
To Mailegkaniner kosar seg i ein ny glaskarm på jenterommet.

Tenkte eg skulle vise litt bilete med resultat frå oppussinga som har føregått på og i huset vårt etter jul.. Me har skifta lekter, isolasjon, plater og bordkledning på heile huset. Me har bytta ut alle vindu med nye, og me har skifta ut dei to ytterdørene våre. Det er blitt så lunt og godt i huset etter at alle trekkfulle vindu er skifta ut med nye med betre isolasjonsegenskapar. Heilt herleg.
I og med at me har eit hus frå 50-tallet så prøver me gjennomføre ein stil på huset som passar til byggeår, stilepoke og ikkje minst vår eigen smak. Me er kjempenøgde med arbeidet som er utført, med resultatet og ikkje minst med at snekkarane i dag pakka sakene sine. FERDIG!
I og med at det regna sånn i ettermiddag, tok eg bilete av ytterdørane innanfrå :) Me har to like ytterdørar som er plassert med eit par meters mellomrom. Ei hoveddør, og ei dør inn til bakgangen. Diverre gjekk det ikkje an å skaffe til veie like dørar som dei originale (tre breide parallelle ståande glasfelt), men det vart fint med desse også. Bilete teke i bakgangen i ettermiddag:

Eg manglar bilete av nye vindu, og nytt rekkverk på terassen, men det får eg vise ein anna dag.
Innandørs har det ikkje skjedd dei heilt store endringane, sett vekk frå at me har fått større opning mellom kjøkken og stove.
Bilete frå undervegs i prosessen, der bærebjelkar framleis står på plass:

Og bilete frå resultatet (listverk i opning skal malast minst eit strøk til altså ):

Snekkarane har lagt ned eit bredt eikebord på gulvet i opninga, og eg er usikker på kva me skal gjere med den. Er for gale å male over - vil bli veldig slitasje her. Samstundes så er det litt for mørkt slik det er nå. Vurderer difor å beise den lysare. Nokon som har erfaring med slikt?
Det einaste me ikkje har skifta ut utvendig er altandøra frå kjøkkenet og ut i bakhagen. Gjett om eg angrar på det nå, nå som alt anna er nytt. Denne vil eg difor ein vakker dag erstatte med ei dobbel skyvedør. Det vil bli bra :)

Ja, dette vart ei lita oppdatering på ting som har føregått i huset i det siste. Beklagar så masse at eg er supertreig med å svare på kommentarar og slikt for tida. Tida strekk ikkje heilt til, men satsar på at det tar seg opp igjen etterkvart.
Ha ei flott veke!
PS! Eg skal oppdatere bloggen oftare framover :)