
Eg er så lukkeleg. For ei tid sidan spurte Marie med bloggen *Blasse Vielfalt* om eg ville ha ein magasin-swap med henne. Noko eg sjølvsagt ville. Eg skulle få tyske magasin, og ho norske (Interiør magasinet hovudsakleg).
I dag henta eg pakken min på postkontoret, samstundes som eg sendte pakken hennar (treige Linda). I ettermiddag har eg kosa meg med tyske kjempekjekke blader, viser bilder derifrå i morgon kanskje.
Årsaken til lukkekjensla er først og fremst denne ranken med yndige nydelege små flagg som Marie har sydd til meg. Noko såååå fint og kjekt å få. Er de ikkje enge i at desse var knallfine? Fantastisk dekorative i nydelege fargar og band og blonder. Thanks a lot, Marie - You really made my day :)

Ein anna dag henta eg bilder til dei svarte rammene mine på posten, og nå er det endeleg ikkje lengre berre reklamebilete i rammene :) Tusen takk, snille Bodil.
Eg har i lange tider tenkt å vise fram nokre korger eg kjøpte (4 stk) til 70% rabattert pris hjå Hilmers Hus i januar i fjor. Dei vert brukt til alt i frå oppbevaring av huer, vottar og skjerf i gangen, til vaskemiddel og skittentøy på vaskerommet. At eg har sett dei samme korgene i interiørmagasina til ein vanvittig pris i samband av kva eg betalte for dei, gjer dei jo berre enno kjekkare å ha i hus :)
For første gong sidan eg gjekk på gymnaset har eg nå vinterferie. Eg treng neppe fortelle at eg gledar meg veldig til ei heil veke med fri til å gjere som me føler for. Ein tur heim til mammo gledar eg meg masse til også. Er det stille på bloggen, så veit de kvifor :)



Huset er på halv åtte her for tida. Alle møblane står sentrert i midten av romma, då snekkarane skifter ut vindu, lister og styrer på. Men det vert så bra, at det er jammen verdt rotet. Det vert lite interiørblogging for tida med andre ord :)
Eg gjekk ein snarttur ut i lunsjen i går. Skulle sjå etter ei lita valentine-gåve til Herr Fe. Me er ikkje sånne som feirer denne dagen så voldsomt, men ein fin liten ting er jo berre kjekt.
Men så er det det at Herr Fe er aldeles umulig å kjøpe noko til. Han har alt, og han treng ingenting i følgje han sjølv :) Ikkje et han sjokolade og ikkje er han overbegeistra for blomstrar heller.
Minifeen fekk ein nydeleg tunika frå den nye kolleksjonen til Cupcake by Cecilie West, og go'guten fekk seg ein genser som matchar veslesøster :)





Plantebordet på bilete over har fått kome inn i varmen. Bordet er superpraktisk med sinkbekledd topplate, skuff til oppbevaring av hanskar, frø og det ein måtte ynskje. Og plass til mange krukker og urner på hylleplata under.
Gratulerer med vel overstått morsdag til alle mammaer der ute.

Ynskjer alle ei strålandes fin komande veke. Måtte finværet var lenge!








Eg har sett mange i bloggosfæren som har laga knappar sjølv av ulikt materiale. Desse knappane lagde eg for snart to år sidan, men først i dag er dei klare for publisering. Ting tar tid, ja :) Flogesopp-knappar av plastilina (var det ikkje det leira heitte, mon tru).

