4. trinn på barneskulen er verkeleg ei spennande tid, både for storebror, men også for geologmammaen. Dei har lært om dinosaurar, geologi generelt, fossilar, og om andre spennande naturfenomen. Det har vore kjempekjekt at eg har kunne låne ut fossilsamlinga mi, og ikkje minst har det vore kjekt å sjå kor gøy ungane har syns dette temaet har vore. Kanskje nokre av dei er framtidige geologar?
Ida er boka om fossilet Ida. Boka er skriven på nynorsk, og eg kom over den på den flotte bokklubben
Blåmann. Eg kallar boka for eit kinderegg, for her er det mange goder på samme tid:
Poden lærer geologi, nynorsk og syns boka er kjempekjekk. Alle småfeane snakkar bokmål, og innimellom får eg spørsmål som " hva betyr hovud?", men generelt les han nynorsk utan problem. Dette er den nye sengelektyren som har konka ut Star Wars blada hans. Ikkje verst.
Er du som meg på jakt etter barnebøker skrivne på nynorsk er
Blåmann nettbokhandelen også for deg.
Maria Parr (forfattaren av Vaffelhjarte (på barneTV i jula)) skreiv så fint på Blåmannsida akkurat det eg tenkjer, og eg tar meg den frihet å sitere henne:
Av og til møter eg folk som leitar
og leitar etter nynorske
barnebøker; for dei er så
vanskelege å finne, seier dei.
Då kan eg heldigvis fortelje
om Blåmann. Tenk så bra
at det finst ein liten bokklubb
der alle dei gode nynorske
barnebøkene er samla
på ein stad. Det er bra, det!
Maria Parr vann forresten nynorskprisen året før meg, så me har noko til felles utover å like Blåmann også :)
Sidan eg ikkje får til å slå av kursivskrifta, avsluttar eg nå :) Ha ei kjempefin helg!