epleskrinet-gje-vekk'en nærmar seg - sjå etter innlegg lengre nede og sleng inn ein kommentar om du vil vere med.

Fin onsdag til deg!!

fredag, april 13, 2012

Fredagsglimt


Fredagsglimt

Nye strikkeprosjekt i startfasen.
Taco-middag.
Godlukt i huset frå Fransk Landstil.
Ei hand full av kjærleik. 
Hjarta likeså.
Ha ei god helg!

søndag, februar 19, 2012

Makroner i lange baner










Har du kasta deg ut i makron-baksten?
Ikkje eg.
Eg forsøker å unngå slikkerier for tida. 
Ein vakker dag derimot, då skal eg prøve det.
Finare kaker skal du leite lenge etter.
Smaken er forhåpentlegvis også god.
Enn så lenge nøyer eg meg med å sjå på bilete av herlegheitane. Dagens innlegg skal  brukast som inspirasjon den dagen i framtida, då eg kastar meg uti det.

Det finst eigne makron-bakste-bloggar der ute.
Denne skjønne norske bloggen har både oppskrift og framgongsmetoden herleg forklart.
Dei fleste bildene til dagens innlegg er funne i denne bloggen.


Ha ein flott søndag ettermiddag :)

tirsdag, januar 31, 2012

Dårleg gjort?

Skillingskraterboller.
Du har kanskje ikkje høyrt om skillingskraterboller før? Storebroren til skillingsbolla og kraterbolla?

Det har jammen ikkje eg heller. 
Ikkje før eg laga dei i helga. 
Lagde skillingsboller etter vanleg framgongsmetode, og la til slutt ei teskei med kanelsukkersmør-blanding på toppen av ferdigheva boller.  Inn i steikeovnen med dei, og vips herleg lukt i huset, og etterkvart god smak i munnen.

Bolleoppskrifta eg brukte denne gongen var denne. Knakandes gode boller som anbefalast på det sterkaste.

Kanskje litt dårleg gjort å publisere freistande bollebakst midt i alle-er-på-slankekur-månaden, men frå nå av skal det bli andre boller ;)

Tusen takk for brillefine kommentarar på forrige innlegg. De er dei aller finaste - alle saman!

God klem herifrå


søndag, januar 29, 2012

Mat♥tid


Helg.
Tid.
Finaste gjengen.
God mat.
Fine skåler.
Fine koppar.
Fint bestikk.

Det er akkurat som om maten smakar betre.
Når servicet er fint, meinar eg.


Alle dei svart-kvite skålene og koppane er frå nettopp finfine Ølen Møbel. Maten er diverse godsaker som me likar på ein laurdag. I tillegg til heimelaga foccacia. Mmmm. Utanfor linsa, stod det også pølser i brød til ungane på bordet. Dei er jo som ungar flest, ikkje så veldig begeistra for mozzarella, foccacia og brie.



 Trur nesten eg må ut på kjøkkenet og sjekke om det er nokre restar igjen i dag ;) Fin søndag til deg.

tirsdag, januar 17, 2012

Endeleg

Me har hatt ei forlenga helg her i huset. Seine frukostar, mykje sofakos og LEGO-bygging har det blitt. Her gjeld det å fokusere på det positive. Alle dei tre etterkommarane våre er nå heldigvis på bedringens veg, så nå satsar eg for fullt på at me går friskare tider i møte :) Frukostpådekninga ser jo nesten påskeaktig og vårleg ut. HERLEG.

Ha ein finfin kveld. Me bloggast :)

mandag, januar 02, 2012

Bakstekjerring

Mamma hadde laga Nordlandskaker til jul. Småfeane elska dei. Nyttårsafta laga eg difor vår eiga ladning av desse mjuke gode kakene. Bakstekjerring for første gong. Mamma brukte steiketakke. Det har ikkje eg. Ei og ei kake omhyggeleg steikt i steikepanne. Det kan eg love at tar tid. Resultatet vart imidlertid like godt. Heldigvis.

Som vanleg trakkar dei to minste i hælane på meg, medan storebror er oppteken med kompisar. Nordlandskakedeigen vart for klissete for små hender, men heldigvis hadde me ein pepperkakedeig på lur ;) Eg brukte eit pannelokk til å stikke ut kaker med, og derfor fekk eg dei sånn nokolunde jamnstore. Tjukkleiken var derimot ei utfordring å få lik. Øving gjer mester, er det ikkje slik?



Nyttårsafta vart feira på bedageleg vis, og eg byr på nokre glimt frå middagsbordet. Den finfine telysestaken fekk eg til jul. Høgdepunkta for småfeane var sjølvsagt knusinga av pepperkakehusa. Det hjalp lite at eg la bakepapir under kvart hus - støvsugaren måtte fram uansett for å seie det slik ;)


Høgdepunktet for eldstemann     og      meg sjølv, var at me stakk til 
Vålandstårnet for å sjå på Stavanger kommunes fyrverkeri kl 24. FANTASTISK. 
Herr Fe var heime og passa på dei to miniane som sov seg gjennom
bråket.... Håpar du også hadde ein fin inngang til det nye året!!
Her ser me fram til siste juleferiedag i morgon.
Ha ei flott veke. Den fyrste i 
2012

fredag, oktober 21, 2011

Knask


 Risboller
1 pakke Delfiafeitt
2 plater kokesjokolade

4 egg
2-3 kopper sukker (avhengig av storleik på koppen)
1 ts salt
 Puffa ris til passe røre

 Pisk egg og sukker til eggedosis og tilsett salt. Samtidig smeltar du delfiafeitt og sjokolade i ei panne (eg pleier bruke Dronning kokesjokolade). Hell det smelta feittet og sjokoladen oppi eggedosisen mot slutten av pisketida. Bland i puffa ris (pleier bruke litt over halv pakke til denne røra). Ha passe stor mengde risbolleblanding i muffinsformer. 
Mmmmm



I veka som gjekk hadde vår elskede Herr Fe bursdag. Med små born i huset må dagen feirast, anten ein likar verte eldre eller ikkje. Dolly Pizza, pakkejakt, ballongar, kaker, risboller og festhattar er oppskrifta på ein vellukka 38 - årsdag :) For ikkje å snakke om bursdagssangen då. Når også 2-åringen stemmer i så er me nesten eit kor. Hurra for Herr Fe, We love you :)

Nå er det fredagsstemning for fullt. Her kan ein velgje om ein vil fokusere på skitne regnklede, skitne matboksar, halstørkna middagsrestar på bordet, eller stupe i sofaen og sjå barneTV. Ikkje vanskeleg å prioritere det siste :) Fin helg til deg også  :)

PS! Dei første bileta er reprise. I fare for å bli beskulda for å skrive ein matblogg måtte eg ha med eit interiøralibi ;) Ciao


søndag, oktober 16, 2011

Kakedraum



Me har hatt koseleg tante-Anne-besøk i helga. Tante Anne (Herr Fe si søster) er nå vel heime i Oslo igjen, og det er merkeleg tomt i huset.   Mykje lott & løye, jentekveld på byen, spasertur, lammelår, gåver, klemmar, boklesing, beina høgt, filmar, tyting og enno meir lott & løye er ord som kan oppsummere ei god helg. Batteria er lada igjen.

Er det besøk, så er kcaloriane ikkje-tema. Alma si favorittkake var laurdagsdesserten. Mmmm. 


Oppskrifta er reprise frå dette innlegget

Osteiskake med daim alla Den gode feen
2 dl sukker
3 eggeplommer
1 philadelfia ost
1 ts vaniljesukker
Pisk dette godt.
3 dl fløyte
3 eggekviter
Piskast stivt. Dette kan ta tid, og det er viktig at bolle og miksepinnar er gullandes reine. For å vere bombesikker på at du skal få røra stiv, kan du piske eggekviter og fløyte kvar for seg.

Bland dei to rørene, og bland i hakka daim. Spar litt daim til å ha på toppen

Hell dette over knuste Digestive kjeks og smelta smør til bunn.
Frys. Etter at kaka har stått cirka 40 minutt i frysaren heller eg over hakka daim til "pynt". Grunnnen til at eg ventar til den har starta fryseprosessen er for å hindre at daimen skal drukne i kaka. Du kan eventuellt strø over hakka daim like før servering.

Iskaka kan varierast i det uendelige ved å blande med bær, Oreo Cookies etc etc... Den er også kjempegod heilt plain - utan verken Daim eller anna innblanding.


Ha ei fin kommande veke!

lørdag, oktober 01, 2011

Lemonade og Bjørg


Mmmmm, what a lovely day. Steikande sol, shortsvèr og terassekos er ikkje daglegdags på første dag i oktober. Me feira begivenheten med å sprette lemonade-flaskene me har spart på i kjøleskapet. Lemonaden kjøpte eg på den superkoselege butikken Buketten på Halsnøy, og smaken var formidabelt god. Mmmm. Gode var også brownies'ane innkjøpt på eit konditori inni sentrum i formiddag (den franske kafèen i Søragato). Farleg gode.



Medan ungane leika rundt oss, nytte eg nokre minutt i solstolen og bladde vidare i Bjørgs Univers.

Eit av dei desiderte høgdepunkta under forrige helgs interiør-messe var møtet med Bjørg. Ja, Bjørg Torhallsdottir. Kunstnaren Bjørg. Bjørg som lagar dei finaste kunstverk. Bjørg som starta Hjertefred. Kunstverka hennar er om mogleg enno betre nå etter at eg har lese den nye boka hennar (forfatta saman med Marit Gaare Laache (sjå bilete lengre ned)). Eg anbefalar boka på det sterkaste.

Bjørg er hjartevarm som få andre, som om ho er godheiten sjølv. Nydelege Bjørg som har ei enorm tiltrekkingskraft. Då eg møtte blikket hennar følte eg at ho såg rett inn i sjela mi. Eg vart både rørt og lukkeleg over å møte henne, og som sagt så var dette møtet ein av grunnane til at forrige helg var så fantastisk kjekk som ho var. Sukk :) Her har eg knipsa nokre bilete frå boka mi, men sikre deg ditt eige (helst signerte) eksemplar du også:




Akkurat som sønnen til Bjørg, mista eg pappaen min som liten, og fleire av bileta hennar går derfor rett i sjela på meg. Slik er det heilt sikkert for alle som har mista nokon nære. 


Akkurat  trykket Æsj, mamma syns eg er så fantastisk bra, he he.  Som Bjørg seier: Vi prøver å overøse barna med kjærlighet, men det er ikke alltid like populært.

Guri, i kveld kjenner eg at eg kunne ha babla og babla vidare både om møtet med Bjørg, kunstverka hennar og alt mogleg anna. Men eg avsluttar nå, før de får gnagsår i augene :) Før eg gjer meg, kan eg jo spørre om kva som er din favoritt frå Bjørg Torhallsdottir?

God laurdagskveld og natt til deg. Satsar på at søndagen vert like fin, klem klem
Related Posts with Thumbnails