Viser innlegg med etiketten på kjøkkenet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten på kjøkkenet. Vis alle innlegg

onsdag, mai 09, 2012

Svart ♥ Kvitt

Eg er framleis forelska i den svart-kvite keramikken til Tine K.
Ja, sjølvsagt i den kvithåra linselusa også.
Nytt i huset er det store serveringsfatet og dei to bollene de ser på kjøkkenbenken. 
Serveringsfatet vert jo perfekt til pasta, brytebrød, salat, frukt, ja you name it.
Sånn ellers er det perfekt også som dekor. 
Bollene likeså.
Serveringsfatet er plassert på høgkant, slik at det er synleg frå alle kantar.

Keramikken kjøpte eg sjølvsagt hjå Ølen Møbel på bloggtreffet. 
Må me ikkje snart ha oss ein ny tur der til, jenter?

I kveld er eg regelrett stuptrøytt og skal straks køye.
I kveld er det ikkje meir skal berre...og vips er det seint på kveld.
I kveld er det alvor.
Derfor:
God natt ♥

mandag, april 16, 2012

Muscari


Helgeblomsten denne gongen vart yndige, kvite perleblomstrar (Muscari).
Keramikkpottene, som forøvrig er verdas skjønnaste, er frå Västergården.

Ha ein flott mandag
♥

onsdag, april 11, 2012

Pizza på veggen?

Det var tirsdag ettermiddag og eg sat attmed eldstemann, medan han gjorde leksene sine på kjøkkenet. Det var fint lys i rommet og eg kikka inn mot stova. Hm, eg vil også ha eit slikt peace-teikn på tavleveggen tenkte eg, med Silje sitt fantastiske peace-bilete friskt i minne.

Det skjedde i full fart, det skal eg ha.

Rydde rydde, teikne opp peace-symbolet (Yeah) og så spørre godguten om han kunne være så snill å flytte seg eit lite sekund, slik at eg fekk tatt eit bilde utan han på også. Svosj så var det gjort. Innlegget eg hadde i tankane var eit opposite directions innlegg. To bilete tekne i retning mot kvarandre. Skjønar? Derfor dette bilete også:
Alt vel så langt.
Poden kunne returnere til matteleksene, og spurte litt forundra etter å ha kikka på veggen:

Kremt...
Mor: Syns du det ser ut som ein pizza?
Mora vart brått veldig usikker. Det er jo noko som ikkje stemmer her. Men kva?
Son: Jeg syns det ser ut akkurat slik jeg ville delt opp en pizza. To store stykker til pappa og meg, og et lite til deg.
Takk for den liksom ;)
Mor: Neida, det der er ikkje ein pizza. Det er eit P E A C E symbol. Det er eit symbol for fred.
Sonen slukte forklaringa, godt oppdratt som han er, men mora sjølv hadde fått ein bismak i munnen. Her er det noko som ikkje stemmer, gitt.

He he he, eg grubla på dette over natta kan de tru. Og nå når eg har Googla peace symbolet, så ser eg at eg har teikna hverken peace, love eller pizza.

Herlighet, eg har teikna Mercedes-symbolet. Er det mogeleg?


Det er godt eg har ein son som tar ansvar;)
Tudelu :)

tirsdag, januar 03, 2012

Igjentetta + Manokrukker

I går, på barnehagens og skulens planleggingsdag, fekk eg gjort ymse praktisk i huset. For eksempel tetta eg igjen øvre del av den innebygde vinhylla med ei svartmalt plate. Svartmalt av den grunn at det var det eg hadde tilgjengeleg. Tetta igjen fordi vinen held seg lengre i den kjølege kjellaren, framfor på det varme kjøkkenet. Og med det særdeles kjedeleg låge alkoholforbruket det er her i huset, så treng me lang haldbarheitstid på vinen. På bilete under ser de så vidt glimt av den tomme vinhylla, og på bilete over korleis resultatet vart. 

Medan eg først var i gong med å fotografere, tok eg nokre detaljbilete frå kjøkkenhyllene også. Plutseleg ringte det på døra, og på trappa stod ein gulkledd kar frå DHL. Eg, som alltid vert nervøs av pakkar på døra (kva er det nå eg har bestilt og gløymt ut ???), vart lettare forfjamsa. Forfjamselsen vart imidlertid raskt erstatta med jublande glede. For kva anna enn tre nydelege Mano-krukker frå Kähler var det som kom. Levert med bud og greier og greier... Dette passa jo supert. Krukkene glei rett inn i interiøret forøvrig, og trass i sviktande dagslys, vart dei foreviga dei også. Litt artig at du på dagens bilete lett kan sjå kva for bilete som er tekne før og etter DHL var her ;)

Har du sett finare krukker før? Den lågaste krukka er nå fylt med sukker, den smalaste med Maldonsalt, medan den største føreløpig er tom. Krukkene kjem i dei finaste fargar, men nett nå er eg glad eg valgte kvite.
Krukkene vann eg i ein konkurranse inne hjå superfine Hvite Tulipaner like før jul.

Hvite Tulipaner - Edina er ei av dei jentene som gjorde sterkast inntrykk på meg på Glansdagen i fjor. Ho kom der så feiande flott i knallfin Acne-kjole (trur eg iallefall), kjempestilig på håret, kule sko og vann prisen for beste bloggfoto. I denne digre bloggjungelen hadde eg ikkje lagt merke til bloggen hennar før, men med sitt skjønne vesen og sin fine trønderdialekt, satte ho spor i meg umiddelbart. I ettertid har eg fulgt bloggen hennar, og er mektig imponert. Stikk innom der om du også har lyst til å bli inspirert! Knallkjekt at eg var så superheldig i vinne, Edina!

Ha ein fin kveld!

tirsdag, november 08, 2011

Ommøblering på hyllene

Gubbevaremegvel kor dårleg lys det er på ettermiddagstid. Lysmangel er jo bloggelystdreparen de luxe. Kva er eit blogginnlegg utan fine bilete? Sidan eg ikkje kan ta fri frå jobb for å knipse bilete på dagtid, får det klare seg med kornete bilete frå skumringa.
I helga vaska og rydda eg i kjøkkenskapa og bytte ut den fargerike hyllepryden med meir dempa fargar. Kvitt/krem/svart og brunt. Haust i alle rom her for tida. Og sjekk: Hagedornhagen er finally in da house - etter å ha sikla på bileta i nesten eksakt eit år. Ting tar tid, men nå er endeleg Sørgekåpa på veggen. Hengt opp med vanleg maskeringstape.
Bileta kjøpte eg i den  fantastiske Hviit-nettbutikken. Sånn ellers er det lite nytt å spore i hyllene. Det meste er ting som har tilbrakt mesteparten av livet sitt bak skapdører som nå har fått kome fram i dagslys. Det meste har de garantert sett før.



 På golvet ligg den fine svart-kvit stripete plastmatta frå Plantasjen, men det får de berre sjå for dykk i fantasien *lol*. Det er ikkje alt som er lett å få med inni linso, veit de.


God tirsdagskveld til deg!

søndag, juli 31, 2011

Tavlevegg


Ah, så herleg, eg har endeleg fått til å gjennomføre eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet lenge. Prosjekt tavlevegg. Det er så lenge sidan eg planla å male ein heil vegg med tavlemaling, at wiren eg kjøpte til oppheng av papirdill har gått ut av sortementet til Ikea. Frå før har me ei tavlemalt dør på kjøkkenet, og eg malte også ei dør med tavlemaling den gong me budde i Bergen (nokon som hugsar den?). Eg blir rett og slett ikkje lei desse store svarte felta der ein kan få utlaup for spontan kreativitet med kritt, he he.


Denne gongen har eg ikkje brukt tavlemaling, berre svart matt slitesterk maling som er malt på ein kortvegg (gips) på kjøkkenet. Satsar på at det held. Sidan me har magnettavle i gangen gadd eg ikkje styre med magnetmaling.


Tavleveggen gjorde susen der inne på kjøkkenet, syns eg. Sånn egentleg har eg helst lyst på heilt nytt kjøkken, med ei anna planløysing, med ein enklare og røffare stil, og ikkje minst: fleire vindauge. Men eg fekk ingen telefonoppringing frå Lotto-Hilde på Hamar i kveld heller, så kjøkkenprosjektet står milesvis langt bak i prioriteringskøen.





 All Bran flakes er frukost-hit'en hjå småkrabatane for tida, og eg må berre legge ved dette bilete av mikrofeen med kjøkkenhandkle rundt halsen


 I helga pleier me ofte bake noko godt saman, sidan småtrolla elskar bake, og me alle er glade i å ete baksten :) Hjarte-kjeksa er frå Paul Løwe og eg fann oppskrifta første gong i Elle Interiør i hine hårde dagar. Seinare er det samme bilete av kjeksa og oppskrifta publisert i boka Levende Lys frå år 2000 (Nina Dreyer Hensley, Paul Løwe og Jim Hensley), og eg tar meg den friheit å avbilde oppskrifta for deg som les dette innlegget.

Boka tar for seg Vinterens og julens gleder, og trass i at den nå er 11 år gammal, er det den mest inspirerande og fine vinterbok eg har :)



Ha ei fortsatt finfin helg.
Ciao

mandag, juli 25, 2011

Livet


Det er sorgtunge dagar i Norge nå, det merkast jo også på stillheiten i mange bloggar. Me har (som alle andre med barn) brukt masse tid på ungane, på å forklare og svare på spørsmål. Tid på å hindre frykt. Ikkje minst verne dei frå dei verste TV-bileta som særleg prega dei første dagane etter tragedien. I kveld var det fakkeltog i sentrum. Fantastisk oppmøte og fint. 


Dagens bilete vart tekne på fredag føremiddag. Siste feriedagen min, som vart brukt til å få alt på stell igjen etter fire veker i sus og dus. Vaskemaskina og tørketrommelen jobba iherdig saman med meg. Alle vindauge på vidgap. Discomusikken ljoma ut or stereoen, ungane dansa og lo, ja, eg trur til og med Herr Fe svinga seg på stovegolvet då han trudde eg ikkje såg han ♥
Lite visste me om kva som skulle skje nokre timar etterpå. 
Uff.


Eit lampekupp frå brukten til 25 kr, og ei stripete plastmatte frå Plantasjen er så utruleg ubetydeleg i den store samanhengen. Det er ubetydeleg i den store samanhengen. Men så er det jo slik at me også treng pusterom frå det triste innimellom, og derfor pustar eg herved liv i bloggen igjen med innlegg om meir eller mindre ubetydlege ting igjen.

Det er svært mange som har spurt kor det stripete teppet me har under spisebordet er i frå. Det er ei House Doctor matte kjøpt hjå Nettpynt for eit par år (?) sidan nå. Eg har også ei svart og kvitstripete fillerye frå Ikea, som flyttar rundt i huset alt ettersom. Nesten som vårt eige "flyvende teppe". I det siste har rya tenestegjort på kjøkkengolvet, men det var før eg kom over denne plastmatta frå Plantasjen i ferien. Trur eg gav 149 eller 179 kr for matta, og målet på den er 90 x 160 cm, trur eg. Det var dagens usponsa (som alltid) kjøpetips til deg som slit med å få tak i stripete plastmatte.

Ein god klem til deg som treng den
♥♥♥

lørdag, juni 11, 2011

Laurdag



                                    Ein ryddig krok på kjøkkenet.
                                    Ein vase med blomstrar frå hagen. 
                                    Ein veslebror som søv formiddagslur.
                                    Ei veslesøster som leikar med Playmobil i hagen.
                                    Ein storebror som syklar med ein kompis.
                                    Ein pappa som lagar kaffi. 
                                    Ei mamma som har vaska alle vindauge. 
                                    Ein typisk laurdag = ein god laurdag
                                    Ein fin laurdag til deg også :) 
                                        ♥


søndag, mai 15, 2011

Levande kunst på sitt beste

 Veslebror har leika seg med kritt på kjøkkendøra i ettermiddag. Eller rettare sagt; på og rundt døra ;) Prøv å sjå vekk frå den i beste fall sjarmerande skitne strømpebuksa.... Minien tok seg ein spasertur ut i hagen utan sko *smil*.


Krittstubbar i ein liten metallkoffert. Sjølvaste lukka for ein snart 2-åring.


Verdas skjønnaste veslebror har arva storesøsters tova-ull-aktige hår i nakken. Snøkvitt hår og brun i huden. Godguten som gjer oss dei gode klemmane og dei våtaste sussane. Godguten som sjamerer oss alle i senk. Godguten som har byrja prate, og kallar seg sjølv Sinom.  Og dessverre: godguten med verdas verste blåveis midt i fjeset. Huff og uff, hjarta blør. Han stupte i golvet frå sofaen i går tidleg. Landa med hovudet først, og fekk seg ein blåveis som forflytta seg til rundt det eine auga. Heldigvis gjekk det ikkje verre. Og heldigvis klagar han ikkje over smerter. Får lyst til å polstre heile huset og ha han i band, men det går jo sjølvsagt ikkje. Knall og fall har det blitt, og knall og fall kjem det til å bli. Det er berre så pyton når det skjer.


Helga var jo som vanleg over i ein fei. Håpar du også har kosa deg med det og dei du likar best :)

Klem frå Linda

lørdag, februar 19, 2011

Reint


Så artig at det er mange som deler samme Skal-berre-diagnose som meg, det er godt å vite at ein ikkje er åleine rett og slett. Når det er sagt, så skal det innrømmast at eg øver meg på å bli mindre prega av "lidelsen". For eg slappar sjeldan av sidan eg heile tida berre skal nett gjere ditt og datt før eg set meg ned i sofaen, og det er jo ikkje bra i lengden å få så lite søvn. Men så er eg vel slik av personlegheit at eg ikkje klarar gå i gong med noko nytt før alt det andre er på stell, så det er ikkje så lett, nei :)



Men akkurat i kveld kan de tru at eg har fred i den husmormessige delen av sjela mi. Forrige helg rydda eg i alle klesskap, og i dag har eg rydda og vaska og skurt inni alle kjøkkenskap. Trøste og bære. Eg ser på meg sjølv som eit ryddig og reinsleg menneske som til stadighet vandrar rundt med støvkluten, men jammen santen låg det mykje rusk i skuffebotnane når alle matvarer vart fjerna, gitt. Det som var på grensa til pinleg mange makaroniar hadde for eksempel slått seg til ro under alle suppeposane. Nå er det reint og orden frå innerst til ytterst, og eg kan nyte det. Iallefall nokre dagar. Sååå herleg :)


Som de ser går det framleis i fargekombinasjonen lilla/isblått på kjøkkentilbehøret, eg blir ikkje lei den kombinasjonen der med det første ser det ut til.


Sidan huset er ryddig og på stell nett nå, så håpar eg på å få trødd i gong Elna igjen i morgon tidleg. Alma har bestilt fleire erteposar, dyner og madrasser til dukkene, og det trengs nye putetrekk på stoveputene. Er alle feberfrie og raske på foten i morgon, har me også lova dei små håpefulle akebakketur og/eller skitur med kakao i sekken i morgon.  Ja, for me satsar på at det kalde været held seg såpassa, at ikkje dei få centimetrane med snø, som me har fått, vert liggjande :)

Ha ei god natt og ein finfin søndag der ute!
Linda :)
Related Posts with Thumbnails