Herlege Margot er ei nettvenninne av meg. Me har frekventert diverse fora saman i mange år, og ho er ei sprudlande flott hjertevarm dame. For nokre år sidan fekk ho brystkreft. Me var mange som haldt pusten og ba til høgare makter, og Margot vart heldigvis frisk igjen. Bank i bordet.
For andre gong arrangerer ho nå Kjærlighet i hver maske - luer til kreftavdelingen ved SUS. Det er ei innsamlingsaksjon for huer som donerast til kreftavdelinga ved sjukehuset her i Stavanger. Meir info finn du på
Facebook og i
bloggen. Huene de ser på bildene her skal gå til aksjonen. Det er lenge sidan eg hekla dei, men har aldri kome så langt å legge dei ut for salg. Nå går dei til eit kjempebra tiltak i staden. Så godt å kunna vere med å hjelpe dei som har det veldig vondt. Er du fingernem og har tid så er eg sikker på at det du lagar også er hjartelege velkomne bidrag til innsamlinga :)
I dag vart eg heilt overgidd når Herr Fe kom inn med posten. Ein pakke til meg frå Gyldendal Forlag? Hæ. Tankane for raskt gjennom hovudet "eg har då ikkje bestilt noko". Straks eg såg boka vart eg knallglad. Det er skjønne
May B. Langhelle som hadde sendt den siste boka si til meg, berre fordi ho likar bloggen min :)
SikkSakk er forøvrig eit knallfint navn på ei sybok :)
Boka kikka eg på hin dagen, og ein utolmodig liten Simon gjorde at eg ikkje allereie hadde kjøpt den. Boka er nydeleg, og smekkfull av mønster eg har lyst å teste ut. Og først ut er denne fantastiske buksedressen her. Berre eg finn ut korleis eg syr med elastisk undertråd (må lese litt meir i boka), så skal eg gå i gong.
Herleg bidragsytarar har også gjort sitt til at boka er fantastisk. Mi kjære bloggveninne
Smileull har bidratt med fikleklutar. Babyar elskar merkelappar, og eg er sikker på at slike er ein slager for ein kvar liten småtass.
Boka er basert på gjenbruk og at barneklærne kan syast av avlagde voksenklær. Bileta er nydelege.
Putevarkjolen har også fått plass i boka, og det er ikkje fritt for at eg får lyst til å sy enno ein.
Luddeklær har bidratt med mønster på det berømte forkledet sitt. Alt i alt ei knallkjekk bok som eg anbefalar alle syglade å kjøpe seg :)
Herlege Hege har rydda loftet sitt og sendt meg skattane ho fann. Tusen takk Hege, eg gledar meg til å ta det i bruk.
Ein flott laurdag er straks over. Ha ein fin laurdagskveld, så bloggast me sikkert i morgon.
Linda :)