søndag, mars 31, 2013

Påskeidyll


 





Påsken 2013 er snart over.
Me har kosa oss i fantastisk flott vèr.
For mange er påske fjell, ski og kvikk lunsj.
For oss er det strandliv, sjølukt og redningsvest.
Like herleg begge delar.

Nyt siste resten av påsken de også. Her er komlemiddagen til mamma straks på bordet ;)

Have fun!

onsdag, mars 20, 2013

Vår snart?


Er han her snart, våren?
Eg håpar på det.
Kryssar fingrane for at Herr Frost er snill med plantene eg ikkje kunne dy meg for å kjøpe
Stemorsblomstrar er noko av det finaste og mest trufaste som er.
 
Love them :)
 
Ha ein flott onsdagskveld!

mandag, mars 18, 2013

Såpetips

Eg har dilla på fine såpeflasker.
Har hatt den dilla så lenge eg kan hugse.
I dag får du mine siste såpetips.
Fine, gode og dekorative såper som ikkje kostar skjorta.
Eg har funne begge såpene på kjøpesenteret Kilden her i Stavanger, men håpar Nille og Rimi fører desse såpene også andre stader i landet.

Betrakteleg billigare og like fine som dei råfine såpeflaskene eg har frå før, og som du kan skimte på nest øvste hylle i dette gamle bildet frå arkivet (frå innlegget på stell):


Takk for herleg tilbakemelding på forrige innlegg. Det var med hjarta i halsen eg trykte publiser. Det er ikkje kvar dag de ser ein bomba heim i blogglandia. Tusen takk for at de tok så godt imot innlegget :)

Ha ei herleg veke!

lørdag, mars 16, 2013

Bomba de luxe

I dag skal eg verkeleg dele bilder av rot med deg.
Dette er innlegget for deg som trur at alle bloggarar har det strøkent rundt seg twentyfour seven.
Slik er det ikkje her i huset.
Av og til strøkent, oftast rotete, og i dag bomba.
Bomba de luxe.
Det er laurdag.
Klokka er 1205.
Det er to timar til me ventar gjester.
Huset ser ut som eit nedslagsfelt for ei atombombe.
Her må det hengjast i skal huset sjå nokolunde ok ut når gjestene kjem.
Ok, here we go. Slik ser utsikten frå kjøkkenet og inn mot stova ut:

Rotet krever litt forklaring:
Som du skjønar må MYKJE gjerast før huset er ryddig.
Ein time seinare:
Første brusglass er nesten tomt.
Reine kjørler er på plass i skap og skuffer.
Klede er bretta og lagt i skapa.
Nyhandla varer  lagt på plass, men...
...det er framleis mykje som gjenstår.


Vel ein halvtime seinare... Nå kjem det seg:
Nå er det komen blomstrar på spisebordet i stova.
Nybakt kake på kjøkkenbordet.
Brusglass nr 2 er meir enn halvtomt.
Golvet er støvsugd og eg får hjelp til golvvasken:

Det ringjer på døra.
Ding Dong.
Puh, eg rakk det akkurat ;)

Håpar ikkje du dauar av sjokk over rotet.
Ha ein fin laurdagskveld :)

fredag, mars 15, 2013

God helg!


Sjå kva som møtte meg på jobb i dag tidleg!

Heile kontorplassen min var full av ballongar.
Ballongar, fine ord og gode klemmar.
Eg er nemleg verdas heldigaste som har verdas aller beste kollegaer.

Eg var bortreist på møte heile arbeidsdagen i går. Eg lengta "heim" til dei kjekke kollegaene mine, og dei lengta etter meg. Dei ville vise dette med ballongoverraskelse og deilig kake til 14-pausen vår. Kor kjekt er ikkje det?

Dette kallar eg ein god start på ei god helg!
Juhu.
Ha ei superfin helg, så bloggast me nok før den er omme ;)

onsdag, mars 13, 2013

Brothers in arms




For eit fantastisk vintervårvêr me har å kose oss i for tida.
På bileta ser de gullgutane mine som kosar seg på tur i låg vintersol iført nye knallfine jakker og huer frå Polarn O Pyret. Litt stas å gå rundt i like klede, men eg tippar det er kort tid før ein av dei protesterar på akkurat det. Det er så kjekt å sjå samspelet mellom gutane utviklar seg etterkvart som Simon vert eldre. Minipini er som ein kloning av eldstemann, berre innehavar av meir temperament på godt og vondt.
Sukk, kan nokon vennligst stoppe tida?
Eg treng nyte denne tida litt ekstra, takk!



mandag, mars 11, 2013

M.A.G.A.S.I.N

Som de har fått med dåko har eg vore ganske så blogglei i det siste.
For det første har eg hatt det utruleg travelt.
For det andre har det vore mørkt når eg har dratt til jobb og mørkt når eg har kome heim igjen.
For det tredje har eg ikkje vore inspirert.
For det fjerde har huset sett ut som ei slagmark.
For det femte har eg ikkje hatt noko nytt å vise fram.
For det sjette.... ja slik kunne eg ha halde fram i det uendelege.

Blogginga gjer meg så mykje verdifullt, det er jo favoritthobbyen min.
Så eg er ikkje klar til å sleppe taket enno... sjølv om tanken har slått meg oftare og oftare den siste tida.

Med lysare morgonar og lysare ettermiddagar kjenner eg at inspirasjonen så smått vender tilbake. Nymalte veggar og nyrydda klasskap har eg faktisk også. Til og med nyvaska inni kjøleskapet er det (takk, mamma ;)).
Eg har ikkje kjøpt interiørblad på evighetar...ikkje før forrige helg. Dei to danske favorittane mine vart med heim frå Narvesen sist søndag.
Eg sette meg sporenstreks ned med dei. Klar for å suge inn inspirasjon.
Men trur de det var interiøret eg vart inspirert av??

Å neidadu, det var maten og kakene.
Hjelpe meg.
Trøste og bære.
Sjå berre her *vatn i kjeften*:

Sitronterte med italiensk marengs:
Kaffisjokoladekake med mascarpone. Nammmm, det høyres jo ut som ein herleg sjokoladekladdkakevariant av favoritten tiramisu...
Marengskake med bringebær.....mmmmm.


Heldigvis fann eg mykje herleg interiørinspirasjon også. Kanskje ikkje alltid så bra for lommeboka, men garantert best for livvidda. Dei kakene får vere på draumestadiet. Nå må det nemleg skjerpast. Sommaren og mindre klede er her før ein veit ordet av det.

Finfin veke ynskjast deg!

søndag, mars 10, 2013

Hjartelukke


Lukka er å vere 5.5 år.
Lukka er å ha hjarter på neglene.
Hjartelukke kallast det.

Lukka er å ha ei 5.5 år gamal jente
... som vert lukkeleg over å ha ei mamma
... som kan teikne hjarte på kvar ein finger
... med neglelakk.
Hjartelukke kallast det også :)


Finfin søndagskveld ynskjast deg :)

lørdag, mars 09, 2013

Godt syn eller?


Eg må vere verdas heldigaste.
Eg har iallefall verdas kjekkaste lesarar.
De kan tru eg vart forundra hin dagen.
"Eg har då ikkje bestilt noko nå, eller har eg det?" rasa tankane gjennom hovudet på veg til postkontoret etter at eg fann ein hentelapp i postkassen.

Neida, eg hadde ikkje bestilt noko. Eg hadde derimot fått min eigen gamle synsplakat. Akkurat ein slik eg har ønska meg i alle år. Ein synsplakat frå ein anonym snill blogglesar! Tuuusen takk, du anar ikkje kor glad eg vart :)

Det er "ages" sidan eg har kjøpt noko nytt til huset, men etter laurdagshandelen i dag hadde eg dette knallfine strikkateppet med meg heim i posen. Sant det er fint? Eg kjøpte det på Princess, etter å ha sett det i eit interiørmagasin tidlegare i veka. Eg syns det er så fint at eg rett og slett har det med på alle bilete i dette innlegget, he he he.

Ha ei finfin helg. Eg skal krypa under det nye teppet mitt i sofakroken nå :)
Related Posts with Thumbnails