mandag, mai 30, 2011

Lukke i størrelse 28

Ja, lukka finst innimellom også på Plantasjen. Har de sett makan til fine tresko. Ja, til Alma altså, ikkje til meg. Eg hadde identiske i eplegrønn farge som liten. Nå har Alma jordbærraude :) 149 kroner kosta kloggene for dei som måtte lure på det :) Her og nå vurderer eg om eg rett og slett må på Plantasjen i morgon også, dei hadde nemleg knallfine blomstrete klogger til vaksne. Dei oversåg jo eg glatt då desse skjønne små raude dukka opp i synsfeltet. Med dei raude trygt i hus derimot....

Tusen takk for knallkjekke kommentarar på forrige innlegg.

Her ser det ut til å verte ein sein kveld. I morgon er det bursdagsfest, og eg har lova å lage Barbiekake. Huttemegtu kva har eg begitt meg ut på. De får følge med i morgon, så får de sikkert sjå resultatet ;)

Ha ein fin kveld, klem klem

søndag, mai 29, 2011

Halluen, halluen


Jøss, har eg ikkje oppdatert bloggen sidan tirsdag var det første som slo meg då eg slo på PC'en i kveld. Jaja, slik kan det gå. Slik er det når ein er travelt oppteken med kvardagen. Dagane er over før ein veit ordet av det - og det å dra fram kameraet for å forevige eitkvart som kunna ha blitt blogga er liksom eit uoverkommeleg prosjekt.


I dag derimot, i dag har kameraet vore framme ei stakkars stund.  Eg benytta stunda, då minipini sov førmiddagskvilen sin, til å rydde og sortere gjennom alle bokhyllene våre. Bokhyllene er Billy med vitrinedørar (Ikea), og dei er heilt geniale til å stue alt rotet inn i. Stuar ein nok, både vel og lenge, ja, så ser resultatet ut deretter. Nå er det meste på stell, sånn cirka iallefall. Den svarte voksduken med kvite prikkar er forresten også frå Ikea :) Ja, spisebordet og stolane likeså. Fy søren, eg skulle ha vore sponsa av Ikea - det hadde gjort seg gitt.


Ugras frå vegkanten dug som helgeblomstrar denne siste helga i mai. Knallskjønne, dog eg kanskje burde redusert mengda med hundekjeks med halvparten. Sånn med tanke på det reint estetiske. 


Denne veka vert det fullt køyr. Alma fyller fire år på onsdag, men me feirer det på tirsdag. I kveld skal eg derfor skrive invitasjonar, og kanskje byrje lage pompom'ar. Alltid i siste liten, samme kor mykje eg kosar meg med planlegginga på førehand.

Ha ei flott veke, så bloggast me :)

tirsdag, mai 24, 2011

I ♥ PomPoms


Alma sin fire årsdag nærmar seg med raske steg. Fire år! Tenke seg til. Planlegging av den store festen er så smått i gong. Hjå Martha Stewart fann eg tutorial på digre pompom'ar. Silkepapir med dette i bakhovudet har blitt samla på i lange tider. Så gjeld det berre å hugse på kor hen den lure plassen eg la silkepapiret er.

Eg tjuvlånte ho Martha sine bilete herifrå ...




Ser superenkelt ut, og resultatet vert jo aldeles bedårandes og dekorativt.


Utklipp frå oppskrifter på rosa kaker og kjeks er dregne ut or utklippsmappene, så nå er det i grunnen berre å gå i gong. Eg elskar planlegge selskap. Det er sjeldan planane vert sett ut i live til det fulle og heile, men eg kosar meg med planane okke som:)



Ha ein fortsatt finfin dag!

mandag, mai 23, 2011

Bladfreak


Nokon som drog kjensel på pappuglene i siste ROM123, eller? I dette innlegget frå 2009 (gubbevaremegvel kor tida fyk) skreiv eg om pappuglene. I det gamle innlegget finn du også lenke til kvar du kan bestille skjønnasane - eller rettare sagt betale for ein Pdf du kan skrive ut og så brette i veg. 
Eit kjekt prosjekt som ikkje tar alt for lang tid.


I det samme bladet var også sparebøssa mi i plast avbilda. He he, kva skal me med interiørblad seier nå eg. Det er mykje billigare å surfe frå blogg til blogg og suge inn inspirasjon ;) Dessverre for lommeboka og heldigvis for diverse forlag, så klarar eg ikkje unnlate å kjøpe ulike interiørblad same kor mange fantastiske bloggar det finst der ute. Før eg veit ordet av det har eg nappa eit blad ned frå hylleplassen, og lagt det på rullebandet mot kassen. Surfing er kjekt, men det er mykje meir avslappande å ligge på sofaen med mjuke puter i ryggen og beina høgt. Supe i seg litt varm te og bla i eit blad. Mmm, det har eg nettopp gjort. Det er ikkje mange minuttane som skal til, før ein kjenner seg pittelitt utkvilt. I bakgrunnen høyrte eg småfeane le seg i mellom oppe i andre etasje. Nå er det derimot stille der oppe, så eg skal gå opp og bre på dei dynene. Nyte synet av dei fredfulle ansikta med raude kinn. Lukke i sjela.

Fotografert utsnitt av siste ROM 123 

Siste ROM 123 var eit kjempekjekt nummer forresten. Eg diggar, som nevnt til stadigheit, kunststreken til Line Juhl Hansen. Og i siste nummeret av bladet er sommarhuset hennar avbilda. Fantastisk inspirerandes. I bloggen til kunstnaren finn du mellom anna mange av dei berømte kunstverka hennar.



Nå må eg prøve få orden på huset. Ynskjer deg som er innom ein flott mandagskveld :)

søndag, mai 22, 2011

Eplekjekk oppdatering


Sånn på tampen av dagen og dermed helga, vil eg berre tipse dei som måtte vere intressert, om at EPLA-butikken nå er oppdatert med litt nytt knask. Personleg er eg forelska i Ugla Rugla, sjå berre her kor fin ho er:


Med dette ynskjer eg dåko alle ei flott produktiv komande veke!

Tudelu...

Ein søndag i saumens ånd


 I formiddag fekk eg meg ei etterlengta økt med Elna, strykebrett, bruktstoffskattar og synåler på kjøkkenet.  Småfeane vart aktiviserte med leik, teikning, maling og barne-TV, så eg fekk brukt opp både meter på meter med tråd og, ikkje minst, undertrykka kreativitet.


Resultatet av desse lukkelege timane vart fire putetrekk som havnar på Epla i kveld ein gong. Alle puter er fòra og har kvit bakside med konvoluttopning. 


 Ute bles det stikk og stråd og regnar på tvers, men inne skin sola på grunn av desse putetrekka :)



Litt anna ymse har også fått siste finish som denne elefanten under.


 Og her som overalt i huset elles, finst det barnebøker. Mine favorittar frå Gyo Fujikawa, samt.....


 .... det som har vore den desiderte favorittboka opp gjennom tidene hjå småfeane. Nemleg "Gresskaret som fløy til værs" av Lennart Hellsing/ Sven Otto S.


 Historia er nydeleg og uskuldig, og handlar om to bjørnar som plantar eit frø dei finn. Det viser seg å vere eit graskar, som veks og veks og veks. Til slutt er graskaret større enn huset til bjørnane, og bjørnane flytter derfor inn i graskaret.



Nå står middagslaging og bollebakst på programmet, så eg får returnere til RL som det heiter så fint ;) Ha ein fin søndagskveld!

torsdag, mai 19, 2011

Gutar kan også sy!


Då eg las på eldstemanns plan for skuleveka, at dei skulle teikne og sy dompap, tenkte eg at her må det øvast litt på førehand gitt. Aller mest for å få ei kjekk stund med storeguten vår, men også for å gje han nokre stalltips. Det gjekk jo mykje greiare enn eg hadde trudd på førehand. Han fordelte arbeidet over fleire dagar, og koste seg rett og slett.

På ein liten rest av eit kvitt bomullslerret teikna me ein fugl med blyant. Med brun broderitråd tråkla han rundt den teikna streken, og fekk berre hjelp til å strekke det litt ut og feste trådane til slutt. Det ferdige nystrokne stykket vart sydd på eit anna stoff, som til slutt vart verdas skjønnaste pute. Kanskje litt i søtaste laget for ein tøffing på 8 år. "Har du lyst til å ha denne på rommet ditt, Samson? Så kan du vise den til vennene dine?" "Eh, nei takk" laud det høfleg frå kunstnaren, før han la til: "jeg går og legger den på stua jeg" <3 <3

Og mammo er berre glad til, for nå kan eg vise den fram til alle som kjem innom, og til dåko som les bloggen min. Ikkje sant, puta vart knallfin? Har du ein gut eller ei jente i rette alderen, har du dermed eit godt tips til ein liten hobbyaktivitet. Dette må jo vere den perfekte julegåve til bestemor, eller bestefar, eller tante, eller onkel. Ja, for dei som har byrja tenke i dei banar allereie altså ;)







Du og du så kjekt det er å farte rundt slik at mamma sine bilete ikkje vert i fokus ;)


Ha ein fin fredag i morgon.....tudelu :)

mandag, mai 16, 2011

Er du klar?





Eg har stroke klede to helger på rad. Aldeles unormalt til meg å verre. Skulle tru eg hadde feber eller noko slikt. Men det heile skuldast at eg prøver å begrense stresset før den store dagen i morgon. Så nå heng antrekka til dei lovande små framme og liksom berre ventar på at det skal brake laus.

Simonminstemann skal ha på seg matrosdressen eller ein festdrakt etter Samson.
Alma skal ha på seg ein Tina Woodstrupkjole frå januarsalget, samt ei nydeleg jakke frå Benetton.
Samson skal ha på seg ei  bukse frå det samme januarsalget, samt ei nydeleg linskjorte frå Benetton.
Fine skal dei bli, sjølv om bunadane glimrar med sitt fråvere. Eg lova dyrt og hellig at eg skulle sy bunad til dei alle saman her eit år. Til og med fine Herr Fe skulle få bunad. Så langt har eg ikkje brodert eit sting, og med denne progressjonen burde eg kanskje starte på konfirmasjonsbunad til Alma. Då er det kanskje håp om at den er ferdig om ein 10 års tid ;)

Ynskjer dåko alle ein flott dag i morgon om de feirar tradisjonelt eller utradisjonelt. 

Hurra! Hurra! Hurra! 

søndag, mai 15, 2011

Levande kunst på sitt beste

 Veslebror har leika seg med kritt på kjøkkendøra i ettermiddag. Eller rettare sagt; på og rundt døra ;) Prøv å sjå vekk frå den i beste fall sjarmerande skitne strømpebuksa.... Minien tok seg ein spasertur ut i hagen utan sko *smil*.


Krittstubbar i ein liten metallkoffert. Sjølvaste lukka for ein snart 2-åring.


Verdas skjønnaste veslebror har arva storesøsters tova-ull-aktige hår i nakken. Snøkvitt hår og brun i huden. Godguten som gjer oss dei gode klemmane og dei våtaste sussane. Godguten som sjamerer oss alle i senk. Godguten som har byrja prate, og kallar seg sjølv Sinom.  Og dessverre: godguten med verdas verste blåveis midt i fjeset. Huff og uff, hjarta blør. Han stupte i golvet frå sofaen i går tidleg. Landa med hovudet først, og fekk seg ein blåveis som forflytta seg til rundt det eine auga. Heldigvis gjekk det ikkje verre. Og heldigvis klagar han ikkje over smerter. Får lyst til å polstre heile huset og ha han i band, men det går jo sjølvsagt ikkje. Knall og fall har det blitt, og knall og fall kjem det til å bli. Det er berre så pyton når det skjer.


Helga var jo som vanleg over i ein fei. Håpar du også har kosa deg med det og dei du likar best :)

Klem frå Linda

tirsdag, mai 10, 2011

Busy bee


Eg skulle ønske eg kunne skrive at eg er travelt opptatt med å nyte våren og livet generelt om dagen. Sanninga er at det er supertravelt, både på jobb og på heimefronten. Sommaravslutningssesongen har starta på fritidsaktivitetane til småfeane, med grillfestar både her og der. Kjempekoseleg - for all del - men alt dette sosiale livet medfører at eg ikkje får tid til å vere på nett.

For å fylle dagens alt-er-vel-eg-er-berre-opptatt-med-livet-generelt-innlegg har eg leita fram nokre nye bilete frå dukkehuset eg hadde som liten. Dilleting til dukkehuset kjem stadig i hus, og sist innkjøpt er golvspegelen og mange mugger, koppar og tallerkar. Kjekt både for mor og dotter med andre ord ;) Litt fleire bilete frå dette velbrukte dukkehuset finn du her.



Ynskjer dåko alle ei fin veke, eg kjem på banen med meir kreative krumspring og innhaldsrike innlegg når ting har roa seg aldri så lite.

Tudelu så lenge.
Smil frå Linda

onsdag, mai 04, 2011

Dilla på lilla








I kveld viser eg nokre glimt frå eit hjørne av jenterommet  i huset. Her er det høg dillefaktor. Den vesle frøkena kan tutle med leikene sine i timesvis, og nett nå er det Maileg-utstyret som er framme på bordet. Den store papirdukka på veggen hadde eg som lita, og det samme med den psykedeliske lilla portemoneten på bilete over.

Då eg var liten var det svært få av mamma sine leiker som var tekne vare på - til mi store sorg. Mormor var nemleg eit effektivt ryddig menneske, som elska å brenne det ho såg på som rusk og rask på bålet. Skrekk og gru. Hjå meg er det difor rake motsetjinga. Eg er jo også ryddig og effektiv, men eg veit veldig godt kva som er rusk og rask, og kva som ikkje er det. Ja, reint objektivt sjølvsagt. Eg har tatt vare på omtrent ALT av leiker og småting i tilfelle eg ein eller anna gong skulle få ei jente. Eg har komplett samling av viskelær, glansbilder, papirdukker, dukker og dukkehus. Ja, You name it! Eg frydar meg derfor storveies når Alma leiker med "mine" leiker like naturleg som sine eigne. Gjenbruk er jammen toppen, og særleg gjenbruk av ting med sjel og sjarme. Eg kunne jo like gjerne ha fått ei jente som likar betre å sparke fotball og klatre i trær, enn ei som likar å dille med småting. Det hadde sjølvsagt vore heilt topp det også, men sånn gjenbruksmessig og smaksmessig og leikemessig må eg sei eg har hatt maks flaks med jento mi :)

Korleis er det med deg, har du også tatt vare på leiker og dilldall med tanke på dei kommande generasjonar? Kanskje er det berre eg som er så hekta på leiker, barndomsminner og dilldall, he he.


Tusen takk for knallrespons på tredyra, og takk for alle dei koselege kommentarane som gjer dagen min ekstra god!!

Eg er snart tilbake :)

tirsdag, mai 03, 2011

Fantastiske dyr


Min godaste Herr Fe har tilbrakt nokre dagar av påskeferien i snekkarboden. Og etter slike dagar ser den eine skjønne skapningen lyset etter den andre. Dyra er utruleg dekorative og fine om eg skal seie det sjølv, he he.


Bambiar, soppar, elefantar, jungeldyr og sjiraffar marsjerer om litt inn på Epla, så ta ein kikk inn der om du vil ha unike veggdyr på veggen din du også. 


Sjiraffane er nye kreasjonar, og eg syns dei vart såååå tøffe. Dei kan festast til veggen som dei er, eller ein kan for eksempel feste på eit måleband, og bruke den som høgdemålar. 


Det er ufint å fokusere på partiet mellom beina, men i dag kan eg ikkje unngå å gjere det for der openberrer det seg nemleg eit hjarte, he he.


I dag tidleg presterte eg å forsove meg. Me rakk alt me skulle altså, men det vart litt vel hektiske minutt på morgonkvisten. Eg skal derfor krype under dyna tidleg i kveld - er pyton å vere så trøytt.

Ha ein superfin kveld de som skal vere oppe lenge enno, og ei god natt til dåko som sloknar tidleg ;)

Eg er tilbake i morgon med litt gammalt, litt nytt litt fargerikt og pastellar hand i hand :)
Tudelu...
Related Posts with Thumbnails