onsdag, mai 27, 2009

Kvit keramikk

Foto: Anskus

Eg elskar kvit keramikk.

Så reint og fint.


For mange år sidan, medan eg framleis var geologistudent (dvs meir enn 10 år sidan), kjøpte eg meg kvit keramikk frå Västergården. Urtepotter, blomsterpotter og mugge med hjertestempel på. Den største blomsterpotta ser de på bildet under (hjartet nesten umogeleg å oppdage frå denne vinkelen, men pytt pytt), og mugga på bildet over. Keramikken vart kjøpt hjå Birte Bo - ein superkoseleg butikk i Bergen. Den gong befant butikken seg i eit heilt anna lokale enn i dag, men hadde like fullt samme stil på produkta og samme koselege varesamansetjing. Det var dagens snikreklame :)


Fleire produkt frå Västergården kan de sjå her.


Foto: Anskus

I dag oppdaga eg bloggen Anskus Kammare, som har butikk med samme navn. Og ho selg nydeleg kvit keramikk laga av den svenske keramikaren Ulrika Bruderle. Noko av det finaste eg har sett.

Det spørs om ikkje eg må legge inn ei bestilling gitt.


Tusen takk for alle koselege kommentarar på forrige innlegg. Eg håpar på å få tatt igjen litt av det tapte, nå når eg straks har permisjon. Med det tapte meinar eg å besøke dåko tilbake og også legge igjen kommentarar :)

Ha det godt så lenge!

mandag, mai 25, 2009

Lukka er...


...å hjelpe pappa med å montere stellebord til babyen :)
...å finne denne "duken" blant dukkeklærne frå 70-tallet :) (Jada, med små malingsflekker som ikkje går bort i vask, men pytt)....å leike med muffinsformene til mamma :)
...å ha ei jente med lubne hender :)

...å ha ei jente som passar denne tunikaen frå Schuster & Haugaard.
Lukka er definitivt å kjenne seg lukkeleg over små gleder :)

Ha ei flott veke :)

lørdag, mai 23, 2009

Hei hei :)

Uff, det tar lang tid mellom blogginnlegga om dagen. Det skuldast mange uteaktivitetar, travle, men heldigvis kjekke dagar og mykje som skal ordnast. Som de ser på biletet over (stige på ytterveggen), har mannen starta på husmaling. Desverre har regnværet senka progressjon i arbeidet, men han er i gong. Juhu.

Eg har ikkje så mykje spenstig nytt å vise. Eg går straks inn i siste rugefase. Har berre 1,5 arbeidsdagar igjen før permisjonstart, og skulle ønske eg kunne senke tida aldri så lite.
Som eg har skrive før, så er det/har det vore vanskeleg å finne kjøkkenutstyr som matchar fargen på Kitchen Aid'en. Lukka var stor då Living hadde fått inn dette middagsservicet. Perfekt farge og perfekt fasong. Ja, berre perfekt for meg rett og slett.

Denne helga har me besøk av snille mamma. Ho hadde med seg supre gåver til småfeane då ho kom, og minifeen er frå seg av begeistring for denne vesle kanina og den tilhøyrande "barnestolen". Og i tråd med forrige innlegg, så er mora frå seg av begeistring ho også ;) Den blågrønne Maileg-benken hadde me frå før


Nå kallar skjønnhetssøvnen, ha ein super kveld og ei god natt :)

søndag, mai 17, 2009

Leiker for mor eller dotter?

Eg har falle pladask for leikene frå Silvanian families. Egentleg er snuppemor for lita for leikene, men jammen har ho tutla med dei setta ho har. Eg er heilt forelska, og drøymer nesten om å byrje samle på serien til dess ho er stor nok til å handtere alle dei små superskjønne delene :) Einaste aberet er jo at ho kanskje ikkje har like stor interesse for leikene den dag ho er stor nok...

Nå er det straks klart for ei ny veke. Håpar den vert fin for oss alle - sjølvsagt inkludert deg som les dette :)

onsdag, mai 13, 2009

Klar for strandlivet


På ein kveldstur til Ikea kjøpte eg meg sommarvesker. Ei stor til tepper og leiker, og ei litt mindre til solbriller, solkrem og magasiner. Sukk, eg ser fram til å kose meg på Solastranda, Ølbergstranda og dei andre nydelege strendene i distriktet denne sommaren :)




mandag, mai 11, 2009

Uhu, uhu

Ja, det er vel ikkje akkurat mykje uhu-lyd i denne ugla, men kul er den likevel. Den går rett inn i samlinga mi over små nipseting :)

Då eg var liten arva eg mamma sitt gamle dukkekoppesett/dukkestell. Det var i rosa tynn tynn plast med gullrand på (skal ta bilder av det neste gong eg er heima). Koppesettet hennar var supplert med lyse rosa gjennomsiktige tallerkar med plast"diamantar" rundt kanten. I vaksen alder fann eg ut at desse takkerkenskattane egentleg er bordbrikkar til drikkeglass frå 1960-tallet :)


Lukka var stor då eg fann seks grønne slike bordbrikkar for nokre år sidan på Fretex. Og lukka er enno større i dag, sidan eg nå har ei lita tulle som kan bruke dei i leiken sin. Klart dei er mykje finare som tilbehør til koppestell, enn som bordbrikkar. Er de ikkje enige? Nokon som har sett slike i andre fargar enn grønn og rosa?

Ha ei flott veke!!

søndag, mai 10, 2009

Maler du med barn i magen?

På innlegget om dei kvitmalte benkeplatene fekk eg dette spørsmålet frå anonym. Og svaret er "ja, det gjer eg".


Eg har veldig lyst til at du skal lese denne artikkelen: Les dette




Kjøkkenskapa er malt med malingstypen avbilda over her. Gulner ikke over tid står det så fint. Men det må eg då påstå at den har gjort i løpet av året som er gått sidan dei vart malte.

Tusen takk for kommentarane på forrige innlegg. Kjøkkenet er stort og godt, og oppussa på billigast mogeleg måte. Det hadde sett annleis ut om me skulle ha pussa det opp frå botnen av, men det er mykje anna som lenger framme i køen til dess. Dersom du har lyst å friske opp korleis utgangspunktet var ta ein kikk her og her og her og her og her.

På bileta kjem det også fram korleis benkeplata såg ut i utgangspunktet. Benkeplate i laminat. Veldig skeptisk til om malingen ville halde, men vask med salmiakk og pussing med sandpapir, gjorde at den svarte malingen overhodet ikkje skalla av. Vanleg halvblank oljemaling brukte eg den gong.

Nå pussa eg over den svarte malingen med grovt og fint sandpapir, slik at overflata vart heilt matt. Så malte eg over med tre strøk Trestjerners VANNFORTYNNA gulvmaling (iført gassmaske og med dørane på vidt gap). Får den herde lenge nok utan at me brukar benkeplata, satsar me på at malinga held vel og lenge. Men det er klart at ei malt overflate vert fortare slitt enn ei umalt.


Ha ein flott søndag!

lørdag, mai 09, 2009

Kvitmalte benkeplater

Dei siste kveldane har eg pusla med litt maling igjen. Det er lenge sidan eg bestemte meg for å male over dei svartmalte benkeplatene med kvitt. Og nå fekk eg gjort det.

Dei svarte var greie nok dei altså, men det vart så vanskeleg å kombinere med andre fargar. Dessutan passar alle dei turkise detaljane betre til kvitt enn til svart.

Det vart skikkeleg vårleg på kjøkkenet nå, og som vanleg er eg superfornøyd når ting er litt endra på :)

Kjøkkenskapa me malte i fjor har gulna litt i malingen (trass i gulningsgaranti på malingstypen me brukte), så det er sikkert ikkje lenge før eg sveipar over dørene med malingsrulla også. Men neste prosjekt er å male over gulvet igjen. Det har blitt ein del hakk i det, så det er på høg tid.

Påskeegga, som pynta opp lysekruna over barnebordet, er nå bytta ut med flagga eg fekk hjå Blasse Vielfalt. Vart ikkje det fint?


Herleg å tenke på at det er søndag i morgon. Ein heil dag til å kose oss utan stress og kav.

Ha det godt :)

I siste utgåve av Bolig LIV er desse fantastisk fine støvlane avbilda. Dei forhandlast av Makièclothier.com og finst frå barne - til vaksen størrelse. Desverre er dei utsolgt, hvis ikkje hadde garantert ei bestilling vore på veg til Stavanger :) Fine strømper til å ha oppi finst også:
Også Aigle Boots selgjast i nettbutikken, saman med nydelege klede og antikvitetar.Ta deg ein tur innom Makièclothier du også :)
Ynskjer alle ei super helg. Eg putlar med litt maling, og satsar på at de får sjå bilder i morgon :) Tudelu så lenge.

mandag, mai 04, 2009

Hagearbeid står ikkje øvst på to-do-lista, då husmaling er førstepri i år. Dessutan er ikkje jernamangelanemi med alt det inneber, samt at ein diger mage heilt forenlig med å stå på hovudet i "åkeren". Det heile toppa med pollenallergi gjer hagearbeidet maksimalt herleg, he he ;)

Men eg klarar ikkje halde meg heilt borte, og har allereie mange planar og idèar. Somme av dei utførte også. Erteblomstrane i sinkbøtta kjøpte eg som ferdige spirer på Plantasjen, og i ei anna potte står jordbærplantene eg fjerna frå eit nå nedlagt bed. Det er nesten godt med regnet som kom i dag. Lufta vert rensa opp i, og pollenallergien mykje betre :)

I det siste har eg bestilt ein del hagebøker, og tenkte å vise dåko eit knippe bilder eg fall for.

Eg elskar buksbom:

også i kjegleform:
For ikkje å snakke om honningroser. I Bergen planta eg rosa Helenae Lykkefund ved inngangsdøra, og skal ha ei her i hagen også :) Kanskje ved porten som på dette bildet. Synd den ikkje er remonterandes, og blomstrar berre ein gong i sesongen...

Er de andre i full gong med hagearbeidet eller?

søndag, mai 03, 2009

Nye puter


Endeleg har eg surra meg til å sy fleire putetrekk til putene i sofaen. Dei passar fint til desse eg sydde i oktober i fjor (gubbevaremegvel kor fort tida går):

Putene som har fått nye trekk er desse:
Ha ein flott søndag :)

Det kom brått på...

At bloggelysta skulle forsvinne så brått og brutalt utan forvarsel hadde eg ikkje rekna med. Det er vel kombinasjonen av skamtravle dagar på jobb og det fine været på ettermiddagstid som får skulda.

Me er utandørs og putlar med litt maling og hagearbeide så snart me har sjansen, og kveldane går for fort.

Takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg. Alt står bra til med oss alle :)
Ynskjer alle som framleis er vakne ei god natt, og ein fin søndag i morgon :)

Zzzzzzz ;)
PS! Bileta er av ein uro frå Woodland Friends/disaster designs kjøpt inn til bittelitleminifeen for ei tid sidan :)
Related Posts with Thumbnails