





Det er litt godt når sommaren er på hell (herlighet for eit fantastisk ver det var i dag forresten), og ein kan brenne stearinlys og faktisk sjå at dei er tende. Denne "lysekruna" heng ute over bordet på terassen og det er veldig koseleg å sitte her om kveldane når veret er fint.
Ha ein finfin søndag. Trur det kjem ei oppdatering i morgon også :)
Pysjbuksa frå Molo (kjøpt hos Min Engel) er kanskje ikkje den finaste buksa attåt ein flettegenser. Men. Kor nøye er det, hehe? Slik er det nemleg når mammo må skunde seg å ta bilder rett før sengetid for store skulegutar :) Skuleguten et forøvrig sesongens siste ripsbær her:
Navy chair har lang historie og vart produsert for fyrste gong i 1944. Også desse kjem i mange kule fargar, sjå berre her:
Og når me snakkar om å legge merke til detaljar, slike ting som dette heng eg meg opp i. Ser de at stylingen av kjøkkenøya er ulik på framsida og inni bladet? Legg de også merke til slikt?
I tråd med forrige dagens innlegg om å Leve Livet NÅ, oppfordrar eg alle om å anskaffe seg ein slik gryteklut. Om nokon lurer så står det Fuck the diet på grytekluten ;)
Ha det godt alle saman. Eg er straks tilbake med litt strikkenytt. Trur eg :)
Sukk, vert reint nostalgisk her, for eg hugsar så godt den raude skulesekken min, den raude metallmatboksen med hestemotiv på og kjensla av alvor som starta med å byrje i 1. klasse.
I dag er det plastmatboksar med Batman, Spiderman og Ninja Turtles, skulesekk med flammar og blinkande lys på og drikkeflaske som matchar matboksen. Nå er det meste av det 1.klassingen her i huset likar å ete skribla opp på kjøkkendøra, og som de ser så er ein del av dagens niste minipizza. Eg sette i gong å bake ostehorn i går kveld, så nå er frysaren full av potensiell niste som er godkjendt.
Slik må det bli. Er det brødskive i nisteboksen, så går han heile dagen utan å ete i det heile tatt...Og slikt blør mor sitt hjarta av.
Eg har mi siste ferieveke nå. Kosar meg med strikketøy inne i regnveret, medan eg spring til og frå tilvenning på SFO. Tudeluuu!
Yummi! Oppskrifta er frå boka Far heter Daddy, men ein variant finst også i boka Två systrars søta. Hadde opprinneleg tenkt å lage eit eige innlegg om akkurat det, over kor utruleg like oppskriftene i dei to bøkene er. Men har ikkje kome så langt, og nå har eg fått sagt det likevel. Hehehe, snakk om effektivitet.