I helga var eg innom salg på ein møbelbutikk som fører ein del designmøblar og belysning. I lampeavdelinga fann eg ein svart Bestlite hengelampe str XL på tilbod. Eg klarte gå i frå den utan å dra kortet. Men nå klarar eg ikkje få den ut av hovudet. Trur det er salgsprisen som gjer at eg er så gira på den, for denne lampen her er min favoritt sånn egentlig - nemleg Caravaggio frå Lightyears:

Foto: Lightyears
Sånn ellers har eg ikkje så mykje nytt å berette. Det går på fram med husoppussinga, og det er kjekt å komme heim frå jobb for å sjå kor langt dei har kome. Skal prøve å få tatt ein del bilder slik at eg etterkvart kan vise før -, undervegs- og etter bilete. Håpar det vert bra til slutt :)
PS! Dei doble dørane frå forrige innlegg er innedører og ikkje utedørar. Og dei er absolutt ikkje representative for dørane me har bestilt som nye ytterdørar. Berre slik at de er advart :)
For nokra dagar sidan fekk eg ei utfordring frå 
Fjernsynet står oppå ein sjenk eg kjøpte på Fretex i 1993. Den gong var den rosa og svartmalt. I dei dagar digga eg kvite vegger med mørkeblå møblar, så denne sjenken var blåmalt nokre år, før den vart kvit i 1996. Eg hugsar så godt årstalla, då eg var student og flytta til ny leilighet kvar sommar.
Det er ganske lurt å ta litt bilete av interiøret ein har i eit rom. Ein ser liksom rommet på ein anna måte, og eg ser kjempegodt kva som overhodet ikkje passar inn og kva eg skal ta bort. Etter dagens fotografering har eg for eksempel fjerna House Doctor boksane på hylla over TV'en. 
Den første arbeidsveka i 2009 er over og nok ei helg har straks passert. Me har hatt ein fin kombinasjon av avslapning, husarbeid, rydding og oppussing. Og masse kos. I dag skulle eg liksom ta mange bilder til å ha til bloggoppdateringar i veka som kjem. Typisk nok så var denne dagen ein slik dag der dagslyset aldri kom for fullt.




Takk for alle finord angåande det halvferdige lappeteppet. Måtte berre hekleinspirasjonen vare så pass lenge at eg får det ferdig om nokre månadar. I verste fall før neste jul. Eg har ingen mønster på teppet, har berre dikta mitt eige basert på bilder eg fann hjå 
Yesterdays news fordi det er ei tid sidan bladet kom ut (tusen takk, Trude, for at du sendte meg det i posten :)) og fordi både 


Heldigvis fekk eg eit julekort i retur hin dagen (ukjent adressat), slik at eg kan vise dåko julekorta me sendte ut i desember. Rubbel og bit vart nemleg sendt av gårde før eg rakk plukke fram kameraet.

Sånn ellers må eg takke kjempemasse for alle kommentarane på forrige innlegg. Nå er eg mykje klokare når det gjeld opphavet til desse små kinesiske dukkene, og eg skal halde augene opne etter kinabutikkar når eg er ute på farten :) 





Bodil-BO

