


♥
Postkassen frå Bruka vart opprinneleg innkjøpt for å henge på ei framtidig leikehytte i hagen. Sidan leikehytta berre er på planleggingsstadiet, så heng postkassen på stovehytta i staden. Saman med eit Welcome Friends skilt frå Riviera Maison (julegave til mor sjølv ;))

♥
Inni sjølve leikehytta er det ikkje sånn superkoseleg akkurat. Eg skal få sydd til ei madrass som dekker heile gulvet, og få hengt opp ei lyslenke over dei to hyllene på veggen der inne. Kom gjerne med tips til dekorering om du har nokon :)

♥
Eg fekk eit genialt tips av mora til ei god venninne ein gong. Å gøyme litt av leikene til ungane. Ikkje ha alt framme på ein gong, men byte på det. Ungane gløymer lett kva dei har, og når ein finn fram det vekkgøymde er det som om dei får nye leiker. Dette har me praktisert, og det er heilt topp. Little People tinga er derfor på ferie i kjellaren frå nå av ;)
Medan eg skriv dette innlegget høyrer eg at det føregår hektisk leik inni og utfor skapet bak meg. Det spørs om ikkje sorteringa må gjentakast i kveld. Pytt pytt :)
Ha ein flott onsdag ♥
PS! Tusen takk for alle kommentarar på tøffelinnlegget. Eg bestilte mine tøfler herifrå.
PS! Tusen takk for alle kommentarar på tøffelinnlegget. Eg bestilte mine tøfler herifrå.