tirsdag, november 05, 2013

10, 20...100


Som eg skreiv tidlegare i veka har me ny 1.klassing i huset denne hausten.
Eg har sagt det før og eg seier det igjen: tavlemalingen på døra frå kjøkkenet ut i bakgangen er genial. Det er ikkje det spor kjedeleg med verken matte eller bokstavøving så lenge ein skriv på tavla.

"mamma, når oppdaget dere at denne døren egentlig er en tavle?"

mandag, november 04, 2013

Flaskefyll


Nå er eg så godt i gong her, at eg slår like godt til med eit nytt innlegg igjen :)
Etter Halloween-festen hadde eg nok av tomme glassflasker (julebrusflasker er genialt til dette) til å lage eit arrangement av glassflasker med stearinlys i på spisebordet.

I gode gamle studiedagar pleidde me bruke tomme vinflasker til dette føremålet i kollektivet eg budde i den gong. Julebrusflaskene er meir estetisk gitt. Til og med når lysa er sløkte:
Julebrusflaskesamlinga er piffa opp med nokre gamle Hansa-flasker frå Bergen.

Ynskjer deg ein fin mandag!

søndag, november 03, 2013

Hallo Hallo Halloween


Hei :)
Eg er aldeles ute av bloggemodus her.
Det var så lenge sidan eg har logga på Blogger at eg hadde problem med å hugse passordet...og det har aldri skjedd før.
Men her er eg altså, brått og uventa tilbake :)
Det er ingen dramatikk bak mitt fråvere frå bloggverda. ALT er bra med meg og mine - takk for alle omsorgsfulle e-postar, meldingar og kommentarar.
Livet er berre ustyrteleg travelt. Eg jobbar ~120-150 % i leiarstilling, ungane skal bringast og hentast på fritidsaktivitetar kvar ettermiddag, og eg treng gjere andre ting enn å sitje framfor PC-skjermen (LES: husarbeide, skulle helst hatt trena, vere sosial, slappe av eller tilbake til jobb).
Enkelte har ytra ynskje om at eg offisielt skal stengje bloggen... Bloggen er hedigvis berre min, og eg har heller lyst til å glede meg over å blogge når eg har tid og lyst, enn å leggje den død.
Frøken strøken har byrja i 1.klasse sidan sist, og i går hadde me invitert elleve andre 1.klassingar på Halloween-fest. Eg sjølv er ikkje sånn superbegeistra for Halloween, men her er det berre å gje seg over og innsjå at Halloween er komen til landet for å bli verandes.

Midt under festførebuingane fekk eg akutt bloggebehov, og det er derfor eg er på banen i dag. Dei fleste bileta er imidlertid tekne dagen derpå, som den oppmerksomme vil leggje merke til.

Dekoren til festen er enkel. Idèane fann eg på geniale Pinterest. Over bordet heng kvite ballongar med pålimte auger av svart kartong. Over ballongane har eg klipt og rive opp nokre gardiner frå forrige århundre. På bordet står mindre spøkelsevariantar som er laga av vattkuler, grillspyd og gasbind (frå apoteket).

Ha ein fortsatt fin søndag der ute. Her er det kakebakst, julekulepynting (!) og brodering (må få opp farten på bunaden) i ein god miks.

Tudelu :)
Related Posts with Thumbnails