søndag, mai 30, 2010

Speil, speil, på veggen der...


For nokre år sidan fekk eg eit vakkert speil til morsdagen frå gutane mine (Herr Fe og Samson). Det var nydeleg fint den gongen, men har vore litt utdatert den siste tida.

Malekosten, Rie Elise Larsen papir og litt tapetlim måtte til for å spegelen meir up-to-date. Nå heng fargeklatten på Alma sitt rom. Reknar nemleg med at hennar interesse for spegling er aksellererande ;) Eg kan iallefall ikkje sminke meg utan at ho er med og assisterer, hi hi.

Medan eg var på rommet for å ta bilder av spegelen, knipsa eg litt rundt. Ikkje noko nytt, men litt bildepåfyll i innlegget i det minste :)

Adventsposane eg sydde i november, er i full bruk framleis. Nå som oppbevaring for dukkeklær, playmo etc etc. Smykket som heng på eine knaggen har Alma perla av perler eg fekk hjå Borghildpia. Kjekt.

Det var ei som kom med tilbakemelding om at pavlovaen i forrige innlegget (marengsen) var så smaklaus. Kanskje du skal prøve deg på Nigella sin pavlova-variant heller? Den er den neste eg skal teste ut. Ein vakker dag.

I dag har eg og eldstemann vore på kino og sett Dragetreneren, og nå skal heile gjengen ut på tur i det friske været :) Ha ein flott søndag ettermiddag/kveld.

Klem frå Linda

lørdag, mai 29, 2010

Noko godt til kaffislaberaset


Pavlova slår aldri feil. Enklare og betre kake til kaffislaberaset skal du leite lenge etter.

Her er oppskrift om du vil forsøke deg:

Den gode feens Pavlova

Marengsbunn:
5 eggekviter
2 dl sukker
1/2 ts salt

Vaniljekrem:
ein liten boks kremfløyte (~3 dl)
ein pakke ferdig vaniljekrem
1 ss sukker

Topping:
Friske bær (eg brukte jordbær og blåbær)
evt melisdryss/raspa sjokolade

Start med å piske eggekvitene saman med saltet, og tilsett sukkeret litt etter litt. Pisk i 5-10 minutt til ein kvit stiv krem. På eit bakepapir teiknar du ein runding som definerer størrelsen på kaka. Eg teiknar rundt ein tallerk. Snu bakepapiret slik at teikninga er på baksida, men likevel synleg gjennom papiret. Bre den ferdigpiska margensblandinga utover papiret slik at det fyller ut inni ringen du teikna. Lage ei lett forsenkning  i midten (plass til fyllet). Margensbotnen skal nå tørke i ovnen ved 100-125oC i 1.5-2 timar.


Pisk kremen stiv saman med sukkeret. Når den er ferdig blandar du i vaniljekremen og heller det ferdige fyllet oppi marengsen.

Til slutt legg du oppå masse friske gode bær og skal du gjere det ekstra lekkert påfører du eit lett melisdryss.

Marengsen kan gjerne lagast dagen før servering. Om du lagar den like før kaka skal serverast må du passe på at den er heilt avkjølt før du har på fyllet. Fyllet har du på like før servering, gjerne medan gjestene tar seg eit glas iskald plommesaft på terassen ;)

Ha ein herleg Grand Prix laurdag ;)

fredag, mai 28, 2010

MILK-oppdatering


De hugsar kanskje innlegget eg posta like etter at eg hadde oppdaga MILK-bodyane frå Ugly Children's Clothing? Vel, eg gjekk sporenstreks ut for å kjøpe ein body til minstemann. Nå passar den og Simon vart knallskjønn ikledd 70-tals-melkekartong-bodyen sin. Ja, om eg skal sei det sjølv :)


Har de sett på makan til blikk? Ha ha, her har me med ein meget bestemt liten kar å gjere.

Dette er ein gut full av temperament. Anten rasande sint fordi han ikkje får tak i noko, får mat raskt nok eller ikkje får vilja si. Men også, heldigvis for det meste, strålandes blid, glad og i full fart.


God helg :)

Spraymaling og ymse

Denne magnettavla frå Ikea finst berre i raud. Raud er ein farge som liksom ikkje finn seg til rette her i huset. Svart matt spraymaling gjorde susen, og nå er det orden i sysakene. Eg brukte vanleg Quick spraymaling.

Sidan spraymalingen er matt, så kan ein teikne med kritt på den også. Eit herleg tidsfordriv for dei små å teikne med kritt eller leike med magnetbokstavar medan dei ventar på tur til å få hjelp med sko og utedressar. I dag er det mammo som har leika seg og laga hjarte og God Helg for anledningen ;)


Deilig med helg igjen. Huset er ryddig, reint og på stell. Her er det ingen andre planar på skisseboka, anna enn avslapning og dill med ungane. Har du spennande planar for helga? Tar gjerne mot tips for kjekke ting å finne på med tre smårollingar.

Ynskjer deg som er innom ei toppers helg!!
Klem klem :)

torsdag, mai 27, 2010

Litt nytt til gutterommet

Eg fall pladask for denne metallkassen frå Living. Nå husar den eldstemanns utkledningsklær, rustningar og skjold. På nokre seine kveldstimar i går bygde eg eit understell av nokre plankar og hjul frå Clas Ohlson. Så kan den lett flyttast rundt og kom litt opp i høgda.


Den vesle boksen frå Bruka er perfekt oppbevaring for smånips, og passa fint inn på rommet til gullgutten vår.

Ha ein super torsdagskveld!!

onsdag, mai 26, 2010

Snacksy snacksskål


I dag var eg innom Fretex (Mariero) ein tur. Lenge sidan sist var det også, for i det siste har eg heller levert ting inn der og ikkje tatt noko med heim. Men i dag fann eg nokre fine varp, og deriblant denne knalltøffe skåla frå Figgjo.


Kvar gong eg ser slike skåler og potter med ansikt på så kjem eg til å tenke på ein auksjon eg var i i Bergen i studietida. Det var auksjon heime i ei privatadresse.


På kjøkkenet i denne leiligheten stod det rekke og rader av ansiktspotter. Blomsterpotter med ansikt på, der stetten på potta liksom er halsen til ansiktet. Nydelege ansiktspotter av keramikk. Så vanvittig fine. Det kan hende eg overdriver, men eg syns å hugse at det var minst 10 slike potter på det vesle kjøkkenet.
Eg har aldri sett maken til desse, men lurer på om dei kan ha vore laga av den svenske keramikaren Lisa Larson.  Veit du om andre kunstnarar som har laga ansiktspotter med litt sånn retro uttrykk, så vert eg hoppandes glad :) Eg får dei nemleg ikkje ut or hovudet før eg veit det eksakt :)


Den vesle skåla eg kjøpte i dag er ei snacksskål. Snacks kan vere så mangt. Og i dag er fargeblyantar i fine fargar snacks for meg. Sunn snacks med andre ord, he he.


Min kjære tusenkunstnar og livsledsager ;) har fått ferdigstilt enno eit sett med veggelefantar. Det er jo så herleg med alle desse fine tilbakemeldingane og det gode salget, så me får nesten blod på tann. Heldigvis tar me det i roleg tempo utan stress, ellers hadde det ikkje vore kjekt lengre. Eg var imidlertid litt rask på labben og knipsa bilder før eg fekk reinskjært kanten rundt, men det er fiksa nå.

Avslutningsvis vil eg anbefale alle å gå innom bloggen til Emmeline og kikke på bildene frå gårsdagens interiørreportasjetips herifrå. Rett Hjem har enno ikkje lagt ut PDF'en så vidt eg kan sjå, men kven treng Rett Hjem når ein har Emmeline ;) Vel bekomme.

God natt klem til deg frå meg!

PS! Elefantane er visst allereie solgt, men fleire er på veg. Dersom du vil kjøpe elefantsett og har bestemte fargevalg kan du sende meg ein e-post. 

tirsdag, mai 25, 2010

80-tals kameratar og fantastisk interiør

Ja, lat oss ta det fantastiske interiøret først. I dag kom siste utgåve av Rett Hjem (nr 02/10) i posten. Inni der er det ein reportasje frå den knallfine hytta til Hege og familien. Utruleg inspirerandes, utruleg fint og utruleg koseleg. Hege driv den glade butikken Berthas Oldebarn i Bergen, og desverre for meg opna den etter at eg flytta derifrå. Bildene eg har tatt frå bladet nå i skumringa yt ikkje interiøret rettferdighet, så eg anbefalar alle å gå inn på Rett Hjem sine sider og sjå bladet i PDF når det blir lagt ut der (kanskje i morgon?).


Det er når eg ser bilder som desse at eg atter ein gong får lyst på bilder frå Gitte Brandt på veggen... Det er mi gode venninne Bodil som har tatt bildene til reportasjen. 
Godt jobba både Bodil og Hege :)

Interiøret i hytta gjenspeglar at det er tre glade ungar i familien, og det heile er berre superkoseleg. 

I vår familie er det også tre glade ungar og ikkje minst ei barnsleg mor. Mora er så barnsleg at ho kjøper seg ting ho ikkje fekk som liten nå i vaksen alder ;)
Dei siste innkjøpa er desse to glade 80-tallskameratane. Monchichibamsar som suttar ivrig på tutten. Er dei ikkje nydeleg fine? Den eine kjøpte eg hjå Frk Badegakk for nokre månadar sidan, og nå har eg jammen fått tak i ein bestevenn til han ;) Slitte i pelsen og gulna i huden er dei, men pytt, dei har sjarme til tusen.


Det er løye med denne bloggelysta mi. Forrige veke var eg heilt tom. Gjorde tusen kjekke ting, men gadd ikkje ta bilder og gadd ikkje slå på Pc'en omtrent. I dag har eg to innlegg på ein dag og boblar omtrent over *skratt*.


Om eg ikkje rekk sy ein saum om dagen, så har min kjære atter ein gong gjort sitt til at Epla-butikken straks vert fullt opp igjen. Fleire fine soppsett og elefantsett har sett dagens lys.


Ha ein fin kveld :)

Førebuingar til fest


Alma sin treårsdag nærmer seg med raske skritt. Og den vesle jubilanten snakkar om bursdag kvar einaste dag. Så herleg.

Mor sjølv har så vidt byrja planlegge litt kva me skal servere. Me er så heldige som får heile avdelinga hennar i barnehagen heim på bursdagsselskap nokre formiddagstimar. Eg gledar meg sikkert like masse som Alma. Problemet er jo berre at desse bedårande små skjønnasane nesten ikkje et.

Eg elskar å lage til fest, og eg elskar å lage kaker. Planlegginga er halve moroa, så i seine kveldstimar i går fann eg mange fantastiske kaker på Flickr for inspirasjon. Kake skal det bli, om enn ikkje like vakre og forseggjorte som dei eg fann på surferunden.


Har de sett på makan til fine kaker?


Desse må då vere noko av dei vaskraset muffinsane eg har sett i mitt liv:


Ynskjer alle ein fantastisk fin tirsdag!

søndag, mai 23, 2010

MaiLukke er...


Å ta oppvasken på terassen i kveldssola...


...å få vafler til kvelds.


...å plukke ein bukett med markblomstrar på skogsturen.

...å kose seg med eit stykke nylaga brownies (med litt for mykje melisdryss på).

...å få nydelege avleggarar på døra :)
Ein god dag er på hell, og lukka er jammen at enno ein dag for slaraffenliv gjenstår. Dobbeltlukke rett og slett.

Brownies'en var så vellukka at eg deler oppskrifta med dåko:
Set bakaromnen på 175 grader.
4 egg og 6 dl sukker piskast til eggedosis.
Smelt 300 gr smør/margarin som du avkjøler litt.
Hell det smelta smøret oppi eggedosisen saman med
6 dl kveitemjøl, 
2 ts bakepulver,
4 ss vaniljesukker,
8 ss kakao,
1 ts salt.

Hell den tjukke røra i ei smurt lita langpanne, og steik i 25 -30 min. Steiketida varierer litt frå ovn til ovn. 
Vel bekomme :)


Nå skal tre små fear badast og leggast reine og fine i sengene sine.
Ha ein fin 1.pinsedagskveld du også.

lørdag, mai 22, 2010

Hvem er denne karen med sekk og lue på?


Du og du for ein herleg dag dette har vore. 
Tjueto varmegrader ute. 
Nyvaska hus inne. 
Lunsj på kafè. 
Glade born og glade foreldre. 
Og det beste: enno to dagar med null planar før kvardagen vender tilbake... Juhu :)

I dag fekk eg somla meg til å gjere noko eg har tenkt i lang lang tid. Å flytte det svartkvite teppet til under spisebordet. Nå angrar eg på at eg ikkje har gjort det før, for  det vart sååå mykje finare i denne stovekroken nå.

Veden i vedkassa er erstatta med magasiner som eg håpar på å få sortert i løpet av kort tid (yeah, I wish). Og på bordet står eit av mine siste bruktfunn og pyntar opp.


Nemleg dette fine fatet frå Figgjo (Turi-design). Det spørs om eg ikkje må ha meg ein sonderingsrunde på Qxl og Finn for å utvide den spede samlinga litt. 

Ja, når me er inne på QXL, så må eg jo vise fram kven som dukka opp i postkassa vår i går.
Sjølvaste Jon Blund.
At den vesle søte karen er i underkant av 10 cm høg kom som ei stor overrasking på meg. Eg trudde han var sånn cirka 30-40 cm høg og dermed betrakteleg større. Ha ha ha, eg må jo le litt av han her pygmeen. Samstundes er det ikkje storleiken det kjem an på, så eg er allereie glad i han. Alma sirkla rundt han i heile dag, og ville så gjerne leike med han. Men der sette den barnslege mora foten ned, for Jon Blund er min :) Han skal få ligge trygt forvart i ei eller anna eske, til Alma er stor nok til å skjønne at ho verken må kle av han eller finne på å klippe av han skjegget eller sminke han :)

Jeg blir alltid søvning så snart Jon Blund har dratt...

Som de skjønar: den omtalte cowboystrekken min er over før den i det heile tatt byrja og bloggelysta er tilbakevendt ;)

Ha ei fortsatt flott pinse. Buona notte....zzzz.

fredag, mai 21, 2010

Me tømmer kjellaren


Herr Fe har rett. Eg har for mange ting. Eg har møblar og potter i tilfelle eg nokon gong får meg drivhus. Eg har bord i alle fasongar. Eg har kassar på kassar med ting og tang. Alt lagra i kjellaren.

Eg har innsett at mange av tinga kjem aldri i bruk og har derfor bestemt meg for å selge nokre ting eg har lagra lengst.

Før eg legg annonse ut på FINN, tenkte eg at de av lesarane mine som bur rundt her kan få tilbud om å kjøpe det. Tinga må nemleg hentast på feens residens pga storleiken (i Stavanger). Er du intressert i å kjøpe noko, så ta gjerne kontakt med meg på e-post: linda.saebo@lyse.net. Første mann til mølla.

1. Først ut er denne ultrafine gamle trekassen. Denne vert råkul om ein monterer på hjul under. Eg har tidlegare brukt den som sofabord. Den er genial som oppbevaring til leiker/utkledningsklede/vinterklede osv osv. Den er også tøff på uteplassen, anten som bord eller til puteoppbevaring. Mål: 53 cm høg, 49 cm breid og 78 cm lang.  600 kr SOLGT




2. To taklamper fra Ikea (Ikea PS). Ny pris er 399 per stykk. Eg selg desse for 300 kr for begge. SOLGT


3. Dørblad (Diplomat) med karm gis bort mot henting. Døra er lik døra som avbilda på bildet under. Mål er 80 cm x 198 cm. På bildet under ser ein forresten også lampane over i bruk (PS! gammalt bilde)

4. Føreløpig sist ut: eg har bestemt meg for å selge dette gamle bordet. Eg elskar det, men har ikkje plass til å lagre det berre for å lagre det. Bordplata har litt slitasje i form av enkelte lyse flekker etter varme tekoppar etc. Men med ein omgang med slipemaskin/lakking eller malekosten vert det knallfint igjen. 800 kr SOLGT



Har du lyst til å kjøpe noko av dette er det berre å ta kontakt :)

Då er fredagskvelden her, og eg skal slenge beina høgt og kose meg med ein bunke nyinnkjøpte interiørblad. Glad og nøgd på grunn av nymalt gang :)

Ynskjer alle som er innom ei herleg pinsehelg.
Klem herifrå...

torsdag, mai 20, 2010

Eg gjestar NIB

Midt i cowboystrekken min har eg ein aldri så liten gjesteopptreden inne hjå NIB. Dersom du har lyst til å sjå korleis eg sydde puta på bildet under, så kan du klikke her.

Med dette ynskjer eg alle ei flott helg.

Tudeluuuu, Linda :)
Related Posts with Thumbnails