I dag var eg innom Fretex (Mariero) ein tur. Lenge sidan sist var det også, for i det siste har eg heller levert ting inn der og ikkje tatt noko med heim. Men i dag fann eg nokre fine varp, og deriblant denne knalltøffe skåla frå Figgjo.
Kvar gong eg ser slike skåler og potter med ansikt på så kjem eg til å tenke på ein auksjon eg var i i Bergen i studietida. Det var auksjon heime i ei privatadresse.
På kjøkkenet i denne leiligheten stod det rekke og rader av ansiktspotter. Blomsterpotter med ansikt på, der stetten på potta liksom er halsen til ansiktet. Nydelege ansiktspotter av keramikk. Så vanvittig fine. Det kan hende eg overdriver, men eg syns å hugse at det var minst 10 slike potter på det vesle kjøkkenet.
Eg har aldri sett maken til desse, men lurer på om dei kan ha vore laga av den svenske keramikaren
Lisa Larson. Veit du om andre kunstnarar som har laga ansiktspotter med litt sånn retro uttrykk, så vert eg hoppandes glad :) Eg får dei nemleg ikkje ut or hovudet før eg veit det eksakt :)
Den vesle skåla eg kjøpte i dag er ei snacksskål. Snacks kan vere så mangt. Og i dag er fargeblyantar i fine fargar snacks for meg. Sunn snacks med andre ord, he he.
Min kjære tusenkunstnar og livsledsager ;) har fått ferdigstilt enno eit sett med veggelefantar. Det er jo så herleg med alle desse fine tilbakemeldingane og det gode salget, så me får nesten blod på tann. Heldigvis tar me det i roleg tempo utan stress, ellers hadde det ikkje vore kjekt lengre. Eg var imidlertid litt rask på labben og knipsa bilder før eg fekk reinskjært kanten rundt, men det er fiksa nå.
Avslutningsvis vil eg anbefale alle å gå innom bloggen til
Emmeline og kikke på bildene frå gårsdagens interiørreportasjetips herifrå. Rett Hjem har enno ikkje lagt ut PDF'en så vidt eg kan sjå, men kven treng Rett Hjem når ein har Emmeline ;) Vel bekomme.
God natt klem til deg frå meg!
PS! Elefantane er visst allereie solgt, men fleire er på veg. Dersom du vil kjøpe elefantsett og har bestemte fargevalg kan du sende meg ein e-post.