Advarsel:
Har du støv på hjernen, eller får du hjarteinfarkt av rot og rask? Då må du fort fort fort klikke deg vekk frå denne bloggen. Dagens innlegg er ikkje for sarte sjeler.
Heiter du tilfeldigvis Grete Roede, eller er fanatisk oppteken av Grete Roede og det ho står for bør du også fort fort fort klikke deg bort og vekk. Snarast mogeleg. Dagens innlegg er ikkje innanfor knaske-salatblad-kategorien.
Ok, er det nokon som framleis heng med? Hugs på at eg advarte deg :)
Her kjem det nemleg litt realitetsblogging frå ein vanleg ettermiddag i feens heim. På det første bilete, ser ting ganske ok ut. Sofaputene hadde heilt klart hatt godt av ei oppretting, og pysjen til Almamor kunne godt ha vore fjerna, men dette trass alt realitetsblogging ...
Me er nett komne heim frå jobb, barnehage og skule. Alle småfeane er ute i hagen og leikar, Herr Fe er ikkje heimkomen enno og eg kokar middag.
Middagen lagar seg omtrent sjølv der ute på komfyren medan eg spring til og frå, her og der. Her leggast det saman tørre klede. Vinterklede sorterast vekk og våryttertøy hentast fram. Ullklede heng til tørk og korgene frå gongen står stabla i stova.
Med middagen godt plassert i magen og med reine klede fint plassert i riktige klesskap, er det tid for bollebakst. Ungane har mast om boller med sukker på i vekesvis, og i dag fekk eg lyst å gjere litt ekstra ut av ettermiddagen. Me feirar at det er vår, det er snart påske og tanta til småfeane har bursdag i dag. Hipp Hurra!
Dei siste strofene av Påskemorgen slukker sorgen øvast inn saman med han som skal opptre saman med klassen sin i påskegudsteneste på fredag. Samstundes lagast det boller over ein låg sko. Ein klump med deig til kvar ein liten fe, og mammo gledar seg til å sjå korleis dette går. Boller skal det bli.
Boller med sukker og kanel på.
Haugevis av sukker.
Haugevis av kanel....
Den samanrulla leiva delast opp med skarp kniv under djup konsentrasjon.
Dette vart verdas skjønnaste boller. Ja, kanskje til og med verdas minste boller...
...og ikkje minst: verdas beste boller.
Nam, kan eg få by på ei kukake? Ja, for me kalla skillingsboller for kukaker då eg var liten. Og det er eit mykje koselegare namn enn skillingsboller ;)
Nå søv tre små fear, og har gjort det lenge allereie. Eg må ta opp tråden i ryddeprosessen igjen, slik at eg vert ferdig før natta senkar seg for fullt.
Ha ein fin kveld du også.
Tudelu...