søndag, august 29, 2010

Ein heavy start


Beklagar at det har vore utruleg stille i bloggen i det siste. Det har vore så mykje styr og bekymringar at bloggen rett og slett har blitt gløymd oppi alt. Eg bekymrar meg søvnlaus når dei søte små er sjuke, og dei siste to vekene har begge gutane vore sjuke. Eldstemann datt på sykkelen og knakk armen, og yngstemann vart brått så tung i  pusten at han til slutt vart innlagt på barneklinikken for å få inhalasjonar og medisiner. Heldigvis vart han/me skrivne ut den tredje dagen, og er nå frisk igjen. Huttemegtu.

Heldigvis har me hatt god hjelp og støtte av gode venner og familie. Og denne helga har me berre slappa av saman med bestevennene våre frå Sandefjord. Me har ete så me nesten trillar, og me har ledd og hoja, gått turar og berre hatt det kjekt. Alma deklarerte lukkeleg at "nå har me fest", når me åt nysteikte skuleboller til lunsj på lørdag, og var rask med å finne fram bursdagskruna si igjen ;)

Nå står ei ny veke på trappene, og eg kryssar alt eg har for at det har vore nok sjukdom og elendighet her i huset på lange tider. Då vert det overskudd til oppdatering på bloggen også ;)


Når ein føler seg sliten og kreativiteten er på eit labert nivå, så er det som  ei vitamininnsprøytning at ein får ein kjekk pakke i posten. Som i ei utfordring frå TAMO har eg fått desse stoffa som nyleg kom inn i butikken, og skal sy eit eller anna av det. Hmmm, tankane og idèane svirrar, og så snart stoffa er tørre etter vaskemaskinrunden, så skal eg setje i gong å sy i ei ledig stund. Eg diggar jo Småfolk-eplene, og eg elskar stoffet på bildet over. Tuuuusen takk til Barbara i TAMO som sendte meg dette :) Stikk ein tur innom butikken du også, du finn både desse stoffa her og masse masse anna dødsfint :)



Ha ei flott veke. Og så håpar eg at både du, og eg, og familiane våre held seg friske og raske!!
Klem frå Linda

søndag, august 22, 2010

Den store stygge ulvens sjokoladekake

Som dei fleste andre ungar her på jord, så elskar også ungane her i huset å bake. Eldste og yngstemann er mest opptekne av å smake på deigen, medan midtimellomen er oppteken av heile prosessen ;) Kvar helg seier minifeen: "kan issje me baga någe, mamma?" Eg drar alltid litt på svaret. Det er ikkje det at eg sjølv ikkje likar å bake, men det store aberet når det gjeld denne kjekke sysselen, er at eg helst ikkje skal ete så mykje usunt.


I slike tilfelle er det om å gjere å bake noko som ikkje er så ubeskriveleg godt at ein ikkje klarar styre seg, he he. I dag fann eg fram ei oppskrift frå eit gammalt Mamma-blad. Oppskrifta stammar frå Mikke Mus kokebok som kom ut i dei glade 80-åra (fleire som hugsar den?). Kaka skal nytast utan glasur og her såg eg ein anledning til å spare nokre kaloriar ;) Kaka såg knallgod ut som den var, og her får du oppskrifta også:


Me brukte ei lita spiseskei bakekakao i stadan for kokesjokolade (manko i skaphyllene), men resultatet vart toppers likevel.


Den observante legg merke til at Alma framleis brukar bursdagskrona si, trass i at det snart er 3 månadar sidan ho fylte år ;) Bursdagskrona er perfekt som kokkehue og som hatt sånn på generell basis også, meinar Alma.

Når kaka var ferdigsteikt vart det fest i leikehytta i hagen. Nysteikt sjokoladekake og saft og kjekke naboungar på besøk er perfekt på ein søndag ettermiddag. Tilbakemeldingane var at det var den beste sjokoladekaka dei hadde smakt på åresvis, så veit de det ;)
Eg sjølv forsøkte å ignorere kakelukta og aktiviserte meg med å setje oppskrifter frå ulike magasin i oppskriftspermen min.


Reportasjar laga av Paul Løwe et al. er så utruleg delikate at eg samlar på alle eg kjem over. Paul Løwe har forresten ein super blogg du kan finne her.


Eg veit ikkje kor lurt det er å  kikke på kakeoppskrifter når ein prøver unngå ete denslags, for denne ostekaka her ser då aldeles ubeskriveleg god ut:

Nei, takke meg til eit eple og litt grønn te. Og ein perm med oppskrifter i system.

Ha ei flott komande veke!!

Klem frå Linda

fredag, august 20, 2010

Fargekodar og sånn

Dette har vore mi dårlege samvittighet ei lang stund. Det er så mange som har spurt etter fargekoden på den lilla amagerhylla, og eg har berre ikkje hatt tid til å leite den fram. I dag er det derimot planleggingsdag i barnehagen og eg og miniputten kosar oss heime nå i formiddag.

Her er omsider koden: C3020-R50B (er ørlite usikker på om den første bokstaven er ein C eller ein G, men det finn dei nok ut i malarforretningen).


Malingen er, forutan på Ikeakrakken på dei første bileta og amagerhylla på bilete over, også brukt på det skjønne, vesle nattbordet på bilete under.  Nå er boksen vår tom, og kanskje ein ny farge kjem i hus etterkvart ;)


Den gule stolen er det også fleire som har spurt etter koden på, og det er enkelt og greit ein farge som heiter signalgul (fins på eit gammalt utgått Butinoxfargekart).

Eg har ein stabel med klær som skal leggast opp og fiksast her og der, så det er best eg går i gong. Ha ein flott fredag og ei super helg :)

Klem frå LindaPinda

onsdag, august 18, 2010

Sånn cirka verdas finaste smykke


Eg elskar smykket eg fekk av min kjære til jul for nokre år sidan. Smykket består av plater i sølv med namna til Herr Fe og småfeane gravert inn for hand.  Og på kvar plate heng det ein liten swarovskikrystall med ein bestemt farge for månaden den enkelte er fødd i.

Hin dagen kom siste tilskudd på smykket i hus. Vår kjære skjønne Simon var jo ikkje kome til verda då eg fekk smykket, men nå er han endeleg på plass også i smykkeversjon :) Sølvplata og krystallen hans var litt mindre enn dei andre, men det var jo berre ekstra søtt. Flaks! Smykket er forresten bestilt her.


Her er jobbkvardagen og tilvenning i barnehage i full gong. Alt går knakande fint, men det er jo travelt. Grådig kjekt og grådig travelt. Det blir derfor litt lengre mellom kvart innlegg, men eg har iallefall bestemt meg for å forsetje blogginga og ikkje legge den ned :)

God natt og Ha det godt så lenge!

mandag, august 16, 2010

We ♥ LEGO


LEGO er ein stor HIT her i huset, både hjå liten og stor. Og i det siste har det kome mange tøffe produkt på marknaden utover dei vanlege eskene med byggeklossar. På Europris har dei desse store oppbevaringsboksane forma som LEGO-hovude til 99 kr, og det passa perfekt inn på gutterommet. Her skal fleire kjøpast inn, slik at innhaldet kan sorterst (figurar i eit hovude, lause klossar i eit, verktøy i eit, osv).

Matboksane forma som LEGO-klossar kjøpte eg på samme plass. Sjekk kor tøffe dei er:



For ei stund sidan fekk eg ein e-post med spørsmål om me kunne tenke oss å teste ut dei nye spela LEGO lanserte 2.august, og me takka jublande JA.

Minotaurus er ein slags avansert form for LUDO og er det spelet som er mest populært av spela me skulle teste ut.


Her må dei små brikkene passe seg for den skumle Minotaurus som vokter tempelet Legomennene skal komme seg inn i. Eit superkjekt spel for heile familien.

Me fekk også Monster 4 (fire på rad) og Creationary (avansert form for Fantasi). Alle spela fall verkeleg i smak og kan anbefalast på det sterkaste.


Den kjekke bloggen Foreldremanualen har også testa spela, og du kan lesa deira bedømming her.


Ha ein fin mandagskveld og ei god natt :)

fredag, august 13, 2010

Plutseleg ferdig


Heksagondukketeppet eg har halde på med i sommar er fullstendig ferdig nå. Eg hekla to rader med stavmasker rundt kanten og avslutta med ein gul picotkant. Veslemor er glad for teppet og brukar det heldigvis kvar dag (kjekt når det vert satt pris på).

Neste prosjekt ut er nå å få avslutta heksagonteppet i alpakkagarn som eg har halde på med dann og vann i fleire år. Eg fekk meg ei herleg overrasking då eg tok teppet fram i dag. Så godt som alle trådar er festa, og teppet er rett og slett stort nok til å fungere som barnehageteppe for minstemann. Eg satsar på å hekle ein tilsvarande kant rundt dette teppet her også, noko som bør vere overkommeleg i nær framtid. Lovely. Eg diggar når ting kan avluttast og ferdigstillast.

Garnkorga er rydda, og duse pastellfargar i lysegrå og lyseblå fargar ligg øvst. Med haustens inntog treng særleg minstemann varme plagg, og eg gledar meg til å klirre med strikkepinnane og lage noko fint til han :)


Ha ein fin lørdag i morgon, med eller utan hekletøy i hendene :)

Nytt stovebord atter ein gong


Gubbevaremegvell kor eg slit med å komme meg tilbake i bloggemodus etter ferien. Alt verkar så banalt og teit å skrive om. Det er mykje enklare å skrive korte innlegg om smått pjatt når ein oppdaterer ofte. Nå som eg har feriert i lengre tid, så bør eg komme tilbake med brask og bram, og ikkje berre vise fram nysteikte lappekaker frå frukosten føler eg, he he. Men i dag hoppar eg i det, og erklærer at ferien herved er overstått og eg er tilbake med små kvardagsglimt frå feens heim :)

De som har fulgt bloggen min i åresvis veit at eg tilstadighet er på jakt etter det riktige salongbordet. Ofte trur eg lukkeleg at eg har funne det perfekte bordet, for så, etter ei tid, å finne ut at det ikkje var fullt så perfekt likevel. Bordet er plutseleg for lite, for smalt, for vinglete, for høgt, for lågt. Ja, det er ikkje måte på kor mykje gale eg kan finne ut når det gjeld salongbord. Borda havnar derfor oftast i kjellaren/på loftet/på Finn/på Fretex osv.  Men blant Ikeas nyheter fann eg nyleg mitt superduperfantastiske nye bord. Dette er og blir perfekt, og eg er lukkeleg nyforelska i eit bord atter ein gong. Bordet er eit Hemnes bord frå Ikea med dei vitale måla på 90 x 90 cm, og med hylleplate under.


Bordet vart samanskrudd av ungane sin kjekke onkel og assistenten hans ;)


Helgevasken står for tur her nå, og etterpå skal eg ut og handle inn det eine og det andre. Neste veke er det full rulle igjen, med skulestart, jobbstart og barnehagetilvenning. Så nå må skap og skuffer fyllast så me har klær, sko og mat i nisteboksane. Tippar at eg ikkje er den einaste som har denne agendaen for tida ;)


Ha ei flott helg, klem frå Linda

onsdag, august 04, 2010

Litt meir leikehus


Tusen hjerteleg takk for responsen på gårsdagens innlegg. Og ikkje minst responsen på seglbåtane i Epla-butikken. Eg og småfeane er vel framme på Halsnøy hos mamma, medan Herr Fe styrer skuta heime i Stavanger. Alle som har kjøpt seglbåtar får dei derfor i posten ganske så snart, sjølv om eg ferierer.

Når det gjeld preparering av sommarfuglar, så kan eg vise det fram i eit innlegg. Må berre fange nokre nye først :)


Eg knipsa nokre bilder frå leikehytta før eg reiste i går. Den A-forma hylla på bildet over kjøpte eg på Fretex for lenge sidan. Trur eg betalte sånn cirka 35 kroner for den. Med litt lilla maling (fargekoden kjem etterkvart), vart den fin som ny og ikkje heilt ulik Amager-hyllene som til stadighet dukkar opp i danske interiørmagasin.  
Akkurat i dette sekund steig pulsen min betrakteleg. Eg gjorde nemleg eit lite Google-søk for å finn bilder av typiske Amager-hyller, og der dukka eksakt like hyller som mi opp. Til 599 danske kroner. YES! Eg gjorde jammen eit kupp, då eg kjøpte mi :) Og hylla som eg trudde berre likna ei Amager-hylle, det ER altså ei, he he.


Den øvste hylla over leikekomfyren er også eit Fretexfunn (15 kr). Den er lakka trekvit med raud bakgrunn, og eg syns den passa fint inn som den er. Det samme med knaggrekka under:


Det er ikkje slik at Fretex'en "min" (den på Mariero for kjendtfolk), bugnar over av retro herlighetar og fantastiske ting heile tida. Men eg stikk som oftast innom på ein sonderingsrunde ein gong i veka. Som oftast går eg tomhendt ut igjen. Men av og til, innimellom skrammel og skrot, så finn eg desse små tinga som gjer min kvardag lukkelegare :)


 Nå er det på tide å komme seg ut dørane her. Dei to eldste småfeane er alle rede på besøk hjå verdas kjekkaste onkel og søskenbarn, så eg må gå å hjelpe til :)

Ha ein flott onsdag der ute!!!

tirsdag, august 03, 2010

Sommarsysler



Du og du kor eg har kosa meg dei siste vekene. Beklagar så masse at det har vore så stille her i bloggen, men eg har hatt behov for å berre konsentrere meg om familien, feriegjester, og rett og slett late meg litt. Det er lenge til neste gong me kan kutte ut å bruke vekkerklokke, så eg prøver å nyte kvart sekund. I dag logga eg meg inn for første gong på over ei veke og må berre få takke så inderleg for alle dei herlege kommentarane de legg igjen!


Nå kjenner eg at bloggelysta er tilbake, og slår derfor til med eit bilderikt innlegg og ei oppdatering på litt av sommarsyslene mine/våre.


Dukketeppet eg heklar til Alma er inni sluttfasen. Eg heklar stavmasker rundt kanten, alle trådar er festa (somme har eg heldigvis festa undervegs medan eg hekla) og eg håpar at teppet kan takast i bruk ganske så snart. Fargerikt og fint vert det og akkurat passe stort til ei dukkeseng/dukkevogn :)

Eg har alltid vore utruleg fascinert av sommarfuglar. I ungdommen, då eg tok biologi på gymnaset, starta eg å samle på dei. Med heimelaga håv fanga eg alskens lekre sommarfuglar, og preparerte dei sirleg. Hobbyen har lege brakk dei siste 10-15 åra, men nå har eg fått heile fe-familien med på sommarfugljakt. Så snart me har anledning og sola skin, så dreg me ut på tur med kvar vår håv.  Utruleg kjekt for både liten og stor, og spesielt engasjerande og kjekt for 7.5-åringen (noko som var heile poenget med å ta opp igjen hobbyen).


Fangsten har vore god, men som oftast slepp me fangsten fri igjen. Me samlar nemleg berre nokre få av kvar art. Vel heime igjen slår me opp i den fantastiske sommarfuglboka, og finn ut kva dagens fangst er for noko. Prepareringa har vore så som så, men øving gjer mester ;)


Den fantastiske sommarfuglboka eg snakkar om kom ut i fjor, og er ei informativ praktbok over Norges Sommerfugler. Eg kjøpte både boka og insektskassen til å oppbevare samlinga i i nettbutikken Natur og fritid.


Emmeline hadde ein herleg bloggpost her hin dagen, om realitetsblogging. Avslutningsvis i innlegget oppfordra ho oss andre, og her kjem litt realitet frå dette huset. Minstemann er inni sin verste slenge-alt-utover-periode og huset ser til ei kvar tid ut deretter. Dette skapet (vel, er egentleg eit nattbord) i stova ser ideelt sett slik ut: 


Men så kjem Simon fykande i raskt tempo, tømmer skapet for korger, bleier og stelleteppe og klatrar inn. Det er god akustikk i skapet, så her inni ropar han maaaaammmaaaaaa så høgt han klarar, og me andre held på å flire oss skvett ihjel.

Som de kanskje skjønar av dagens første bilde, så har fleire seglbåtar blitt produsert i seine kveldstimar. Det var så mange forespørslar at me fann ut at me lagar ei ladning til. Eplabutikken oppdaterast ganske så snart.


I dag pakkar me håvar, sommarfuglbok, redningsvestar og klær & klut og reiser på ein siste ferietur før sommarfereien er over. Kryss fingrane for at me alle får oppleve gode sommartempraturar og badeliv før hausten kjem.

Ha ein flott tirsdag og ei god veke!
Related Posts with Thumbnails