fredag, oktober 31, 2008

Det går trått

Beklagar at det er så unormalt stille her i bloggen og på kommenteringsfronten om dagen. Me har slete med sjukdom hjå dei små i fleire veker. Alt frå omgangssjuke til feber, hoste og snørr har prega dagane og nettene, og det har rett og slett ikkje vore tid til å bruke tid på bloggen. Me er sikkert ikkje dei einaste som slit med sjuke ungar for tida, så eg reknar med at de forstår meg - snille dåko :)
I dag måtte eg hente ei febersjuk jente i etter 3 timar i barnehagen, så då vart det heimepussel resten av dagen. Nokon kjenner sikkert igjen fargekombinasjonen i den brune-oransje-raude heklehua. Eg har hekla slike før, for fleire år sidan. Men nå fekk eg lyst å lage fleire. Skikkelege fargebomber vert dei. Skal prøve ta in-action bilder når dei er ferdig dekorert, og med betre fotolys tilgjengeleg :)
Ynskjer dåko alle ei FIN helg :)
PS! På bildene ser de også mitt triks for å sleppe vaske dei kvite Ektorptrekka for ofte. Eit tynt sengeteppe til 25 kr frå Ikea dekker sitteputene til kvardags. Enklare å vaske desse teppene, i staden for heile trekka :)

tirsdag, oktober 28, 2008

Hei hå, nå er det JUL igjen

Det går litt trått med blogginga om dagen. Det er vel fleire enn meg som merkar at me går inn i perioden med dårlegast fotolys på ettermiddagstid. Er det dårleg ver, er det mørkt når eg kjem heim frå jobb. I dag derimot skein sola, og eg knipsa nokre bilder i hurten og styrten før mørket senka seg igjen.
Mannen har vore flittig i snekkarboden igjen :) Nå har han saga ut mange sett med JUL-bokstavar. Ein siste pusserunde gjenstår før dei er fullstendig salgsklare, men eg syns dei vert knallfine.
Nei, nå truar mannen med å skifte kanal bort frå bonderomantikken, om eg ikkje kutter ut å blogge samstundes. Så eg får slenge meg i sofaen å glo på romantikken :) Ciao, så lenge :)

søndag, oktober 26, 2008

Søndag er kjekt

Det er så fantastisk kjekt med helg, kan ikkje få sagt det mange nok gonger :) I vekedagane er familien på veg til barnehage, SFO og jobb lenge før mange har stått opp. I helgene roar me skikkeleg ned, og laffar rundt i kosedress, et god frukost og mor drikk te. Dødsherlig.

Magnetklypene over her kjøpte eg hos Hilmers Hus i januar. Hugsar det var nokon som etterlyste dei her i bloggen, og nå fann eg dei samme for salg hos Nordhjem


Bildet over fann eg (hugsar desverre ikkje kor hen i farten) på ein surferunde hin dagen. Syns denne hønsenetting-og-klesklype- opphengs-metoden var heilt genial tøff :)
Det lakkar og lir mot Halloween. Og frå Martha Stewart fann eg litt snacks-inspirasjon :)
Ha ein herleg søndag DU også :)

torsdag, oktober 23, 2008

Ønskeliste for ei lita prinsesse

Dei nærmer seg jul med stormskritt, og dei siste dagane har eg funne ein del ting ei lita snuppe kan ønske seg for eksempel :)

Denne dukkesenga kan kjøpast saman med stoff og materiale nok til å sy fire puter, fire dyner og fire madrasser. Utruleg søt ikkje sant? Eg har tenkt å gå gjennom loftet til mamma, og leite etter mine dukkesenger for å sjå om eg ikkje kan lage noko tilsvarandes :)
Her er ei betrakteleg dyrare, men like fullt knallfin dukkeseng frå Muffeladen :
Dette lavendeldukkehuset er nok ein draum for dei fleste småjenter:
Sjå denne nydeleg fine komfyren her :

Og denne fantastisk fine sydde konfekten - skulle nesten ikkje tru at den er laga i tekstiler:



Eg har tatt vare på mi tjorvendukke frå tidleg 80-tallet. Men den har desverre ikkje så søt frisyre lengre. Veit ikkje kva det var, men eg var liksom aldri så begeistra for denne dukka. Så mi tjorvendukke vart skamklipt i luggen, og fekk kortare hår i nakken...

Då vart det to innlegg på ein dag - ikkje verst det :) Ha ein fin torsdagskveld :)

Kugalskap

Eg har i lang tid vore på utkikk etter ordentlig kunst. Hjå oss er det stort sett bilder frå Ikea eller eigenkomponerte bilder og fotografi som har råda. Desverre. Eg har lyst å dekorere veggene mine med kunst eg vert glad av, og som eg ikkje vert lei av. Eg har kome til det stadiet i livet at eg vil kjøpe skikkelege ting, i staden for rusk og rask. Kanskje eg er i ferd med å bli vaksen, ha ha.
Eg diggar desse bileta frå kunstaren Gunilla Holm Platou. Illustrasjonane er fargerike, humoristiske og dei sit på netthinna lenge etter at du har sett bildene. Det over har tittelen NATTROS ;) Medan dette har tittelen KULING (er det ikkje tøft?)
Tittelen på bildet under er NATTEVÅK I:

Og til sist viser eg ABC...

Som de skjønar går det ku'er igjen både i bilder og titlar. Alle bildene i dette innlegget er lånt frå/kan kjøpast hjå Artgate.no .
På Artgate skriv dei dette om kunstnaren: Gunilla Holm Platou er kjent fra tv-programmene Hit 40 og Hit Awards, hun har jobbet som kunst- og designreporter i Kanal 24, og hun har hatt stor suksess som maler og for sine ku- motiver. Ikkje så rart spør du meg :)

Ha ein fin fin dag :)

tirsdag, oktober 21, 2008

Lysposar

Det er rart korleis bloggelysta svingar frå dag til dag og veke til veke. Sist veke bobla eg nesten over av ting eg hadde lyst til å blogge om. Denne veka har eg null-niks-nada på hjerta :) Men du skal sjå at når eg nå har skrive dette, så kjem bloggelysta tilbake for fullt.
Symaskina er jevnt og trutt i sving her, får som oftast sydd ein liten saum kvar kveld etter at ungane er i seng. Eg har fått nokre bestillingar på like lysposar eg sydde for fleire år sidan, og lagde litt ekstra medan eg først var i gong. Sjølv om eg personleg er lei av madonnaer og fransk landstil, så gjeld det forhåpentlegvis ikkje alle andre :)

Det nærmer seg veldig Jul i skulehuset nå, så egentleg burde eg setje fart i syproduksjonen. Men eg nekter stresse, og kosar meg. Dette er jo ikkje jobb, berre gøy :) Derfor skal denne kvelden nytast på sofaen med pepperkaker, te og bonderomantikk :) Ha ein fin kveld de også!

søndag, oktober 19, 2008

Ei herleg helg

Denne helga har gått med til feiring av pappafeen sin 35-årsdag. Innkjøp av mat og godteri, ikkje minst presangjakt, bakst og husvask tar tid :) Selskapet var veldig kjekt, då me fekk nokre kjempekjekke venner (små og store) på besøk. Nå er huset ryddig igjen, godteriet er spist opp og me slappar av. Herlig søndag med andre ord :)
Eg har sydd enno ei pute i samme stoff som den forrige. Den forrige puta var sydd i fri form etter log cabin teknikken, medan den nye berre er striper.
Blir kanskje litt voldsomt med to så fargerike puter i sofaen, men eg prøver å ha det slik ei stund.
På Ikea har dei nå fått inn kjempefine gyngestolar til barn. Minifeen kosar seg i denne og gyngar i takt med Teletubbianes dansing :)
Kvelden skal forhåpentlegvis brukast til litt saum og ein aldri så liten oppdatering på bloggefronten. Håpar de også har hatt ei fin helg :)


fredag, oktober 17, 2008

Mose med gnomehus

Hei hei, og tusen takk for alle kjekke kommentarar eg får for tida :) Beklagar at eg ikkje har hatt tid til å vore innom dykk i det siste, men håpar å få tatt det igjen i helga.

Nå hadde eg tenkt å slutte vise bilder frå Etsy, men klarar ikkje unngå å vise desse glassa med mose som ein kan kjøpe :) Alt slags ein kan kjøpe om ein føler for det :)
I tillegg kan ein bestille små gnomehus til å ha inni syltetøyglasa.
Eventuelt ein liten sau :)

Alle foto: Made by Mavis
Fleire bilder og butikken finn de her
Med dette ynskjer eg dåko ei super helg :)




torsdag, oktober 16, 2008

Mettes potteri

Eg har tipsa om desse buksene før, men dei er så vanvittig fine/tøffe at dei er vel verdt ein reprise.

Buksene er designa og sydde av Mette frå Danmark. Bloggen finn de her , og butikken finn de her

Foto: Alle foto er frå Mettes Potteri


Sjekk alle dei fine detaljane. Eg elskar den hekla biten med knappehull i. Genial spør du meg :)

Ha ein super torsdag!

onsdag, oktober 15, 2008

Litt meir inspirasjon

Tusen hjertelig takk for alle kommentarane angåande den fargerike puta. Eg har ikkje fått tid til å sy så mykje dei siste dagane, så i kveld viser eg litt fleire ting frå Etsy til inspirasjon.

For det første har eg kome over ein butikk som selg veldig billig og fine stoff. Selgjaren finn du her

Og disse steinane var jo nydelege. Me er nok mange i bloggverda som har steinar med skrift på, men det som er spesielt med desse er at du kan velgje teksten sjølv :) Selgjaren finn de her.

I kveld har eg plan om å få sydd litt. Ha ein finfin kveld de også :)


tirsdag, oktober 14, 2008

Glad pute

Tusen takk for kommentarane på forrige innlegg. Eg vart kjempeglad, og høgdepunktet var sjølvsagt kommentaren frå SweetPaul him self :) Tusen takk - you made my day :)
Her er altså bilder av den eine puta eg har fått ferdig. I den er det brukt diverse stoff; Alt i frå vintage dynetrekk, via oppklipt forklede, til Amy Butler. Den vart veldig fargerik og eg blir glad av å sjå på den ;) Fargane går igjen i uglebileta over sofaen, og slikt likar eg, veit de :)
Som alltid når eg held på med noko, som for eksempel fotografering, kjem den vesle akrobaten vår og blandar seg inn. He he, ho er så god. Her har ho vore i kjøkkenskapet og henta seg skål og skei :)

Ha ein finfin tirsdag :)

mandag, oktober 13, 2008

Snøkrystall ï perler

Inspirert av ei julestrømpe avbilda i mi favoritt inspirasjons-julebok Levende Lys ( av Nina Dreyer Hensley, Jim Hensley og Paul Løwe) har eg sydd to julestrømper dekorert med snøkrystall i perler. Dumt eg ikkje har bilder frå boka, men det er bilde av ei kvit julestrømpe med liknande snøkrystall på. Paul Løwe har ein superfin blogg som de kan finne her.



Eg har sydd slike julestrømper for salg for fleire år sidan også, men då brukte eg kvitt fleece stoff. Helst kunne eg tenke meg ein kvit pelskant øverst på strømpa, men har ingen pels i utstyrslageret. Får sjå om eg ikkje får tak i det etterkvart.


Det er ganske så tidkrevande og putlete arbeid å sy fast ei og ei perle, men når resultatet vert bra går det jo greit :)


Det er fleire som spør om tinga er for salg, og det er dei. Men eg må spare litt på dei føreløpig, slik at eg har noko å ha med meg til Jul i skulehuset. Så eg håpar de har bittelitt tolmodighet. Produksjonen av sydde ting er i full gong, som de sikkert har sett ;) Og i kjelleren står mannen og sager ut JUL-bokstavar for harde livet. Flinke mannen min :)

Eg sydde faktisk ei pute i helga, og gledar meg til å vise den fram (kanskje i morgon). Ha det godt så lenge!



søndag, oktober 12, 2008

Søndagssaum

Det er litt einspora tema her i bloggen for tida, føler eg. Det går liksom i framsyning av sydde ting, men det er slik når eg brukar kvart ledige sekund til å setje meg ved symaskina. I dag viser eg to vesker som er ferdige. Dei russiske "dukkene" ser ut som om dei ikkje er sydde beint på, men det er avdi veskene er tomme og derfor "synk" litt inn mot midten når dei heng på knaggrekka.
Ellers så vart det verken Ikea-tur eller putesaum på meg i går... Eg roa meg ned heime, og slappa av for ein gongs skuld. Godt det også. Kanskje eg får ånda over meg til å sy puter i kveld heller.



Ha ein super søndag!

lørdag, oktober 11, 2008

Lørdag hele dagen


Så var det på tide å blogge siste rest av det eg sydde forrige helg. På bildet over er to heklenåletui og på bildet under er tre nåleputer. Desse passar jo fint saman med desse.
Eg sydde også ein fiskeforma pose. Det som er pittelitt teit er at eg har teke bilde før eg fjerna blyantstrekingane på stoffet, men kan ikkje de late som om de ikkje ser dei ;)
Nå er det på ny lørdag. HERLIG! Eg har strødd stoff utover spisebordet, symaskina er varma opp, paracet er inntatt (får alltid hodepine når eg søv meir enn mine 5-6 timar) og alt er klart til å starte. Minifeen søv, så eg burde gå i gong. Men kjenner eg er litt matt, slapp og giddalaus, hehe. Kanskje det hjelper med ein Ikeatur?
Ha ein fin lørdag!

fredag, oktober 10, 2008

God helg

I helga har eg plan om å forvandle litt nyinnkjøpt stoff til diverse sydde saker. Først og fremst skal eg sy nye puter til stova, og har leita litt på Etsy etter litt inspirasjon. Fann veldig mange fine puter som eg delar med dåko.
Denne over her er frå NoraJane. Ettersom eg forstod har NoraJane trykke blomstermotivet sjølv på det brune stoffet, og det vart knallfint.
Den puta over er frå The little stitch by PARKERSEWN

Bambipute frå Skye Rocket Sews

Uglepute frå Manic Muffin Totes




Og til slutt den eg kanskje likte aller best frå Brezomayo
Ynskjer alle som er innom ei fin og kreativ helg :)
Related Posts with Thumbnails