Ja, er du eit sjalmenneske?
Eg er definitivt ikkje det.
Det er sjeldan eg føler meg meir kjerring enn når eg brukar sjal og skjerf.
Eg veit ikkje kva det er, men det er enkelte ting eg ikkje klarar gå med.
Det eine er sko med høge hælar som lagar klikkelyd.
Då føler eg meg som "Ein elefant kom marsjerande", eller rettare sagt: "Ein elefant kom marsjerande, og alle andre kan høyre det"
Det andre er sjal som pynt til eit antrekk.
Det er råfint på andre, men på meg er det malplassert.
Eg får det ikkje til.
Eg ser på andre jenter som ser kjempefine ut med skjerf og sjal.
Dei ser jo ikkje ut som kjerringar i det heile.
Kanskje eg har for kort hals?
Sjal og skjerf som vern mot kulda går imidlertid greit.
Og nå som eg har lært meg andre knutar enn Mette-Marit-knuten er det jo rett og slett litt kjekt å eksperimentere litt med knytinga.
Kanskje eg rett og slett endar opp som eit sjalmenneske, he he.
N O P E.
Dette sjalet frå
Badaboom er mjukt og godt, glansfullt og fint.
Det er ikkje sjala det er noko gale med.
Det er meg :)
Vil du også lære deg nye måtar å knyte sjal på? Kikk då på
denne herlege videoen her.
Fin søndagskveld til deg, anten du er sjalmenneske eller ei.