søndag, april 29, 2012

G Ø Y

 


I går - på lørdag altså - så var eg på knallkoseleg bloggetreff i Ølen og Etne.
Me var rundt 30 bloggejenter frå Rogaland og Hordaland som møttes til deilig lunsj på Fugl Fønix i Etne, medan dessert og kaffislaberas gjekk føre seg i verdas kjekkaste butikk - nemleg Ølen Møbel. Anita som er innehavar der hadde stelt i stand eit kjempekjekt treff for oss i samarbeid med skjønne Silje. Tusen takk!!!

Eg storkosa meg, det var mykje lått og løye og smilandes fjes. Herligheten altså, bloggejenter må vere dei kjekkaste på jord :) Her er nokre glimt frå dagen, glimt av herlege jenter (pluss verdas skjønnaste baby) og litt av tinga eg hamstra med meg heim.




  Jada, det vart aldeles Black & White tema på varene, men det er vel inga bombe ;) 


Har du fri i morgon du kanskje? Akk og ve, det har ikkje me, så det er best eg finn fram sekkar, klede og reine matboksar før eg stuper i seng. Finaste maiveka til deg!!

mandag, april 23, 2012

LJOS


Det er eit ljos der ute
som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine
då er det ikkje slik du trur

Det er ækje slik at ingen har ein tanke
for ein liten som ligg der så aleine og er redd
og lengtar fram mot morgonen til ljos og vind og
ver og skræmast av det mørke store skumle
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn

Det er eit ljos der ute
som mitt auga kviler på
Når det knuser imot stranda
men du ingenting kan sjå
Det er ækje slik at ingen andre også då er liten
for havet knuser sjølv det harde fjell

Men ute der så sveiper det eit ljos for meg
og deg og viser heim og til dei stille havner
Og det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ækje slik at du ikkje har ein bestevenn
Ser du gjerdet, gå til grinda. Ser du døra,
kom no inn då. Ser du trappa, ta eit trinn. Kom no inn!

Bestevenn av Odd Nordstoga

søndag, april 22, 2012

GRÅVÈR

Ein strandtur i gråvèret gjer godt for kropp og sjel.
Lite kan måle seg med frisk sjølukt.
Sandestranda er ei av favorittstrendene våre.
I passe lang avstand heimefrå.
Passe lang.
Passe fin.
Eg har vore ganske lat sånn fotomessig denne helga.
Har knapt tatt eit bilete. 
Denne veka vert derfor roleg bloggmessig....trur eg.
Strandlivbildene er frå i fjor ein gong. Så om du føler du har sett dei før, så har du det :)

Finaste veka ynskjast deg.

lørdag, april 21, 2012

Walkathon Stavanger 2012



W A L K A T H O N

 
ecco Walkathon Stavanger 2012 gjekk av stabelen på lørdag. Eg og dei tre etterkomarane mine var blant dei nær 700 personane som møtte opp, gjekk ei 6 km løype og samla inn over 40 000 kr til SOS Barnebyer

Eit kjempebra arrangement, med underhaldning frå scenen og god stemning på Domkirkeplassen. Høgdepunktet var Samsaya. Ho avslutta opptredenen med denne finfine sangen. At ho har nesten lik frisyre som meg og ser omtrent rett i kameraet mitt gjer eit ekstra pluss i margen, he he.


God kjensle å vere med å bidra. Til neste år vert kanskje du også med?

torsdag, april 19, 2012

God helg


 GOD HELG

tirsdag, april 17, 2012

Flink, flinkare, flinkast


Hugsar du innlegget mitt om dåpen i heimen til Bodil Bo?
I dag byr eg på bilete av den fantastiske invitasjonen me fekk i forkant av dåpen.

Bodil er, forutan å vere ei av mine beste venninner, også ein av dei aller flinkaste eg kjenner. Ikkje berre tar ho fantastiske bilete, ho lagar det kulaste, finaste og beste grafiske designet også. Eg har bestilt julekort av Bodil før, der bileta av småfeane var sentrale. Med dåpsinvitasjonen beviser ho at ho kan lage dei flottaste invitasjonar/kort også utan foto som sentralt element. Så inspirerande og kjekt. Det beste er at du og eg kan bestille både fotografering og grafisk arbeide av henne. Det er nesten så eg får lyst til å bestille julekorta allereie, he he.

Eg har tjuvlånt    eit bilete av 
dåpsbarnet også. Mitt kjære fadderbarn.
Ikkje berre er Bodil flink reint teknisk og kreativt.
Ho er nemleg ei av dei flinkaste til å lage vakre
 barn også. Har du sett skjønnare skjønnas
 enn han her, kanskje?
Sukk
 


Ha ein fortryllandes flott mandagskveld, ei god natt og ein flott onsdag i morgon
 

Bli med

På lørdag skal det arrangerast ECCO Walkathon her i Stavanger (kl 10 - 1330).
Inntektene frå arrangementet går til SOS barnebyers arbeide for barn i Tanzania.
Samsaya skal opptre på Domkirkeplassen i samband med arrangementet.

Eg fekk ei pressemelding om saken, og gjengjev litt info til deg:

Ideen bak ECCO Walkathon er enkel: For hver km deltakerne tilbakelegger, donerer ECCO 10 kr til de prosjektene som er valgt ut i forbindelse med arrangementet. "Vi i SOS Barnebyer har valgt å samarbeide med ECCO Walkathon fordi vi synes dette er et utrolig flott arrangement som gir hele familien mulighetene til å aktivisere seg for en god sak" - Ragne Rødstøl, SOS Barnebyer Rogaland. Inntektene fra ECCO Walkathon Stavanger går til et familiehus i den nye SOS-barnebyen Mwanza i Tanzania. Rogalandshuset vil være ett av 15 familiehus i SOS-barnebyen, som har plass til 150 barn. I tillegg vil 450 barn og deres familier få støtte gjennom et SOS-familieprogram. Området er hardt rammet av HIV og aids og antall foreldreløse barn er forvententet å øke kraftig de neste årene. Som deltaker i ECCO Walkathon Stavanger er du med og finansierer Rogalands-huset og støtte opp om arbeidet om SOS-barnebyers arbeid.

Påmelding:
Kjøp billett hjå ECCO butikken i sentrum, Skoringen (Stavanger sentrum eller Amfi madla), Skagen Fondene. Du kan også kjøpe billett på Domkirkeplassen på lørdag.
Priser: Voksen 50 kr og Barn (under 12 år) 25 kr.

Eg og gjengen min skal sjølvsagt gå - bli med du også då vel :)


Og så lurer du kanskje på kvifor eg har lagt ved bilder der Alma teiknar så blekket skvett?
Joda, det har seg slik at ECCO oppfordrar alle barn i Stavanger til å delta i teiknekonkurransen
"Mosjon i min familie".
Vinnaren av konkurransen vert kåra under ECCO Walkathon og vinnaren får diplom pluss eit par valfrie ECCO-sko (verdi ca 750 kr). Teikningane skal innleverast/sendast til ECCO butikken i Stavanger sentrum seinast fredag 20. april (berre sånn just in case dine barn også får lyst til å vere med :)).

Okidoki - håpar me sjåast på lørdag då :) Kryss fingrane for flott vårsol og strålandes humør på alle mosjonistar.

Ha ein flott dag!

mandag, april 16, 2012

Muscari


Helgeblomsten denne gongen vart yndige, kvite perleblomstrar (Muscari).
Keramikkpottene, som forøvrig er verdas skjønnaste, er frå Västergården.

Ha ein flott mandag

fredag, april 13, 2012

Fredagsglimt


Fredagsglimt

Nye strikkeprosjekt i startfasen.
Taco-middag.
Godlukt i huset frå Fransk Landstil.
Ei hand full av kjærleik. 
Hjarta likeså.
Ha ei god helg!

torsdag, april 12, 2012

Sminkefavoritt III


Dagens sminketips er denne L I P G L O S S'en frå H & M. Den finst i mange fargar, men eg pleier bruke fargelaus og gjerne med favorittlebestiften under. Lipgloss'en er seigare enn andre lipglossar eg har prøvd, og sit derfor lengre på. Blank og fin. 
Det aller beste er prisen: 29.50 kr !!

Simon bruker ikkje lipgloss, men dei nye solbrillene mine brukar han. Sjå det lure smilet ;)

Tusen takk for responsen på Mercedes/Pizza/Peace-innlegget, eg har skratta innvendig i heile dag. 

Ein god latter forlenger visstnok livet, og eg har tent inn nokre ekstra dagar på dette Peace-symbolet, gitt :)

Fin torsdagskveld til deg som les dette!

onsdag, april 11, 2012

Pizza på veggen?

Det var tirsdag ettermiddag og eg sat attmed eldstemann, medan han gjorde leksene sine på kjøkkenet. Det var fint lys i rommet og eg kikka inn mot stova. Hm, eg vil også ha eit slikt peace-teikn på tavleveggen tenkte eg, med Silje sitt fantastiske peace-bilete friskt i minne.

Det skjedde i full fart, det skal eg ha.

Rydde rydde, teikne opp peace-symbolet (Yeah) og så spørre godguten om han kunne være så snill å flytte seg eit lite sekund, slik at eg fekk tatt eit bilde utan han på også. Svosj så var det gjort. Innlegget eg hadde i tankane var eit opposite directions innlegg. To bilete tekne i retning mot kvarandre. Skjønar? Derfor dette bilete også:
Alt vel så langt.
Poden kunne returnere til matteleksene, og spurte litt forundra etter å ha kikka på veggen:

Kremt...
Mor: Syns du det ser ut som ein pizza?
Mora vart brått veldig usikker. Det er jo noko som ikkje stemmer her. Men kva?
Son: Jeg syns det ser ut akkurat slik jeg ville delt opp en pizza. To store stykker til pappa og meg, og et lite til deg.
Takk for den liksom ;)
Mor: Neida, det der er ikkje ein pizza. Det er eit P E A C E symbol. Det er eit symbol for fred.
Sonen slukte forklaringa, godt oppdratt som han er, men mora sjølv hadde fått ein bismak i munnen. Her er det noko som ikkje stemmer, gitt.

He he he, eg grubla på dette over natta kan de tru. Og nå når eg har Googla peace symbolet, så ser eg at eg har teikna hverken peace, love eller pizza.

Herlighet, eg har teikna Mercedes-symbolet. Er det mogeleg?


Det er godt eg har ein son som tar ansvar;)
Tudelu :)
Related Posts with Thumbnails