mandag, november 30, 2009

Trappepryd


Ei bøtte med skogsmose pyntar opp på trappa vår. I dag fann eg eit minijuletre langs stien, så om litt skal det bli meir julete der ute.

Ha ein fin mandagskveld

søndag, november 29, 2009

Adventsposar på veggen


Inspirert av eit tidlegare nummer av BoligLIV har eg, som nevnt før i dag, sydd adventsposar til ungane.


Eg la ikkje akkurat min flid i prosjektet, då eg var mest oppteken av å bli ferdig for å komme meg i seng. Trøytt, men fornøgd la eg meg. Vel vitande om at ungane kom til å bli glade når dei vakna opp til fargeglade overraskelsar i gangen.

I dagens pose var det såpebobler, samt hobbysaker for å lage englar. Korleis ein lagar englane og korleis dei ser ut får de sjå i morgon.
God klem frå Linda

1. søndag i advent


Gjett kven som sydde adventsposar fram til klokka 2 i natt... Slik går det når ein drar fram symaskina i det ein egentleg er på vei i seng, he he. Fire posar nummerert frå 1 til 4. Ein fellespose for kvar søndag. Med ein eller fleire aktivitetar for advent.

Eg skal ta bilder av posane seinare i dag, må berre vente på dagslyset først. Om stova er pynta ganske fargelaust og grått/natur/brunt, så kan eg love at posane ikkje er fargelause, hihi.

Det passar liksom ikkje så godt med julepynta hus og knallgrønn plen og hekk utfor vindauga, men forhåpentlegvis kjem Kong Vinter på besøk akkurat i tide.


I dag skal me i skogen og hente mose og lerkegreiner. Sola er på veg opp bak den einaste fjelltoppen i sikte. Det lovar godt for dagen og turen.

Ha ein god dag, så er det meget mulig at det kjem oppdatering med adventsposar i kveld ;)

Ha det godt så lenge.

PS! Sidan eg ofte får spørsmål om kor ting er ifrå har eg ei kjapp oppdatering først som sist.
Sinkhus - Gave kjøpt hos Frk. Lande
Reinsdyr - Herr fe har laga desse
JUL-bokstavar - Herr fe har laga desse også
Blomsterpotter - hugsar ikkje kor eg kjøpte dei...
God Jul stein - Kjøpt på januarsalg her
Og såpe og kremflaskene frå Savon de Marseille som står i badeglaskarmen(spørsmål på tidlegare innlegg) var eg så heldig å få til bursdagen. Desse får ein på Ting, og kanskje andre stader.

lørdag, november 28, 2009

Ein herleg førjulslaurdag


I dag henta me fram litt av julepynten. Sååå kjekt å sjå kva me har. Rart kor fort ein gløymer. Føler eg nett pakka bort forrige jul, og var sånn passe skeptisk då eg gjekk på loftet for å hente det fram. Men så var det jo berre såå gøy. Pluteleg har me skifta ut den vanlege dekoren med meir juleaktig pynt. Koooos :)

Julestrømpene eg sydde av mormors gamle ullpledd heng over kjøkkenkroken til ungane. Flagga som heng i lysekruna skal bytast ut med små julekuler. Flagga fekk eg i ein swap med Blasse Vielfält, og kruna frå House Doctor fekk eg til jul i fjor. I år må eg sy ei strømpe til Simon også *notere seg bak øyra* ;)

Somme av julebøkene er henta fram, og sjølve julebibelen min ligg på toppen. Nemleg Levende lys. Den kjekkaste boka eg veit om i sin sjanger. I morgon skal hjertekakene frå boka bakast. Dei elskar me her i huset :)

Ha ein super lørdagskveld.
Stor klem frå Linda

fredag, november 27, 2009

God helg


Nei, eg har ikkje ribba ei høne, eg har berre skifta trekk på Ektorpen. Trekket eg tok av var så skittent at det gjekk ned i vaskekjellaren av seg sjølv. Akkurat det gjorde iallefall dagens kvardag enklare ;)

Med skåler fulle av mandariner, nye lys i lysestakane, nystøvsugd hus (rakk ikkje vaske) og med gløgg i koppen er eg klar for helg og aldri så lite julestemning. Mikroen tar seg ein liten blund for øyeblikket og eg har ikkje klart bestemme meg for om me andre skal setje ei deig eller hente fram litt adventspynt.

Medan eg legg planar for kveldsaktiviteten kan de kose dåko med rykande ferskt Rett Hjem. Det kjekkaste og mest inspirerande nummeret eg har sett. Og då meinar eg spesielt Bergensutgåva de finn her. Kjenner aldri så lite lengsel etter Bergen når eg les bladet, sjølv om eg slår meir og meir rot her i Stavanger :)

Ha ein fin kveld og ei kjempefin helg :)

PS! Teppet på gulvet er kjøpt hos Nettpynt. Heilt genialt. Kjem det ein flekk (og det hender til stadighet) svinger eg berre moppen over det og vips er det like reint igjen.

torsdag, november 26, 2009

Eg elskar Jason



Det finst knapt meir humørskapande bøker enn JASON bøkene av finske Camilla Mickwitz. Eg er såååå lukkeleg over å ha fått tak i desse to (Jason og Jason på ferie). Illustrasjonane er fantastiske, og bøkene er gode barndomsminne.


Eg hadde ikkje desse bøkene som liten, men hugsa at me lånte dei på biblioteket innimellom.


Eg hugsar også at me venninnene holdt på å fnise oss skakke av at Gudrun var naken inni eine boka, he he.



I kveld skal eg google litt og finne ut om det går an å få tak i Jason og Sinna-Guri. Kanskje ungane kan få seg kvar sine eksemplar. For dei me har i hus nå er mine ;)

Tusen takk for flotte tips angåande å forenkle kvardagen aldri så lite. Her var det mykje godt som eg tar med meg vidare :)

Ha ein flott torsdagskveld, klem frå Linda

onsdag, november 25, 2009

Ein enklare kvardag


Foto: deilige såper og kremar frå Savon de Marseille i vinduskarmen på badet.

Uansett kor mykje eg nyt heimetilværelsen med stulling og stelling av hus, heim, mann og barn, så fører kvar dag som går meg nærare permisjonsslutt. Simon er over 5 månadar allereie. Går dei neste fem månadane like fort, så er eg tilbake i full sving på jobben før eg veit ordet av det. Eg ute i veldig god tid, men likevel går eg stadig og tenker på ting som kan gjere det enklare den dagen eg er ute i 100% stilling igjen.


Første bud er å kjøpe oss tørketrommel. Eg trur me må vere den einaste småbarnsfamilie på 5 som ikkje har tørketrommel(?). Gubbevaremegvel kor mykje tid eg brukar på å henge opp, ta ned, brette saman og legge på plass klær. Med tørketrommel forkortar eg dette leddet betrakteleg. Det er ingen spesiell grunn til at me ikkje har kjøpt oss tørketrommel før altså, bortsett frå at slike ting er gørr kjedeleg å bruke pengar på. Gu' så eg gler meg til å sleppe ha vingestativa ståande i stova :)

Foto: Skål med skjell og steinar frå Sinaiørkenen står på badet


Andre ting som gjer kvardagen enklare for oss er:
* storinnkjøp av varer ein gong i veka (helst på kveldstid etter at ungane er i seng)
* Handleliste hengjande på kjøkkenet. Etter kvart som me går tom for ting, fører me dette opp på lista og slik vert innkjøpsrunden effektiv.
* Legge fram klær og utstyr kvelden i forveien
* Sikkert mange fleire ting, men nå kom eg ikkje på fleire. He he, det er godt eg har ammetåke å skulde på.

Eg har tidlegare også snakka om å ansette nokon til å ta helgereingjeringa. Det virker SÅ herleg å kunne komme heim til strøkent hus. Heilt fantastisk må det vere rett og slett. Men dette er også ein ting som set litt langt inne å få gjort. Nå når eg er heime om dagane så svingar eg mopp og filler støtt og stadig, men til våren trur eg jammen eg skal realisere hushjelpdraumen min :)

Ellers må eg takke så masse for at så mange vil delta på konkurransen. Eg har tenkt å lage eit slags lite Status med litt mål og slikt i margen her, og kanskje skrive kven som til ei kvar tid er nærast premien. Det blir spennande å følgje med. Og så prøver eg å fortrengje panikken for at eg rett og slett skal klare å drepe heile Frk. Amaryllis. Det hadde tatt seg ut. He he. Arrangere konkurranse, for så å klare å øydelegge den i neste sekund.

Blir kjempeglad om du har gode tips for ein enklare kvardag for ei sliten (men blid) småbarnsmor. Synspunkt på kva tørketrommel som er grei å ha, og kva ein ikkje bør ha, takast også i mot med eit stort smil.

Ha ein strålande onsdag der ute.

mandag, november 23, 2009

Frk. Amaryllis førjulskonkurranse


Som nevnt ville eg sparke i gong ein særdeles uhøgtideleg førjulskonkurranse i dag. Nærmare bestemt Frk. Amaryllis førjulskonkurranse. Vinnaren får ein koseleg adventspresang tilsendt i posten. Til deg. Frå meg. Sleng deg på, dette skal bli kjekt.

Ok, her er reglane:
* Frk. Amaryllis skal vekse seg stor og sterk og fager fram mot jul.
* Klarer du å tippe kor lang ho vert (antall cm frå stilken startar og opp til der blomsten spring ut)?
* Det gjer ingenting om nokon har tippa samme antall centimeter som deg tidlegare i kommentarfeltet
*Har nokon tippa samme antall cm, så vert det trekning mellom dei som hadde riktig
*Blogglause kan også delta, men signer helst med fornavn og minst første bokstav i etternamn.
*For ordens skuld; tipp berre ein gong
*Startskuddet for konkurransen går nå. Pang!
*Stoppstreken vert satt den dagen Frk. Amaryllis spring ut i full blomst.


Ser det er mange som premierer konkurransedeltakarar som legg seg til som følgjarar og/eller som lenker til innlegg om konkurranse i sin eigen blogg. Slikt balar ikkje eg med. Her er det full fart. Enkelt og greit. Eg skjønar nemleg heilt ærleg ikkje kva ein oppnår med slik premiering, anna enn at det vert ekstremt mykje meir tidkrevande for den som arrangerer konkurranse. Tid er det ikkje flust av, så her er det mottoet: "Har du lyst. Har du lov" som er gjeldande.

Ha ein super kveld.

Tvi Tvi

På rullende brett



Det "nye" stellebordet er nyvaska og i full sving. Mange har negativt forhold til desse sykehustrilleborda, men ikkje eg. Eg syns det er kjempetøft, og er glad over å kunne bruke dette som barnehagen ikkje hadde bruk for lengre.

Me har ikkje bad i samme etasje som stove og kjøkken. I tillegg til at badet ikkje har plass til stellebord, er det alt for tungvint å måtte gå opp for kvar gong babyen treng stell. Derfor er stellebordet plassert like ved åpningen mellom stove og kjøkken. Her er det varmt og godt, og med kort veg til vaskevatn på kjøkkenet. Litt utradisjonell plassering, men veldig praktisk.

Nå kan me til og med kjøre babyen rundt om kring under stellinga. Ooops, eg treng ein våt klut. Juhu, då triller me til vasken. Knis. Det er vel heller tvilsomt om me kjem til å trille rundt på stellebordet altså, men mulighetane er der.

              
Her er gårsdagens suksessrike kake. Gutane var frå seg av begeistring over sjokoladekaka forma som tanks. Og ikkje minst over seigmenn med sverd gjennom kroppen. Uff, det virker så makabert her og nå, men gutar er gutar :)

Brutale kampscenar føregjekk på og rundt tanksen. Det var nesten så gutane var meir intressert i å leike med kaka, heller enn å ete den, hehe.

Det er alltid kjekt å arrangere selskap, men det er desto kjekkare når det er overstått og alle er glade for at det var ei kjekk oppleving.

Med mindre enn ei veke til avspark av advent, kan eg gå i gong med førebuingar til dette. Eg fyrer laus med ein uhøgtideleg konkurranse seinare i dag. Følg med følg med :)

Tudeluuuuu så lenge!

søndag, november 22, 2009

Sju års LUKKE


Dette bordet kjøpte eg ein gong i tida på Fretex i Bergen (sukk, saknar akkurat den Fretex'en). Det er litt lite til å bruke som salongbord, men det tar lite plass og er ganske fint (trass i at bladhylla er skeiv og fæl). Det staselege bordet eg hadde i stova inntil i dag, er som tidlegare opplyst plassert i kjellaren på vinterferie. Har ikkje lyst til å male bordet, då svingar eg heller penselen på dette bordet her. Kor søren har malingsboksen med isblå maling tatt vegen?

I dag er det full fest i heimen. Eit koseleg boller-og-brus-selskap med store og små venner er overstått, og nå er det ein liten pause før me skal ha fest med alle guttane frå klassen og eit par til. Jubilanten er jublande glad, og eg høyrte at han nettopp utbraut "dette er den beste dagen i mitt liv". Herlig å vere 7 år og lukkeleg.

Ha ein fin søndag. Neste søndag er det den første i advent  :)

lørdag, november 21, 2009

Ugler på puten



Sånn innimellom alt det andre får eg sydd ein saum i ny og ne. Denne ugleputa vart til i går kveld. Kvar dag har eg ein bråte med ting eg ikkje får utført, og som oftast gjeld dette ein eller anna kreativ syssel som saum, strikking eller hekling. Dette aukar berre inspirasjonen, og eg kjenner nesten at eg bobler over. Denne puta har vore på skisseblokka i fleire år faktisk. Heilt sidan eg sydde retrougla de ser i gamle bloggen min. Det var jammen godt å få den ut i live.

Her er alt klart for 7-årsdag i morgon. Ridderborga vart kansellert til fordel for tanks av sjokoladekake. Her er det harde bud, og ingen søte fakter. Tanks med kanon, seigmenn med sverd gjennom magen, og skumle seigmenn som vokter tanksen ;) Skal prøve å hugse ta bilder i morgon.

Nå er det beina høgt og danseTV på tapetet. Ha ein super laurdagskveld :)


fredag, november 20, 2009

God helg


Nå har helgefreden truleg senka seg over det ganske land. Her i huset er det bursdagsførebuingar for fullt. Eldsteguten vår vert 7 år på søndag. Stor dag krev stor feiring. Alma og pappaen har tjuvstarta på baksten, og eg må berre dele dette fantastiske bildet med dåko:



Eg kjem tilbake med meir innhaldsrike og kanskje inspirerandes innlegg om ikkje så veldig lenge. Ha ei kjempeflott helg :) Klem frå Linda

torsdag, november 19, 2009

Sjå kva eg har fått


Barnehagen til veslesnuppa er ein tidlegare sykehusbarnehage. Eg er så lukkeleg for at den ikkje er det lengre, for ellers hadde ikkje Alma fått plass der (var vel berre for ansatte på sykehuset). Eg har aldri vore meir nøgd med ein barnehage nokon gong. Dei er heilt fantastisk snille og flinke med ungane der, og det er trygt å overlate ansvaret til dei for nokre timar om dagen.

I fleire dagar har dette trallebordet i metall, som vitnar om fortida innan helsevesenet, stått ved bosscontaineren. Eg har tenkt at dei har gløymt det, men syns det var rart at ingen oppdaga at det stod der. I dag mota eg meg opp til å spørre :"De skal vel ikkje kaste det bordet som står ute?" Å, joda det skulle dei, så eg måtte berre ta det om eg ville ha det. Ein stykk lukkeleg fe køyrte med ope bagasjerom heim i dag tidleg. Hurra :)

Nå spinn tankane. Er dette det nye stellebordet vårt, avlastningsbord på kjøkkenet eller terassebord på sommaren ?

Ha ein lukkeleg torsdag (gu' kor dagane FYK)

Klem frå Linda

onsdag, november 18, 2009

Til Linda. Frå Linda.



Tusen takk for alle kjekke gratulasjonar til bursdagen min :) Og tusen takk for alle tips til førjulsaktivitetar og ting ein kan lage saman med borna. Eg fekk lyst til å setje i gong sporenstreks vettu :)

I dag vart dei ferdige adventskalenderane innkjøpt. Det enda opp med Pirat-LEGO-kalender til Samson, og Playmo-kalender til Alma.


I går fekk eg omsider surra meg til å hente pakken eg bestilte frå TAMO. Posten hadde sendt den til feil postkontor, og då er det alltid eit prosjekt å få henta ting.

Mykje av det eg kjøpte skal brukast i dei fire adventspakkane til Alma, og eg kan av naturlege årsaker derfor ikkje vise koselege bilder av tinga i bruk. Men har de sett søtare små plastboksar før? Eg er så glad for det eg kjøpte og kjem garantert til å bestille meir frå nettbutikken.

Alma elskar agurk og paprika, så nå kan ho ha litt grønt eller frukt i ein boks, og knekkebrød eller brødskive i ein anna. Herleg :)


Ja, overskrifta lyder Til Linda. Frå Linda. He he, slik er det når mora vert gladare for tinga enn dottera sikkert kjem til å bli ;) Eg har kjøpt ein del fleire ting også, og bilder av dette dukkar nok opp før eller seinare.

Ha ein flott kveld. Klem frå Linda

tirsdag, november 17, 2009

Min dag i dag



Er det ikkje typisk at i kvar familie er det liksom opphoping av bursdagar i løpet av kort tid? I feens næraste familie har herr og fru og eldstemann bursdag med ein månads mellomrom i oktober/november, medan dei to minste har bursdag med eit par vekers mellomrom i juni.

I dag er det min dag, og om fem dagar er det eldstemann sin 7-årsdag. Dagen i dag har vore kjempefin. Eg har fått  gode klemmar, kjekke telefonar, god middag, gode kaker og nydelege gåver. Men det er ikkje til å komme frå at det er 7-årsdagen som er mest etterlengta og i fokus her i huset. PSST! Kaker er lov i bursdagssamanheng for dei som måtte lure på om eg hadde tapt veddemålet med Herr Fe ;)

Eldstemann har bestilt ridderborg av pepperkakedeig, alla denne som er avbilda frå boka Knas, til dagen sin. Hjelp, tenker eg i mitt stille. Men borg skal det bli. Garantert ikkje like fin som den i boka. Pytt pytt, ungane vert nok glade uansett.  Og fordelen  med pepperkakebursdagskake må då vere at kaka kan lagast i god tid, så er ein ferdig med den biten liksom.

Eg ser at mange bloggarar er i full sving med adventskalenderane sine allereie. Her i huset har dette bursdagskøyret litt avdempande effekt på kalenderprosjektet.

Med bursdagskalas den 22. november, er det berre ei kort veke før 1. desember og avspark av kalenderåpning kvar dag. Så toppar det heile seg med gåver av alle slag på julafta, før det er stillstand resten av året. Sånn gåvemessig altså.

Uansett samme kor kreativ eg er og samme kor allsidige gåver eg har funne på i kalenderen, har eg erfart at eldstemann sit tilbake litt ekstra bortskjemt når det heile er overstått. Med mange fine leiker og mange fine opplevingar, men kanskje ikkje gladare av den grunn.

I år kjem me derfor til å kjøpe ferdig kalender til dei. Lego til eldstemann, og Littlest Pet Shop til minifeen. Eg kjenner at det nesten gjer litt vondt å skrive dette, for eg elskar jo verkeleg å lage til kalenderar og finne på kjekke gåver (opplevingar, ting og tang). Men her må unganes ve og vel gå føre mor sitt behov for å få utløp for det kreative, he he. I staden for pakkekalender med 24 pakkar per unge skal eg sy fire stoffposar  til kvar av dei. Nummerert frå 1 til 4. Og så skal desse fyllast med prosjekt med ting me kan lage eller bake saman. Eg trur det vert bra.

Eg er derfor på jakt etter kjekke og gjennomførbare prosjekt. Og viser dåko eit knippe av inspirerande juleprosjekt frå gamle juleblad (BoligLiv 11 og 12/08, Living & More 12/08) eg skumma gjennom på føremiddagen i dag:


Eg kjenner at eg rett og slett gledar meg til jul. Og aller mest til juleførebuingane. Det er jo den tida som eg kjekkast :)

Ha ein toppers kveld!

pS! Magnetane me har på kjøleskapet tilhøyrer egentleg eit gammalt spel, og er ikkje for salg i butikkane nå...

mandag, november 16, 2009

Ein hjerteleg dag


Magnetbokstavane på kjøleskapet er forma som eit hjarte. Med LOVE sentralt plassert. Eit bilde seier meir enn tusen ord i dette tilfellet. Eg er så utruleg glad over alle dei kjekke kommentarane eg får. Tusen takk for kvar og ein.

Kjempeklem frå takknemleg og glad god fe

søndag, november 15, 2009

Speserihylle i ny drakt


Denne hylla såg eg verkeleg potensialet i, då eg kom over den på QXL.

I annonsen såg den slik ut, men med eit par malingsstrøk vart den råfin (heilt objektivt sett sjølvsagt).

Hylla er perfekt til oppbevaring av alt syutstyret mitt. Band, knappar, sneller og broderigarn har fått sin eigen plass i hylla.

Sidan eg -i mangel på eige syrom- syr på kjøkkenet, heng hylla der. Perfekt på alle måtar. Fin å sjå på. Lett tilgjengeleg. Eg vurderte om eldstemann skulle få ha den på rommet sitt, men kom fram til kjøkkenstasjonering. For øyebliket iallefall.

Ha ein fin søndagskveld!

lørdag, november 14, 2009

Fiks ferdig


Jepsi depsi, så var det etterkvart veldig omtalte Station Boardet ferdig. Eit dillete og tidkrevande prosjekt, men billig og fint. Totale utgifter kom på den nette sum av 149 kr, for det var prisen på hobbyplata kjøpt på Byggmakker. Svart tavlemaling og kvit hobbymaling hadde eg i hus frå før. Syns det passa godt inn i stova. Det kjennes betre enn kartet eg drog ned for nokre veker sidan iallefall ;)

Det er mange som syns det vert for upersonleg med stadnamn ein ikkje har vore, og eg vurderte å male på namn på stader som betyr mykje for meg. Men det hadde ikkje hatt samme industrielle susen over seg, om eg brukte namn på nydelege landsbyar i Italia liksom. Fleire av namna er difor kopiert av dei House Doctor brukte på plakaten sin. Vintage, My House 09 og Arizona er imidlertid egenkomponert, he he.


Neste prosjekt ut er å bytte ut bordet, for det er rett og slett feil nå. Det er for pent liksom. Eg elskar bordet, som eg var overlukkeleg over å finne på Fretex. Farmor hadde nemleg slikt bord. Men nå har eg bestemt at det skal sendast på vinterferie i kjellaren, he he.

Nå er laurdagskvelden her. Og for husfredens skuld trur eg det er best eg ventar med å spørre om hjelp til bordbyte til morgondagen, he he. Skulle tatt seg ut om eg skulle ommøblere mitt i landskampen.

Ha ein fredfull, morosam og kjekk laurdagskveld de også.
Kjempeklem frå meg :)
Related Posts with Thumbnails