torsdag, februar 25, 2010

Den evinnelege jakta

 
Stadig nye vegar vert trakka for å finne dei ultimate stoffa til teppene og putene eg syr.
Mange trur at eg berre brukar gamle dynetrekk, men sanninga er at mesteparten er stoff kjøpt i utanlandske nettbutikkar. Nye dyre stoff direkte frå fabrikkar i fortrinnsvis Japan.

Årsaken til at det ikkje er meir gamle dynetrekk i bruk i kreasjonane er mangel på stoff. Desperat mangel på gamle dynetrekk, forklede og gardiner. Desperat mangel på ting som er så stygge at dei vert tøffe.


I eit forsøk på å komme over gammalt stoff satte eg inn annonse i ei gratis-avis i Stavanger. I LokalAvisen. Telefonen stod knapt stille i dagane etter at annonsa kom på trykk. Mange søte damer ringte meg, for kanskje eg hadde bruk for 8 lengder med  vevde gardiner frå 50-tallet. Eller kanskje hadde eg bruk for rosa einsfarga stovegardiner frå 1988. Eg forklarte og forklarte. Eg er på jakt etter relativt småblomstrete tekstilar i skarpe fargar. Det burde jo ha vore konkretisert i annonsa - eg ser det nå.

 
Eg kjørte milesvis her og milesvis der i forrige veke. Eg vart invitert på kaffibesøk til eit søtt ektepar med gjennomsnittsalder på 90 år. Eg fekk klatre opp og leite innerst i klesskapa til verdas skjønnaste 84-åring, og eg møtte utruleg mange skjønne, snille og glade pensjonerte sydamer. Damer som var lukkelege over at tinga deira kunne komme til nytte. Damer som var så snille at eg følte dei lett kunne blitt adoptiv-bestemødrene mine.



Det var utruleg koseleg, men eg angrar i grunnen på heile annonsen. Det var ingen som hadde det eg verkeleg var på jakt etter. Og eg syns det er vanskeleg å sei at "beklagar men eg kan ikkje kjøpe noko av dette". Så eg kjøpte ein del, og eg fekk ein del. Masse fint, men ingenting eg fekk høgt blodtrykk av, hi hi. Bortsett kanskje frå dette skjønne stoffet her, som er restar etter pysjamasproduksjon på 60-tallet:

 
Nei, då er det godt med fantastiske blogglesarar som kjenner meg og mitt desperate behov. Sjekk kva snille Trude Helen har sendt meg. Det var ho som sendte meg dei ultrakule blå gardinlengdene sist, om de hugsar? Denne gongen sendte ho verdas tøffaste metervare i gult og oransje, ein nydeleg brikke, knallfint heklaband og storblomstra metervare. Ja, eg fekk til og med ein pakke serviettar og ungane fekk klistermerker. Tusen takk, snille du. Eg er evig takknemleg.
 

Og det er jammen godt at eg har gode gamle trufaste Fretex å ty til. Eg var innom i Breigata på mandag, og mista nesten pusten over dette forkleet her: Det er jo akkurat slikt brunt stoff med hjarter eg elskar. Eg var ikkje før kome heim før forkleet var skjært opp og inkludert i eit teppe. Ah, litt meir fred i sjela. Men jakta er uansett evinneleg. Eg gjer ikkje opp, sjølv om det er langt mellom godbitane, nei :)

Eg og småfeane kosar oss på vinterferie på Halsnøy nå. Kjempekos å være nær familien og gode venner. Handle ting og tang på Gaver og Leker og snope knallfine barneklær på Litle Blå. Sukk, måtte dagane vare litt ekstra lenge nett nå :)

Ha ei god natt. Eg må skunde meg ut for å redde inn barnevogna frå nattefrosten og snøfallet :)

Klem frå Linda

mandag, februar 22, 2010

Er du lei nå?


Eg er ein samlar. Eg samlar på det meste i grunn. Eg er stoffavhengig. Såpassa avhengig at om eg ikkje finn stoffet eg vil ha i  metervare eller dynetrekk, så går eg laus på klesplagg. Knappane over stammar frå klesplagg som har blitt klypt opp under dei siste dagars stoff(mis)bruk. Som snop for augene. Især for ein samlar.


Vinterferiemodusen har innteke huset. Det blir jo nesten som lange søndagar heile veka. Herleg. Eg og småfeane har planar om å reise på ferie til mamma/bestemor. I dag var det snøkaos på vegane, så me utset avreisa ørlite.

Eit nytt teppe vart produsert i ventetida. Det går i lilla, brunt og oransje, med litt kvitt og rosa innimellom. Heilt meg. Stakkars deg som les bloggen, du er vel møkkalei av desse syprosjekta mine. Eg kan jo trøste med at sydilla går i bølgjer. Før eg veit ordet av det, så blir eg litt lei eg også.


Ha ein flott mandagskveld,
klem frå Linda

PS! Til de som bestiller varer frå meg: Det varierer veldig kor god tid eg har før eg skal av stad på postkontoret. Om de ikkje får takkekort vedlagt, så er det berre fordi eg har prioritert å få pakken sendt i stadan for å skrive kort :) Eg er uansett like takknemleg, og håpar de vert fornøgde med det de kjøper. Dersom de har blogga kjøpa dykkar vert eg glad for ein kommentar under her (med lenke). Då kjem de med i så fall med i neste innlegget mitt.

søndag, februar 21, 2010

Søndag er favoritten


Tusen takk for alle kommentarar, e-postar og meldingar i det siste. Eg har stort sett vore på postkontoret (tusen takk for alle supre bestillingar) eller på to hjul i svingen på jakt etter stoff i det siste. Jakta har vore utruleg morosam, rørandes og kjekk, men desverre ikkje så veldig innbringandes. Eg kjem tilbake til dette seinare rett og slett. Eg følte berre for å forklare kvifor eg ikkje har vore så delaktig i cyberspace ;)

Søndagar er og blir favorittdagen min. Står ein opp grytidleg, så er dagen uendeleg lang. He he, her gjeld det å finne noko positivt med alt. Så vil du også ha ein uendeleg lang søndag, anbefalar eg å stå opp sånn cirka seinast kl 0630 ;) Kanskje ikkje fristande. Iallefall ikkje om ein la seg kl 0200.  Sove det kan eg gjere når eg blir gammal gitt, og vaknar dei søte små så vaknar dei. Og svoltne er dei alle tre. I morges drog eg fram symaskina, og innimellom alt det andre har eit nytt senge-pusle-krabbe-kose-teppe blitt til. I raude, oransje og rosa fargetonar. Her er baksida av medaljen:


Før helga kom det ein knallkjekk pakke frå Danmark. Eg var så heldig å vinne ein ekstragave i give-away'en Rakel arrangerte. Og for ein ekstrapakke. Så superduper kjekk og fin at eg kunne ha brukt 3-4 innlegg på å vise fram alt.


Men det kan eg jo ikkje. Her er ein smakebit som omfavnar litt av det; tapet og papirrestar, haugevis av stoffrestar ( f eks masse herleg Michael Miller stoff), supersøte firkløverar klipt ut or tapetrestar og koseleg kort. Tuuusen takk Rakel, eg er så takknemleg og glad. Eg håpar babyen din har kome til verda, og at alt står bra til. Ynskjer du inspirasjon, ta turen innom Rakels blogg  Fruens Syslerier du også.


Ein ultrafin brikke vart min for 10 kr på Fretex (Mariero) på fredag. Eller ultrafin er den nok strengt tatt ikkje, men ultratøff det er den ;)

Nei, nå var  mi tilmålte bloggetid oppbrukt. Nå er det sofakos med  la famiglia resten av kvelden.

Ha ein koseleg kveld du også, klem frå Linda

PS! Teppet ligg på Epla

torsdag, februar 18, 2010

4 elefanter kom marsjerende


På yngstemann sitt rom/vårt rom er det elefanttema. Den knallfine elefant-uroen fekk han av nokre gode venner av oss i velkommen-til-verda-gåve. Elefant-uroen vart designa i 1975, og har vore den mest-selgande uroen til det danske familiefirmaet Flensted gjennom tidene. Eg er så glad over å ha ein slik skatt i huset. Og Simon ser ut til å vere glad i den han også :)

Dette bildet er lånt frå heimesidene til Flensted.

Til dåpen fekk han den knallfine elefantlampen frå ZooooLights i gåve, og når eg omsider får tutle meg til å kjøpe Sebra-sengetøy med elefanter på, så kjem det til å bli sus over det. Trur eg :)

Ha ei riktig god natt, god morgon alt ettersom. Tudeluuuu!

Putefabrikkens utsalg


Berre eit aldri så kort innlegg om at eg har lagt ut haugevis av puter (putetrekk om du vil) ut i Epla-butikken i dag.


Her er alt supert, men travelt travelt. Eg kjem tilbake med kjekkare innlegg i morgon - eller kanskje før :)

Ha ein god torsdag!!

tirsdag, februar 16, 2010

Super avslutning på ein trøytt dag


Er det fleire enn meg som har dagar der ein liksom er i siste liten med alt. Der det i løpet av HEILE dagen er så vidt ein rekk bli ferdig med alt frå å smøre niste, rekk handle, rekk lage middag, rekk ditt og datt?

I dag har eg ein slik dag. Der 20 minutt med slumring på mobilen etter ei søvnfattig natt har straffa meg resten av dagen. Det var så vidt eg rakk få eldstemann klar til skuleavgang kl 0730. Så vidt eg rakk postkontoret. Så vidt eg ikkje kom for seint til den eine og den andre avtalen. Så vidt me fekk i oss middag før det var klart for kvelds. Nei, i morgon er det slutt på slumringa, men opp og hopp 0630 igjen :)


Trøytt i fjeset og svimmel i hovudet hadde eg liksom konkludert med at eg ikkje rakk oppdatere bloggen i dag. Men så hadde supre lesarar lagt igjen kommentarar om at eg er Dagens Nettside på Sol.no. Og slikt gjer jo ein stakkar glad, nøgd og våken igjen. Sjå her då, så kjekt for meg:



Tusen takk til Sol.no. Har du funne vegen inn her for første gong via Sol.no i dag, så ynskjer eg deg hjarteleg velkommen. Eg er ikkje verre på det enn at eg lukkeleg konstaterer at eg vert rørt av dei minste ting. Tittelen "Denne dama gir deg inspirasjon" gav meg tårer i augekrokane, knis.

Nå trekker eg inn årene for i dag. Ha ei god natt der ute :)

PS! Dei første bileta i dagens innlegg har jo ingenting med dagens tekst å gjere. Hi hi, dei skal egentleg inn i oppskriftsbloggen. Men sidan eg ikkje rakk ta bilder i dag, piffar dei opp dagens innlegg i staden ;)

mandag, februar 15, 2010

Personleg oppbevaring


Etter å ha blitt kraftig inspirert av ei venninne som har nyoppussa knallfin gang, måtte eg også gå til innkjøp av desse eskene frå IKEA. Eskene har tittevindu, slik at ein enkelt skal vite kva som ligg oppi. Vel, dette vart litt rotete for meg, og nå har eg printa ut familiebilder og limt på frå innsida. Ei eske for kvar og ein i familien, til oppbevaring av huer, refleksvestar, vottar, skopusseutstyr, fiskeutstyr  og dilldall.


Bileta er veldig kornete då eg tok dei i grålysninga.


Her ser de fleire av soppane som har innvadert hus og heim.


Somme av dei har havna i Eplabutikken min, andre skal eg ha på lur ;)


Her vart den effektive dagen litt amputert, då Alma måtte hentast i barnehagen. I stadan for vask, styr og svømmehall går det i Askepott, Barbie og Fiffi. Koseleg. Heldigvis er ho i fin form nå.

Me bloggast, ha det fint resten av dagen.

PS! Kaja frå Oslo: har du fått e-posten eg sendte deg forrige veke? Lurer på om det er noko trøbbel med e-posten min...er fleire som har etterlyst svar på ting og tang som eg har sendt svar på allerede.

søndag, februar 14, 2010

Hjelp, ring Anticimex!


Huset er fullt av rik soppvekst.
Dei finst i alle slags fargar og kvar og ein er unik.
Somme har ranglebjelle i hatten. Andre har lavendel. Og andre der igjen har begge deler. Dei var 20 i talet sist me talte opp. Det er fare for at dei formeirer seg vidare. Kanskje Anticimex kan kurere soppegalskapen?


Heile gjengen her i huset er skikkelege stovegrisar. Me ELSKAR vere inne på søndagane. Ingen vekkerklokker, ingen planar, ingen tidsfristar. Berre avslapning og TID til å gjere det ein vil.

Eg ville sy. Det ville dei to eldste også. Iallefall litt til og frå. Dei stappa vatt, lavendel og holdt styr på ranglebjeller. Ja, Samson syns det var stas å trykke på symaskinpedalen også. Resultatet vart ei heil korg av soppar. De får sjå heile hurven i morgon.

Tusen hjerteleg takk for alle dei fantastisk kjekke kommentarane på gårsdagens innlegg. Eg er lei meg for at eg ikkje rekk komme tilbake til alle og takke personleg. Men det einaste eg rekk for tida er å poste eigne innlegg, kaaaaanskje svare på nokre e-postar, og thats it. Så eg håpar de har glede av innlegga mine, og forståelse for at eg må prioritere å vere litt asosial på nettet sånn ellers. Tusen takk til alle som legg igjen spor etter seg, blogginga hadde ikkje vore kjekk utan dåko :)

Håpar alle har hatt ei fortreffeleg helg, og ein super søndag/morsdag/valentine dag/fastelavenssøndag  :)

Klem får Linda

lørdag, februar 13, 2010

Fint ferdig


Koseteppe, krabbeteppe, sengeteppe, slumreteppe. Kjært barn har mange namn. Lappeteppe er det definitivt. Med fòr og mjuk søt bakside, og fargerik og glad framside.


Teppet flytta rundt omkring på fotoseansen i dag. Først innom Alma sitt rom, og så innom Simon sitt rom. Både han og apekatten var søvnige før formiddagskvilen :) Teppet skal forøvrig ikkje ende opp her i huset, men inn i Eplabutikken litt seinare.

To puter er også ferdige.


Dei vart foreviga i stova :) Her er det brukt lappar og band frå Trude Helen, Guro og Vibeke, Fretex, netthandel og barneklær. Herleg sammensurium ;)



Alma sitt rom vart nyleg ommøblert, og enno er veggene veldig tomme. Ho skal få opp ein settekasse over senga. Men føreløpig er det berre dette Ole Lukkøye-bildet som er veggpryd der inne.


Her er det pannekaker på menyen og straks popcorn og film. Eldstemann har skulekompisar på besøk, og eg må gå å sørge for at dei har det dei treng.

Ha ein god laurdag, jenter (og gutar?).

fredag, februar 12, 2010

God Helg


I dag har eg verkeleg boltra meg i dei finfine stoffa mine. Mange lurer på kor eg kjøper stoff. Og eg kan fortelje at det meste vert kjøpt på nett frå utlandet. Ofte har eg bestilt på Stoff og Stil (har ikkje fått nye katalogen enno snufs, snufs), RetroDepot, eller andre utanlandske nettbutikkar eg ikkje hugsar namnet på. Ofte søker eg kanskje etter f eks retro fabric på Google, og finn den eine stoffbutikken betre enn den andre. Farlig, farlig :)  
Klær ungane har vakse frå er også supre som stoffbitar i syprosjekt.
I morgon får de sjå litt av det eg har sydd i dag. Nå i kveld er det for mørkt for fotoseanse :)


Nå som eg stullar heime på dagtid, så prøver eg å legge sjela litt i matlaginga. Lage sunn, god mat frå botnen av. Det er ikkje alltid eg får tid, og som oftast er middagen særdeles enkel. Men eg glimtar til innimellom. Då er det jo desto kjekkare. Denne middagen vart så delikat og knallgod at eg rett og slett drog fram kameraet ;) Skal du lage ein god salat til lunsj eller ein lett middag i helga, så er dette mi helgeanbefaling. Hjertesalat, ruccola, dampa ferske asparges med havsaltdryss, hardkokte egg, bacon og pinjekjernar. Dressing av god olivenolje, saft frå lime og litt pepper. Mmmm, kjempegodt attåt godt brød.

Med dette ynskjer eg dåko ein kjempefin fredagskveld. Sleng beina på bordet, synk ned i sofaen og slapp av - det er helg :)

Klem frå feen ;)

torsdag, februar 11, 2010

Mumle Gåsegg


I dag er eg skikkeleg nøgd med meg sjølv. Eg er ferdig med helgevasken og klesvasken og alle vindu i huset er pussa. Eg er klar for helg rett og slett :)


For mange år sidan kjøpte eg ei eske med vaktelegg på påskesalget til Gåver og Leiker. Og så skjedde det som er typisk meg. Eg rydda eska bort på ein lur plass. Plassen var så lur at når neste påske kom, så fann eg ikkje dei skjønne eggeskalla. Ikkje neste påske heller...

Men i jula dukka eska opp. I klesskapet på soverommet eg hadde som liten. I mamma sitt hus. Blant glansbilete, Bon Jovi plakatar og TOPP-utklipp dukka dei søte små eggeskalla opp. Aha, er det HER dei ligg, tenkte eg nøgd, og skunda meg og la eska i dashbordet på Peugeot'en. Der har dei lege til i dag. Nå er dei putta oppi eit NorgesGlass og ventar på påske.


Ingen innlegg frå meg utan gledeshyl for tida. I går kom ein fantastisk pakke i postkassa. Føler eg gjentar meg veldig her. Men eg vert altså så yrandes glad over alt det kjekke og fine eg får, og må berre dele gleda med dåko.

Desse nyvaska herlege gardinene fekk eg frå ein blogglesar frå Østlandet. Ho hadde kome over skattane på ein bruktbutikk og tenkt på meg. Lucky me. Tusen millionar takk, snille du. Eg syns det er utruleg kjekt at de kjenner meg så godt gjennom bloggen at de finn ting som "er så meg" at eg får hjartebank.


Ha ein super torsdagskveld.
Klem frå Linda

onsdag, februar 10, 2010

Kongeleg hue


Eg har strikka ei ny hue etter oppskrifta eg dikta for nokre år sidan. Dagens plan (om eg får tid) er å legge oppskrifta ut i oppskriftsbloggen. Denne hua er tiltenkt storesøster, men sidan ho kosar seg i barnehagen nett nå, så måtte veslebror stille som modell. Veslebror klør forøvrig veldig i gommane, og gneg på ein kremtube på biletet ;)

Hua er alt for stor til klinkekulo vår, og han ser derfor ut som om han har ekstremt stort hovude. Ikkje så løye i grunn, for hua passar til og med til meg :) Men når hua er i riktig størrelse er den kjempefin på altså. Det er berre det at dei søte små er mykje finare modellar enn mora.



I tillegg til alle interiørbladene eg skummar gjennom (rekk sjeldan lese dei), så føyer eg også oftast over vanlege ukeblader også. Og i eit rykande ferskt blad, som kjem ut tirsdagar og fredagar, fall blikket mitt på denne hua som den danske prinsessa har på seg ;) Om du strikkar hua "mi", utelet heklekant og blomsterdekor, så har du ei dansk prinsessehue du også ;)

Nå håpar eg at eg får tid til å skrive ned oppskrifta før formiddagsluren til Simon er over. Kikk innom oppskriftsbloggen om ei stund, om du vil ha oppskrifta :)

Ha ein flott onsdag, klem frå meg

mandag, februar 08, 2010

Er det mulig?

Går det an å være så heldig spør eg. Uff, eg landar vel snart med eit digert pladask, for å gå til postkassen er blitt ein slags fest her i huset. Før rekningane veltar inn for liksom å dra meg ned på jorda igjen, så nyt eg det så godt eg klarar.

De veit Guro, som heklar dei mest fantastisk skjønne kreasjonar, og som har den kjempeinspirerandes bloggen M.I.L.C.H.SCHAUM? Eg og Guro har vore bloggkompisar i mange år. Og som takk for ei ørlita helsing eg sendte den gong ho fekk guten sin, så fekk eg altså verdas skjønnaste vest i posten på laurdag. Eller rettare sagt Simon fekk vesten. Er den ikkje utruleg skjønn og knallfin? Kjempemjuk, nydeleg farge og knallfin knapp. Og heimelaga. Det kan ikkje bli betre.

Og snille Guro sørga for nydelege tilskot til stofflageret. 60-70-talls stoff i blåtonar er omtrent umogeleg å oppdrive (DESVERRE), men nå har eg fått litt på lager. Litt har eg kjøpt sjølv også. Tusen takk Guro, eg vart superglad for den overraskandes pakken!!

Tusen takk for alle koselege kommentarar angåande kosekanina vår :) Eg har som regel forbod mot avkledde bilete av ungar på bloggen. Men idag gjer eg eit unntak, då denne skjønnasen her er 36 år nå :) Som de kan sjå, så er småfeane (iallefall gutane) som snytt ut or nasa på pappaen sin. Det er rart med barn, korleis dei liknar begge foreldra, enno foreldra kanskje ikkje liknar kvarandre i det heile.

Sola skin frå skyfri himmel og ute er det knakandes kaldt. Det er godt å kose seg inne med symaskina slike dagar ;) I staden for å gå ut på tur, så MÅ eg berre få sydd litt før hjernen boblar over av kreativitet...

Ha ein fin mandag :)

søndag, februar 07, 2010

Verdas beste kosekanin

Tihi, her ser de verdas desidert beste kosekanin.
Og dersom eg snurpar munnen min saman, så liknar eg enno meir på ei lita kanin:
Kanindrakta frå Lindex kom fram frå gløymselen nederst i kleskorga i dag. Med skjønne øyrer på hetta og liten avtagbar dusk på stumpen. Herlighet kor me kosar med denne litle skapningen. Mammahjerta smelta fullstendig i dag, for plutseleg byrja han å sei mamma og bappa. Han har liksom ikkje laga ein lyd før, men i dag lausna det heilt. Til gjengjeld babla han non-stop i heile ettermiddag ;)

Det vart berre ei særdeles kort kort helsing herifrå i kveld, har masse mailar å svare på og plutseleg fekk eg eit akutt behov for å sy.

Ha ein fin kveld, og eg kryssar fingrar for at det er ei gjevandes veke me alle har i vente :)
Related Posts with Thumbnails