![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgW9geQWMZFvf2nD-7-Ooalg71EewyEjzuMMsT3H5qhskrmFI-szJQxl60bD0X2V2YNNYzDbvyeex7y_CvClgduTp6HvsW0riwacIOhGfxkF13iyBFI309uP5YplgKoUKOyRAbl/s320/000000.jpg)
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhc_hDnlhBWQxrY2QZkjL08BgD2smeXSZJr_JBOZGbu5gQJ_zeGHihb9nqivYQHaZ_JdhPEAhwI0zXNFQGHff7zXPY73hbPhz5vM75J_240kaMscDIdCt8CbtSSrRceb9vRA0a1/s320/00000.jpg)
Foto: Mollys Heaven
Ei identisk knaggrekke vurderte eg å kjøpe for 229 kr i ein butikk i Sandnes ein dag. Gjett om eg var glad for at eg ikkje slo til på den, når eg like etter oppdaga at Mollys Heaven solgte den samme for 85 kr mindre ;) Endeleg har husets nøklar og identitetskort ein fast stad å henge.
Med dette ynskjer eg alle som ein ei herleg julihelg!!
Eg var så hoppandes glad då eg fekk tak i eit gammalt DIGERT skulekart over Europa, og syn det passa heilt supert inn på rommet hans.
Skrivebordslampe frå Hilmers hus, og sparegris frå Åhlens. Med dette er grunnlaget for min sønns akademiske karriere på plass ;) Han skal jo bli astronaut, så det er ikkje noko i vegen med framtidsplanane iallefall ...
Einaste aberet er at han vil ha mammo med seg i romferja ut i verdensrommet. Hehehe.
Ha det godt!
Har omsider fått på plass skapdører på det innebygde skapet eg tapetserte ryggen i tidlegare. Vart sååå mykje betre. Klarte ikkje halde skikkeleg orden, og nå er alt rotet skjult bak dører.
Veggklistermerke frå Søstrene Grene pyntar opp over døra ut til bakgangen. Er LITT usikker på om dette var heilt meg, men for 25 kr går det fint an å teste ut smaken.
Avslutningsvis må eg takke så mykje for alle dei fine orda angåande heklateppet. Eg har ikkje gjort meir sidan sist, men nå skal det heklast gitt.
Ha det fint resten av helga!