søndag, juli 31, 2011

Dømt til å mislukkast?





Teppe under salongbordet er risikosport med små born i huset. Iallefall små born som får lov til å ta med drikke og knask til sofakroken. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har kjøpt inn golvtepper. Golvtepper som akkurat fekk plass i vaskemaskinen, men som til slutt vart så fulle av flekker som ikkje lot seg fjerne at dei til slutt havna i dunken. Solbærsaft er til dømes kvite-golvteppe-dreparen nummer ein. Heldigvis har eg aldri investert i dyre golvtepper, men derimot så billige tepper at bruk og kast kan forsvarast reint økonomisk.

Etter å ha vore teppelaus i lange tider på grunn av overnemde "kvardagsproblem" satsar eg på ny frisk. Dette Ikea-teppet er så råfint, og forhåpentlegvis så genialt at flekker knapt viser. Eit forbod mot mat og drikke framfor TV'en er også innført, men eg er redd dette er eit forbod som er dømt til å mislukkast. Herr Fe er ikkje akkurat overbegreistra. Han syns det var fint og sånt, men han er nok meir realistisk enn meg. Enn så lenge er iallefall flekkfritt teppe herved blogga :)  

Korleis gjer du det med golvtepper og born som er glad i mat og drikke all over the place?

Håpar helga har vore fin for deg. Me har blant anna bevega oss opp gjennom og nedover fjellsider, ete mykje god mat og eg byrjar sjå enden på strikketøyet mitt. Gammalt garn til nytt prosjekt er derfor funne fram. I morgon er det ei ny jobbveke, men eg satsar på fine ettermiddagsturar til strender med piknikkboksen full av god mat.

God natt 
♥♥♥

Tavlevegg


Ah, så herleg, eg har endeleg fått til å gjennomføre eit prosjekt eg har hatt i bakhovudet lenge. Prosjekt tavlevegg. Det er så lenge sidan eg planla å male ein heil vegg med tavlemaling, at wiren eg kjøpte til oppheng av papirdill har gått ut av sortementet til Ikea. Frå før har me ei tavlemalt dør på kjøkkenet, og eg malte også ei dør med tavlemaling den gong me budde i Bergen (nokon som hugsar den?). Eg blir rett og slett ikkje lei desse store svarte felta der ein kan få utlaup for spontan kreativitet med kritt, he he.


Denne gongen har eg ikkje brukt tavlemaling, berre svart matt slitesterk maling som er malt på ein kortvegg (gips) på kjøkkenet. Satsar på at det held. Sidan me har magnettavle i gangen gadd eg ikkje styre med magnetmaling.


Tavleveggen gjorde susen der inne på kjøkkenet, syns eg. Sånn egentleg har eg helst lyst på heilt nytt kjøkken, med ei anna planløysing, med ein enklare og røffare stil, og ikkje minst: fleire vindauge. Men eg fekk ingen telefonoppringing frå Lotto-Hilde på Hamar i kveld heller, så kjøkkenprosjektet står milesvis langt bak i prioriteringskøen.





 All Bran flakes er frukost-hit'en hjå småkrabatane for tida, og eg må berre legge ved dette bilete av mikrofeen med kjøkkenhandkle rundt halsen


 I helga pleier me ofte bake noko godt saman, sidan småtrolla elskar bake, og me alle er glade i å ete baksten :) Hjarte-kjeksa er frå Paul Løwe og eg fann oppskrifta første gong i Elle Interiør i hine hårde dagar. Seinare er det samme bilete av kjeksa og oppskrifta publisert i boka Levende Lys frå år 2000 (Nina Dreyer Hensley, Paul Løwe og Jim Hensley), og eg tar meg den friheit å avbilde oppskrifta for deg som les dette innlegget.

Boka tar for seg Vinterens og julens gleder, og trass i at den nå er 11 år gammal, er det den mest inspirerande og fine vinterbok eg har :)



Ha ei fortsatt finfin helg.
Ciao

lørdag, juli 30, 2011

Det brenn i lomma










Ajajaj, det er laurdag formiddag og eg har hatt meg ein liten surferunde. Etter ein runde innom nettaviser, favorittbloggane, Flickr og Etsy havna eg til slutt innom Hviit. Akk og ve. Det er farleg å stikke innom slike fantastiske nettbutikkar når Visa-kortet brenn, samtidig som behaldninga må sparast til kjedelege saker som restskatt og andre viktige ting. Nå satsar eg på at ved å publisere bilder av nokre av favorittane i butikken, så får eg tinga litt ut av systemet mitt og at Visa-kortet sluttar skrike etter å verte brukt.

I love Oslo-handleposen er ikkje berre supersøt, men inntektene for salg av posen går uavkorta til Røde Kors. Løp og kjøp!

Går alt etter planen har eg litt små og store prosjekt som snart er ferdigstilte i huset, og dermed straks klare for å bloggast. Følg med, følg med, he he. Ha ein superduper laurdag og prøv å få tid til å gjere det DU likar best :)

PS! Alle bilete er tjuvlånt frå Hviiit.

fredag, juli 29, 2011

Peace & Love



Med dette ultrafine smykket eg kjøpte hjå Alexandra er eg klar for helg.
Ei helg med mykje Peace & Love.
Både på armen, i heimen og i samfunnet.

Ynskjer deg ei finfin helg. På mandag er det allereie august...

Tudeluuuu!

PS! Bloggen til Alexandra finn du her.

onsdag, juli 27, 2011

Æsj.... lige issje



Ja, akkurat det var det eg fekk høyre i kveld. "Æsj....lige issje den der" sa førstemann som smaka. "Æsj, lige issje den der" kom det kontant frå nestemann. Han som kopierer storesøstra i alt ho gjer og seier.

Eg har laga hylleblomstsaft for fyrste gong, og sjølv syns eg smaken var interessant. Ikkje akkurat fantastisk god, men hmmm. Ja. Vanskeleg å beskrive. Ein syrleg, søt smak av sommar kanskje?


Nå har eg ikkje akkurat lagt igjen supergod reklame for safta. Eg tippar dette er ei saft som du kanskje etterkvart vert veldig glad i. Kanskje elskar du hylleblomstsaft og kjenner deg ikkje heilt igjen i mi skildring. Har du ikkje forsøkt før, og har lyst til å lage deg hylleblomstsaft for å gjere deg opp ei meining om korleis det smakar, kan du for eksempel følgje denne oppskrifta her. Ein ting er iallefall sikkert: enklare saft å lage skal du leite lenge etter :)

Ha ein god onsdagskveld.
Klem frå Linda

tirsdag, juli 26, 2011

L & ....



Heilt sidan eg såg at Fjeldborg hadde tapetsert &-symbolet sitt har eg leita etter den "rette" tapeten for L'en min. Tapeten dukka opp i utlandet for nokre veker sidan (Etsy), og eg diggar den så vanvittig. L'en min fekk eg for fjørti år sidan av Bodil-BO. Ho hadde kjøpt den til meg hjå Riviera Maison sin fantastiske butikk i Rotterdam. Snille Bodil mi

Som de kan sjå manglar det ein vesentleg bokstav etter &-symbolet mitt. L & ... ingenting. Det ligg ingen dramatikk, samlivsbrott eller noko slikt bak dette, he he. Problemet er berre at kjærasten min har så vanskeleg førstebokstav i namnet sitt at det er vanskeleg å finne ein. Trur eg må ta saga i eigne hender i stadan.


I kveld har eg som mål å komme meg i seng før kl 23. Det er ikkje berre berre å få søvnrutinane på plass etter ferien. I kveld satsar eg imidlertid på å sovne momentant og sove i koma til i morgon tidleg kl 0550.

Ha ein fin kveld du som kan sitje oppe lengre. God natt herifrå

mandag, juli 25, 2011

Livet


Det er sorgtunge dagar i Norge nå, det merkast jo også på stillheiten i mange bloggar. Me har (som alle andre med barn) brukt masse tid på ungane, på å forklare og svare på spørsmål. Tid på å hindre frykt. Ikkje minst verne dei frå dei verste TV-bileta som særleg prega dei første dagane etter tragedien. I kveld var det fakkeltog i sentrum. Fantastisk oppmøte og fint. 


Dagens bilete vart tekne på fredag føremiddag. Siste feriedagen min, som vart brukt til å få alt på stell igjen etter fire veker i sus og dus. Vaskemaskina og tørketrommelen jobba iherdig saman med meg. Alle vindauge på vidgap. Discomusikken ljoma ut or stereoen, ungane dansa og lo, ja, eg trur til og med Herr Fe svinga seg på stovegolvet då han trudde eg ikkje såg han
Lite visste me om kva som skulle skje nokre timar etterpå. 
Uff.


Eit lampekupp frå brukten til 25 kr, og ei stripete plastmatte frå Plantasjen er så utruleg ubetydeleg i den store samanhengen. Det er ubetydeleg i den store samanhengen. Men så er det jo slik at me også treng pusterom frå det triste innimellom, og derfor pustar eg herved liv i bloggen igjen med innlegg om meir eller mindre ubetydlege ting igjen.

Det er svært mange som har spurt kor det stripete teppet me har under spisebordet er i frå. Det er ei House Doctor matte kjøpt hjå Nettpynt for eit par år (?) sidan nå. Eg har også ei svart og kvitstripete fillerye frå Ikea, som flyttar rundt i huset alt ettersom. Nesten som vårt eige "flyvende teppe". I det siste har rya tenestegjort på kjøkkengolvet, men det var før eg kom over denne plastmatta frå Plantasjen i ferien. Trur eg gav 149 eller 179 kr for matta, og målet på den er 90 x 160 cm, trur eg. Det var dagens usponsa (som alltid) kjøpetips til deg som slit med å få tak i stripete plastmatte.

Ein god klem til deg som treng den

lørdag, juli 23, 2011

Tom for ord


Mi djupaste medkjensle og omtanke for alle som er ramma av dei grusomme handlingane i Oslo og på Utøya i dag.

Ufatteleg og grusomt trist.


Varme klemmar frå Linda

tirsdag, juli 19, 2011

Rips









Det har vore mykje grissling med rips dei siste dagane. Skal ein få ripsgelèen stiv, så er det lurte å plukke bæra nå før dei vert for modne. Ripsgelè og ripssaft er produsert. Produkta er smaka på og godkjende. Mmmm. Rips = sommar.

Ha fine sommardagar der du er :)

søndag, juli 17, 2011

Flytte her og flytte der


Det er ikkje noko banebrytande innlegg eg har å by på i dag. Ingenting er nytt, og de har sett alt før. I veka, som straks er over, har eg brukt nokre feriedagar på å flytte litt rundt på ting og tang i huset, sortere ut rot og rask og få litt orden. Herleg kjensle når det er på stell.


Eg vart brått så utruleg lei av den dominerande Billybokhylleveggen i stova. Mengda av bokhyller er halvert, og dei resterande bokhyllene har bytta plass med bildeveggen. Med ei halvering av antal bokhyller seier det seg sjølv at me plutseleg har ein bråte med ting som treng oppbevaringsplass. Jakta på eit supert skap er derfor iverksett ;) Eit skap til oppbevaring av teiknesaker, papir, puslespel og perlerier osv.

Slik er utsikta frå kjøkkenet nå (det nye skapet som så langt berre eksisterar i draumane skal stå der putestabelen ligg):


Og slik var utsikta frå kjøkkenet før eg starta ommøbleringa:


Forandring fryder, og det verkar luftig og lett i stova nå. Me har imidlertid ikkje kvitta oss med bokhyllene, sånn i tilfelle eg får for meg at me må få dei på plass att, he he. Herr Fe sukkar litt oppgitt over all romestrering med møblar, men har blitt van med alle desse idèane mine og hjelper velvillig til med bæring her og der :)

Som alltid har eg ungane rundt beina på meg, og må berre avslutte med dette bildet av popstjerna i familien:


Ha ei fortsatt finfin helg :)

PS! Fordi eg kanskje får spørsmål som eg ikkje rekk svare på: Det stripete teppet under spisebordet er frå House Doctor og kjøpt hjå Nettpynt. Det stripete teppet på kjøkkenet er frå Ikea. Bokhyllene er Billy frå Ikea. Dei svarte rammene er frå Clas Ohlson.

torsdag, juli 14, 2011

Lukke i papirform


Eg er framleis på jakt etter tapetrestar frå hine hårde dagar, og drar nettet rundt på skattejakt. For ei tid sidan fann eg verdas finaste retrotapet på E-bay. Eg venta vel og lenge på herligheten, som omsider kom i hus. Som eit plaster på såret for ventetida hadde selgjaren sendt med enno ein godbit, nemleg den med oransje blomstrar (brukt på den største soppen). Fantastisk kjekt. 


For å sjå korleis tapetane tok deg ut i bruk sendte eg straks Herr Fe i snekkarboden utstyrt med sag og pusseklut. Resultatet vart faktisk enno betre enn forventa og det er jo knallkjekt. Epla er forresten oppdatert etter gammalt. 


Litt stemningsbilete frå leikehytta følgjer. De har sett det meste før, og alt er hovudsakleg loppe- og bruktfunn. Siste funn er plastrosene - akkurat slik dei brukte på ...ja, var det på 50, 60 eller 70-talet, mon tru? Akkurat slike eg bestemte meg for at eg aldri skulle ha i hus. Slike som mormor hadde. He he, gjett kven som omtrent fekk hjarteinfarkt då eg kom over dei?



Eg er framleis lukkeleg over amagerhylla eg kjøpte for 35 kr på Fretex. Den gong då var den mørkebrun og litt kjip i looken. Den låg vel og lenge i kjellaren og venta på malekosten, før den vart lilla og kul i looken (fargekoden er C3020-R50B).

Nok ein fantastisk herleg sommardag er over. Her i huset har me enno over ei veke med ferie igjen, og skal prøve å nyte kvart sekund. Har planar om å kokkelere litt på kjøkkenet og omrokkere litt meir i huset, men alle slike prosjekt vert utsett nå som sola skin frå skyfri himmel.

Ha ein fin torsdagskveld.
Related Posts with Thumbnails