mandag, januar 26, 2009

Lampefeber

I helga var eg innom salg på ein møbelbutikk som fører ein del designmøblar og belysning. I lampeavdelinga fann eg ein svart Bestlite hengelampe str XL på tilbod. Eg klarte gå i frå den utan å dra kortet. Men nå klarar eg ikkje få den ut av hovudet. Trur det er salgsprisen som gjer at eg er så gira på den, for denne lampen her er min favoritt sånn egentlig - nemleg Caravaggio frå Lightyears:


Foto: Lightyears

Sånn ellers har eg ikkje så mykje nytt å berette. Det går på fram med husoppussinga, og det er kjekt å komme heim frå jobb for å sjå kor langt dei har kome. Skal prøve å få tatt ein del bilder slik at eg etterkvart kan vise før -, undervegs- og etter bilete. Håpar det vert bra til slutt :)

PS! Dei doble dørane frå forrige innlegg er innedører og ikkje utedørar. Og dei er absolutt ikkje representative for dørane me har bestilt som nye ytterdørar. Berre slik at de er advart :)

torsdag, januar 15, 2009

Fjernsyn

For nokra dagar sidan fekk eg ei utfordring frå Emmeline om å vise fram TV'en vår. Jippi, tenkte eg - den er jo så stygg :)

TV'en er ein 32" flatskjerm, kjøpt på Netthandelen til ein brøkdel av prisen tilsvarande fjernsyn kostar i butikken.
Fjernsynet står oppå ein sjenk eg kjøpte på Fretex i 1993. Den gong var den rosa og svartmalt. I dei dagar digga eg kvite vegger med mørkeblå møblar, så denne sjenken var blåmalt nokre år, før den vart kvit i 1996. Eg hugsar så godt årstalla, då eg var student og flytta til ny leilighet kvar sommar.
Ei pyntelist manglar i nedre kant av sjenken. Den forsvann på eit forspill i studiedagane, då eg til technomusikken skulle vise korleis dei kule dansa i Amsterdam. Eg trampa rett og slett pyntelista bort i kampens hete, ha ha. Eg hadde nemleg på meg digre Buffalo Shoes frå London. Sukk, nå vart eg i mimrehumør her, he he.

Vel, får peile meg inn på dagens tema igjen: Eg har veldig mange gonger vurdert å kvitte meg med sjenken. Hylleplatene inni er skeive og fæle. Den vart heller ikkje akkurat finare av at me nå har festa hengsler og carabinkrokar på den for å hindre at minifeen øydelegg fleire DVD'ar. Sukk. Eg har lyst på enkle låge skap langs heile den veggen i stadan for sjenken. Liknande som i denne boligreportasjen (eller reportasjane).


Det er ganske lurt å ta litt bilete av interiøret ein har i eit rom. Ein ser liksom rommet på ein anna måte, og eg ser kjempegodt kva som overhodet ikkje passar inn og kva eg skal ta bort. Etter dagens fotografering har eg for eksempel fjerna House Doctor boksane på hylla over TV'en.

Ynskjer dåko ein flott kveld, og ei god helg :)

mandag, januar 12, 2009

Ting Tar Tid

Ok, nå nærmer det seg eit år sidan me hadde overtakelse på dette huset. Det nærmer seg med andre ord eit år sidan kjøkkenet vart pussa opp. Sjølv om me berre malte den eksisterandes furuinnredninga, supplerte på med nokre Lidingö frontar her og der, og malte gulvet, så kjøpte me nye sokkellister i staden for å male dei bøkefarga som var her frå før.

Vel det var for leeeenge sidan. Sidan den gong har sokkellistene stått i fred. Me hadde blitt så vane med å vere utan soklar, at me nesten syns det vart fint. He he. I helga fekk eg ånda over meg og fann fram sag, vinkel, blyant og støvsugar. Eg hadde rett og slett ikkje tid til at Herr Fe skulle verte kvitt senebetennelsen i armen ein gong. Eg sagde og sagde, for typisk nok så var soklane 1 cm for høge til å passe under benkeskapa. Under sageprosessen varierte humøret frå entusiasme, via sinne til lettelse over å vere ferdig.

Både Herr Fe og eg sjølv syns det vart mykje finare nå, og kan ikkje skjønne kvifor me ikkje gjorde dette for lenge sidan :)

søndag, januar 11, 2009

Den første arbeidsveka i 2009 er over og nok ei helg har straks passert. Me har hatt ein fin kombinasjon av avslapning, husarbeid, rydding og oppussing. Og masse kos. I dag skulle eg liksom ta mange bilder til å ha til bloggoppdateringar i veka som kjem. Typisk nok så var denne dagen ein slik dag der dagslyset aldri kom for fullt.
Det er vel ganske lenge sidan eg har vist bilder fra gangen vår, så her ser de litt av den :) Bildene heng litt på halv åtte, både rammene og bildene inni rammene, he he. Av minifeen var me så heldige å få eit maleri til jul, med håndtrykka hennar i sølvmaling og avtrykkdiktet limt på. Det passa rett inn i samlinga med dei andre bileta i gangen.

På Living kjøpte eg for ei tid tilbake sidan store korger til å ha under benken. Dei er supre til å oppbevare ungane sine skule- og barnehagesekkar. Og akkurat nå så ligg jammen dørkransane me hadde oppe til jul oppi den eine :) Støvlane etter dagens søndagstur står visst også framme...
v
Ha ein fin søndagskveld alle saman!

torsdag, januar 08, 2009

Den finaste julegåva ever



Nå var det brått tomt for fine dagslysbilder i arkivet mitt. Det er godt det snart er helg. Dette bildet over burde eg absolutt ha venta med å tatt til det var lyst og fint, men eg MÅTTE liksom berre vise det allerede nå :) På bildet ser de verdas finaste smykke, nok ein gong heilt objektivt sett sjølvsagt :) Dette hadde altså den snille Herr Fe bestilt til meg til jul. Gjett om eg vart glad. Eg har sikla på smykkene frå Under the moon design i lange tider, og tenk at nå har eg mitt eige eksemplar. Her er Etsy-butikken hennar.


Smykkene består altså av sølvkjede, med påhengte sølvplater med ungane og mannen sitt navn på (håndtrykte). I tillegg til ein Svarowski krystall på kvar plate med farge avhengig av kva månad den enkelte er født i. Eg har ein lilla ametyst for juni, ein lysebrun topaz for november og ein rosa rosenkvarts for oktober. Eg limer inn nokre bilder frå Under the moon design si side slik at de meir kan sjå for dåko kor fint mitt smykke egentleg er (bildet mitt rettferdiggjer overhode ikkje smykket):



Nå skal eg sjå Prison Break på TV ;) Ha ein flott kveld de også!

onsdag, januar 07, 2009

Første onsdag i 2009

Det byrjar å minke i biletearkivet mitt over bilete knipsa i dagslys forrige helg. Dagens bilete er allerede utdaterte på ein måte, då stova er ommøblert sidan sist. Billyane har flytta til ein anna vegg. Og der dei står på bilete, er det nå eit heilt tomt kvitt lerrete som skal dekorerast. Om ikkje anna, så får de iallefall eit inntrykk av korleis stova vart som kvit. Nå er kvitmalingen pakka bort for ei tid. Både stove, kjøkken og gang er nymalt. HERLEG!
.
Den vesle kunstnaren på bilete over, kosar seg med maleskrin, pensel og vatn :)
Eg har også nesten 99% heilt sikkert bestemt meg for å kjøpe ein diger BTC lampe over spisebordet. Eg har jo prata om desse lampane i over eit år, og får dei ikkje ut av hjernen rett og slett. Håpet er jo at lampane plutseleg skal vere på salg, og det hadde jo vore heilt toppen. Det er lov å drøyme, ikkje sant?
Kvart år kjøper eg litt alternativ julepynt på Monsoon/Accessorize. I år vart det blant anna denne ugla som flytta inn hos oss. Er den ikkje knallfin? Eg har pakka bort alt den andre pynten, men denne ugla får bu her litt vidare.
.
Då gjenstår det berre å ynskje dåko ein flott onsdag!

tirsdag, januar 06, 2009

Fryd for auga

Takk for alle finord angåande det halvferdige lappeteppet. Måtte berre hekleinspirasjonen vare så pass lenge at eg får det ferdig om nokre månadar. I verste fall før neste jul. Eg har ingen mønster på teppet, har berre dikta mitt eige basert på bilder eg fann hjå Moonstitches ein gong. Eg heklar også saman lappane etterkvart, men festar trådane for hand i stadan for å hekle dei inn.

Med fare for å vere litt yesterdays news viser eg bilder frå ein av mine favoritt interiørreportasjar i dag. Det er ein reportasje som stod i siste utgåva av gratismagasinet Rett Hjem. Bileta er tekne av Bodil BO og stylisten og huseigaren er ei superflink venninne av oss.
Yesterdays news fordi det er ei tid sidan bladet kom ut (tusen takk, Trude, for at du sendte meg det i posten :)) og fordi både Emmeline og Bodil har vist bilder frå det før. Men men, dagens motto er: ein god ting kan ikkje seiast for ofte.

Eg diggar stilen, det kvite huset med dei svarte detaljane og ikkje minst Carvaggio-lampen på bildet over (viser desverre ikkje så godt på dette bildet). Svarte Hunterstøvlar til heile familien på trappa er heller ikkje å forakte:

Rett Hjem er eit gratismagasin som vert sendt ut til husstandar i Bergen og Stavanger, og dei som ikkje har fått det i posten kan lese PDF'en på heimesida deira.
Åh, så herleg det er å ha eit lager av upubliserte bilder å bruke av. Eg lagar innlegga kvelden før, og publiserer dei i ei rask håndvending innimellom alt det andre på jobben.

Ha ein fin dag!!

mandag, januar 05, 2009

Lappeteppe inn i varmen

Dette teppet har blitt nedprioritert dei siste månadane... Når ein ville bruke all tilgjengeleg hobbytid på å sy til Jul i Skulehuset, så vart det verken tid eller overskudd til å halde på med det. Dessutan var eg aldri så lite lei av det, og syns det var kjekt med ein heklepause.

Nå derimot, nå skamkosar eg meg med å hekle på det, og er spent på kor lenge den gleda varer før eg vert lei... Det passar jo godt inn i fargane i stova, så det hadde vore kjekt å blitt ferdig om ikkje alt for lenge :) Det deprimerande er at eg bør ha minst dobbelt så mange sekskantar som nå før det byrjar likne på eit slags teppe, men slike tankar tenkjer me ikkje :)
b
Ha ein fin dag!!

søndag, januar 04, 2009

Fjorårets julekort frå Familien Fe

Heldigvis fekk eg eit julekort i retur hin dagen (ukjent adressat), slik at eg kan vise dåko julekorta me sendte ut i desember. Rubbel og bit vart nemleg sendt av gårde før eg rakk plukke fram kameraet.
Det kjem heilt sikkert ikkje som ei bombe at det er Bodil (Bo Design og foto) som har laga dei, og at det også er ho som har tatt bileta.

Me vart strålandes fornøyde, og anbefalar alle som vil ha kjekke bilder av ungane, og fine julekort å sende ut å bestille hos Bodil :)

Sånn ellers må eg takke kjempemasse for alle kommentarane på forrige innlegg. Nå er eg mykje klokare når det gjeld opphavet til desse små kinesiske dukkene, og eg skal halde augene opne etter kinabutikkar når eg er ute på farten :)
.
Somme lurer på kvifor eg verkar så energisk om dagen. Det er sjølvsagt den enkle grunn at eg har hatt fri i to veker, og kan vere heime og stulle i dagslys. Til vanleg er eg ikkje heime mellom kl 0700 og 1630, og det begrensar seg sjølv kor mange gode bilder ein får tatt i skumringa og kor mykje anna ein får gjort enn vanleg husarbeide, leksehjelp, dill og dall. Så eg er ikkje meir energisk enn vanleg, har berre hatt betre tid.
.
Siste fridag er nå overstått, men eg har vore "smart" tatt opp ein del bilete slik at det skal komme innlegg utover i veka likevel :)
.
Ha ein fortreffeleg fin søndagskveld og ei flott veke!

.
PS! Gløymte jo heilt å legge til at skribleriet over namna våre er det minifeen som står for. Ho teiknar på alt ho finn, og i dag var det kortet som fekk litt dekor :)

fredag, januar 02, 2009

Stove i ny drakt

Som sagt så gjort. Vips var stova blitt kvit og fin. Det absurde er jo at eg tok bilete så tidleg i dag tidleg, at veggene nesten ser grå ut på bilete. He he, men stova er skinnande kvit, og eg er glad for å vere tilbake slik eg likar det best. Med kvite vegger har ein fritt spelerom ellers. Og Emmeline har heilt rett i at gråe vegger stjeler veldig mykje lys.

Det vert berre dette hjørnet de får sjå bilete av føreløpig. Eg gjekk typisk nok tom for maling då det berre gjenstod ein liten halvvegg igjen, og måtte derfor velge meg ut ein krok der dette ikkje viste. Eg måtte også unngå å fotografere det lekre klesstativet, alt malingsrotet, ungen som spelte Wii på TV'en, den andre ungen som vaska sofaen med ein oppvaskbørste (!) osv osv. Ikkje greit å vere interiørbloggar når det er folk og fear rundt ein over alt :)
Nå lurer eg veldig på noko... Har nokon av de andre sett slike små hekla dukker med asiatisk ansikt? Eg har hatt denne dukka sidan eg var liten, og anar ikkje kor den kom frå. Den er ikkje meir enn 2-3 cm lang og veldig skjønn. Men eg skulle altså så gjerne ha visst litt meir om den :) Mi dukke har ei løkke til oppheng i toppen, men eg syns å hugse at eg har sett liknande dukker i ring rundt ei nålepute også . Hadde blitt kjempeglad om nokon visste meir enn meg :)

Nå er meir maling på plass i hus, og eg vurderer om eg ikkje like så greit skal svinse over kjøkken og gang ein gong også. Så herleg når alle spikerhull, uvaskbare flekker og små avskallingar vert skjult under malinga :) Så slepp eg ta vårvasken også :)
Kos dåko medan eg maler huset med heile kroppen og godt humør.
PS! Jula fauk ut av huset for fleire dagar sidan. Nå er det vinter, det lir mot lysare tider og eg gledar meg til blå perleblomstrar, snøklokker og LYS. Tudelu

torsdag, januar 01, 2009

Verdas skjønnaste?

Me kjøpte verdas skjønnaste dukkevogn til minifeen til jul. Heilt objektivt sett sjølvsagt. Eg fall iallefall pladask for denne vogna, og heldigvis likte mottakaren den godt også. Eg har sydd vognteppe og madrasstrekk til den, og det er så kjekt å dille med slike jenteting :)
Eg likar vogna så godt at eg rett og slett ikkje klarar bestemme meg for kva bilete som syner den best. Resultatet er at det er alt for mange nesten identiske bilete i dette innlegget :) Men eg reknar med at de overlever det også...

Eit utsnitt av det fargerike vognteppet. Det stripete bandet er frå Søstrene Grene.

Av onkelen med familie fekk minifeen ei superskjønn dukke. Her er dukka iført ein herleg strikka dress frå 70-80 talet. Oppi korga er det fullt av nyvaska og nystrokne dukkeklær eg hadde som liten. Skikkeleg artig å finne fram desse kleda igjen. Mange hugsar eg godt, medan andre var fullstendig sletta frå hukommelsen. Dei herleg stoffa og fargane som er brukt i dukkeklærne er ei rein fryd

Bodil-BO var så snill å kjøpe ei diger Mailegkanin for meg i København, og nå har den endeleg komme vel fram til oss :) Tusen takk , Bodil!

Avslutningsvis må eg berre vise kor stor sopplysestakesamlinga mi har blitt nå. Herlege stakar.
Då håpar eg alle kom vel igjennom feiringa av inngangen til 2009. Me hadde ei herleg og avslappa feiring heime. Akkurat slik me likar!
Ha ein fin 1.nyttårsdag!! og Godt Nytt år!
Related Posts with Thumbnails