Med desse bileta frå Zara Home ynskjer eg alle som måtte komme innom bloggen ei god helg!

Er ikkje dette verdas søtaste tøfler så veit ikkje eg. Og det mest fantastiske er at Guro har dikta mønsteret sjølv. Stikk innom henne og sjå meir *smil*






I stadan skal eg ha det på meg, når eg ein vakker dag skal setje meg ned med CD-mappa mi...

...og høyre på lydbokvarianten av ei av våre bøker med oransje omslag *glis*. Her likar me at alt matchar, ikkje sant?

CD-mappa kjøpte eg forresten også på dagens svipp-innom-Fretex-tur. Den er av merket Prôpagânda og kostar nok betrakteleg meir enn 10 kr i andre butikkar. CD-mappa er ubrukt og kul. Tykkjer eg. Trass i at Mr P (han som heng i glidlåsen) bit i ein oransje dings.
God helg!!

skulle ha vore bytta ut med desse i frå stova:
for å matche betre med denne boksen (House Doctor):
HD boksen (som eg likar sååå godt) har til mi store glede samme isblå bunnfarge, som kjøkkenmaskina.
Eg har lenge beundra alt det fine som Line i Lines verden syr og lagar. Og sjå det fine ho har sydd på bestilling til meg:

Veska og clutchen er allereie tekne i bruk og eg er KJEMPEFORNØYD med dei.
Ha ein finfin torsdag. Nå står ein forkjøla liten fe i senga og roper på mammo si. Tudeluuu!
Veggene er gipsa, sparkla, pussa, sparkla, pussa og kvitmalte. Eg byrjar verte nøgd. Juhu. Mannen også. Juhu. Før var det skrekk og gru, og nå byrjar det så smått og bli meir meg/oss. Skal eg minne dåko om korleis det såg ut før. Ja, Prinsessa, dette er furuhelvete. Heldigvis er det passè.
Leselampen frå Hilmers Hus kjøpte eg på salg i februar. Tykkjer den er kjempefin. Døra de ser i bakgrunnen går ut i bakgangen. Den er neste oppussingsprosjekt. Gangen altså. Som de ser så tok eg bilete kl 0843 i dag tidleg, og etter det har meir oppussing føregått. Døra på bilete har fått tavlemaling i spegelen, så det vert ikkje så ulikt leiligheten i Bergen dette her *glise*.
Alma hadde på seg den nydelege matroskjolen Hobbyhus-Merete strikka til henne til jul. Og jammen var det bra at ho hadde så gode og fine klede, for sjølv om sola titta fram, så var det kjøleg.
Tusen takk for awarden eg har fått av Katarinas Verden og Hobbyhuset. Eg set kjempestor pris på å få award, sjølv om eg er litt treig av meg med å sende dei vidare *smil*.Det er travle dagar, utan at eg får gjort så mykje. Minstemor er ei travel dame. Før eg får sukka har ho velta drikkeglass, grautskåler og liknande, og kosar seg stort med å kline både seg sjølv og huset inn i klisset *smil*. Eldstemann er ein kjempeflink storebror, men han må jo passast på han også. Ein ettermiddag ute vart det veldig stille i hagen...Gjett kven som hadde knipsa bort dei fleste knoppane på den store peonen? Sukk, heldigvis er det eit par knoppar til, så eg i det minste får sjå kva farge det er på peonen i hagen... Hehe.
I dag er planen å stryke alle nyvaska for små babyplagg me har lånt av gode venner. I tillegg håpar eg å svinge tryllestaven på kjøkkenet slik at det plutseleg vert ferdig sparkla og pussa og klar for maling... ha ein fin 2.pinsedag de også!!
Beklagar så masse at det har vore treigt med oppdatering her i det siste. Eg og dei søte små (tusen takk for alle kommentarar til fe-bildet) har hatt ein miniferie heime hos mamma. Der har me hatt det fantastisk kjekt, med mykje kos, litt rydding/oppussing og venninnebesøk. Bileta er av ei lysekruna (he he Emmeline) eg egentleg kjøpte til meg sjølv, men som eg fann ut at passa mykje betre inn hos mamma. Er den ikkje fin? Kjøpt til halv pris på opphørssalg på Kvadrat i januar.
I dag svinsa eg innom Fretex. Og lukkeleg er eg for det (knall-lenge sidan eg har vore der). Sjå kva eg fann. Gamle kakeformer, akkurat slike eg har ønska meg. 30 kr for alle desse er ikkje verst gitt.
Dette handkleet er frå Qxl. Veit ikkje heilt kva eg skal med det. Einaste bror min som byrjar på H i min familie, men han bryr seg nok neppe om eit kjøkkenhåndkle med monogram hehe. Gratulerer med dagen din i morgon forresten kjære veslebroren min (tvilar på at du er innom her, men likevel...)
Heima hos mamma måtte eg sjølvsagt fleire gonger for dagen innom Sæbøvik gåver og leiker (godt at mamma bur 2 min i gangavstand). Kjøpte meg denne bøtta frå House Doctor som eg har sett på i fleire år utan å gjere noko med det før.
