Mmmm, kva er betre enn ein herleg kopp te? Ingenting smakar betre enn Christmas tea frå Kusmi seint i November.
Hugsar de at eg så begeistra fortalde at eg hadde henta pakke i posten i forrige veke?
Det hadde seg nemleg slik at eg vart så frykteleg inspirert av desse bileta her, frå
dette innlegget:
Eg er litt frekk & freidig og tjuvlånet bildene til Monja nå, men eg skal straks inn i bloggen hennar og spørre om det er greit altså *promise*. Vel, tilbake til inspirasjonen. Monja har desse herlege formene frå
Green Gate til halv pris i butikken sin, og eg såg for meg koselege matgåver til venner og bekjente i førjulsstria. Det eine førte til det andre. Og vips hadde eg handla mange herlege julegåver frå Sweet Memories. Eg elskar den butikken, og kunne ha tripla bestillinga minst. Sidan mesteparten av varene var julegåver, kan dei ikkje visast fram her inne enno. Kakeformene er perfekte til alt frå julebrød, delfiakaker, og også til avlange minipepperkakehus? Hm, sistnevnte må definitivt testast ut.
Sånn i ettertid angrar eg veldig på at eg ikkje handla ting til meg sjølv også, sjekk for eksempel den herlege soppelysestaken i lånebildet under. Ajajaj. Dersom julenissen lurer, så kan han bestille alt han vil i
Sweet memories-butikken og eg vil verte superduperglad. Julenissen må imidlertid skunde seg litt, då Sweet Memories ikkje sender ut varer etter 15. desember eller deromkring ;)
Rause, gode Monja, hadde lagt Kusmi-teen oppi som ei førjulshelsing til meg, og eg vart så inderleg glad. Tusen takk, eg skamkosar meg med ein pustepause over tekoppen titt og ofte!!
Her er dei herlege kakeformene, som berre ventar på å bli fulle av godsaker :)
I morgon er den store "levere-inn-pepperkakehus-bidraget-vårt-dagen". De får derfor sjå bilder av huset i morgon - og kanskje nokon frå overleveringa? Eller, når eg tenker meg om, så er det nok tvilsomt med bilete frå overleveringsseansen, sidan det garantert er både mørkt og dunkelt så seint på ettermiddagen. Har du laga hus til pepperkakebyen forresten? Håpar byen vert fin og stemningsfull i år også :)
Me bloggast, Linda :)