mandag, mars 31, 2008

Velkommen her.

Nei, dette er ingen aprilspøk. Eg har valgt å flytte ut av Hobbybod-bloggen, og håpar at de vert med på flyttelasset.

I den heller ufrivillige bloggpausen eg hadde i januar og februar, så passerte 4-årsjubileet for mi bloggeverksemd. Eg starta på Sprayblogg i januar 2004. Blogginga var vel heller amatørmessig den gong, og det gjekk meir i å vise fram strikketøyet, nye garnnøster og nysydde ting med bilete teke med eit dårleg webkamera. Men det fungerte greit, og blogginga gav meirsmak. Lurer på om det er nokon som fylgjer med på bloggen min som har vore med heilt frå starten av? I 2004 eksisterte det ikkje særleg mange bloggar, medan det særleg det siste året har tatt heilt av, syns eg. Eg klarar nesten ikkje følgje med på alle, men syns at det er fantastisk mange kjekke og fine bloggar det ute.

Håpar og trur at eg kjem til å trivast med blogspot-blogg på heiltid, og ikkje berre som Den gode feens butikk..

Ha ein fin 1.april!
Related Posts with Thumbnails