Så var 1. søndag i advent her. Det er utruleg koseleg å ta fram den gamle julepynten i eit "nytt" hus. Det er jo første jula vår her i dette huset, så det er litt spesielt.
Ein lurer jo alltid på korleis forrige eigar hadde det, og korleis dei pynta, og om naboane er fornøyd med korleis me steller det rundt oss :) Papirstjerna og gamle heimelaga englar av papir er på plass, det samme er JUL-bokstavar frå Herr Fe si sag...
..og dei tre bukkene bruse frå den samme saga:
Utforbi skapar lysande kransar frå januarsalget til Bohus stemning saman med ein gamal kjelke frå Bergen og gamle skøyter frå Fretex.
#
Det passa perfekt at været var fantastisk fint denne første søndagen i advent. Sol frå skyfri himmel, frost og rim på bakken og frostrøyk ut munnen. Etter nyttår skal huset vårt renoverast med ny bordkledning, isolasjon, nye vindu og nye ytterdørar (har to like). Eg syns dei dørane me har nå er nydeleg fine, men det er ikkje særleg praktisk at dei bles opne når stormane susar rundt nåva.
Eg er ikkje ferdig med unganes adventskalender enno. Det ordner eg i kveld når dei er i seng. Men kalenderposane frå fleire år tilbake er komne fram, så får me sjå om dei vert tekne i bruk. Blir også spennande å sjå om at eg har kjøpt inn mange nok gåver... Travle tider, gitt.
Me kutta ut å dra på julegrantenning i sentrum i dag. Det var så godt og varmt inne, at det vart for fristande å slappe fullstendig av.
#
Me har nemleg hatt kjempekoseleg besøk i dag. Søskenbarnet mitt med familie kom på middag, og det var superkoseleg å sjå dei igjen. Ikkje minst, var det kjekt å møte den vesle nykommaren i familien deira. Småjentene fann tonen, og det var kjempekjekt å sjå dei saman :)
Eg skal prøve å oppdatere litt oftare denne veka, enn forrige. Berre synd at eg brukte opp alle nytekne bilder i dagslys på denne posten, ha ha.
#
Rart at de ikkje har fått sett bilde av adventsstaken enno? Ha ha, det har seg ein grunn. Det var nemleg ikkje berre kvit sytråd eg gløymte i går... Eg gløymte å kjøpe kvite kubbelys også. Jaja, det vert jul likevel :)
#
PS! Eg gløymte heilt å svare på korleis eg lagde melisglasuren til pepperkakehuset. Eg stivpiska 4 eggekviter, hadde i ca 4-5 dl melis, og ei teskei natron (oppskrift frå boka Knas). Melisglasuren er haldbar i fleire dagar i kjøleskap. Trikset med pepperkakehus er å dekorere dei ferdige før du limer saman delane.
Eg brukte tipset frå boka om å bruke små plastposar med glidelåslukking. Klipte eit lite hol i eine hjørna, og dekorerte huset og pepperkaker. Det vert lite griseri, og posane er kjekke å ta fram får kjølekapet om små kunstnarar får lyst til å pynte fleire pepperkaker.

Sidan me i fjor reiv 
Julestrømper med motiv frå samme bok, og gamle blonder:
Og julestrømper utan blonde, men sløyfeband til dekor i staden.
Eg gjekk typisk nok tom for kvit sytråd midt i siste sy økt. Skikkeleg irriterandes når eg var så godt i gong. Det verste er at eg gløymte kjøpe ny tråd i dag også, så eg får heller hekle eller strikke denne helga her...Heldigvis hugsa eg kjøpe nytt alpakkagarn inn.



Men kjempesuksess var det. Heldigvis. Det mest morsomme var fiskedammen der dei fiska hanskar, paprika, tøfler og Her Fe (!) før dei til slutt fekk godteposar på kroken. Ungane lo og lo, og det var kjempeløye for oss vaksne også. Ein klassikar i barneselskap som aldri går av moten.
På bileta ser de korleis sjokoladeskipet vart sjåandes ut. Det slo heldigvis an. Og jubilanten vart nøgd då han fekk pynte bordet med Bionicle-figurar som erstatning for laser-sverd-kake.
Marshmellows duppa i sjokolade og kakestrøssel slo også an. Fekk idèen på ein blogg etter 5-årsdagen i fjor. Hugsar ikkje kven det var som viste denne idèen, men ser du dette så ser du at eg vart inspirert.



Christina Rohde er barnetøydesigner, og nokre av hennar kreasjonar kan kjøpast hjå
Kjempekoseleg pynta juleheim dette, men årsaken til at eg skriv om den i dag er nemleg at eg syntes å dra kjensel på denne fine heimen. Eg leita litt i permane mine, og riktignok så har Boligmagasinet også tidlegare vore på besøk hjå Rohde. Sjå berre her :)



Eg samlar også på små ting med fluesoppmotiv, og desse trelysestakane eg fekk tak i fjor er nokre av dei skjønnaste eg veit om :) Gledar meg til å dekke frukostbord i jula og dekorere med dei små soppane i år også.




Over her er eit vanvittig dårleg bilde av ei undertrøye eg strikka til minifeen for nokre veker sidan. Eg bomma fullstendig i antal masker, så den er veldig tight for å sei det slik, he he. Ein skjønnhetsfeil i mønsterrapporten på framsida, gjer at den ikkje kunne gjeast bort til yngre/mindre jenter heller. Så den får duge så lenge det varer :)











