227 kommentarar kom inn på Sylvanian Familys - give away'en, og eg har omsider hatt trekning og funne fram til ein heldig vinnar av denne knallskjønne familien her:
Eg elskar Sylvanian, og skjønar godt at de ville være med i trekninga. Dessverre har eg berre ei eske å donere vekk, men me andre kan jo gå inn på Sylvanian si fine heimeside og sikle etter ting å ynskje seg til små og store lykketroll. Der finn du også fanklubben som me er medlemmer i (får kjekke nyhetsbrev og kan delta i konkurransar).
Ok, over til den heldige vinnaren:
Vinnaren vart kommentar nummer 61, som er Byfrua. Gratulerer så masse til deg, nå vert tantejentene dine glade :) Send meg adressa di i posten, så sender eg familien av gårde til deg!!
Nå er det Valen-TV i reprise her. Løye :)
Ha ei god natt.