Eg har som dei fleste andre falle pladask for Rie Elise Larsen sine papirklipp og design. Då eg var innom Smak på Sandnes på mandag, kjøpte eg nokre etterlengta rullar med papiret hennar. Eg har mange planar for papiret, og først ut nokre tapetserte fyrstikkesker. Eg har pleid å bruke lim til å tapetsere fyrstikkesker før, men nå brukar eg restane av ein liten boks ferdigblanda tapetklister. Så enkelt og så greit.
Litt av papirsamlinga mi har fått plass oppi ei av metalltrådkorgene eg kjøpte til 70% rabatt hjå Hilmers Hus. Oppi korga er det papir frå Rice, Blafre, Rie og Clas Ohlson, samt tapetrestar frå Laura Ashley, Sandberg og eit par gamle tapetrullar. Rie Elise Larsen si heimeside er vel verdt eit besøk, og sida finn du
her.
Tusen takk for overveldande kjekk respons på gårsdagens hytteinnlegg. Det var ein del spørsmål der, og nokre har kome tidlegare. Nå skal eg prøve å svare på dei eg hugsar:
- sopplampen lyser i lilla når den er tent, men den avgjer ikkje lilla lys i rommet (så vidt eg har observert iallefall).
- det gamle slagbordet de har sett attmed sofaen vår er malt i ein lysegrønn farge eg ikkje aner koden på. Det er så mange år sidan det vart mala, at alzheimersen slår inn og malingsboksen er kasta. Eg hadde ein gong ein maling som heiter Isvann, men hugsar ikkje om eg brukte den på bordet. Men de kan jo sjekke om isvann liknar på bordet - for då er det i så fall den eg brukte.
-elefanten fekk eldstemann i ein baby-swap me deltok i, men eg har planar om å sy liknande for salg.
- gulfargen på stolen og spegelen over sofaen vår heiter Signalgul frå Butinox. Eg trur at fargen egentleg har gått ut av fargekarta, men på malingsbutikken kunne dei finne fargekoden på dataen og blande den til meg. Eg har fortid som sommarjobbansatt i malingsforretning, og hugsar derfor at knallgul maling heiter signalgul ;)
Er det fleire spørsmål eg har gløymt svare på så må de berre spørre igjen.
Ynskjer alle som er innom ein strålande kjekk onsdag.