søndag, september 30, 2012

MESSE 2012

I helga gjekk den supre Interiør og Boligmessen av stabelen i Grieghallen i Bergen.
Messa vart arrangert for fyrste gong i fjor. Den gong då vart eg sååå imponert, og eg trudde ikkje det gjekk an å toppe den opplevinga.

Dette er motbevist i år. Eg er nettopp komen heim etter ei knallkjekk messehelg. Eg er berre såååååå IMPONERT. Tenk at ei slik messe kan haldast i Bergen og Norge. For dette er messe med internasjonalt sus. Eg er full av inntrykk. Full av inspirasjon, og full av gode minner om alle dei herlege menneskene eg har møtt.

Her er nokre glimt frå helga:
Sidan mine bilete frå messa er generelt av dårleg kvalitet har eg tjuvlånt dette bildet frå messebloggen. Bloggeria-området i messehallen var stilig dekorert i svart og kvitt.
Kule og kjekke NIB-Solveig.

Spreke Fargesirkus-mannen er lukkeleg vinnar av speedstylingkonkurransen.
Nydelege Signe.

Messa bugna av alskens lekkerbiskenar, her er kule posterar frå Terese Sennerholt.

Eg sikra meg den ultimate kalenderen.
Kalenderen med stor K.
Den evigvarande kalenderen.
Eg feira kjøpet med å pynte opp litt på det heller trauste hotellrommet i dag tidleg.
Kvifor sove lenge når ein har husmorferie når ein kan piffe opp eit utdatert hotellinteriør, he he he.  
Før:

Etter:
Dette er lukka i papirversjon.
Etter vellukka (he he) hotellromstyling kunne eg setje meg til rette i vinduskarmen og nyte utsikten av Bergens Håkonsgate. Lukkeleg over at eg aldri skal starte stylist-karriere.
Pakkenellikkane er klare og eg skal vende nasetippen mot Stavanger igjen.
Gledar meg allereie til Interiør og Boligmessen 2013.
 
Ha ein flott søndag!

mandag, september 24, 2012

KIDSBRANDSTORE


For nokre veker sidan fekk eg mail om at ein ny nettbutikk for barneklede skulle opnast.
Nemleg Kidsbrandstore.no.
I dag er den o' store opningsdagen og dette feirast med 20% rabatt på alle varer for oss som kundar. Trur tilbodet varer nokre dagar, stikk inn her og kikk. Butikken bugnar av fine barneklede, og er kanskje spesielt gode på tøffe klær til gutar som er i 10-16 års alderen. Eg har derfor snopt nokre ting til eldstemann, men det skal du få sjå meir av når eg har fått varene i hus. I dag viser eg nokre jentekledefavorittar. Det går nemleg an å sortere etter fargar i butikken, og rosa er sjølvsagt den o' store hit-fargen hjå snuppilupp.

Tusen takk for ein fantastisk kjekk respons på betongtapeten, eg set pris på kvart eit ord :)
Ha ein flott kveld!

søndag, september 23, 2012

BETONG


Eg hadde eit gåvekort frå Fargerike liggjande.
Gåvekortet var i ferd med å verte ugyldig, så lenge hadde eg hatt det.
Nå måtte eg få fart på sakene, og skunda meg inn til Fargerike inni Stavanger sentrum.
Gåvekortet vart bytta inn i to rullar med betong-look-a-like tapet frå Storeys.
Tusen takk til Fargerike, eg er lukkeleg glad.
Tapeten vart nemleg slengt opp på veggen natt til i dag.
Brått var den kjipe gangen litt sprekare.
Det mest geniale av alt er at eg kunne tapetsere rett over den mønstrete miljøstria utan at mønsteret viser gjennom.
Det er fare for at eg får blod på tann gitt.


Den oransje finfine kofferten er forresten kjøpt på IKEA.

Ha ei super veke!

mandag, september 17, 2012

Kort tid igjen


Nå er det mindre enn to veker igjen til Inetriør og Boligmessa brakar laus.

Her vert det litt for kvar ein smak, om du har blogg eller ei.
For oss bloggarar vert det ekstra mykje kjekt, og eg gledar meg til å treffe meir og mindre kjendte fjes igjen :)

Eg kjenner at eg gledar meg ikkje akkurat mindre over å sjå smakebitar av kva me kan kjøpe på messa. Sjå berre her i messebloggen.

Har du hatt ein fin dag i dag?
Eg starta dagen med ein ørliten pustepause og deretter frisørbesøk som nevnt. Som alltid er eg like fornøyd etter å ha vore hos Maren. Deretter var det full rulle med jobb, middag, fritidsaktivitetar og så trening. Nå skal eg rett og slett stupe i seng for å vere rusta til morgondagens mas og tjas :)

Goa natto te deg :)

GRAN



Ti minutt heime åleine på morgonkvisten.

Skal nemleg til frisøren i dag :)

Smoothie, nytt Elle Decorations og blogg.
Kan det bli bedre? 
Elskar GRAN tapeten frå Fine little day!


Ha ein flott mandag,
Linda

søndag, september 16, 2012

The basement


Dei siste vekene har eg styra på dag og natt føler eg. Så snart ungane har vore i seng, og så snart trening og husarbeide var overstått har eg gått i kjellaren.
Nå er natteprosjektet mitt snart ferdig, og de får sjå eit lite glimt herifrå.

Me bur i eit lite hus. Soveromma er små, og ungane veks seg større og større. Etterkvart tar dei ganske så stor plass. Naturlegvis. Heldigvis. Det er berre det at fem 10-åringar rommar større volum enn fem 4-åringar.
Eg vil me skal ha ein heim der ungane får ha mykje besøk.
Den siste tida har det imidlertid vore eit stort behov for eit ekstra rom der gutta boys kan spele og høyre musikk og brøle og hoppe utan at me andre flyktar opp i andre etasje eller ut av huset :)

Derfor har eg stått på dag og natt. Det eine rommet i kjellaren er nå forandra frå ein gusjegrå typisk sementprega kjellar, til eit spelerom der alle kan utfolde seg i fri dressur.

Tv-benken er laga av tre ventilatorskap frå Ikea som er skrudd saman, og som har fått kjøkkenbenkeskapbein til å stå på. Billig og enkelt og fint.

Det einaste som manglar nå er litt meir stæsj på veggane og nokre sakkosekkar til å sitje på. Etter å ha tatt desse bileta har eg funne fram ei madrass dei kan slenge seg på så lenge.

Nå treng resten av huset litt oppmerksomheit i form av ein omgong med vaskefilla. Gledar meg til å slenge beina høgt i kveld :)

Ha ein god søndag der du er!

lørdag, september 15, 2012

DISCO

Dagens innkjøp: Discokule

Skapar herleg stemning når sola skin på den.
Skapar herleg stemning når familien svingar seg til discorytmar før sengetid for småtroll.

Eg elskar å danse. Eg elskar disco. Å eige ei discokule gjer meg rett og slett glad.

Solskinsbukse


Eg er ein person som alltid tyr til svarte klede.
Dette prøvar eg endre på, det kan jo verte litt dystert.
Denne sommaren gjekk det faktisk vekesvis mellom kvar gong eg hadde på meg svarte klede.
Utover hausten nå, så merkar eg at det svarte igjen er å føretrekke.
Denne gule solskinsbuksa er imidlertid jammen eit friskt innslag i alt det svarte.

For nokre veker sidan fekk eg ein henvendelse med spørsmål om eg ville teste ut nettbutikken Blingo.no.
Hovudsakleg selgjast det barneklede på Blingo, men eg, som fann ut eg skulle vere litt mamma-egoist denne gongen, valgte to plagg til meg sjølv der inne. Altså den gule tightsen og den mørkegrå Mette dress Anthrasite eg har på meg på bileta (som alltid ei utfordring å få til å ta bilete i spegelen). Du finn plagga her om du vil kikke.

Herlege mjuke og gode plagg som eg skal bu i utover hausten. For kva er vel betre ein grå regnversdag enn å vekke oppsikt med ei solskinsbukse?


God helg :)

onsdag, september 12, 2012

Glimtvis


Bloggelysta kjem sånn glimtvis for tida.
Livet.
Hausten.
Jobben.
Familien.
Tankane.
Mangel på tid.
Alt tar tid.
Men:
Alt er veldig vel.

Med denne glimtvise blogginga av små glimt frå ein gong heimen var ryddig satsar eg på at bloggepiffen er tilbake igjen :)

Ha fine haustdagar der ute!

mandag, september 03, 2012

See you there???




Nå er det ikkje lenge igjen, folkens.
Ikkje lenge igjen til årets happening på interiørfronten atter ein gong brakar laus.
28.-30. September er helga der me skal kose oss med sosialt samvære, bli inspirert og kanskje kjøpe noko fint til heimen.

Eg var der i fjor også, og det var  F A N T A S T I S K  kjekt.
Satsar på at det vert minst like kjekt i år også.
Gledar meg masse til å treffe supre interiørbloggarar og hyggelege menneske.
Jippi, eg kjenner at eg regelrett storgledar meg.
Håpar eg ser D E G også der :)

Du må skunde deg og melde deg på om du ikkje allerie har gjort det. Fristen går nemleg ut 10. september. Skunda på, skunda på!
Les på Facebook om du vil ha siste oppdatert informasjon.
For påmelding - trykk på knappen:


 Kjem du?







søndag, september 02, 2012

Ein elefant.... to elefanter....

 To av mine favorittar frå eigen barndom (lita hekledukke og papirdukke).

God søndagskveld der ute!
Helga er i ferd med å avsluttast.
og eg er riktig så fornøyd med den.
Sidan i sommar har eg sortert og kvitta meg med mange ting som me ikkje treng lengre. Klede er levert til Fretex. Leiker plassert i byttebua på Forus gjenvinningsstasjon, Phil & Teds vogna er solgt og sendt. Når ein bur trangbudd som oss, så krevst det stadige sorteringar som desse for å ha plass og orden. Nå i helga har eg fortsatt denne sorterings- og ryddejobben og ser endeleg enden på prosjektet. Puh!


Me har hatt små og store venner på besøk i løpet av helga, og har fortært mykje god mat og drikke. I dag var me i symjehallen og eg har vore på første spinningøkt etter sommaren. Tuuuungt å komme i gong igjen akkurat på den fronten, men men det vert vel betre får eg håpe.

Etter rydding er de alltid kjekt å ta bilder, og når eg i tillegg har verdas aller kulaste spareelefantar å vise fram, så måååå eg jo berre dele med dåko der ute.
Eg holdt nemleg på å setje Pepsi Max'en i halsen for nokre veker sidan då eg var på jakt etter barneklede i nettbutikken Sam og Sofie.
For der var dei jo!!
Elefantane eg har vore på jakt etter i  
Å R E S V I S.
Dette er elefantar du ser i dei kulaste utanlandske interiørmagasina.
Og det beste av alt: me finn dei hjå Sam og Sofie i alle moglege fargar.
Heldigvis hadde eg ikkje allereie kjøpt andre sparebøsser til dei to yngste i huset, og var rask med å klikke desse til bestillinga. Eg hadde sjølvsagt store problem med å finne ut kva fargar eg skulle kjøpe, men enda opp med gul og raud som du ser.  Er dei ikkje dødsfine? Det er nesten så eg skulle hatt ein sjølv også.... Kanskje ein svart slik ein på kjøkkenbenken hadde gjort seg ;)


Nå skal sekkar, nyvaska regntøy og klede finnast fram.
Ha ein god søndagskveld.

Klem frå Linda


Related Posts with Thumbnails