fredag, august 31, 2012

Linda ♥ helg



h e l g   =  subst. m/f helg () [helg] slutten av uka da man vanligvis ikke jobber, lørdag og søndag


Linda ♥ helg



Hortensiaen står like fin framleis.
Nytt teppe på golvet. Kjøpt for 50 kr (!!!) på Living.
Duftelys frå Munkholm som skapar herleg lavendel-lukt i huset kjøpte eg sist eg var innom Sæbøvik gåver og leiker. 
 Nytt smykke frå Gina Tricot.


Gjett om eg er glad for at eg tok helgevasken i går kveld?
Oh, YES I am *smil*
Sola skin. 
Planane for helga inkluderar maling av kjellargolv.
Og ikkje minst: koooos :)

Ha ei flott helg du også!!

tirsdag, august 28, 2012

E N G E L


Mamma sin vesle E N G E L fotografert av flinkaste Terese.

Kaka vart suksess på jobb i dag. Eg sjølv klarte gjennomføre beinhard disiplin og smakte ikkje på den sjølv. SJOKK! Dette er nesten sensasjonelt til kakemonsen Linda å vere, men altså:
 nå er det fullt fokus på sunn helse framover. 
Fleire enn meg som er oppteken av det for tida eller?

Ha ein fin tirsdagskveld, og ein flott onsdag i morgon. 

mandag, august 27, 2012

Sabla god


Akkurat nå står denne kaka i steikeovnen...
Ei skjønn kollega hadde bursdag i ferien, og det er jo ein super anledning for kake midt i veka sånn i ettertid - ikkje sant? Det er andre gongen eg bakar kaka, og må innrømme at eg gledar meg til kaffipause på jobben i morgon.


Ha ein finfin mandagskveld der ute :)

søndag, august 26, 2012

Eg også!!!

Jepp jepp, eg har også fått testa ut nettbutikken til Polarn O.Pyret slik så mange andre bloggarar der ute.
Dette er faktisk andre gong eg bestiller noko derifrå.
Tidelegare i sommar handla eg på sommarsalget. Som alltid før skuffar ikkje klærne herifrå. Maken til slitesterke klede veit eg ikkje om.

Nettbutikken er  veldig bra. Klærne kjem raskt fram, allereie to dagar etter bestillinga tikka inn, så var pakken i postkassa mi. Slikt likar eg :)
I dag får du sjå dei nye klærne til gutta boys.
Stikkord:
Blått & kvitt
Stripete & fint
Lått & løye



Eg fall pladask for denne genseren til størstemann. Greit nok at eg kan strikke sjølv, men det er befriande herleg å kjøpe godt ferdig arbeid innimellom. Genseren kan røffast opp med kult tilbehør som i nettbutikken, eller i all sin enkelheit attåt bukse eller shorts som her.

Fin hue som passar til genseren kan framkalle mange ablegøyer som de ser her, he he:




Yes, We love POLARN O.PYRET.

Ha ein fortreffeleg flott søndagskveld!!

PS! Tusen takk for alle supre kommentarar på førre innlegg. Det gledar langt inn i hjarterota :)

lørdag, august 25, 2012

Familieportrett


I dag har me vore i det kreative hjørna her i huset.
Eg rydda ein flekk av stovegulvet, la ut gråpapir og fann fram maleutstyr.
Lerret frå Clas Ohlsson og svartmaling frå hobbyskapet på kjøkkenet.
Klar, ferdig, gå!


 Du ser vel at det er trollet under brua Simon malar? :)



Enkelt og tøft familieportrett der ein slepp ta hensyn til om alle ser i kameraet, om nokon blinkar eller lagar ei grimase ;)

På tørk...

Veldig kjekt å gjere slikt saman med ungane, sjølv om det alltid vert litt kav:
"Mamma, Simon har svart maling i håret";
"MAMMA, jeg sølte maling på sofaen (!)"
og
"Mamma, Simon malte på mitt maleri" etterfulgt av sår gråt.
Syndaren sjølv følgde raskt opp med: " eg skasskje gjørr det mær".

"For eit styr, altså" sukka mora stille, medan ho fiksa opp i det eine og det andre. Nå når det heile er overstått vart eg nøgd eg også.
For malestunda resulterte i både nyvaska sofatrekk, nybada ungar og ikkje minst nye maleri som skal pryde det nye prosjektet mitt *hemmelegheitsfull*.

Ha ein super laurdagskveld - søndag føremiddag.

torsdag, august 23, 2012

Snart....


Nå er det berre ein dag som gjenstår før det atter ein gong er helg.
Tenk det!
Tida susar av gårde, det er så vidt eg heng med i svingane :)


God helgeklem frå meg til deg 

tirsdag, august 21, 2012

Folk & Røvere og sånt


Herr Fe stammar frå Lillehammer, og i løpet av sommarferien koste me oss der han trakka sine barnesko.

I Lillehammer finst ein superduper kjekk butikk som bugnar av herlege leiker, barneklede og flotte interiørprodukt. Eg snakkar sjølvsagt om Folk & Røvere. Eg har alltid hatt lyst til å besøke butikken, og klarte få til eit kort besøk like før stengetid den eine dagen me var der.

Legg merke til den kule logoen til butikken - den er det mi kjære venninne Bodil BO som har laga :)

Eg fall pladask for det meste i butikken, blant anna ei KANON-fin skinnveske frå Smallstuff (tok dessverre ikkje bilde av den - fattar ikkje kvifor...).

Denne lampen er jo superskjønn:

Og eg angrar vanvittig på at eg ikkje kjøpte den sakkosekkaktige puffen i hjørna der...:

Folk & Røvere har blogg - og trykk deg inn her for å sjå alle dei fantastiske godbitane i butikken eg ikkje knipsa bilder av.

Vegg i vegg med butikken finst Lillehammers hippaste og finaste kafè. Sjekk det koselege interiøret både utanfor og ikkje minst innanfor døra:

Mmmm. Nydeleg bord, knallfin lampe og fiiiiint interiør.

Er du på Lillehammerkanten så mååå du stikke innom her :)

Håpar du har fine dagar,
klem frå Linda

mandag, august 20, 2012

Femte


Me er så heldige.
Me har nemleg verdas aller beste femteklassing i hus.
Klok, snill og omsorgsfull.
Fin inni.
Fin utanpå.
Snart same skostørrelse som mora. 
Snart like høg som mora.
Verdas beste storebror.
Verdas aller beste Samson.
Måtte dette skuleåret bli det beste.
Mamma Samson av heile sitt

PS: 
Bodil BO har tatt svart-kvitt-bilete av skuleguten.
Sko og PJ t-skjorte kjøpt hjå Sam & Sofie.
Svart jakke og svart genser kjøpt hjå H &M
Dongeribukse kjøpt hjå Pomp de Luxe.


søndag, august 19, 2012

Gult er kult


Eg føretrekk kjøpe klær til ungane framfor til meg sjølv. Det er så enkelt og greit. Berre bestille klær i størrelsen deira, og alt passar. Det trengs ikkje å kave seg inni eit prøverom og forkaste det eine etter det andre plagget. Ein vert heller ikkje bedrøva over å sjå seg sjølv i spegelen frå alle vinklar. Ein vert ikkje sveitt og forkava. Nei, å kjøpe barneklær er rein og pur glede.

Med tre ungar i hus, så vert det fort veldig kostbart med "merkeklær". Det er jo dumt, for etter 10 års fartstid som mamma har eg erfart at merkeklær er av betre kvalitet og varer lengre enn dei fleste klær frå såkalte billigkjeder. Derfor er sommarsalg supert og eg nyttar høvet til å kjøpe inn nokre antrekk til ungane både med tanke på seinsommaren, skulestart og neste vår/sommarsesong. På salg er klær av super kvalitet jo rett og slett billigare enn klær frå H&M og Kappahl og Cubus. I love it.

I forgårs kom ein pakke med klær eg har kjøpt i nettbutikken Sam & Sofie i hus, og eg tenkte å vise dåko nokre kupp utover eit par innlegg. Jada, eg innrømmer det først som sist, alt eg har kjøpt er ikkje til nedsatt pris. Blir jo så himla frista av alt haustnytt også.

Vart så glad over å komme over dette smykket i løpet av "handlerunden". Sweets er eit norsk merke som har akrylsmykker i alskens motiv, og veslejenta fall heldigvis pladask ho også. Smykkene kan også brukast av vaksne, men eg skulle nesten ynskje eg var fem år med Sweets-smykke rundt halsen, he he.


Kva er vel meir forfriskande og oppkvikkande ein grå og regnfull dag enn gule kule støvlar??


 Hårband frå H & M.
Drappa Dot -kjole, Sweets smykke og Bisgaard-støvlar frå Sam og Sofie.
Akkurat nå angrer eg veldig på at eg ikkje kjøpte denne ultrakule jakka også.
Den hadde nemleg vore prikken over i'en ;)

 
I morgon startar kvardagen med skule, jobb og barnehage atter ein gong.
Gledar meg :)

Ha ein fin søndagskveld der du er!!

lørdag, august 18, 2012

Skappel-genseren

  © FOTO: Maria Skappel Holzweiler Kjelde: Maria

Har du fått med deg at "heile" Norge strikker Skappel-genseren for tida?
Med hausten på trappene kjenner eg at det atter ein gong rykker i strikkedilleånda.
Eg også har falle pladask for Skappel-genseren, både for liten og for stor .
Heldigvis skal Maria Skappel lage strikke-kit for desse genserane, og jammen santen om eg skal kaste meg på Skappel-genser-strikkedilla eg også.

Korleis er det med deg, likar du også å kose deg med strikketøy i sofakroken når haustmørket senkar seg utandørs?


Tips



Living hadde inne dei råfine glasa/vasane sine igjen i dag.
Kostar berre 99 kroner, og det er til og med billigare enn den blå hortensiaen frå blomsterbutikken på Tvedt-senteret ;)

Lukkeleg over endeleg å ha klart å sikre meg to eksemplar, puh.
Ha ein fin laurdag!

fredag, august 17, 2012

O S L O


God kveld i stova.
Me er heime i la casa igjen etter å ha tilbrakt siste del av ferien på austlandet.
Me har:
besøkt Herr Fe sin herlege familie, kosa med nye familiemedlemmer, kjørt mil etter mil, sett sola, sett Oslo og ikkje minst sett Madonna ;)

Me kom heim seint i går kveld og her i huset rådar det komplette kaos i skrivande stund.

Det er to dagar til skulestart og jobb og full rulle igjen. Eg har planar om å nytte tida fram til mandag godt. Har lyst til å gjere alt på ein gong, og veit liksom ikkje heilt kor eg skal starte. Ferien er slutt, og det er som om ein ny start står på trappene. Då hadde det vore godt å ha det ryddig frå innerst til ytterst i huset. Eg veit det er ein uoppnåeleg draum, men motivasjonen er i det minste på plass.
 
Tradisjon tru har eg vore ein elendig bloggar denne sommaren, men med kvardagen på plass igjen, vert det nok også tid til blogging. Og rekk eg alt eg har tenkt, så vert det interiørinnlegg også, he he.


Ha ei fortreffeleg fin helg :)

onsdag, august 08, 2012

Ferieliv

Sommarlukke er...

 ...hyttetur med snille og gode venner.

 ...å henge over ripa. Er det fisk på kroken mon tru?

 ...å studere 3000 år gamle helleristningar.


... å finne krabbe i fjæra.

... tomatsuppe på termos.

...å finne dei finaste steinane.

...å lage dei skjønnaste steintrolla.

Eg håpar du opplever sommarlukke slik du likar det best du også :)
Det er berre til å innsjå det først som sist: sommarferien min er halvveis overstått. Og det utan eit einaste tilskott av fregner på nasetippen. Været er vel sånn cirka det einaste me ikkje kan gjere noko med så det gjeld å finne på kjekke ting uansett.

Men:
til neste år trur eg det vert sydentur på familien Feen også gitt.

Ha ei flott seinsommarveke!
Related Posts with Thumbnails