Somme helger varer liksom lengre enn andre.
Somme helger får ein gjort meir enn ein skulle tru då ein fredag ettermiddag kjem sliten og trøytt heim etter endt arbeidsveke.
Denne helga har vore ei slik god og effektiv lang helg.
Eg har svinga malingspensel og rulle over kjøkken- og gang-golv. Og jammen santen var det både tid og ein stor nok skvett maling igjen til også å sveipe over skapdører, benkeplate og bordplate i same slengen. Eg verkeleg ELSKAR nymalte og reine flater.
Denne gongen var det LADY Supreme i glansglad 80 eg heller motvillig malte med. Motvillig i utgangspunktet, fordi: etter å ha levd med malte golv i ein mannsalder har eg testa ut mange ulike typar golvmaling. Konklusjonen er at OXAN golvmaling (oljebasert) er den som varer absolutt lengst og er mest slitesterk. Til mi store bekymring er denne malingen nå på veg ut av sortementet, og var ikkje å få tak i. Så nå får me sjå om LADY Supreme klarar levere i den harde konkurransen :) Så langt er førsteinntrykket svært positivt.
Denne malingen er innkjøpt til neste prosjekt, gledar meg til å vise fram ferdig resultat her i bloggen.
Masse (aaaalt for masse) god mat har det også blitt tid til å lage og nyte. Heimelaga lasagne og kraterboller er nokre av godsakene me stappa i oss. Det vart såpassa til utskeiingar i løpet av helga at eg ikkje våga meg oppå baderomsvekta i dag tidleg. Det får eg heller ta i morgon...he he he - er godt med alt som kan utsetjast også.
Ha ei flott veke der ute, håpar du har hatt ei fin helg også!
mandag, april 29, 2013
søndag, april 21, 2013
.V.Å.R.
For ei herleg vårhelg me nett har hatt.
Eg er sår i musklane både i magen, armane og låra.
Jammen er det tungt å rake grus, og ikkje minst feste duken på trampolina.
Bileta her er frå terrassen i bakhagen. Det er alt for rustikt for min smak med både rust og avflassa maling. Ei oppgradering er derfor på planen, så dette kan jo fungere som FØR-bilder :) Oliventrærne eg lurte på om ville overleve vinteren i stova står like fine, og har nå flytta ut igjen.
Eg kjøpte meg ny sykkel i fjor sommar, og satsar på at det vert brukt ofte i år også. I dag hadde eg og ungane oss ein herleg sykkeltur. Minstemann sat på med meg, medan dei to eldste syklar i veg på eigen hand. Heldigvis rakk blomsterlenka eg kjøpte til mi sykkelkorg også til Alma si sykkelkorg. Koseleg :)
Innomhus er det ikkje så veldig mykje nytt. Ja, bortsett frå denne fantastiske skittentøyskorga då. Den er frå Ikea, og med sine friske fargar gjer den transport av klede til og frå vaskerommet betraktleg kjekkare :)
Håpar du også har hatt ei flott helg, og ha ei flott komande veke :)

søndag, april 14, 2013
In the making....
Bunad og non stop.
Like norske begge to.
Bunad har eg hatt på hjernen heile helga....Non Stop.
Frøken dings byrjar i 1. klasse til hausten.
Det vil seie at ho til neste år skal gå i 17.mai-tog med barneskulen.
Me snakkar 17. mai 2014.
Ho må sjølvsagt vere standsmessig kledd denne dagen.
Eg kjøpte derfor inn "kit" til å sy bunad på laurdagshandelen.
Jelsabunad skal det bli til slutt.
Herliga London, seier eg til meg sjølv. Korleis skal dette gå. Har vel ikkje brodert ein millimeter på 100vis av år, iallefall ikkje dei siste 25 åra.... Bunads-kit'et var ikkje akkurat gratis. Det var regelrett svindyrt, så her er det ikkje rom for slurv og sjuskeri. Eg tok mot til meg å byrja brodere på sjalet først, og nå er eg altså i gong. Nå gjenstår det berre å sjå om bunaden vert ferdig i tide....eller om den til slutt havnar på eit framtidig barnebarn.
Biletbevis følgjer:
Jammen santen kom det godt med at eg ein gong i tida kjøpte slike broderingsrammer på Fretex, så slepp eg ha vondt av at om eg evt syr for stramt eller for slakt slik at stoffet buktar seg.
Bunadsmottakaren sjølv ville også brodere. Ho fekk teikne på eit bomullsstoff festa til ei lita broderiramme, fram med rosa tråd og stor nål, så vart det brodering både på mor og dotter. Stor stas :)
Ynskj meg hell og lukke med tolmodighetsprosjektet eg har sett i gong!
Ha ei flott kommande veke.
Klem frå Linda

Abonner på:
Innlegg (Atom)