Hei hei. Hadde store planar om å komme meg tidleg i seng i kveld, men her sit eg og berre nett MÅ blogga litt først, he he. Nokon som kjenner seg igjen eller? Dagens innlegg er proppa fulle av gamle bilete frå desktop'en. Ja, før eg kjem innpå kvifor, må eg jo nett fortelje om alle dei flinke 4.klassingane eg møtte i dag. Dei var råflinke, og innimellom var det nesten ikkje bruk for hjelp frå verken meg, lærarane og dei to skjønne bestemødrene som stilte. Eg har
aldri gløymt desse uglene som Micano med bloggen Nyte Livet presenterte ein gong, og tipsa læraren om dei. Ho fall like pladask som meg, så nå er alle i sving med ugleproduksjon. Gøy :)
Men tilbake til årsaken til at desse gamle bileta, med mitt største bruktfunnkupp i fokus, er posta nå igjen, er Frelsersarmeen sitt vekemagasin
Krigsropet. Dei har nemleg ei spalte der kjendisar og slikt viser fram sine beste Fretexfunn. Eg hugsar ikkje heilt kven som har vore i Fretex-Favoritten-spalta, men syns å hugse Surferosa, Sigrid Bonde Tusvik osv osv. Og nå meg. He he he, Den Gode Feen mengar seg med kjendisane ;) Det er vel like før eg blir fotografert på veg inn på kino eller på veg ut av treningssenteret og havnar i Se og Hør.
Neida, eg skal slutte å tulle. For eg beundrar verkeleg arbeidet
Frelsesarmeen gjer. Det er ingen veldedig organisasjon som står hjarta mitt nærare enn Frelsesarmeen. Ingen over. Ingen ved sida. Dei tar seg av dei som er lågast på rangstigen. Dei mettar. Dei gjev folk verdighet. Og dei er der for alle. Det var derfor med jublande glede eg takka ja til å vise fram mitt beste Fretex-funn. Nemleg trestolen eg sikra meg i forfjor ein gong, og
blogga i dette innlegget. Her er resultatet og korleis funnet mitt vart presentert i Krigsropet:
Sidan teksten/oppløysinga er litt i minste laget skal de få det skriftleg presentert her:
KVEN: Linda Sæbø, geolog og bloggar. Bloggen hennar Den gode feen, har blant anna blitt kåra til Noregs beste boligblogg i 2010.
KVA: - Verdas finaste og mest behagelege stol. Eg oppdaga stolen på Fretex på Mariero i Stavanger etter stengetid ein kveld eg var for å levere klede i Fretex-containeren. Dagen etter hasta eg av gårde for å prøvesitte den og sjekke om eg likte den like godt. Heldigvis stod stolen der og venta på meg då eg entra butikken lettare vill i blikket. Eg aner ingenting om stolen, men funderer på om det er ordentleg design det er snakk om. Eit solid stykke handverk er det iallefall.
KVIFOR: - Eg har alltid vore glad i stolar, men inga stol-glede slår denne. Alt tiltalar meg: fasongen, breidda, høgda, fargen på treverket og den blanke lakken. Stolen skal få vere akkurat som den er.
VISSTE DU AT ALT SOM ER BRUKBART OG SALGBART I PRINSIPPET KAN GIS TIL FRETEX? DET DU IKKE LIKER LENGER, KAN DET HENDE AT NOEN ANDRE LETER ETTER.
Beundarar du som meg Frelsesarmeen, føreslår eg at du trykker p
å Liker knappen på Facebooksida deira. Ok, då har eg fått utlaup for litt skriveglede i kveld igjen og det er på tide å legge inn årene for denne gong.
Bloggast i morgon kanskje? Klem klem